Returadresse: Norges Fjordhestlag Myroldhaug 6770 Nordfjordeid

Like dokumenter
REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Interesselaget for farga spælsau

Innkallinga vart samrøystes godkjent. Det vart registrert 24 røysteføre medlemmar blant dei 27 frammøtte.

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Kap 1 Innleiande fastsettingar

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

Returadresse: Norges Fjordhestlag Myroldhaug 6770 Nordfjordeid

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Returadresse: Norges Fjordhestlag Myroldhaug 6770 Nordfjordeid

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS

DIS- Sogn og Fjordane

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Kjell Horten, Åge Øibakken, Linn Waaler Rønning, Olav Stormorken Trude

Sak 1 Konstituering. Vedlegg: Forslag til saksliste Forslag til tidsplan Forslag til forretningsorden. Godkjenning av innkalling

Norges Fjordhestlag Myroldhaug N-6770 Nordfjordeid

Innkalling og sakspapir er dermed sendt ut innanfor dei fastsette fristane.

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Returadresse: Norges Fjordhestlag Myroldhaug 6770 Nordfjordeid

Returadresse: Norges Fjordhestlag Myroldhaug 6770 Nordfjordeid

Torsdag 10. mars 2016 kl på Bryne Kro & Hotell

Langvad, Guro Hagen, Otto-Arne Schau Kjell Horten, Åge Øibakken, Linn Waaler Rønning, Olav Stormorken, Trude Langvad

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Returadresse: Norges Fjordhestlag Myroldhaug 6770 Nordfjordeid

Årsmelding for Oslo og Akershus Fjordhestlag 2014

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BØMLO BÅTLAG

Sak 1 Konstituering. Godkjenning av innkalling. Godkjenning av sakliste

NCC avd. Sogn og Fjordane

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

Utdeling av premiar til mestvinnande spaniels i fylket 2018 (sjå årsmeldinga for namn). Utdeling av premiar adventskonkurranse.

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

VEDTEKT av februar 2007

Tysdag 10. mars 2015 kl på Bryne Kro & Hotell

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Årsmelding og rekneskap

Årsmøte i Nordfjord Golfklubb

ÅRSMELDING 2013 INTERESSELAGET FOR FARGA SPÆLSAU

Ove Fekene, Kristin S. Torson, Janne Brøndbo, frå Bygdearkivet: Syver Hjelmen, Berit Marie Sørhøy og Kristofer Eitrheim

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Sakspapira blir etter dette sendt direkte til dei påmeldte utsendingane etter påmeldingsfristen er ute, 14. mars.

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Innkalling. til. Ordinært Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG. Torsdag 25. april 2013 KL. 1900, SØK sitt kontor i Ølen.

Referat frå årsmøte i Haugaland Golfklubb Søndag 30. januar 2011 kl 18:00

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Innkalling. til. Ordinert Årsmøte SKÅNEVIK ØLEN KRAFTLAG SA. Onsdag 27. april 2016 KL. 1900, SØK sitt kontor i Skånevik.

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Referat frå tur til USA januar 2010.

Protokoll frå Årsmøte i Seniornett Førde 20.februar 2015 Møtestad: Brunosten

ÅRSMØTE I OSTERØY IDROTTSLAG Protokoll frå årsmøte

Njålsmerket April 2014

Årsmøte i Stokkenes Golfpark BA,

Velkommen til årsmøte

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Fortid & notid for framtid

Leiarmøte Søndag 25.november, Scandic Hotell, Førde NFF Sogn og Fjordane

ÅRSMELDING OG REKNESKAP

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Stemnehandboka for NKSF

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

HDBUL. Haugen og Dalen Bygdeutviklingslag. Referat frå Årsmøte Saksliste:

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Ørsta/Volda Pistolklubb fredag 26. februar kl på skytebana i Ørsta Kulturhus.

Årsmøte i Nordfjord Golfklubb

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Velkommen til årsmøte for KORSSUND DYKKEKLUBB. Dale, 09. februar 2013

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

Velkommen til. årsmøte!

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Møteprotokoll for møte i

Årsmøte i Lærdal Golfklubb den 11. februar 2009 REFERAT Stad: Lærdal kulturhus, kinosalen. Kl Heidersteikn:

Transkript:

Returadresse: Norges Fjordhestlag Myroldhaug 6770 Nordfjordeid Årsmelding og rekneskap Norges Fjordhestlag 2010

Innkalling til årsmøte Møtestad: Nordfjord Hotell, Nordfjordeid Møtetid: Onsdag 4. mai 2011 kl. 13.00 Møteleiar: Karl Vie Sakliste: Sak 1: Sak 2. Sak 3: Sak 4: Sak 5. Sak 6: Sak 7: Sak 8: Opning av møtet ved leiar Registrering av utsendingar Val av to utsendingar til å underteikne møteboka Godkjenning av innkallinga Årsmelding Rekneskap Medlemskontingent. Sjå side 24 i årsmeldinga Val Val spesifisert etter vedtektene

REDAKTØRHJØRNET Årsmøtet er eit ope møte der medlemane vert oppfordra til å delta, kvart einskild Fylkes- og Distriktslag vel utsendingar til årsmøtet. Alle Fylkes- og Distriktslag har rett på minst ein utsending til årsmøtet. Deretter ein ny for kvar påbyrja 50 medlemer. Oversikt over tal medlemar og tal utsendingar: 2009 2010 Tal utsendingar Østfold 35 35 1 Oslo og Akershus 63 68 2 Hedmark 45 49 1 Oppland 71 86 2 Buskerud 50 53 2 Vestfold 25 29 1 Telemark 33 34 1 Aust Agder 13 13 1 Vest Agder 34 37 1 Rogaland 118 114 3 Hordaland 193 199 4 Sunnfjord og Sogn 100 103 3 Nordfjord 119 121 3 Møre og Romsdal 120 130 3 Trøndelag 53 55 2 Nordland 27 32 1 Troms 16 15 1 Finnmark 9 9 1 Sum grunnlag utsendingar 1124 1182 33 Ikkje tilknytta lokallag 49 66 SUM 1173 1248 Ein liten auke i medlemstalet i høve til fjoråret. Dette er innafor naturleg variasjon. Alle kostnader med reise og opphald må dekkast av den einskilde utsending/årsmøtedeltakar. Valnemnda si innstilling til val på årsmøtet 2011 Kristian Bakken Knut R. Tunheim Gunnar Bruland Petter Inge Bergheim Hedda Smukkestad Elin Furrevik Runa Smedsmo Madsi Vinjevoll Unni Sørtømme Karl Vie Knut Rasmus Hjelle Arve Espe leiar styremedlem styremedlem 1. vara til styret 2. vara til styret. medlem avlsutval vara til avlsutval medlem aktivitetsutval (NY) vara til aktivitetsutval ordstyrar ettersynsnemnd ettersynsnemnd For valnemnda 2011 Reinert Skumsnes 3

Tillitsvalde i Norges Fjordhestlag Ordstyrar: Karl Vie Styret: Styreleiar: Kristian Bakken Nestleiar: Gunnar Bruland Styremedlem: Knut R. Thunheim Styremedlem: Janne Seilen Styremedlem: Berit Bergset 1. varamedlem: Petter Inge Bergheim 2. varamedlem: Hedda Smukkestad Medlem i representantskapen Norsk Hestesenter: Kristian Bakken og Gunnar Bruland Representant i styret ved Norsk Fjordhestsenter AS: Magne Hus Vara: Gunnar Bruland Avlsutval: Leiar: Utvalsmedlem: Utvalsmedlem: Varamedlem: Knut R. Thunheim Elin Furrevik Jonas Vevle Runa Smedsmo Aktivitetsutval: Leiar: Utvalsmedlem: Utvalsmedlem: Varamedlem: Cassandre Bach-Gansmo Lucinda Reksten Vilde Sørvik Eggen Unni Sørtømme Ettersynsnemnd: Knut Rasmus Hjelle og Arve Espe Valnemnd: Leiar: Medlem: Medlem. Varamedlem: Reinert Skumsnes Steinar Furnes Leif Arne Lirhus Marit S. Kristiansen Æresmedlemmar Utnemnd år: Namn: 1980 Audun Sydnes, 5458 Arnavik 1986 Edvin K. Thorson, Langedrag, 3540 Nesbyen 1990 Arve Rolstad, Bolenga, 2400 Lillehammer Kåre Myklebust, Engesetvn., 6150 Ørsta 2000 Judith Hegrenes, Angedalen, 6800 Førde 2002 Tor Nestaas, Ansgar Sørlies vei 26, 0576 Oslo. Med heidersteikn. 2007 Tor Finstad, Postb. 66, 2850 Lena. Med heidersteikn 2010 Odd Drageset, 6793 Innvik. Med heidersteikn 2007 Tor Finstad, Postb. 66, 2850 Lena. Med heidersteikn 4

Årsmøtet 2010 Årsmøtet 2010 vart halde på Nordfjordeid 5. mai i samband med hingsteutstillinga. Det møtte 26 utsendingar frå 14 fylkes- og distriktslag. I tillegg møtte 5 frå styret. Ordstyrar Karl Vie sette møtet og gav ordet til leiar Kristian Bakken som ynskte utsendingar og gjestar velkomne til årsmøtet. Årsmøtet mintest først tidlegare styremedlem og ordstyrar Kjell Aardal som gjekk bort like før årsmøtet og utstillinga. Etter å ha registrert utsendingane vart Jostein Østrem og Line Torrissen Carlsen valde til å skrive under møteboka. Årsmeldinga 2009 vart lagt fram post for post. Det var ingen merknader og årsmeldinga vart samrøystes godkjend. Rekneskapen 2009 vart lagt fram med eit underskot på kr. 10 324,-. Det var ingen merknader til rekneskapen. Knut Rasmus Hjelle la fram revisjonsmeldinga. Rekneskapen vart samrøystes godkjend. Styret hadde ikkje framlegg om å endre medlemskontingenten, men etter framlegg frå salen vart kontingenten for hovudmedlemar og utanlandske medlemar vedteken auka til kr. 500,-, gjeldande frå 2011. Når det gjeld valet viser ein til oversikt over tillitsvalde annan stad i årsmeldinga. Kan kort nemne her at Janne Seilen kom inn i styret i staden for Michelle Svae, som takka nei til attval. Til slutt takka Kristian Bakken for tilliten, og håpa på eit godt arbeidsår for fjordhesten. Han ynskte Janne Seilen velkomen i styret, og takka elles alle som har teke på seg verv i laget. Michelle Svae gjekk ut av styret, og fekk blomster og takk for det arbeidet ho har gjort. Til slutt ein takk til alle for eit godt og engasjerande møte, og til Karl Vie for god møteleiing. 5

Styret sitt arbeid Styret har i 2010 hatt 8 styremøte, derav 3 telefonmøte. Det har vore handsama 64 saker. Rekneskapen for 2010 viser eit underskot på kr. 63 533,-. Å skaffe midlar til å dekke generell kostnadsauke blir ei utfordring for styret i komande år. Bedekningstala har ikkje vist auke, og arbeidet med å prøve å snu dette vil halde fram i åra som kjem. Eit av tiltaka som vart innført var å gje avlsmidlar til eigarar av unge hopper som hadde stilt på skue, og også blitt bedekka. Det har heller ikkje i år vore dei tunge sakene. Arbeidet med revisjon av avlsplanen er framleis ikkje avslutta, noko ein vonar å kome i land med i komande år. Prosjektet Fokus Unghest aukar stadig i omfang, og fleire og fleire lag held kurs. I tillegg til avlsmidlar frå landslaga for dei 3 norske rasane har prosjektet også fått tilskot frå Hestehjelpkassa. For å få opp interessa for fjordhesten både for kjøp, sal og bruk vart det oppretta eit marknadsføringsutval. Marknadsføring var også hovedtema på haustmøtet. Styret vonar at dette arbeidet, eventuelt med ekstern hjelp av fagfolk, vil kunne bidra til opptur. Avtala med Agria Dyreforsikring blir vidareført, noko som for medlemane i NFL betyr rabatt i forsikringspremien. Denne avtala inngår i samarbeidet mellom dei 3 særnorske rasane, i likheit med Fokus Unghest. Styret prøvar også så langt det er muleg å halde seg orientert om dei diskusjonane og meiningsytringane som er på Forumet. NFL vil framleis arbeide for eit godt samarbeid med dei utanlandske organisasjonane. Forprosjektet med å finne ut om ein kan få til eit internasjonalt register for fjordhest held fram i samarbeid med FHI. Etter tilrådingar frå lokallag vart det hausten 2010 innmeldt 7 nye dommaraspirantar for utdanning ved NHS. Takk! Styret vil til slutt takke alle samarbeidspartnerar: Norsk Hestesenter, Fjord Horse International, AS Norsk Fjordhestsenter, Landslaga for Dølehest og Nordlands/Lyngshest for godt samarbeid i 2010. Felleskap og samarbeid er det beste for å løyse dei utfordringane ein vil møte i framtida. Styret takkar også alle sponsorar som har hatt annonse i Fjordhesten. Likeeins vil vi takke Ingvild N. Sveen og Anne-Karin Løken for det verdifulle arbeidet dei utfører for laget. Også takk til Hege Nybråten for kursa ho får i stand på Starum, og til det nye marknadsføringsutvalet ved Jenny Johnsen, Sara Henriette Haugen og Elin Furrevik. Ikkje minst takk til alle bidragsytarar og medlemar for stort engasjement innan både avl og bruk. Kristian Bakken Gunnar Bruland Knut R. Thunheim Janne Seilen 6 Berit Bergset Leif Rand org.sekretær

Årsrekneskap 2010 - Norges Fjordhestlag Balanse pr. 31.12. 2008 2009 2010 EIENDELER Fast eigdom, bygninger Maskiner og inventar, andre anl.midler Sum anleggsmidler Varebeoldning 43000 45000 45000 Kundefordringer, andre krav 44140 66052 92475 Aksjer og verdipapirer 1387500 1387500 1387500 Kontanter, bankinnskudd 406541 342221 244440 Sum omløpsmidler 1881181 1840773 1769415 SUM EIENDELER 1881181 1840773 1769415 GJELD OG EIGENKAPITAL Eigenkapital 1819489 1811938 1749340 Langsiktig gjeld Drifts-/kassakreditt Leverandørgjeld 61692 28835 20075 Offentlig gjeld Annen kortsiktig gjeld Sum gjeld 61692 28835 20075 SUM GJELD OG EIGENKAPITAL 1881181 1840773 1769415 Resultatrekneskap 2008 2009 2010 INNTEKTER Salgsinntekter 612144 542055 586723 Leigeinntekter Andre inntekter 460425 504772 486620 SUM INNTEKTER 1072569 1046826 1073343 KOSTNADER Vareforbruk, fremmedytelser -31000-2000 Lønn, personalkostnader 206056 258518 274141 Avskrivinger Leie, kostn. Lokaler 13000 13000 1300 Vedlikehold, småinvesteringer 6200 Andre kostnader 918797 796612 855273 SUM KOSTNADER 1113052 1066129 1142414 DRIFTSRESULTAT -40484-19303 -69072 Finansinntekter 31793 8979 5539 Finanskostnader Ekstraordinære poster ÅRSRESULTAT -8691-10324 -63533 Nordfjordeid den 1. mars 2011 Kristian Bakken Gunnar Bruland Knut R. Thunheim Janne Seilen Berit Bergset Leif Rand org.sekretær 7

Kommentar til rekneskapen 2010 Resultat Årsresultatet for 2010 er på kr. 63533,06. Underskot i 2009 på kr. -10323,84. Mindre renteinntekter, nedgang i momskompensasjon, etterslep tilskot Fokus Unghest, samt generell kostnadsauke er medverkande årsaker til det negative resultatet. Det har dessutan vore litt auke i møteaktiviteten. Varelager Varelager er sett til kr. 45 000,-. Det er verdsett til ca. 50 % av innkjøpsverdi. Aksjar og verdipapir Norges Fjordhestlag kjøpte i 2005 3 A-aksjar frå Eid Kommune og 3 A-aksjar frå S.& Fj. Fylkeskommune slik at fordelinga no er 8 A-aksjar på NFL, 6 A-aksjar på Eid og 6 A-aksjar på Fylkeskommunen. Vidare overtok NFL vederlagsfritt B- aksjar slik at fordelinga der no er NFL 268, Eid 266 og S & Fj Fylkeskommune 266 aksjar. Aksjane er balanseført 2006 til pålydande verdi, kr. 5000,- pr.aksje, sum kr. 1 380 000,-. Medlemskontingent På årsmøtet 2005 vart det vedteke å innføre juniormedlemskap som ei fast ordning frå og med 2006. Aldersgrensa vart i 2007 heva til 24 år. Årsmøtet 2010 vedtok også å heve satsen for hovudmedlem og utanlandsk medlem til kr. 500,-, med verknad frå 2011. Honorar/godtgjersle til styret Styret vedtok i 2007 å yte kr. 2000,- i arbeidsgodtgjersle og kr. 1000,- i telefongodtgjersle til leiar. Vidare vart satsen for køyregodtgjersle sett til kr. 3,- pr. km. Løn For året 2010 er det utbetalt løn til organisasjonssekretær i 60% stilling på kr. 274 141,-inkludert sosiale kostnader. Leige, kostnader lokale Etter den nye avtalen med AS Norsk Fjordhestsenter betaler Norges Fjordhestlag kr. 13 000,- for leige av kontorlokale og maskiner. Laget betaler sjølv dei faktiske kostnader for porto og telefon. Haustmøtet Haustmøtet er kostnadsført med kr. 117 170,-. Deltakaravgift utgjer kr. 96 150,- Fjordhestbladet Fjordhestbladet er kostnadsført med kr. 159 930,50. Her er ligg også inne godtgjersle til redaktøren. Avlsmidlar Det er utbetalt kr. 100 000,- til semin, kr. 35 000,- til 3-års hingstar, kr. 89 000,- til Fokus Unghest og kr. 3000,- til unghopper. REVISJONSMELDING Rekneskapen til Norges Fjordhestlag 2010 8

Drift av laget Samandrag Norges Fjordhestlag har hatt lønna sekretær i 60% stilling i 2010. Laget leiger kontorlokale ved AS Norsk Fjordhestsenter. Samlokaliseringa av kontor er positivt for begge partar og fungerer veldig godt. E-postadressa post@fjordhest.no blir stadig meir nytta i forskjellige samanhengar og lettar det daglege arbeidet vesentleg. Medlemsregister Dette fungerer no veldig bra. Bruken av KID ved utsending av fakturaer har forenkla registreringa av kontingenten betydeleg, og vi har unngått å få det vi har kalla ukjende betalarar. Vi har framleis litt problem med returpost. Hugs å melde adresseendring, slik at vi unngår dette. Medlemsbladet Fjordhesten Fjordhesten kom også i 2010 ut med 4 nummer, og med opplag som tidlegare, 1400. Samarbeidet med Bondevennen blir vidareført i 2011 etter avtale utfrå same vilkår som tidlegare, men med ei lita prisjustering. Eit samarbeid som fungerer veldig godt. Vi vil igjen oppmode medlemane til å engasjere seg og sende stoff til medlemsbladet. Og igjen; hugs å melde adresseendring! Organisasjonen Norges Fjordhestlag er ein landsdekkande organisasjon der medlemane er organiserte i lokallag. Lokallaga i eit fylke skal samansluttast til eit fylkeslag. I tillegg er det organisert to distriktslag; Nordfjord og Sunnfjord. Det er 16 fylkeslag, 2 distriktslag og 40 lokallag. 9

Haustmøtet 2009 Haustmøtet 2010 vart halde på Hotell Hadeland på Gran i tida 8.-10. oktober. Vi som var så heldige å kome der torsdagen til diverse utvalsmøte fekk med oss litt av utsikta. Men fredag morgon kom skodda, og den vart dessverre liggande til søndag lunsj. Etter velkomsthelsing frå leiar Kristian Bakken starta programmet fredag kveld med vurdering frå dommar, avlar og brukar på kva som er ein god hest. Dommar Kari Anne Indrebø innleia med å gå tilbake til opphavet, følgje utviklinga fram til i dag, der ringen på ein måte er slutta. Brukar Gunnar Bruland drog fram rett konstruksjon. Ein brukshest lyt modne litt, ein må ha tolmodigheit med trening over lang tid. Han var like opptatt av det som var inne i hovudet på hesten. Veldig ofte er det snakk om familiehest, med alt det inneber. Avlar Jonas Vevle trakk fram gode eigenskapar som vert sterkt nedarva, avlshestar med sterke klare sider. Avlshesten må ha klare og tydelege hingste-/hoppepreg, ha gode gener og gode brukseigenskapar. Den må levere gode avkom i ulike kombinasjonar. For å få til ei meir samstemtheit mellom desse 3 aktørane må det til hyppigare dommarsamlingar, der også avlar og brukar får vere til stades. Laurdagen starta med ei orientering frå Norsk Fjordhestsenter om semindrifta. Styreleiar ved senteret, Kristen Hundeide orienterte først kort om historia ved seminstasjonen, og kva tilskotsordningar dei har fått inn. Den praktiske delen av seminarbeidet tok stasjonsveterinær Torbjørn Nes Hjelle seg av. 10 Vanskane knytta seg særleg opp mot det å kunne måle fruktbarheit, også ved naturleg bedekning. Mangelfull innrapportering av fødde føl gjer det vanskeleg å få eit godt samanlikningsgrunnlag for fruktbarheita. Den store utfordringa for semin er å forbetre kvalitet på det som skal frysast og bevarast. Dette kom også Elisabet Kommisrud frå GENO inn på. Forskingsprosjektet mellom GENO og seminstasjonen har no pågått i snart to år, nettopp med tanke på å finne gode rutinar og løysingar. Ho drog fram parallellar til storfeavlen, der fruktbarheit har blitt meir vektlagt og gjeve resultat. Leiar i avlsutvalet, Knut R. Tunheim orienterte så om bedekningane 2010. Førebels ingen lysning, innrapportert 278 bedekningar fordelt på 32 hingstar. Men vi gjer merksam på at dette ikkje er dei endelege tala. Han kom også inn på dommarutdanninga, der NFL bør ha innverknad på krava til utdanninga, og arbeide for at det bli jamnlege samlingar. Habilitetsgrenser bør også diskuterast og klarleggast. Elin Furrevik tok føre seg avlsmidlane for 2011. Tiltak som blir prioritert der er å få større oppslutnad om utstillingar for unghest, prosjektsøknader, tilskot som kan styrke rasen på overordna nivå, og auke rekrutteringa av aktive oppdrettarar. Frå aktivitetsutvalet orienterte Lucinda Reksten om arbeidet med statuttane framfor NM og Nordisk. Ho kom også inn på BUF-opplegget, som skal stimulere til utdanning av konkurransehest og på sikt eit indeksmål ved avl. Dette er foreløpig eit prøveprosjekt. Madsi Vinjevoll refererte kort om årets NM. Eit vellukka arrangement der utfordringa var lite areal til disposisjon. Nils Ivar Dolvik tok så føre seg si vanlege oversikt over utstillingsresultat. Dessverre var ikkje alle lister oppdatert i utgangspunket, slik at resultata vart litt mangelfulle. Men

ein fekk likevel ein tendens på utviklinga frå unghestdømming til kåringsresultat. No er noverande indeks på veg ut, nytt vil kome inn, og ein vil prøve å få vektlegginga av brukseigenskapane inn i indeksen. Så var det klart for hovudtemaet på årets haustmøte, marknadsføring. Jenny Johnsen, Sara Henriette Haugen og Elin Furrevik orienterte om det som er gjort hittil, deriblant arbeidet med ei heimeside for kjøp, sal, lovverk etc. Men for å kome vidare er det naudsynt med større marknadsføringskampanjar i regi av fagfolk, og ein må skaffe midlar til dette utanfrå. Utvalet hadde lagt opp til gruppearbeid for å få innspel til det vidare arbeidet. Therese Selle leverte i år masteroppgåve på genetisk analyse av utstillingsresultat for dei norske hesterasane. Denne presenterte ho på haustmøtet, og det vart ei interessant framstilling. Eller som leiar i kåringsnemnda, Nils Ivar Dolvik sa: Det beste han hadde sett på lenge. Analysen gjekk på arvegrad, kor stor del av variasjonar mellom individ som skuldast arv. Var arvegraden låg, betydde det stor miljøvariasjon på eigenskapen. Resultat ho la fram var så interessante at dette no blir teke med vidare i arbeidet med revisjon av avlsplan, og Therese går også inn i den gruppa som arbeider med dette. Dette vart gjort kjent i løpet av møtet. Testløype fjordhest. Dette er stadig under utvikling. Gunnar Bruland og Jonas Vevle gjekk gjennom erfaringar så langt. Hensikten med testløypa er å kunne måle eigenskapane så tidleg at dei kan brukast i avlsarbeidet. Viktig å få definert kva eigenskapar som er viktig i brukssamanheng og få fram variasjon mellom individa. Målet er å utvikle ein framtidig test som muleg kan nyttast i avlsarbeidet m.o.t brukseigenskapar. Ei internasjonal gruppe har ei tid sett på mulegheitene for å få til ei internasjonal registrering av fjordhest, med islandske Worldfengur som inspirasjon. Dette for å knytte den norske stamboka opp mot utanlandske stambøker. Eit spørjeskjema vart sendt til medlemar i FHI + enkelte andre land for å få oversikt over ulike databasar der fjordhest er registrert. Dette viste seg å vere muleg å samordne. Arbeidet vidare blir å utarbeide kostnader til etablering og drift av database, og klargjere rettar og ansvar. Forprosjektet tek sikte på å vere klart innan utgangen av mai 2011. Forutan Michelle Svae, Jenny Johnsen og Janne Seilen som la fram orienteringa er også Tor Finstad og Tore Kvam med frå Norge. På grunn av sjukdom kom det ingen frå Norsk Hestesenter som kunne orientere om nytt derifrå. Under Open Post kom det som vanleg fram diverse ytringar. Ingvild Sveen orienterte først litt om NM/Nordisk 2011. Mykje er på plass, men der er ein jobb å gjere når det gjeld innkvartering. Arne Presthus tok utgangspunkt i ein episode under siste utstilling vedrørande avteikn. Han ynskte ein gjennomgang av avlsplanen på haustmøtet 2011 med endeleg godkjenning på årsmøtet 2012. Ut frå tal på bedekningar er talet registrert fødde føl veldig lågt. Dette kan skuldast at ikkje alle føl blir registrerte. Her ligg ei utfordring, lokallag og NFL må stimulere til at alle blir registrerte. I den samanheng orienterte Anni Fladby, som er NFL sin nye representant i arbeidsgruppa i Fokus Unghest, om den nye følmodulen. Ho takka samtidig Berit Bergset for initiativet og den innsatsen ho har gjort for å gje unghesten ein sjanse. Det vart også etterlyst fullstendig resultatliste frå NM Fjordhest i bladet, men plassmangel gjer det vanskeleg. Til slutt takka leiar Kristian Bakken for eit koseleg, godt møte i ein triveleg atmosfære. Han takka ei engasjert forsamling, der aldersvariasjonen var spesielt gledeleg. Ein takk også til Karl Vie som losa haustmøtet vel i hamn. 11

Viste fjordhestar på utstilling og skue 2010 I 2010 vart det synt 351 fjordingar på utstilling eller skue på 27 ulike utstillingsstader. Unghestskue I 2010 vart det synt 215 unghestar i alderen 1 til 3 år på unghestskue på 20 ulike unghestsjå i 12 fylke. 187 av desse fekk sløyfe (87%). Dette er ein nedgong sidan 2009, då det vart vist 230 ungdyr. Marautstillingar Det møtte i alt 100 hopper på 15 utstillingar i løpet av 2010; av desse vart 95 premierte (95%). Dette er ein nedgong frå 2009, då stilte 107 hopper. 2 hopper stilte til avkomstbedømming: Fjellmøy fekk graden Elite på utstillinga i Stryn Deisi fekk graden A på utstillinga i Stryn Det vart delt ut sju 1. premiar.marane som fekk 1. premie var: Skogheims Vilja i klasse 4 på utstillinga på Bergen Travpark Engja Sølja i klasse 4 på utstillinga på Stav Selina i klasse 4 på utstillinga i Stryn Smedsmo Askepott i klasse 6 på utstillinga i Stryn Sæthres Lone i klasse 4 på utstillinga i Stryn Ragnhild i klasse 4 på utstillinga i Surnadal Frøken Frøya i klasse 6 på utstillinga i Øksnevad Fjordhopper møtt og premiert i 2010 Hopper Klasse 4 Klasse 5 Klasse 6 Klasse 7 I alt Utstilling Møtt Premiert Møtt Premiert Møtt Premiert Møtt Premiert Møtt Premiert Alta 0 0 0 0 1 1 0 0 1 1 Bergen 4 4 2 1 3 2 1 1 10 8 Travpark Jarlsberg 0 0 2 1 0 0 0 0 2 1 travpark Kaupanger 0 0 0 0 0 0 1 1 1 1 Lyngdal 1 1 6 6 0 0 0 0 7 7 Momarken 2 2 1 1 1 1 0 0 4 4 Namdal 0 0 0 0 1 1 0 0 1 1 Travpark NNHS 0 0 1 1 0 0 0 0 1 1 Mo i Rana 0 0 1 1 0 0 0 0 1 1 Seljord 1 1 1 1 0 0 0 0 2 2 Stav 6 6 3 3 8 8 5 5 22 22 Stryn 9 9 1 1 10 10 12 11 32 31 Surnadal 1 1 1 1 3 3 1 1 6 6 Øksnevad 0 0 0 0 4 4 0 0 4 4 Ål 2 2 4 3 0 0 0 0 6 5 I alt: 26 26 23 20 31 30 20 19 100 95 Fjordhopper møtt og premiert dei siste fem åra År Tal på utstillingar Klasse 4 Klasse 5 Klasse 6 Klasse 7 I alt Møtt/premier Møtt/premier Møtt/premier Møtt/premier Møtt/premier 2003 15 36/35 16/16 50/45 36/36 138/132 2004 13 16/16 15/15 42/35 33/33 106/99 2005 15 27/27 20/20 59/55 31/31 137/133 2006 10 29/28 16/16 40/33 32/31 117/108 2007 12 23/21 6/6 41/35 31/31 101/93 2008 16 28/28 14/13 35/32 29/29 106/102 2009 14 25/25 28/25 30/30 24/22 107/103 2010 15 26/26 23/20 31/30 20/19 100/95 12

Hingsteutstillingar 2010 I 2010 vart det synt fjordhingstar på to landsutstillingar; ved Nordnorsk Hestesenter og på Nordfjordeid. Båe stader vart det kåra nye skot for framtida. I nord fekk den einaste møtande fjordingen, Turbo Romeo, gul sløyfe 17.04., og det same gjorde åtte treåringar i vest fyrst i mai. På Eid vart elles ni eldre hingstar kåra eller premierte. Totalt møtte det berre 35, og premielista nedanfor gjev grundigare omtale av årets atten godkjende. Av eldre hingstar var det Perakrossen og Torsetblakken som vekte størst begeistring både innanfor og utanfor ringen. Båe fekk velfortente kvitesløyfer og stod føre andrepremiehingstane Kneist og Sofin. Mellomklassen bar som venteleg preg av at berre fire hingstar hadde gjennomført utvida bruksprøver. Testvinnaren, Kuling, fekk andrepremie og kvalitetsstempel, medan Flemming og Knapstad Larris laut ta til takke med sterke blåsløyfer. I klasse 2B, blant tidlegare ukåra, vart Rånnsonson og Baron-ætling Lia Rappen kåra og sett i kvalitet. Treårsklassen var det sjølvsagt knytt stor interesse til, og som i 2009, var båe dei fremste hingstane synte av Even Myklebust. Fjelltor kleiv til topps, etterfølgd av Fjordbækken`s Sidan og Nytuns Heiden. At alle desse tre hingstane er åtte av ørstingar, fortel sitt om at Sunnmøre er eit leiande fjordhestdistrikt. Beste prøva i klassen vart køyrd av Sverre Hestad og Sæles Tor. Åtte av dei kåra og til saman 19 hingstar på sjået (ca. 80 %) leverte prøver på 40 poeng eller meir. Når det gjeld linjer, var det ikkje uventa Torsetblakken, og i vidare perspektiv Fjølestaen, Rei Halsnes, Valebu og Håkon Jarl, sin dominans som utgjorde det mest påfallande og einsarta trekket ved utstillinga dersom ein konsentrerer seg til sverdsidene. Dei 35 møtande var etter 27 ulike fedrar, og såleis var berre tre (!) hingstar representerte med meir enn ein son. Torsetblakken, som også sjølv var å sjå, kom med seks, Fattnes Jonas med tre og Solli Gråen med to (i tillegg til den eine som møtte i nord). Oppdrettar av spissane på Eid er Sverre Bratberg (Perakrossen), Åse Ravndal og Anne Grete Skjæveland (Kuling), Kai Henning Stein (Lia Rappen) og Knut Rasmus og Per Ole Hjelle (Fjelltor). Detaljert referat og premieliste frå hingsteutstillingane finst i Fjordhesten 2/10. Steinar Furnes Premieliste Nordnorsk Hestesenter 17. april 2010 Klasse 3 Turbo Romeo N-07-2573 e. Solli Gråen u. Turboline Vidvei. Eigar: Line Torrissen Carlsen, Tverlandet. Kar: 7 8 7 7-7. Kp. 38 p. 8. Kåra. Premieliste Nordfjordeid 6. 8. mai 2010 Klasse 1A Perakrossen N-04-2657 e. Pera Gut, u. Myklekrossa. Eigar: Hol og Ål Fjordhestlag, Ål. Kar: 10 9 8 8-8. 1. pr., nr. 1 i kv. Torsetblakken N-02-2617 e. Kollistaen, u. Mykla Stine. Eigar: Siri Merete Endal, N.fj.eid. Kar: 9 9 8 9-9. 1. pr., nr. 2 i kv. Kneist N-92-2669 e. Hertug, u. Kaisa. Eigar: Anne-Karin Løken, N.fj.eid. Kar: 8 8 8 8-8. 2. pr. Sofin N-02-2511 e. Knallfin, u. Lauvdokka. Eigarar: Kristine og Magne Hafstad, Førde. Kar: 8 8 7 8-8. 2. pr. Jupiter Skovå 03-667 (DK) e. Orion Halsnæs, u. Cille Halsnæs. Eigar: Elisabeth Bratteberg, Ørsta. Kar: 7 8 6 8-7. 3. pr. Klasse 2A Kuling N-06-2543 e. Dalargutt, u. Selma Ros. Eigar: Åse Gjesdal, Ålgård. Kar: 8 8 8 8-8. Utv. br.pr. 344 v.k. 8,2 8 = nr. 1 i årgangen. 2. pr, nr. 1 i kv. Flemming N-06-2535 e. Sofin, u. Aarnesblakka. Eigar: Cassandre Bach-Gansmo, Oslo. Kar: 8 8 8 8-8. Utv. br.pr. 337 v.k. 8 8 = nr. 2 i årgangen. 3. pr. Knapstad Larris N-06-2633 e. Ljosprins, u. Helle Vesla. Eigar: Gudbrandsdal Fjordhestlag, Vågå. Kar: 8 8 8 8-8. Utv. br.pr. 305 v.k. 7,3 7 = nr. 3 i årgangen. 3. pr. Klasse 2B Lia Rappen N-06-2591 e. Rånnson, u. Bakkesnerta. Eigar: Kai Henning Stein, Ål. Kar: 9 9 7 8-8. Kp. 41 p. 8. Kåra, nr. 1 i kv. 13

Klasse 3 Fjelltor N-07-2527 e. Torsetblakken, u. Fjellmøy. Eigarar: Even Myklebust, Ørsta og Knut R. Hjelle, N.fj. eid. Kar: 9 9 8 8-8. Kp. 47 p. - 9. Kåra, nr. 1 i kv. Fjordbækken s Sidan 208333FJ07045 (DK) e. Ørjar, u. Silke Stanstorp. Eigar: Even Myklebust, Ørsta. Kar: 8 9 8 9-8. Kp. 46 p. 9. Kåra, nr. 2 i kv. Nytuns Heiden N-07-2585 e. Solli Gråen, u. Heidra. Eigar: Alf Amundø, Ørsta. Kar: 8 8 8 8-8. Kp. 45 p. 9. Kåra, nr. 3 i kv. Feedts Haukjon N-07-2621 e. Fattnes Jonas, u. Feedts Frida. Eigar: Samson Feet, Dimmelsvik. Kar: 9 9 8 7-8. Kp. 34 p. 7. Kåra. Veslefrikk Roman N-07-2591 e. Frederik Skovå, u. Selma Heidi. Eigarar: Karin Vøllo, Marie T. Kolstad, Hemsedal. Kar: 7 8 7 7-7. Kp. 46 p. 9. Kåra. Birkelid Tor N-07-2503 e. Torsetblakken, u. Birkely Monja. Eigarar: Jonas Vevle, Lonevåg og Vidar Heggheim, Naustdal. Kar: 9 8 7 7-8. Kp. 44 p. 9. Kåra. Hafstad Gutt N-07-2691 e. Torsetblakken, u. Helgtuna. Eigar: Svein Erik Hafstad, Førde. Kar: 8 8 7 7-7. Kp. 44 p. 9. Kåra. Oktavian Solberg N-07-2651 e. Trollfin, u. Wilma Solberg. Eigarar: Annveig og Jofred Solberg, Lonevåg. Kar: 7 8 7 7-7. Kp. 41 p. 8. Kåra. Utvida bruksprøver Bruksområde Kuling Flemming Knapstad Larris Svoras Isak Riding A 8 8 8 7 T 8 6 7 7 Køyring A 9 7 7 6 T 8 7 7 6 Arbeidskøyring A 8 8 7 6 T 5 6 5 5 Laushopping A 8 8 7 6 T 9 7 8 6 Køyring i trafikk T 10 10 8 9 Ridbarheit T 7 8 9 7 Åtferd på stall T 9 10 6 7 Heilskapsvurdering A 9 8 7 6 T 8 8 8 7 Lynne A 10 10 9 9 T 9 10 7 8 Total sum 344 337 305 288 Vekta karakter 8,2 8,0 7,3 6,9 A = Avslutningsdagen T = Testperiode 14

Bruken av hingstane 2010 Hingst Tal hopper Alder %vis bidrag Aser 2 21 0,7 % Birkelid Tor 22 3 7,3 % Eikåsen Gullfaks 1 9 0,3 % Elvar 14 7 4,7 % Feedts Haukjon 15 3 5,0 % Fjelltor 29 3 9,7 % Fjordbakken's Sidan 15 3 5,0 % Gårdens Tico 1 19 0,3 % Gråggi 2 6 0,7 % Heino 2 15 0,7 % Herman 5 14 1,7 % Heros 5 5 1,7 % Knapstad Larris 6 4 2,0 % Kneist 8 18 2,7 % Krogs Balder 1 9 0,3 % Kuling 9 4 3,0 % Leirdals Odin 10 8 3,3 % Lia Rappen 21 4 7,0 % Lunner Gråen 2 11 0,7 % Lunner Per 7 7 2,3 % Lyngheims Grane 2 19 0,7 % Merinas Emil 9 5 3,0 % Nytuns Heiden 7 3 2,3 % Perakrossen 24 6 8,0 % Ronnjo 12 6 4,0 % Rossmann 7 23 2,3 % Sander 1 23 0,3 % Skraaruds Gråtass 2 7 0,7 % Smedsmo Sivert 18 5 6,0 % Solli Gråen 3 7 1,0 % Terne Prins 11 5 3,7 % Torsetblakken 12 8 4,0 % Turbo Romeo 5 3 1,7 % Veslefrikk Roman 3 3 1,0 % Sum hopper 293 100,0 % Sum hingstar 34 Snitt 8,6 15

Aktivitetsutvalet 2010 har vært brukt til å sette planer ut i livet. Det har vært organisert mønstring og treninger for satsingsgruppe og landslag i sprang og dressur. Disse samlingene har høstet mye ros, dette er nok mye takket være trener Cecilie Schilbred. Samlingene har vært på Frya ved Vinstra, altså midt i mellom øst/vest for at alle som ville, kunne ha mulighet til å komme. Kjøringen har det gått tråere med, men det skjer ting i kulissene der og. Statutter for NM, Nordisk og BUF har blitt reviderte. Det dukket opp situasjoner under NM som BUFstatuttene ikke hadde tatt høyde for, og dette er selvfølgelig beklagelig, men også å forvente i en startfase. Mindre endringer har blitt gjort i NM- og Nordisk-statuttene. En hoppe har allerede klart bragden å få to plasserte avkom i BUF. Hoppa er den førstepremierte Bø Marja, eid av Nina Erichsen. Planen var å dele ut utmerkelsen under Høstmøtet, men det lot seg ikke gjøre så utmerkelsen vil bli delt ut ved en senere anledning. Ellers jobbes det jevnt og trutt med informasjonsnettsiden for kjøp av fjordhest. Når denne vil være klar til å publiseres er fortsatt usikkert, men den er på vei! Cassandre Bach-Gansmo Beste unge fjordhest - BUF For fireåringane er det LC dressur, 60 cm sprang, lett presisjon og lett dressurkøyring som er teljande i samandraget. Tredjepremiehingsten Flemming gjekk av med sigeren her, med eigar Cassandre Bach-Gansmo på ryggen og i vogna. Flemming er etter hingsten Sofin, og er oppdretta av Asle Espe. På andreplass, eit poeng bak vinnaren, kom den raudblakke hoppa May Evita e. Eikåsen Gullfaks. Kusk og ryttar var Astrid Grønlie Olsen. Nummer tre av fireåringane vart hingsten Leopold e. Rudsmo Råssar, med eigar Åsa Unneland Alver. Også blandt femåringane her skulle me få sjå ein avlshingst i toppen - førstepremiehingsten Merinas Emil e. Knapstaprinsen. Merinas Emil vart starta av eigar Karin Kleppe, som også er oppdrettar saman med Eivind Skåden. Førsteplassen og andreplassen vart i år skilt ved å sjå på resultatet i køyringa, sidan hestane hadde like mange poeng samanlagt. Andreplassen gjekk såleis til Navara Solberg (e. Krogs Balder) og ryttar Kamilla Vevle, og tredjeplasen til Bakkens Fabius (e. Frederik Skovå) og Julie Tangstad. Tre seksåringar stilte til start i denne klassa, og då seier reglane at to av dei skal premierast. Vinnaren i denne klassa vart den raudblakke hoppa Bens Prinsesse (e. Enar), med eigar og oppdreattar Benedicte Mercedes Zeiner på ryggen. Andreplassen gjekk til Borgegutten (e. Lyngheims Grane) og Linda Marie Kulstad. Det verkar som om både deltakarane og publikum på NM er særs positive til BUF-konkurransane, og meiner at dette er eit godt tiltak. Det er også særs kjekt å sjå at dette kan fungere som ein motiverande faktor for å få folk til å utdanne unghestane sine. Kanskje vil BUF auke marknaden for unghest på sikt? Ingvild R. Hansen 16

NM Norgesmeisterskapen for Fjordhest 2010 vart arrangert i vakre omgjevnader i Ørsta på Sunnmøre. Arrangørane Ørsta ride- og køyreklubb og Ørsta og Volda Fjordhestlag hausta godord frå både deltakarar, publikum, teknisk personell og andre for gjennomføringa av det populære stemnet. Greinmeisterskap: For mange var vel Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann frå Volda rideklubb favoritt til å vinne årets greinmeisterskap i dressur og med siger i begge avdelingane vart det greinmeisterskapstittel på den meritterte ekvipasjen. Andreplassen gjekk til Beate Hausken og Sessen frå Eid ride- og køyreklubb.. Vilde Helene Hesthagen og Poik frå Tomter rideklubb har vore ei ekvipasje i berre få månader, men gjorde likevel ein sterk prestasjon under årets NM. Fjerdeplassen gjekk til Carina Helene Strøm og hoppa Una Berger frå Oslo og Akershus fjordhestlag. I år som i fjor var det Harald Løtuft og Finslands Norgrima frå Førde køyre- og rideklubb som stakk av med sigeren i greinmeisterskapen i køyring. Torsdag starta dei med å ta ein flott andreplass i dressurkøyringa, og med siger i både presisjon og maraton vart det ein velfortjent greinmeisterskapstittel på ekvipasjen. Andreplassen gjekk til Maren Vevatne og Tyssblakka frå Midthordland hestesportslag, og tredjeplassen til Therese Carlsson Sellevold og andrepremiehingsten Sofin frå Eid ride- og køyreklubb. Greinmeisterskapen i sprang hadde i år seks startande, og blant desse var nok fjorårets vinnar Inga Marie Kjærsdalen og Hadly frå Førde køyre- og rideklubb ein av favorittane til å vinne, men enda til slutt på andreplass bak Mari Thu Randulff og Vikkelsøe s Høvding frå Sandnes og Jæren rideklubb. Mari og Høvding gjennomførte særs gode runder i båe avdelingane, og i metersklassa oppnådde dei heile 74 stilpoeng. NM junior: Endring i siste sekund Før siste avdeling leia Charlotte Lefdal og Festervikens Snorre frå Eid ride- og køyreklubb med 28 poeng, heile åtte poeng framføre neste ekvipasje. Men i ein meisterskap kan alt skje - like før målstreken i den avgjerande sprangklassa fall Charlotte av hesten, og vart eliminert. Dette førte sjølvsagt til endring på resultatlista, og vinnaren vart til slutt Audhild Yoon Grov og Knapstaprinsen frå Førde køyre- og rideklubb. Andreplassen gjekk til Synne Torp Halvorsen og Østlies Kvitnos frå Oslo og Akershus fjordhestlag, og tredjeplassen til Mina Heggelund og Grytemarks Tornado frå Stange rideklubb. NM senior: Gull til Fredrikstad Avslutninga på NM senior var kanskje ikkje like actionfylt som i NM junior; men til gjengjeld var det endå jamnare. I toppen sto to ekvipasjar med like mange poeng - berre skilt av køyreresultatet. Ekvipasjen som kan smykke seg med den gjeve tittelen Noregsmeister senior 2010 er Annike Josefine Mikkelsen og Myrstads Amadea frå Fredrikstad og omegn rideklubb. Sølvet gjekk til arrangørklubben sitt store håp; Isabell Engjaberg Øye og Brautar. Maren Vevatne og Tyssblakka frå Midthordland hestesportslag tok tredjeplassen. NM Lag Også i lagkonkurransen skulle det vise seg å verte veldig jamt i toppen. Her hadde ein same situasjon som i seniorsamandraget - første- og andreplassen hadde like mange poeng. Då tel køyreresultatet mest, og Førde køyre- og rideklubb kunne for andre året på rad henge gullmedaljar kring halsen. Vinnarlaget besto av Audhild Yoon Grov og Knapstaprinsen (dressur), Harald Løtuft og Finslands Norgrima (køyring) og Inga Marie Kjærsdalen og Hadly (sprang). Sølvvinnerne fra Volda besto av Liv Jorunn Nyhagen og Pokemann (dressur), Anna Regine Sve og Gjelsvik Svint (køyring) og Ragnhild Ekornrud og Rakne Frikk (sprang). Bronsemedaljen gjekk til på hjemmelaget, som besto av Maria Nikkinen Rørstad og Halse Lenda (dressur), Isabell Engjaberg Øye og Brautar (køyring) og Elisabeth Bratteberg og Jupiter Skovå (sprang). Ingvild R. Hansen 17

Avlsutvalet Medlemmene i utvalget 2010 var Knut Thunheim (leder), Jonas Vevle (medlem), Elin Furrevik (sekretær) og Runa Smedsmo (varamedlem). Utvalget har hatt to fysiske møter i tillegg til telefonisk møte og ellers telefonisk kontakt. En tok tidlig i januar 2010 fatt på å få ferdig avlsplanen med møte i Oslo med nemnda som har arbeidet med dette. Der kom det da fram at det var en del nytt på gang i forskning om arvbarhet både på eksteriør og bruksprøver, likeens hvor mange avkom en bør ha registrert for at rasen ikke er truet av innavl. På bakgrunn av dette ble arbeidet med avlsplanen utsatt til 2011. Arbeidet med ekstratesten for treåringer fra i fjor har blitt videreført i 2010 av Elin, Jonas, Gunnar Bruland og Frank Skubberud. Noen av sakene som har vært oppe i utvalget: Avlsplanen Innspill på dommere og kåringsnemnd Innspill på dommeraspiranter Tilskudd treårs hingster Tilskudd treårs hopper Transportstøtte Avlsfremjande midlar til bruk av 3-årshingst Norges Fjordhestlag ynskjer å styrkje bruken av 3-årshingst, for ved det å auke variasjonen av gener og korte ned generasjonsintervallet. Det vil vere gunstig for avlsframgangen og redusere innavlsfaren. Norges Fjordhestlag har søkt Norsk Hestesenter om avlsfremjande midlar til dette. Med atterhald om tildeling vert lag tilslutta Norges Fjordhestlag og semin ved Norsk Fjordhestsenter AS oppmoda om å søkje støtte til bruk av 3-årshingst. Søknad vert vurdert ut frå ei geografisk plassering, for desentralisert fjordhestavl, breidde avlsmessig og bruk. Grunngjeven søknad vert å sende Norges Fjordhestlag innan 01.10. kvart år. Ved manglande innmelding til Norges Fjordhestlag og Norsk Hestesenter med frist 01.10. kvart år vedkomande bedekning, sal, o.l., kan avlsfremjande midlar reduserast eller haldast attende. Avlsfremjande midlar til 3-årshopper Følgjande retningsliner vart vedtekne for tilskot til 3-års hopper: Etter søknad vert det gjeve tilskot til bedekning av 3-års, premierte hopper der eigar er medlem av Norges Fjordhestlag. Beløp blir fastsett ut frå tilgjengelege midlar det aktuelle året. Søknad vert å sende Norges Fjordhestlag innan 1. oktober. Søknad om avlmidler 2011 en diskuterte mye om midlene en søker om er avlsfremmende og virker til det beste for fjordhesten Innspill på rene dommersamlinger for fjordhest Innstillinger på tre- og fireårs hingster med spesiell stamme til kåringsnemnda Handlingsplan for de tre særnorske hesterasene (Jonas Vevle møter for NFL i utvalget) Avtegn i lyse farger Knut R. Thunheim Elin Furrevik Jonas Vevle 18

Marknadsføringsutvalet Etter eit initiativ under haustmøtet 2009 oppretta styret i NFL marknadsføringutvalet i februar 2010. Første medlem var Jenny Johnsen, som i løpet av mars 2010 rekrutterte Sara Haugen. Arbeidet i februar, mars og april besto av idemyldring og førebuing av presentasjon av utvalet på årsmøtet. På årsmøtet presenterte Sara og Jenny utvalet, fortalde om bakgrunnen for utvalet, behovet for marknadsføring, kva idear som var komne så langt, og ba medlemmane om å komma med idear til kva det bør jobbast med. I juni kom det inn idear og folk som ville bidra. Det melde seg m.a. ein skribent som gjorde ein god jobb under NM. I juli vart Elin Furrevik også medlem av utvalet. I løpet av hausten hadde me møte og førebudde oss til haustmøtet, der me hadde gruppeoppgåver og fekk snakka mykje med mange om marknadsføring. Før jul skreiv me tekst/innhald til ei ny nettside Lukkeleg hestekjøp, som er tenkt som ein hjelp til dei som skal kjøpe eller selje hest. Sida er framleis under arbeid. I løpet av det siste året har det kome inn mange innspel. For tida arbeider me med å systematisera dei og dette vil resultera i eit notat som i løpet av kort tid vil bli oversendt arbeidsgruppa for Handlingsplan for dei særnorske hesterasane, som har sterkt fokus på marknadsføring. Jenny Wright Johnsen Fjord Horse International (FHI) FHI er en internasjonal fjordhestorganisasjon med medlemmer fra de nasjonale fjordhestorganisasjonene i Belgia, Canada, Danmark, Nederland, Norge, Sveits, Sverige, Tyskland og USA, i tillegg er Norsk Hestesenter medlem og noen gjenværende private medlemmer. Generalforsamlingen 2010 ble avholdt på Nordfjordeid i forbindelse med hingsteutstillingen. Følgende styre ble valgt: Michelle Svae, Norge, President, Birgit Mortensen, Danmark, Visepresident og Beth Beymer, USA, Maureen Van Leuwen, Nederland og Jenny Wright Johnsen, Norge som styremedlemmer. Under generalforsamlingen ble styrets forslag til FHI Mission and Goal vedtatt. Oversatt til norsk lyder dette: FHI sin oppgave er å drive et internasjonalt forum for medlemslandene for utveksling av informasjon, diskusjon av ideer, veiledning og utdanning mht velferd og avl av renraset fjordhest i verden. Målet er at, i fremtiden, skal alle land med en fjordhestpopulasjon være representert. Der ble også vedtatt å opprette en ressursgruppe hvor hvert medlemsland skal utnevne 3 personer med kunnskap innen avl, bruk inkl. konkurransesport og markedsføring. Vi venter fortsatt på kandidater fra flere av medlemslandene. Etter generalforsamlingen ble det arrangert et åpent kveldsmøte om innavl. Janne Seilen og Jenny Wright Johnsen innledet. Deretter informerte alle medlemslandene som var representert kort om sitt avlsarbeid og hvordan de tar hensyn til innavl, etterpå var ordet fritt. Det har blitt avholdt et to-dagers og to kortere styremøter i 2010. I tillegg hatt styret hatt kontakt via e-post. FHI har i 2010 fått ny hjemmeside, den nye adressen er www.fjhi.org. Styret i FHI oppfordrer alle til å ta en titt. I løpet av 2010 har 3 av våre medlemsland Nederland, Belgia og Sveits hatt jubileums- arrangementer, FHI var representert både i Nederland og Belgia og har overrakt en vandrepokal som vi ønsker skal gis til medlemmer som har oppnådd utmerkede resultater med sin hest, fortrinnsvis innen avl, men landene står fritt til å velge hvem de vil dele ut pokalen til. FHI er representert i forprosjektgruppen for internasjonal registrering av fjordhest. Michelle Svae president 19

Fokus Unghest 2010 har vært et år fylt av kurs støttet av Fokus Unghest. De tre særnorske rasene fortsetter samarbeidet for å utvikle kunnskap om, og utdanning av, unghest. Det er et arbeid det ser ut til at noen lag satser mer på enn andre, men et viktig arbeid. Trening av unghest er for mange en utfordring. Nye utøvere blir mer bevisste på at de ønsker å ta del i en større del av oppveksten til sin egen hest. Noen har bedekt sin egen hoppe, andre kjøper. At vi ønsker oss bedre pris på Fjordhesten er ikke til å stikke under en stol og kanskje er dette tilbudet om hjelp, støtte og kunnskap noe som kan bedre situasjonen. Berit Bergset har i noen år tjenestegjort i arbeidsgruppa som representant for fjordhesten, men takket av i høst. Styret kontaktet undertegnede, som så langt har funnet at det er et meget interessant verv. Kurs og deltakelse Fokus Unghest har i 2010 innvilget støtte til ca 60 kurs og trolig har fjordhesten vært representert på halvparten av kursene. Over 20 av de kursene som har vært arrangert har hatt sitt utgangspunkt hos rideklubber og lag som har Fjordhesten i sitt hjerte. Det er gledelig at så mange søker om å gjennomføre kurs med gode instruktører godt fordelt omkring i vårt langstrakte land, selv om det nok ikke er fjordhestentusiaster som regjerer i nord. Det må sies at det nok er lagene i vest som dominerer med tanke på fjordhest. Det ser og ut til at det er fjordhestinteresserte rideklubber og ikke fjordhestlag som står som arrangører. Vi mener man kan være godt fornøyd med at de midler som er avsatt til prosjektet også kommer vår rase til gode. Flott er det og at det ser ut til at flere av lagene samarbeider om å ha kurs på tvers av de særnorske rasene. Føllskue Dette året er også en ny modul kommet til, og denne er relatert til føllskuene som ofte finner sted senhøstes. Fra før har man utdanningsnivåer som begynner fra lett miljøtrening til innkjørt og innridd hest. Nivået og ambisjonene har kanskje steget litt og arbeidsgruppa jobber med å klargjøre retningslinjer for hvilke hester som kvalifiserer til deltakelse på den enkelte modul. Det er et poeng at utdanningen fra kursmodulene er på grunnivå og ikke for en viderekommet utøver. Samtidig skal nivå og alder passe noenlunde sammen. Uansett oppfordres alle til å søke. Det er spesielt viktig at man husker på å levere all dokumentasjon på at kurs er gjennomført innen en viss tid. For å unngå et etterslep av utestående beløp, har denne fristen nå blitt satt og den begrenser seg til 6 mnd. Du kan lese mer om dette på våre nettsider. www.unghest.no Fokus unghest sin nettside www.unghest.no blir stadig mer besøkt og har en del interessant informasjon som kan være aktuelt for flere. På nettsidene finner du også forslag til øvelser du kan prøve hjemme, samt beskrivelser av kursmodulene. Uansett anbefaler vi at man får hjelp av folk som har litt kunnskap om oppdrett og trening av unghest før man begynner å trene alene. Mange sitter på verdifull kunnskap, andre søker den. Kanskje kan DU være med på å dra i gang kurs i nærheten av deg? Vi ønsker dere alle et flott år med fortsatt satsing på avl og utdanning! Fokus Unghest v/anni Dreyer Fladby 20

Norges Fjordhestlags nettsider 2010 Daglig har fjordhest.no ca 70 besøkende. I 2010 har det vært flest besøkende innom i mai, tett etterfulgt av juni. Desember er fortsatt den måneden færrest besøker fjordhest. no. Folk flest surfer på NFL sine nettsider mellom klokken seks og ti om kvelden, med en topp rundt kl. ni. NFL på facebook 30. mai kom Norges Fjordhestlag offisiellt på facebook, og administratorene til denne siden er de av styremedlemmene som er på facebook i tillegg til webmaster, redaktør og sekretæren. Når fjordhest.no oppdateres vil det som oftest postes en melding om dette på NFL sin facebookside. NM 2011 NM-sidene for 2010 lå ikke på fjordhest.no-serveren, men NM-sidene for 2011 kom på nett i midten av desember og hadde over 2000 besøkende fram til årsskiftet. Hingstekatalogen Er du hingsteeier og ikke har oppdatert oppføringen til hingsten din, ta kontakt med Leif på kontoret (post@ fjordhest.no /57 86 48 03) så raskt du kan, slik at vi kan få inn mest mulig korrekt informasjon i katalogen. Så lenge hingsten har et bilde, er oppført i rett fylke og kontaktinformasjonen er riktig, så er oppføringen å anse som korrekt. Dessverre er det fortsatt mange oppføringer som ikke tilfredsstiller disse retningslinjene. Fjordhestforumet Forumet hadde ved årsskiftet ca 1585 medlemmer som har skrevet over 98 700 innlegg siden starten i mars 2006. Forumet er et hyggelig sted å være, og det viser seg å være en fin måte å holde seg oppdatert på hva som skjer i Fjordhest-Norge. Det må nevnes at facebook har tatt over mye av aktiviteten på forumet, og det skrives ikke så mye som det gjorde tidligere. Men det er sannsynligvis en naturlig utvikling i et informasjonsbasert samfunn. Forumet har ca 500 besøkende daglig. Som administrator på forumet fungerer Lucinda Bjørnset Reksten i tillegg til undertegnede. Moderatorgruppa består av Vilde Eggen, Anna Kristine Ramlet, Inger Grønntun, Lisbeth Strandum og Kristin Hermansen. Oppfordringene er, i år som i fjor: Besøk forumet (du finner en link videre fra fjordhest.no), og delta i diskusjonene, og hjelp oss å oppdatere hingstekatalogen, slik at den kan bli et fullverdig verktøy til fremme for avl av fjordhest. Er det noe du lurer på, ta kontakt på webmaster@fjordhest.no Ingvild N. Sveen 21

AS Norsk Fjordhestsenter 2010 Norsk Fjordhestsenter er eit av tre nasjonale hestesenter i landet. Norsk Fjordhestsenter har som hovudoppgåve å arbeide for fjordhesten og vere eit nasjonalt kompetansesenter for fjordhestarbeidet. Med status som nasjonalt senter mottek vi kvart år kr. 933.000,- i statstilskot etter årleg søknad. Tilsagnet er grunngjeve i dei nasjonale oppgåvene som er knytt til senteret sitt arbeid for fjordhesten som særnorsk rase. Arbeidet ved fjordhestsenteret er på ulike nivå; internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt. Internasjonalt arbeid er knytt til prosjektarbeid med fjordhestsemin, kjøp og sal av fjordhestar. Kontakt med medlemsorganisasjonen Fjord Horse International. Nasjonalt arbeid Samarbeid med Norges Fjordhestlag Utvida bruksprøve for fjordhingstar Drift av seminstasjon Ulike forskings- og utviklingsprosjekt Kurssenter Turisme Kjøp og sal av fjordhestar Regionalt arbeid Sekretærfunksjonen til Sogn og Fjordane Hest Kurs Utstillingar Lokalt arbeid Samarbeid med Eid Fjordhestlag om aktivitetar Samarbeid med Eid Køyre- og Rideklubb om aktivitetar Undervisningsstad for Fjordane Folkehøgskule, 60 elevar på hestelina Kursaktivitet for vaksne og born For å ivareta desse oppgåvene er vi tre fast tilsett ved senteret. Jostein Vonheim, dagleg leiar i 100% stilling, Asle Espe, stallansvarleg/vaktmeister i 50% stilling, i tillegg er han engasjert i 20% stilling som prosjektleiar for fjordhestsemin. Ann Karin Telvik, kontorfullmektig i 60% stilling. Til saman 2,3 årsverk i faste stillingar. I tillegg vert det leigd inn arbeidskraft til stallarbeid i helgar og feriar. Organisasjonssekretæren i Norges Fjordhestlag, Leif Rand, har 60% stilling og kontor i same lokala som tilsette på senteret. AS Norsk Fjordhestsenter har ei betydeleg bygningsmasse på ca. 4000 m2 med bygningar. I tillegg leiger vi ein eigedom, Kallagarden, av Eid kommune med påståande våningshus og driftsbygning på ca. 500 m2. Totalt har vi vedlikehaldsansvar for ca. 4.500 m2 med bygningar fordelt på 12 einingar. Hovudbygningen med to ridehallar er kvar på 20x40 m. Stallavdelinga har plass til ca. 50 hestar fordelt på boksar og spilt. Seminstasjonen som ein del av hovudbygningen har plass til 11 hestar og nødvendige rom for handtering og lagring av sæd. Over seminstasjonen er det innreia kontorlokale på ca. 200 m2. Ni ulike hytter og hus er for utleige til eigne aktivitetar og ulike arrangement ved senteret. Driftsbygningen på Kallagarden rommar 10 hestar, totalt har vi oppstallingskapasitet til ca. 70 hestar. Uteområdet består av ride- og køyrebane på 40x80 m. Luftegardar - ca. 40 stk. Beiteareal rundt senteret er på ca. 25 daa. dyrka mark, utmarksareal ca. 100 daa. Det økonomiske resultatet for 2010 er ikkje avslutta, men det kan sjå ut til at arbeidsåret 2010 kan verte om lag eit nullresultat. Omsetninga for senteret var i 2010 på ca. 4,0 mill. Styret Styret er samansett av ein representant frå kvar av dei tre eigarane. Leiar: Kristen Hundeide (Eid Kommune). Nestleiar: Liv Stokkenes Jacobsen (Sogn og Fjordane Fylkeskommune) Medlem: Magne Hus (Norges Fjordhestlag) Vara for Hundeide: Trygve Espe Vara for Jacobsen: Kari Laila Skrede Vara for Hus: Gunnar Bruland Eigarar Aksjekapitalen i selskapet er kr. 4.100.000, aksjane er med tilvising til det som er nemnt ovanfor fordelt slik: A-aksjar: 20 aksjar á kr. 5.000, med følgjande eigarfordeling: Eid Kommune: 6 aksjar, til saman kr. 30.000 Sogn og Fjordane Fylkeskommune: 6 aksjar, til saman kr. 30.000 Norges Fjordhestleg: 8 aksjar, til saman kr. 40.000 B-aksjar: 800 aksjar á kr. 5.000, med følgjande fordeling: Eid kommune: 266 aksjar, til saman kr. 1.330.000 Sogn og Fjordane Fylkeskommune: 266 aksjar, til saman kr. 1.330.000 Noregs Fjordhestlag: 268 aksjar, til saman kr. 1.340.000 Nordfjordeid, 18. feb. 2011 Jostein Vonheim 22

VEDTEKTER for Norges Fjordhestlag 1 Lagsnamn Laget sitt namn er Norges Fjordhestlag. Norges Fjordhestlag er ein medlemsorganisasjon. 2 Formål Norges Fjordhestlag har som formål å samle alle med interesse for fjordhest til sams arbeid til beste for denne hesterasen. For å bidra til dette skal Norges Fjordhestlag sjå til at rasen vert halden rein og stettar eit allsidig brukskrav medverke til eit tenleg og planfast avlsarbeid representere fjordhestinteressene ovanfor styresmaktene, Norsk Hestesenter og samarbeide med andre hesteorganisasjonar i inn- og utland fremje meir allsidig bruk av fjordhesten, utvikle konkurransereglar i køyring, riding m.m. hjelpe til med omsetnad av fjordhest, særleg med omsyn til eksport import samt på andre måtar arbeide for utvikling og bruk av fjordhest Laget skal gje ut eit medlemsblad. 3 Medlemskap Alle som støttar Norges Fjordhestlag sitt formål kan teikne medlemskap. Innmelding skjer direkte til Norges Fjordhestlag. Alle som betalar full kontingent er hovudmedlem. Æresmedlemmer av Norges Fjordhestlag vert utnemnde av styret. 4 Organisasjon Medlemmer i Norges Fjordhestlag organiserast i lokallag. Lokallaga i eit fylke skal samansluttast til eit fylkeslag. I tillegg er det organisert to distriktslag: Nordfjord og Sunnfjord. Organisasjonen sine rettar og plikter vert utøvde gjennom fylkeslag, distriktslag og lokallag. Årsmøtet i Norges Fjordhestlag fastset retningsliner for arbeidet i fylkeslag, distriktslag og lokallag. 5 Utmelding Utmeldinga må skje skriftleg til Norges Fjordhestlag. Det skal betalast medlemskontingent til og med det året utmelding skjer. Medlem som etter påkrav ikkje har betalt kontingent i 2 år, kan strykast som medlem. 6 Medlemskontingent Medlemmer i Norges Fjordhestlag skal betale kontingent etter vedtak av årsmøtet. Norges Fjordhestlag krev inn medlemskon- tingenten. Fylkeslag, distriktslag og lokallag fastset sjølve kva medlemskontingenten skal vere for sine lag. For hovudmedlemmer omfattar kontingenten også retten til å få medlemsbladet tilsendt. 7 Årsmøte Årsmøtet er øvste avgjerdsorgan i Norges Fjordhestlag. Årsmøtet må haldast innan 1.juni. Årsmøtet vert leia av den valde ordstyraren. Årsmøtet er samansett av utsendingar frå fylkeslag og distriktslag i høve til medlemstalet, ordstyrar og styret for laget. Det er det samla medlemstalet i kvart fylkeslag og distriktslag som er avgjerande for talet på utsendingar. Utsendingane til årsmøtet i Norges Fjordhestlag skal veljast på årsmøtet til fylkeslaga og distriktslaga. Utsendingane må vere myndige. Styret har ikkje røysterett vedkomande årsmelding og rekneskap. Alle fylkeslag og distriktslag har rett på minst ein utsending til årsmøtet. Deretter ein ny utsending for kvar påbyrja 50 medlemmer. 8 Innkalling og gjeremål Leiaren i styret sørgjer for innkalling til årsmøtet. Innkalling til ordinært årsmøte skal vere skriftleg, og skal sendast fylkeslaga minst 3 veker på førehand. Med innkallinga til ordinært årsmøte ligg det ved sakliste, årsmelding, rekneskap og moglege innkomne framlegg. Årsmøtet sine gjeremål: 1. Val av 2 utsendingar til å skrive under møteboka 2. Handsame årsmelding 3. Handsame rekneskap 4. Val val av styreleiar val av 2 styremedlemmer val av første og andre varamedlem til styret val av ein medlem og ein varamedlem til valnemnda val av ordstyrar val av medlemmer til Nordangs Minnefond etter vedtektene for fondet val av to revisorar som ettersynsnemnd 1. Avlsutval og aktivitetsutval. Årsmøtet skal peike ut to medlemmer og ein varamedlem til kvart utval. Varamedlemmene er peika ut kvart år. Medlemmene er peika ut for to år om gongen, men fyrste året vert ein peika ut for eit år 2. Fastsetjing av medlemskontingent til landslaget 3. Innkomne framlegg Framlegg som skal handsamast av årsmøtet må vere styret i hende innan 1. februar. Alle vedtak på årsmøtet, med unntak av endringar i vedtektene og oppløysing av Norges Fjordhestlag, blir gjort med vanleg fleirtal. Kvar utsending har ei røyst på årsmøtet. 23