REGULERINGSPLAN DEL AV GNR./BNR. 45/1 TØMMERVIKA-HAVNAVIKA

Like dokumenter
Detaljreguleringsplan. Reguleringsføresegner pbl 12-7

DEL AV GNR. 4, BNR. 1 M. FL. NEDRE AKSNES, KVAM HERAD.

SAKSGANG. Detaljreguleringsplan for hyttefelt Årsand, del av gnr. 44, bnr. 1, Jondal kommune - PlanID:

OSPELUNDEN BUSTADFELT Reguleringsføresegner pbl 12-7

DEL AV GNR. 4, BNR. 1 M. FL. NEDRE AKSNES, KVAM HERAD.

REGULERINGSFØRESEGNER FOR HYTTEOMRÅDET HUNDSNESVIKA GNR. 35 BNR. 2 - TYSVÆR KOMMUNE

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE

«SLETTO VEST» DETALJREGULERINGSPLAN FOR FRITIDSBUSTADER. Del av gnr. 56, bnr. 17 og 142 i SVEIO KOMMUNE. REGULERINGSFØRESEGNER.

Vedlegg 3 A. Kvinnherad kommune. Alternativ S1/S6

Reguleringsføresegnene gjeld for området synt med grenseline på reguleringskart.

HARDANGERBRUA MED TILFØRSELSVEGAR, RIKSVEG 7 OG 13 REGULERINGSFØRESEGNER FOR ULLENSVANG HERAD

Reguleringsføresegner pbl 12-7

Reguleringsføresegner pbl 12-7

REGULERINGSPLAN DEL AV GNR. 50, BNR. 1 M. FL. VETLE GROTNES, KYSNESSTRAND J O N D A L K O M M U NE

Reguleringsføresegn Hytteområ de Skå røy Austevoll kommune

REGULERINGFØRESEGNER

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 230 BNR. 1 M.FL., STØLSVIK, HALSNØY, KVINNHERAD KOMMUNE

REGULERINGSPLAN BUSDALEN, ØYSTESE, KVAM HERAD

REGULERINGSFØRESEGN - REGULERINGSPLAN VÅGSMYRAN

REGULERINGSPLAN. Svartabrotet naustområde del av gnr. 14 bnr.38 PlanID: Bømlo KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR LØVTANGEN I LEVANGER KOMMUNE REGULERINGSBESTEMMELSER I. GENERELT


Reguleringsbestemmelser Reguleringsplan for Gorolie Revidert iht vedtak i kommunestyret , saknr. 31/08

Reguleringsføresegner

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Voll-Hyttefelt

1 REGULERINGSFØRESEGNER

REGULERINGSPLAN FOR DØSHAUGNESET, GNR. 46 BNR. m.fl., AUSTEVOLL OMMUNE

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Sandholmen delar av gnr. 71 bnr.1 PlanID: BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER I TILKNYTNING TIL REGULERINGSPLAN FOR BAKKEN II, TORPO, ÅL KOMMUNE

EV 039 HP 09: JEKTEVIK NORD FITJAR GRENSE REGULERINGSFØRESEGNER STORD KOMMUNE 1. GENERELT

Reguleringsføresegner

REGULERINGSFØRESEGNER

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Føresegner Reguleringsplan for Hansabakken, Sveio

REGULERINGSPLAN FOR LØVTANGEN I LEVANGER KOMMUNE.

DETALJREGULERINGSPLAN. Bustad- og fritidsområde Tressvik gnr. 14 bnr.27 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

FØRESEGNER LEMHAGEN. Sogndal kommune Reguleringsplanføresegner Lemhagen Eining/avd/ PLN/TE. Arkiv L12 30B. Vår ref 04/

FØRESEGNER for detaljregulering for Haganes hytteområde

Reguleringsføresegner pbl 12-7

REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 33 BNR. 9.

GNR. 121, BNR. 140 M. FL. SMÅBÅTHAMN M. M. TANGERÅSNESET, STRANDEBARM, KVAM HERAD STRANDEBARM BÅTLAG 5630 STRANDEBARM

1 GENERELT 2 FELLES FØRESEGNER

ULVIK HERAD Skeiesvegen ULVIK

Detaljreguleringsplan for: Del av gnr. 31, bnr. 4 m. fl. Trafikkplan Vik, Jondal. Reguleringsføresegner pbl 12-7

b) Anleggsarbeid skal ikkje skje i påska (Skjærtorsdag -2.påskedag), pinse (pinseaftan 2.pinsedag), jul (julaftan -2. juledag), eller nyttårshelg.

REGULERINGSPLAN FOR ANGLEVIK, MOSTERHAMN GNR. 10 BNR. 1 MFL. BØMLO KOMMUNE.

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Tymbrålen - Endring

L A U V F J E L L E T REGULERINGSFØRESEGN Detaljreguleringsplan, del av gnr. 15, bnr. 9, Ådland, Fusa kommune. PlanID:

Vedkomande reguleringsplan med tilhøyrande reguleringsføresegner for: "Del av gnr. 87, bnr. 53 m. fl. Skutevik, Tørvikbygd, Kvam herad.

DETALJREGULERINGSPLAN. Bustad- og fritidsområde Tressvik gnr. 14 bnr.27 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

DETALJREGULERINGSPLAN. Fritidsbustader Karihavet Del av gnr. 101, bnr.13 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

FØRESEGNER. TIL BEBYGGELSESPLAN FOR OMRÅDA FB2, FB3, FB4 og FB5 I HJELMELANDSDALEN

DETALJREGULERINGSPLAN FOR AVLØYPET

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 109 BNR. 14, BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

Reguleringsføresegner Reguleringsplan H6 Løefjødd hyttefelt, Valle kommune

MELAND KOMMUNE. Reguleringsplan FOSSEMYRA IDRETTSANLEGG, GNR 24, BNR 58 m. fl. Reguleringsføresegner

REGULERINGSFØRESEGNER TIL DETALJREGULERINGSPLAN FOR SANDVIKA. Del av Gnr 64, bnr 1 og 30 Kvinnherad kommune

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Ramsneset gnr.82 bnr.40, m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

Føresegner Detaljregulering for naustområde Strand, Sandeid. Del av gnr. 27 bnr. 3 og 7 og gnr 27 bnr 14, 22, 23, 27 og 29, Vindafjord kommune.

HYTTEFELT LAUVFJELLET F Ø R E S E G N E R. Detaljreguleringsplan, gnr. 15, bnr. 9 m. fl.

FØRESEGNER. TIL UTBYGGINGSPLAN FOR OMRÅDA FB2, FB3, FB4 og FB5 I HJELMELANDSDALEN

Reguleringsføresegner

REGULERINGSFØRESEGNER FOR REGULERINGSPLAN GNR. 81, BNR. 181 og 90 ROSENDAL HYTTETUN OG CAMPING, VEDAVIKA I KVINNHERAD KOMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Opsalmarka næringsområde gnr. 34. bnr. 4

Reguleringsføresegner H56, H57, H58 m.fl. og Ringstadsætra Hyttegrend

FØRESEGNER DETALJREGULERING FOR HILJESTEINSVIKA NAUSTOMRÅDE

Detaljreguleringsplan. Reguleringsføresegner pbl 12-7

Reguleringsbestemmelser Hytteomra de Ska røy Austevoll kommune

PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN STRAUMEN II ERSTATTAR DELAR AV R-116 PLANID: BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR BØMLO FISKERIHAMN, HAVLANDSHAGEN, GNR. 53 BNR. 53 m.fl., BØMLO KOMMUNE

EID KOMMUNE FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR SKÅRHAUG

DETALJREGULERINGSPLAN FOR FRITIDSBUSTADER «NORDRE BUVIKA»

Føresegner Plan: Del av gbnr. 88/3. Bustadtomter Hopen

Reguleringsføresegner Reguleringsplan Vetla Hegg-Hyttefelt Voss Kommune

Reguleringsføresegner Reguleringsplan for Kvasshaug II, Haugsvik hyttefelt

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

Meland kommune Reguleringsplan for Leirdalen, Ryland Gnr 43 bnr 132 med fleire; idrettsanlegg og barnehage Reguleringsføresegner

REGULERINGSPLAN FOR R8 - NYLEN

Koldemyrdokkje GRANVIN HERAD. Bebyggelsesplan for Koldemyrdokkje, del av gnr. 111 bnr. 1, bnr. 2, bnr.3 og bnr. 6. BVIK dato

REGULERINGSPLAN FOR RUNDKØYRING VED ØYSTESE MEKANISKE VERKSTAD REGULERINGSFØRESEGNER

REGULERING ONA REGULERINGSFØRESEGNER

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 067/2018 Formannskapet PS

Reguleringsføresegner H32, H56, H57, H58 og Ringstadsætra Hyttegrend

REGULERINGSPLAN NEVERFJORD SØRNESSET - BOTNELV REGULERINGSBESTEMMELSER Datert

Reguleringsføresegner for: Gnr. 43, bnr. 4, 68, 125 m.fl., Rostøy

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

REGULERINGSPLAN FOR SMÅBÅTHAMN HÅLANDSSJØEN, BOKN KOMMUNE

FORSLAG TIL FØRESEGNER FOR DETALJREGULERING GOAVIK HYTTEFELT VINDAFJORD KOMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsplan For Nordre Urdland - hyttefelt deler av gnr. 125 bnr. I og gnr. 126 bnr. 1. Urdland

REGULERINGSPLAN FOR LØVTANGEN 1 LEVANGER KOMMUNE. REGULERINGSBESTEMMELSER.

DETALJREGULERINGSPLAN. SØGARDSJØEN Del av gnr. 83 bnr. 1 m.fl. PLANID: FITJAR KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER FOR UTVIDING AV CAMPINGPLASS PÅ 64/142 OG DEL AV 64/1, ENES CAMPING.

FRAMLEGG TIL REGULERINGSFØRESEGNER FOR PLAN NR , SPJELD BÅTHAMN, JFR. PLAN- OG BYGNINGSLOVA 26

Reguleringsføresegner Myrkdalen Camping

REGULERINGSFØRESEGNER

Lindås kommune. Reguleringsføresegner for: Jf plan- og bygningslova (pbl) Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1 (Plan-id: )

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

Transkript:

REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR./BNR. 45/1 TØMMERVIKA-HAVNAVIKA I HESSVIK I KVINNHERAD KOMMUNE R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R Reguleringskart M=1:1000 teikn. nr. 221-3 dagsett 05.12.02. Sist endra: 10.05.05 Vedteken i Kvinnherad kommunestyre 25.08.05 sak 2005/49 Reguleringsføresegner dagsett 15.12.02. Vedteken i Kvinnherad kommunestyre 25.08.05 sak 2005/49 Mindre vesentleg endring:... 1

REGULERINGSFØRESEGNER 1. GENERELT Det regulerte arealet er vist på reguleringsplankartet med reguleringsgrense. Innanfor denne grensa skal arealet nyttast som vist. I samsvar med 25 i Plan- og bygningslova er arealet regulert til fygjande føremål: - Byggjeområder for fritidsbustader, naust og industri. - Landbruksområder for jord- og skogbruk. - Trafikkområder (offentleg) for køyreveg (Fv 107) og kai. - Fareområder for høgspenningsanlegg. - Spesialområder for privat veg, friluftsområder på land og i sjø, fiske-, ferdsels-, frilufts- og naturområde i sjø, fiskebruk, bevaring av bygningar (skulemuseum), privat småbåtanlegg (sjø) og privat vass- og kloakkanlegg. - Fellesområder for felles avkøyrsle/parkering. 2. FELLES FØRESEGNER 2.1 Føresegnene gjeld innanfor råma av Plan- og bygningslova med tihøyrande vedtekter for Kvinnherad kommune. 2.2 Etter at denne reguleringsplanen med tilhøyrande reguleringsføresegner er stadfesta, kan det ikkje inngåast privatrettslege avtalar som er i strid med planen og føresegnene. 2.3 Når særlege grunnar talar for det kan kommunen gjera unnatak frå desse føresegnene innanfor reglane i Plan- og bygningslova. 2.4 Terrenginngrep i samband med anleggsarbeid skal utførast mest mogeleg varsamt og med omtanke for terreng og vegetasjon. 2.5 Tiltak i sjø som kjem inn under havne- og farvannslovens bestemmelsar skal godkjennast av Kystverket. 3. BYGGJEOMRÅDE "FRITIDSBUSTADER" Omfattar områda F1-F16. I områda kan det førast opp fritidsbustader i ein etasje. Det kan ikkje førast opp andre bygningar på tomta. 2

Viste symbol for bygningar på reguleringsplankart med møneretning og avkøyrsler er retningslinjer for plassering på tomtene. Tomter som ikkje har avkøyrsler vil få tinglyst rett til parkering på parkeringsplass og tinglyst rett til gangsamband over 45/1 fram til tomtegrense. I områda F1-F9, F11, F14-15 kan det førast opp bygningar med BYA inntil 120 m2. I områda F10, F12-F13 og F16 kan det førast opp bygningar med BYA inntil 90 m2. Rekkjefylgje for utbyggjing: 1. byggjesteg tomt nr. 28-32 og 45. Før hyttene vert tekne i bruk skal felles parkeringsplass Veg D opparbeidast. 2. byggjesteg omfattar Veg A inkl. felles parkeringsplass i enden av Veg A, felles parkeringsplass Veg C, tomt nr. 10-27 og 41-44. 3. byggjesteg Veg B inkl felles parkeringsplass, tomt nr 1-8 og 33-40. Det ikkje tillete med sprengning og masseflytting av stein og jordmassar på tomtene i så stor grad at terrenget på tomtene vil endra karakter. Synlege skjeringar som fylgje av sprengning bør ikkje førekoma. Skjæringar/fyllingar skal opparbeidast på ein naturleg måte mot eksisterande terreng ved hjelp av slake skråningar eller liknande tiltak. Forstøtningsmurar skal planleggjast saman med bygg, og bør ikkje vera høgare enn 1,0 m over terreng. Eksisterande vegetasjon på tomtene bør i størst mogeleg grad bevarast særleg med tanke på fjernverknaden av utbygginga sett frå sjøen. Særleg bør ein ta omsyn til visuelt karakterdannande tre og tregrupper og tilpassa tiltaket etter desse slik at dei kan inngå i tiltaket. Bygningar skal ha saltak og førast opp på søyler eller grunnmur slik at dei i størst mogeleg grad fylgjer terrengforma. Det kan ikkje førast opp veranda, terassar eller liknande ut over tillete bebygd areal. Møneretning skal fylgja terreng. Fargebruk i harmoni med landskap/vegetasjon slik at bygningane skil seg minst mogeleg ut i terrenget.. Utvendig kledning av tre eller naturstein. Taktekking av betongpanner, papp/shingel, torv, skifer eller treverk Byggjemelding skal mellom anna visa tilkomst m/høgder, plassering av bygning på tomt i horisontal og vertikalplan, uteareal, murar, planering, vegetasjon og leidningstrasear. Det er ikkje tillete med inngjerding av tomter. Kablar skal gravast ned. Leidningstrasear for vatn og kloakk m.m. bør i hovudsak opparbeidast i områder med lausmassar. Dersom eksponert fjelloverflate eller svaberg må kryssast med leidningsgrøft, skal dette skje utan inngrep i fjelloverflata. 4. BYGGJEOMRÅDE "NAUST" Omfattar tomt (N2) for eit nytt naust heilt nord i planområdet og nytt naustområde (N1) i Havnavika. I N2 kan det førast opp bygning i ei høgd med BYA inntil 60 m2. Utforming, materialbruk, fargar m.m. skal vera i harmoni med bygningsmassen elles i planområdet. Ved planleggjing av naustområde N1 skal ein unngå ei samanhengjande rekkja med like naust. Ein skal leggja vekt på variasjon i storleik, mellomrom, plassering, mønehøgd, takvinkel og fargebruk for å gje området spenning og karakter. Det kan førast opp naust i to etasjar med BYA inntil 150 m2. Begge etasjar skal nyttast til naustføremål. Utbyggjing av naust frå vest. Parkeringsplass vest for naustområdet skal opparbeidast før området vert teke i bruk. 3

5. BYGGJEOMRÅDE "INDUSTRI" Omfattar eksisterande driftsbygning for oppdrettsanlegg (laks) med tilhøyrande forlager, tankanlegg m.m. Det kan ikkje etablerast ny industri i området som ved støy eller på grunn av andre forureiningar ved produksjon og trafikk er til vesentleg ulempe for fastbuande eller fritidsbustader. 6. LANDBRUKSOMRÅDE "JORD- OG SKOGBRUK" Omfattar områda J1-J3. I områda kan det drivast vanleg landbruksverksemd. I J3 kan det førast opp eit nytt naust. 7. OFFENTLEG TRAFIKKOMRÅDE "KØYREVEG" Omfattar eksisterande køyrebane til ytre skulderkant for Fv 107 og areal til 3,0 m utanfor ytre skulderkant på begge sider av vegen langs heile traseen. 8. OFFENTLEG TRAFIKKOMRÅDE "KAI" Eksisterande tømmerutskipingskai i Havnavika. Kaien skal ha tilkomst frå Veg E. 9. FAREOMRÅDE "HØGSPENNINGSANLEGG" Eksisterande høgspenningslinje. Fareområde 10 m til kvar side for senter anlegg. 10. SPESIALOMRÅDE "PRIVAT VEG" Omfattar Veg E og Veg F. Veg E er eksisterande veg til kai, industriområde m.m. Veg F er eksisterande veg fram til molo og vidare ny veg langs baksida av nausta i N1. 11. SPESIALOMRÅDE "FRILUFTSOMRÅDE" Område FRI1 - FRI3. Det er ikkje tillete å driva verksemd eller oppføra bygg eller anlegg som er til hinder for eller som vil forringa området sin bruk som friluftsområde. I tilknyting til utbygging av hytter kan gangstiar opparbeidast som enkle traktorvegar der dette kan gjerast med små terrenginngrep. Skogsdrift skal utførast som "plukkhogst", ellers kan skogsdrift utførast på vanleg måte. Leidningstrasear for vatn og kloakk m.m. kan førast gjennom områda. Traseane bør i hovudsak opparbeidast i områder med lausmassar. Dersom eksponert fjelloverflate eller svaberg må kryssast med leidningsgrøft, skal dette skje utan inngrep i fjelloverflata. 12. SPESIALOMRÅDE "FISKE-, FERDSELS-, FRILUFTS- OG NATUROMRÅDE I SJØ" Område i sjøen sør for område A1 og nord for område A2. Tiltak og installasjonar som er til hinder for området sin bruk som fiske-, ferdsels-, frilufts- og naturområde er ikkje tillete. 4

13. SPESIALOMRÅDE "FRILUFTSOMRÅDE I SJØ" Område i sjøen utanfor friluftsområde FRI1 i aust og område for fiskebruk i nord og sør. Tiltak og installasjonar som er til hinder for området sin bruk som friluftsområde er ikkje tillete. 14. SPESIALOMRÅDE "FISKEBRUK" Område for dyrking av blåskjel konsesjon nr. H/J 346 Tømmervika og område for lakseoppdrett konsesjon nr. HF4/HJ3. 15. SPESIALOMRÅDE "BEVARING" Gnr./bnr. 45/3. Eldre grendaskule med uthus. Tilkomst frå Veg B, parkering i Veg C. 16. SPESIALOMRÅDE "PRIVAT SMÅBÅTANLEGG (SJØ)" Omfattar område i sjøen framfor J3, N1 og N3. I området kan det leggjast ut flytemolo med båtplasser på innsida av moloen. Tilkomst til flytemolo frå eksisterande molo. 17. SPESIALOMRÅDE "PRIVAT VASS- OG KLOAKKANLEGG" Området kan nyttast til bygging av felles slamavskiljar og bygg for tekniske installasjonar i samband med drift av vass- og kloakkanlegg m.m. Kloakkutslepp i sjø skal førast til ytterkant av det området som i kommunedelplan er vist som "Gyteområde". 18. FELLESOMRÅDE "FELLES AVKØYRSLE" I områda kan det opparbeidast bilvegar, parkeringsareal og førast opp felles boder i samsvar med plassering på reguleringsplankart. Samleplass for bosdunkar og postkassar kan opparbeidast i Veg A som vist på reguleringsplankart i kryss Veg A, Veg B og Fv 107. Felles avkøyrsle omfattar areal for Veg A, Veg B, Veg C og Veg D inkl. parkeringsareal og tomt for felles boder. Veg A har parkeringsplass for 12 bilar, Veg B 15 bilar, Veg C 10 bilar og Veg D 10 bilar. Veg A er felles avkøyrsle for 45/1, tomtene 10-26 og 41-44. Tomtene 10-15, 17, 18, 20-24 (13 stk.) skal ha avkøyrsle frå Veg A. Tomtene 16, 19, 25, 26, 41-44 (8 stk.) skal nytta parkeringsplassen i enden av Veg A. Tomtene 27-32 (6 stk.) skal nytta parkeringsplassen i Veg D. Felles bod ved parkeringsplassen kan nyttast av tomtene 27-32. 5

Veg B er felles avkøyrsle for 45/1, tomtene 1-9 og 33-40. Tomtene 1, 4, 5, 6, og 8 (5 stk.) skal ha avkøyrsle frå Veg B. Tomtene 2, 3, 7, 9 og 33-40 (12 stk.) skal nytta parkeringsplassen i enden av Veg B. Felles bod kan nyttast av tomtene 2, 3, 7, 9, og 33-40. Veg C er felles avkøyrsle/parkeringsplass ca. 200 m sør for skulebygning (bevaring). Felles for 45/1 og tomter som har avkøyrsle og parkering i tilknyting til Veg A og Veg B. Kan nyttast til gjesteparkering og parkering ved vanskelege køyretilhøve i Veg A og Veg B. Plassen kan og nyttast av brukarar av friluftsområde, besøkjande til skulemuseum og eigar av naust nord for Tømmervika. Veg D er felles avkøyrsle/parkeringsplass ca. 100 m nord for eksisterande avkøyrsle til kai/industriområde. Felles for 45/1, tomtene 27-32 og 45. 6