Omslagsillustrasjon: Christian Ramsø, We are popular Omslagsdesign: Torill Stranger Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S

Like dokumenter
SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

2016 Det Norske Samlaget

Sofies hemmelegheit.

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. epub production: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger / Blæst design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Årets nysgjerrigper 2010

OK, seier Hilde og låser.

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

2016 Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av

Mangschou AS, Bergen 2017 Omslagsdesign: Charlotte Helgeland, c-illustrasjoner.no

Alt det lyse og alt det mørke

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Det Norske Samlaget Omslag: Nora Brech og Torill Stranger Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

1982 Det Norske Samlaget Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2010 ISBN

Månadsbrev for ROSA mars 2015

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Årets nysgjerrigper 2009

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Til deg som bur i fosterheim år

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Det Norske Samlaget Omslag: Magnus Osnes. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Uprisen: med hjartet i vurderingskriteria

Månadsbrev for Blå, november 2015

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Jon Fosse. For seint. Libretto

mmm...med SMAK på timeplanen

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

VEKEPLAN 2.KLASSE VEKE 45

Bok. på Arkimedes og brødskiva Av Hans Sande og Gry Moursund. NyNorskseNteret

Lag riktige setningar

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Info til barn og unge

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

ÅRETS NYSGJERRIGPER 2017

Månadsbrev for Blå, april 2016

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

NOREG KAPITTEL 15 1 TANKEKART. Cappelen Damm AS NORSK START 8 10 / KAPITTELPRØVE 15 / 1

Liv Eirill Evensen. Roman. Omnipax, Oslo 2016

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Månadsbrev for Rosa september 2014

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Informasjon til elevane

Ordenes makt. Første kapittel

Lesley Koyi Wiehan de Jager Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

MI BRILJANTE VENNINNE

Refleksjon og skriving

Barn og unge sin medverknad i barnevernet.

Kva kompetanse treng bonden i 2017?

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nysgjerrig på det meste

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Små og store system. Torstein Helleve

og helg Dei er å fødselsdagssongen fødde er fire lærer og søndag Denne veka lærer elevane om tid og tal på norsk. Dei lærer om dei

Månadsbrev for Februar

Transkript:

Originaltittel: Hest, hest, tiger, tiger Mette Eike Neerlin & Høst&Søn, Publisert etter avtale med Gyldendal Group Agency København 2015 norsk utgåve: Det Norske Samlaget 2017 www.samlaget.no Omslagsillustrasjon: Christian Ramsø, We are popular Omslagsdesign: Torill Stranger Epub-produksjon: Specialtrykkeriet Viborg A/S ISBN 978-82-521-9255-1

Om denne boka Tragikomisk og prisvinnande bok Honey er van med å klare det meste: Lage mat. Handle inn. Ta seg av søster si. Og på skulen prøver ho å vere venn med alle. Men ho har eit problem: Ho lyg. Det er nesten så ho ikkje kan kontrollere det. Og slik kjem ho ein dag til å ta ein buss ho slett ikkje skulle med ein busstur som snur opp ned på kvardagen hennar. Det her er simpelthen en af de bedste bøger, jeg længe har læst. Glæd dig! Stine Reinholdt Hansen, Weekendavisen Er det en sørgelig bog? Nej. Den er fuld af kærlighed til personerne, så man får lyst til at gå ud og gøre ligeså tage den forkerte bus og se, hvad der sker. Forfatteren fik fortjent årets Skriverpris. ***** Steffen Larsen, Politiken Mette Eike Neerlin viser her, at hun er en fornem fortæller, der med elegance og styrke kan fortælle en svær historie på en meget enkel måde. (5/6 stjerner) Merete Reinholdt, Berlingske Dette er en virkelig både pinlig og komisk, men også rørende og livsbekræftende historie.

Kirsten Aggerholm, Børn & Bøger

Mette Eike Neerlin Hest, hest, tiger, tiger Frå dansk ved Brit Bildøen (MNO) Oslo 2017

Kapittel 1 Om mat i nasen La meg seie det som det er. Mor mi har ikkje vore spesielt heldig med barna sine. Og no tenkjer du vel straks «argh, ok» og «ver no ikkje så streng mot deg sjølv», men det stemmer. For først kom Mikala, som er hjerneskadd, og dei sprang konstant til undersøkingar og møte og gjer det forresten enno, sjølv om Mikala i dag har fylt nitten. Så reiste far til Mikala, Bjarke, til Nederland, og mor møtte far min i staden, og så kom Honey, altså eg. Med leppeganespalte og tallause operasjonar og mat som sette seg fast i nasen då eg var lita. Eg såg ærleg talt ut som eit monster. Aldeles ikkje den nusselege, fine, lyseraude babyen dei fleste går og drøymer om. Og sjølv om eg har sloppe billig unna i forhold til mange andre med leppeganespalte, så kjem ein ikkje utanom at eg ikkje er altfor pen å sjå på. Faktisk det stikk motsette. Nasen min er flat og skeiv, overleppa mi er stor og arrete. Pen blir eg aldri. Slik er det berre. Rundt den tida eg fylte to år, stakk far min av. Eller mor kasta han ut, eg er litt i tvil. Dei snakkar aldri saman meir. Eg kan faktisk ikkje hugse at dei har gjort det. Dei roper alltid. Far bur på Nørrebro, slik som oss, berre eit par gater unna. Eg ser han annakvar helg, laurdag i oddetalsveker, når eg skal heim dit og overnatte. Og av og til når han

ventar på meg ute framfor skulen og seier: «Kva trur du, Honey. Skal vi gå ein tur og få oss ein kopp kakao?» Då er det som regel i slutten av månaden, og fordi han vil låne pengar. Berre ein hundrelapp til i morgon. Eller så mykje som eg har. Eg får ikkje seie det til mor. Av og til får han litt. Mor sender iblant med meg ei handfull myntar eller eit par setlar til lunsj og innkjøp, som eg likevel ikkje treng å bruke alt av. Og far stikk pengane i lomma og kyssar meg på håret og seier at han ikkje veit kva han skulle ha gjort utan meg. For det meste set vi oss berre på ein benk i parken og sludrar litt, og far røykjer eit par sigarettar og kastar sneipane etter duene. Kanskje viser han meg ei ny tatovering som han har fått laga. Eg har faktisk aldri fått ein kopp kakao.

Kapittel 2 Om musklar, kanelsnurrar og andre ting Fleire gonger har eg høyrt folk seie at far min et steroid, som er noko ein får store musklar av. Eg veit ikkje om det er sant. Eg har ikkje spurt. Men dersom det stemmer, må eg seie at dei verkar godt. Far min har svære overarmar. Kolossale, faktisk. Dei er så store at han ikkje kan halde dei rett ned langs sidene. Dei står alltid eit stykke ut frå kroppen og strittar som på ein actionhelt, sjølv om det eigentleg ikkje er mykje action over han. Ein gong jobba han som flyttemann, så fekk han vondt i ryggen og slutta. Så vidt eg veit, ser han temmeleg mykje på tv. Men heldigvis kan han framleis løfte vekter på treningssenteret eit par gonger i veka. Då eg var yngre, syntest eg at det var ganske kult, det med steroida og musklane. Men etter ei stund fann eg ut at det var det ikkje. Eg kunne sjå det på måten andre folk kikka på han på. Dei frå klassen, foreldra deira, folk på gata. Og det gjekk opp for meg at musklane til far var blitt for mykje. Slik er det nemleg med mange ting. I starten er det bra og kult, men når det kjem til ei viss grense, blir det for mykje, og så er det ikkje bra lenger. Verkeleg ikkje. Det var det same som skjedde den gongen eg hadde kanelsnurrar med i matpakken. Mor hadde gløymt å

kjøpe rugbrød, og ho hadde ingen kontantar, men minikanelsnurrar har vi alltid fleire posar av på lager. Mikala er tussete etter dei. «Du er då vel heldig», sa Maria, klasseforstandaren vår, då ho såg det. Og eg smilte glad og stappa i meg. Men allereie dagen etter, då mor framleis ikkje hadde kjøpt rugbrød, og vi hadde massevis av kanelsnurrar igjen, kunne eg sjå på ansiktet til Maria at eg ikkje var så heldig lenger. For ikkje å snakke om den tredje og fjerde dagen. Barna begynte også å kviskre. Og den femte dagen, som var ein fredag, ringde Maria heim til mor om kvelden og sa at det var noko på skulen som heitte matpolitikk. Mor var raud i kinna då ho la på. Det med kanelsnurrane var blitt for mykje. Og det er slik med fleire andre ting også. Dei fleste, faktisk, når ein tenkjer over det. Det gjeld å halde seg innanfor grensene. Ikkje gjere noko for mykje, ikkje gjere noko for lite, men akkurat passe. På den måten slepp ein blikka frå folk. Og kviskringa. Bak i klassen og i skulegarden og mens ein står og ventar på bussen. Det heiter å passe inn, og det har eg blitt god til. Den beste i min familie. Etter meg kjem mor, og til slutt Mikala og far, som er direkte dårlege.

Kapittel 3 Om middag Mor mi jobbar på Harrys Hælbar, som er ein stad der dei reparerer sko som har gått sund, eller set nye solar på dersom dei gamle er slitne. Dei kan også lage nøklar, og hòl i belte, og dei sel skosverte, skolisser, nøkkelringar og dørskilt. Faktisk så sel dei dørskilt som Mikala har laga. Ho jobbar på ein verkstad saman med mange andre med psykisk funksjonshemming. Her målar dei «WC» med flotte, snirklete bokstavar på treskilt, som så blir selde i forskjellige butikkar. Dei er knallfine. Særleg dei til Mikala, som er endå litt meir perfekte enn dei andre sine. Ho kan verkeleg det der. Vi har WC-skilt hengande på alle dørene våre heime. Harrys Hælbar stengjer klokka seks om kvelden, men ho er ofte halv åtte før mor kjem heim, så for det meste et Mikala og eg middag utan henne. Mikala er ikkje så veldig for nye ting, ho vil helst berre ha fiskekaker, brødskiver med leverpostei eller ferdigpizza. Viss ho ikkje alt har ete seg mett på kanelsnurrar, altså. Eg er elles flink til å lage mat. Ein gong iblant lagar eg Knorrs lasagne til mor kjem heim. Då blir ho alltid så glad. Ein typisk middag hos oss går føre seg på denne måten: