Formannskapet. Meland kommune M ØTEBOK. Medlemene var innkalla i skriv d , og møtet vart kunngjort i pressa

Like dokumenter
SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet KRN 109/10. Ansv. ANB

Møtebok for Administrasjonsutvalet

Møtebok for Administrasjonsutvalet. Anne Grete Eide AP Varamedlem

Møtebok for Formannskapet. Medlemmene var innkalla i skriv dat og møtet var kunngjort i pressa

Møtebok for Valstyret

Møtebok for Valstyret

Møteprotokoll for Formannskapet. Medlemmene var innkalla i skriv dat og møtet var kunngjort i pressa

Møtebok for Administrasjonsutvalet. Desse møtte frå administrasjonen: Rådmann Ingvild Hjelmtveit og personal- og organisasjonssjef Kari Anne Iversen

Kvam herad. Sakspapir

Kvar står vi Kvar vil vi Kva planar må me har for å få det til

Saksnr Utval Type Dato 088/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

Radøy kommune Saksframlegg

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

Møteprotokoll for Formannskapet. Medlemmene var innkalla i skriv dat og møtet var kunngjort i pressa

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT. Saksnr.: 001/15-005/15

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

Møteprotokoll. for. Eldrerådet

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

Møtebok for Fellesrådet. Medlemmene var innkalla i skriv dat og møtet vart kunngjort i pressa

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Møtebok for Administrasjonsutvalet. Medlemene var innkalla i skriv datert og møtet var kunngjort i pressa

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

Jølster kommune Saksutgreiing

Midsund kommune. Møteinnkalling. Utval: Planutvalet Møtestad: Kantina, Kommunehuset Dato: Tid: 12:00

Møteprotokoll for Formannskapet

EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Møtebok for Administrasjonsutvalet

Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /17 MF Kommunestyret /17 MF

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

SAKSGANG Utval Møtedato Saksnr. i utval Hovudutvalet for Teknisk og Næring /09. Saka vert avgjort av: Det faste utval for plansaker

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet /13 Asbjørn Nagell Toft

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Møtebok for Valstyret

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Radøy kommune Saksframlegg

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Skodje kommune Teknisk avdeling

Møteprotokoll for Formannskapet

BOKN KOMMUNE Formannskapet. Møtebok

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 010/13 13/198 Faste saker 011/13 13/66 Å

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 069/12 12/689 Faste saker 070/12 12/659

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Møteprotokoll for Formannskapet

Ingen for å ivareta deira interesser i Odda kommune.

Saksnr Utval Type Dato 068/16 Formannskapet PS /16 Heradsstyret PS

Møtebok for Utval for levekår EKSTRAMØTE

Møteprotokoll for Formannskapet

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Møteprotokoll Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

MØTEPROTOKOLL Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 16:00 17:45

Møteprotokoll Formannskapet

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 14/709-2 Løpenummer: 14/4868 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 16:00-20:30

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Helle Holte Bruland Arkivsaknr 12/215

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

SELJE KOMMUNE Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtebok

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

MØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan - Trafikkplan Vik, Jondal

Møteprotokoll for Formannskapet

ULSTEIN KOMMUNE Plan- og bygningsavdelinga

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Fitjar kommune Møteprotokoll

Kvam herad. Sakspapir

Møteprotokoll for Kommunestyret

NYE VOLDA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Møteprotokoll for Formannskapet

Møteprotokoll for Formannskapet

MØTEPROTOKOLL. Kvinnherad kommune. Formannskapet Møtedato Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 17:00 21:30

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan for Haugafossen kraftverk, gnr 30 bnr 76 mfl i Jondal.

Møtebok for Utval for levekår

Møteprotokoll for Formannskapet

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 17:00 18:50

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Radøy kommune Saksframlegg

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Utvalet sitt kvarter: 2 av 5 status og val av løysing var sendt ut til medlemmane i forkant av møtet. Dette viser at det også er rom for å få oppgrade

Radøy kommune Saksframlegg

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Transkript:

Meland kommune Formannskapet M ØTEBOK Møtedato: 22.01.2014. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtetid: Kl. 16:00 17:50. Møtet vart styrt av ordførar Nils Marton Aadland. Medlemene var innkalla i skriv d. 14.01.14, og møtet vart kunngjort i pressa 12.12.13. Til stades: Fråverande: Ordførar Nils Marton Aadland, Lars Barstad, Marit Samnøy Jøssang, Rolf Hansen, Åshild Aamli, Sigmund Larsen og Sølvi Knudsen, Kåre Skibenes og Ørjan Kristiansen Lars Barstad og Sigmund Larsen gjekk frå som ugild ved handsaming av sak 007. Møtande varafolk: Kåre Skibenes og Ørjan Kristiansen møtte til sak 007. Av 7 medlemer var 7 til stades ved handsaming av sak nr. 001 007. Frå administrasjonen møtte: Rådmann Ingvild Hjelmtveit og personal og organisasjonssjef Kari Anne Iversen. Økonomisjef Per Inge Olsen møtte til sak 006. Sektorsjef teknisk Anny Bastesen og kommuneplanleggar Kristin Nåmdal møtte til sak 007. Protokollførar: Randi Hilland. Meland formannskapskontor 24. januar 2014 Nils Marton Aadland ordførar Randi Hilland konsulent 1

Sakliste Sak nr. Saktittel 001/14 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE 002/14 GODKJENNING AV MØTEBOK 003/14 REFERATSAKER 004/14 AKTUELLE SAKER 005/14 ORIENTERING AV RÅDMANNEN 006/14 REKNESKAPSRAPPORT/PROGNOSE PER DESEMBER 2013 007/14 KOMMUNEPLAN, SAMFUNNDEL 2013-2025 OG PLANSTRATEGI FOR MELAND KOMMUNE - 2. GONGS HANDSAMING. 2

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet 22.01.2014 RHH 001/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbeh.: Randi Helene Hilland Ansv. RHH Arkiv: N- Objekt: Arkivsaknr 14/14 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE 22.01.2014 FORMANNSKAPET Marit Jøssang bad om at innkalling vart gjort meir oversiktleg. Har problem med å finne fram på nettbrettet. Det vart opplyst at nytt saksbehandlingssystem vert innført i neste veke. Lars Barstad bad om at sak «Oppmoding om busetting av flyktningar 2014-2016» vert teke opp til politisk handsaming. Ordførar ber om at denne saka kjem direkte til politisk handsaming i kommunestyret. FS-001/14 SAMRØYSTES VEDTAK: "Innkalling og sakliste vert godkjent." 3

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet 22.01.2014 RHH 002/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbeh.: Randi Helene Hilland Ansv. RHH Arkiv: N- Objekt: Arkivsaknr 14/15 GODKJENNING AV MØTEBOK FRÅ MØTE 18.12.13 22.01.2014 FORMANNSKAPET FS-002/14 SAMRØYSTES VEDTAK: "Møtebok frå møte 18.12.13 vert godkjent." 4

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet 22.01.2014 RHH 003/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbeh.: Randi Helene Hilland Ansv. RHH Arkiv: N- Objekt: Arkivsaknr 14/16 REFERATSAKER Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottaka 1 14/61 r I 20.12.2013 Fylkesmannen i Hordaland 2 14/32 I 17.12.2013 Integrerings- og mangfoldsdirektorat et 3 14/116 I 28.12.2013 Nordhordland Veteranbåtlag 4 13/15899 I 11.12.2013 Norges Naturvernforbund Tittel SKATT PÅ EIGE OG INNTEKT PR. 30.11.13 BUSETTING AV FYKTNINGAR I MELAND KOMMUNE - OPPMODING OM BUSETTING AV FLYKTNINGAR I PERIODEN 2014-2016 D/S OSTER - SØKNAD OM ØKONOMISK STØTTE FOR 2014 SØKNAD OM STØTTE TIL NORGES NATURVERNFORBUND I FORBINDELSE MED 100 ÅRS JUBILEET I 2014 22.01.2014 FORMANNSKAPET FS-003/14 SAMRØYSTES VEDTAK: "Meldingane vert tekne til etterretning." 5

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet 22.01.2014 NMA 004/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbeh.: Nils Marton Aadland Ansv. NMA Arkiv: N- Objekt: Arkivsaknr 14/17 AKTUELLE SAKER 22.01.2014 FORMANNSKAPET Følgjande saker vart tekne opp: Marit Jøssang har sendt inn spørsmål som gjeld tilskotsberekning til ikkje-kommunale barnehagar skal gjelde for 2015 i standen for 2014. Dette skrivet var sendt formannskapet på førehand. Økonomisjef Per Inge Olsen svarte på spørsmåla. Ordførar presiserte at for formannskapet er det viktig å vite om bruk av midlar ein løyver til tenester på alle sektorar, og at årshjul kan vere ei god rettesnor. Sølvi Knudsen ville vita kva tid budsjettet skal reviderast, når vi no har ein litt anna økonomisk situasjon. Ordførar sa at ein må vere forsiktig med bruk at midlane som utbytte frå Meland Utbyggingsselskap AS og auke i eigedomsskatten. Sigmund Larsen orienterte om status Sambandet Vest. Multiconsult arbeider med alternative løysingar på samband mellom Radøy, Meland og Askøy. Sigmund Larsen refererte budsjettvedtaket i kommunestyret, der det står at det skal dekkast inn underskot, og at dette ikkje var lovleg. Rådmann orienterte om at dette var ei verbal tilføying. Presentasjon av Forvaltningsloven som Harald Hove hadde. KS har ei anna tolking av loven. Bør kome ut dokument med konklusjon dersom det er ulik tolking. Åshild Aamli refererte til vedtak om midlertidig stans i Startlån. Rådmann orienterte om at ein tek sikte på å kome i gang med utlån i februar/mars. Sølvi Knudsen stilte spørsmål om kommunen kan kartleggje mobildekking/internett i kommunen. Rådmann orienterte om at det ligg utfordring i finansiering av anleggskostnader. Ordførar opplyste om at Fylkeskommunen fekk tildelt 5 mill. kr til infrastruktur. Dette er alt for lite. Regionrådet har arbeidd med denne saka. Kan invitere aktørar til kommunestyret som kan informere om dette viktige temaet. 6

FS-004/14 SAMRØYSTES VEDTAK: "Formannskapet tek orienteringane til etterretning." 7

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet 22.01.2014 IHJ 005/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbeh.: Ingvild Hjelmtveit Ansv. IHJ Arkiv: N- Objekt: Arkivsaknr 14/18 ORIENTERING AV RÅDMANNEN 22.01.2014 FORMANNSKAPET Det vart orientert om følgjande: Status anbod reinhald. Wibe har fått tilbodet. Oppstart 1. april. Vaskeri ikkje med i anbodet. Skal lysa ut på nytt. Møte med KLP i Oslo. Går ut med godt resultat i 2013. Skifte sak/arkivsystem i neste veke. Kommunestruktur opp i mars. Sluttbehandling områdeplan Frekhaug kjem til behandling. FS-005/14 SAMRØYSTES VEDTAK: "Formannskapet tek orienteringane til etterretning." 8

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet 22.01.2014 PIO 006/14 Avgjerd av: Formannskapet Saksbeh.: Per Inge Olsen Ansv. PIO Arkiv: N-103.1 Arkivsaknr 14/120 REKNESKAPSRAPPORT/PROGNOSE PER DESEMBER 2013 Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 2 I 13.01.2014 Økonomisjef Per Inge Olsen FØREBELS REKNESKAPSRAPPORT MED PROGNOSE PER 31.12.13 Saksutgreiing: Rapporten er ein førebels gjennomgang av status på rekneskapen per tenesteområde før ein er kome i gong med bokføring av årsoppgjerspostane i rekneskapen for 2013. Rapporten er difor på same måte som tidlegare rapportar noko usikker. Rekneskapen for 2013 viser ved utskrift 11. januar 2014 eit overskot før inndekking av underskot på kr 26,96 mill kr. Vi reknar med at vi etter alle endringar i årsoppgjerprosessen endar ut med eit overskot før inndekning av underskot på kr 2,95 mill, som er kr 1,64 mill betre enn forventa i prognosen per oktober 2013. Det er forventa betra resultat for sjukeheimen og heimetenesta, men fortsatt netto meirforbruk på i alt ca kr 3,0 mill. Vi reknar med meirforbruk på IKT og Grasdal skule med kr 500.000,- kvar, medan Plan, Utbygging og Kommunalteknikk ventar betring i resultatet slik at dei er i stand til å dekke inn venta meirforbruk på brannvesenet. Sjå elles kommentarar i vedlagte rapport. Vurdering: Administrasjonen opplever økonomistyringa i tenesteområda som god, og er glad for at kommunen ser ut til å kunne dekke inn omtrent kr 3,0 mill av tidlegare års underskot på rekneskapsåret 2013. 9

ADMINISTRASJONEN - FRAMLEGG TIL VEDTAK: "Formannskapet tek rekneskapsrapporten til orientering." 22.01.2014 FORMANNSKAPET FS-006/14 SAMRØYSTES VEDTAK: "Formannskapet tek rekneskapsrapporten til orientering." Rett utskrift Dato: Kopi til: Nordhordland Revisjon IKS Økonomikontoret 10

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Sbh. Saknr Formannskapet 22.01.2014 KRN 007/14 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbeh.: Kristin Nåmdal Ansv. KRN Arkiv: N-101.3 Arkivsaknr 13/824 KOMMUNEPLAN, SAMFUNNDEL 2013-2025 OG PLANSTRATEGI FOR MELAND KOMMUNE - 2. GONGS HANDSAMING. Dokumentliste: Nr T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 3 I 13.05.2013. KOMMUNEPLAN 2013-2025 FOR MELAND KOMMUNE 2 I 13.05.2013. PLANSTRATEGI FOR 2013-16 Saksutgreiing: Bakgrunn Planframlegget til kommuneplanen sin samfunnsdel 2013-2025, tek stilling til langsiktige utfordringer, mål og strategier for samfunns-, tjeneste- og arealutvikling. Målet med plan er at kommunen skal ha ein samfunnsdel som fungerer som eit overordna politisk og administrativt styringsverktøy, og som gjev eit fundament for ei langsiktig og berekraftig samfunnsutvikling i Meland. Prosess Som ledd i varsling av planoppstart vart det utarbeida eit planprogram som grunnlag for planarbeidet, jf. plan- og bygningslovens 4-1. Formannskapet vedtok i Sak 164/10 å varsle igangsetting av planarbeidet samtidig som planprogrammet vart sendt på høring og lagt ut til offentlig ettersyn. Kommunestyret fastsette planprogrammet sak 43/11. Formannskapet har vore politisk styringsgruppe i arbeidet, administrativt har leiargruppa vore styringsgruppe for planarbeidet. Det har i prosessen vore møter med ulike grupper som Meland idrettsråd, næringslivet, landbruksnæringa og internt i organisasjonen Meland kommune. 11

Om plan Planforslaget viser fire langsiktige verdiar og mål, og byggjer på planprogrammet sine føringar og satsingsfelt. Tre av planen sine mål bygger opp under ynskt samfunnsutvikling og korleis kommunen sitt tenestetilbod byggjer opp under denne utviklinga. Det fjerde punktet viser til kommunen si satsing på folkehelse. Til kvart av dei fire måla er det foreslått strategiar formulert som Kva gjer vi for å nå målet. Innanfor ramma av dei fire måla er det to hovedutfordringar som planforslaget vektlegg som særlige viktige; økt fokus på befolkningsvekst, våre unge innbyggjarar og satsing på folkehelse. Dei fire langsiktige utviklingsmåla er: Vi skal medverke til og oppleve god livskvalitet Vi skal ha ei berekraftig utvikling Vi skal vere ein av dei mest attraktive næringskommunane i Hordaland Vi skal tenke folkehelse i alt vi gjer Vidare framover For å oppnå sterkare strategisk styring legg vi i planen og til rette for ein prosess der kommunen sine øvrige styringsdokument harmonerer med samfunnsdelen. Det skal utarbeidast ein 4 årlig handlingsplan, og ein del sektorplanar som det går fram av planstrategien til Meland. Arbeidet med rullering av arealdelen har gått parallelt med samfunnsdelsarbeidet og prioriteringar i arealdelen er knytta opp mot mål og strategiar i samfunnsdelen. Slik skal samfunnsdelen vere styringsverktøyet for arbeidet Meland kommune gjer. Planstrategi for Meland kommune Bakgrunn Kommunal planstrategi er eit nytt verktøy for å få kommunen sitt planarbeid inn i gode og målretta former. Gjennom arbeidet med slik strategi vert eksisterande planar vurdert opp mot dei aktuelle behov som kommunen står ovanfor i komande periode. Hovudlinene i kommunen sitt planarbeid for perioden vert fastlagt i strategien. Frå 2010 er det eit krav i plan- og bygningslova at alle kommunar skal utarbeida ein planstrategi. jf. pbl 10-1. Formannskapet vedtok i FS-067/12 Formannskapet rår til at utarbeiding og handsaming av Meland kommune sin planstrategi inngår i den pågåande rulleringa av kommuneplan og vedtak knytt til denne jmf. Plb&10-1. Ein planstrategi er eit politisk dokument for å gjere strategiske vegval for lokalsamfunnutviklinga i Meland med utgangspunkt i kva utfordringar og hovudtrekk samfunnet står ovanfor, i arbeidet med samfunndelen av kommuneplan er utfordringar og hovudtrekk skissert. 12

Nye kommunale planbehov I arbeidet med kommuneplan har administrasjon og den politiske styringsgruppa drøfta utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter og det er gjort ei vurdering av behovet for kommunal planlegging i framover. Det er overordna planarbeid som vert prioritert og planer for avgrensa område som er lovpålagte eller kommunen ser behov for å utgreie. Plan for idrett, fysisk aktivitet og folkehelse Kulturminnevernplan (ved eksten finansiering) Skulestrukturplan Barnehageplan Rullering av plan for hovudvassforsyning og avløp Folkehelsemelding Regional næringsplan Reguleringsplan regionalt kollektivknutepunkt Flatøy Kommedelplan Frekhaug Kommunedelplan Midtmarka ADMINISTRASJONEN - FRAMLEGG TIL VEDTAK: "Meland formannskap sender planforslaget til kommuneplanen sin samfunnsdel 2013-2025 og planstrategi for Meland kommune på høyring og legg dokumenta ut til offentlig ettersyn etter plan- og bygningslovens 11-14." 22.05.2013 FORMANNSKAPET Lars Barstad og Sigmund Larsen gjekk frå som ugild ved handsaming av saka. Framlegg til vedtak frå Sølvi Knudsen, SP: Punkt skulestrukturplan går ut. Avrøysting: Administrasjonen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. Framlegget frå Sølvi Knudsen fekk 4 røyster for (AP, SP, V, KrF), 3 røyster mot, (H, FrP, SAM), og er såleis vedteke. FS-052/13 VEDTAK: Meland formannskap sender planforslaget til kommuneplanen sin samfunnsdel 2013-2025 og planstrategi for Meland kommune på høyring og legg dokumenta ut til offentlig ettersyn etter plan- og bygningslovens 11-14. Punkt skulestrukturplan går ut. 13

2. GONGS HANDSAMING: Saksutgreiing: Kommuneplanen sin samfunnsdel 2013-2025 og planstrategi har vore ute på offentleg ettersyn med høyringsfrist 02.09.13. Det er kome nokre merknader frå regionale instansar til samfunnsdelen og planstrategien. Fylkesmannen i Hordaland datert 04.09.13 Fylkesmannen rosar Meland kommune for ein god samfunnsdel som er utforma slik at den er interessant lesing for innbyggjarane. Det vert særleg peika på at folkehelse har fått så stor plass i planen og at landbruket sin status i kommunen er godt synleggjort. Dei har nokre merknader til 2.2 Å byggje i Meland; «Meland kommune skal leggje til rette for ein differensiert busetnad i LNF område.» Dette oppfattar fylkesmannen som ei uklar formulering og viser til at temaet spreidd busetnad er naturleg å ta opp i arealplan. Dei peiker på at det er bra at kommunen har utført ei strandsoneanalyse som vert lagt til grunn for planlegginga i strandsona. Vidare understrekar dei at planlegging av flytebryggjer ikkje bør vere prioritert i arealplan. Kap.3.1 Næring og vekst. «Meland kommune vil leggje til rette for arealkrevjande næringar langs hovud/ samferdselårer i kommunen.» Her peiker fylkesmannen på at punktet er noko uklart og dei oppmodar til å prioritere kvar i kommunen det er aktuelt å leggje ut næringsareal. Kap.4.4 Idrett og friluftsliv Her oppmodar fylkesmannen om at det vert gjort kartlegging av barnetråkk i alle skulekrinsar. Fylkesmannen har ikkje nokon merknader til den kommunale planstrategien, som dei skriv er ei grei oversikt over trongen for planer i perioden. Administrasjon si vurdering Spreidd busetnad vil bli ein viktig del av arealdisponeringa i arealplanen Meland kommune vil sette av områder for næring i arealdelen av kommuneplanen. Når det gjeld barnetråkk er dette gjort i alle skulekrinsar i Meland. Statens vegvesen datert 30.08.13 Planstrategien Dei peiker på at det er positivt at planstrategien viser til regionalt samarbeid for å løyse transportutfordringane i regionen. Kommuneplanen sin samfunnsdel Planen inneheld eit ege kapitel om samferdsel og infrastruktur. Statens vegvesen er svært nøgd med at planen vektlegg trafikktryggleik og satsing på gang og sykkelveger i tilknyting til skulane. Dei peiker på at det kunne vore eit punkt under «kva gjer vi» på side 17. som tek

i seg at ein arbeider med å auke syklande for arbeidereiser i arbeidsmarknad regionen Bergen- Nord og Nordhordland. Hordaland fylkeskommune datert 05.09.13 Planstrategien er utarbeida på ein oversiktleg måte og gjev ei grei oversikt over planbehovet i framtida. Her peiker Fylkeskommunen på at det som Meland kallar ein regional næringsplan for Nordhordland, vil vere korrekt å kalle for ein interkommunal plan. Til samfunnsdelen har Hordaland fylkeskommune merknader til senterutvikling, samferdsel, kulturminne og kulturmiljø, klima og energi, strandsone og næring: Senterutvikling Dei peiker på at det er positivt at kommunen er så tydleg i samfunnsdelen at ein vil arbeide med å utvikle gode senter og møteplasser. Vidare at ein vil satse på bustader og forretning i sentrum og arbeideplassintensive arbeidsplasser. Dei understeker at dette bør bli følgt opp i arealdelen. Samferdsel Kommunen melder i planstrategien at dei vil starte opp arbeidet med reguleringsplan for innfartsparkering og kollektivterminal på Flatøy. Her gjev Hordaland fylkeskommune merksam på at det alt er gjort eit arbeid i regi av fylkeskommunen og Statens vegvesen. Kulturminne og kulturmiljø Fylkeskommunen understrekar det som er peika på i samfunnsdelen, kor viktig det er i ein presskommune å ta vare på og dokumentere kulturminne og kulturmiljø. Dei oppmodar om å søkje på nytt om stønad til å utarbeide ein kulturminnevernplan. Då dette no er ein del av den kommunale planstrategien. Klima og energi Her peiker fylkeskommunen på at det bør gå klart fram i dokumentet korleis ein skal nå målet om ein klimagassutsleppreduksjon på 20 % og kva klimagassar ein snakkar om når det står utsleppreduksjon. Dei skriv og at under dette kapitellet er punkta under «kva gjer vi» meir ei liste over delmål og strategiar. Strandsone Fylkeskommunen peiker på at det er positivt at det er utført ei strandsoneanalyse og kartlegging av funksjonell strandsone. Næring Samfunnsdelen sine prioriteringar med omsyn til næring, er i tråd med det oppstarta fylkeskommunale arbeidet med ein regional areal og transportplan for Bergensområdet. Administrasjon si vurdering Tittel på den regionale næringsplanen vert endra til interkommunal plan i planstrategien. I arealdelen vil merknadene til senterutvikling bli følgt opp. Samferdsel Meland kommune ynskjer at det blir utarbeida ein reguleringsplan over eit større areal til kollektiv og innfartsparkering på Flatøy. Jmf. planstrategien. Klima og energi Kapitelet «Klima og energi» er implementert frå Energi og klimaplan for Meland kommune. Planprogrammet peiker på at denne planen skal liggje til grunn for kommuneplanarbeidet. 15

Miljøpartiet Dei Grøne i Meland 03.09.13 Miljøpartiet dei Grøne skriv at samfunnsdelen er blitt ein god og innhaldsrik plan med mange gode overordna mål. To punkt kunne dei ynskje skal vere med i planen; utvikling av turistnæring med vekt på natur, landbruk og kulturminne. Dei ynskjer og eit sterkare fokus på kulturminne i planen. Administrasjon si vurdering I arealplan vil det bli sett av områder som spreidd næring knytt til landbruk og turismerelaterte satsingar. Vidare skal det utarbeidast ein eigen kulturminnevernplan som vil synleggjere verdien av kulturminna og kulturmiljø i Meland. I arealplanen vil det bli teke inn omsynssoner kulturmiljø. Fellesrådet datert 24.10.13 Fellesrådet hadde saka til drøfting i møte den 19.09.13. Dei gjorde då fyljande vedtak «Høyringar i sommarferien bør ein ikkje ha på slike viktige planar. Fellesrådet bør få planen til gjennomsyn.rådet vil kome med uttale på neste møte» Frå møte 24.10.13 Fellesrådet vil koma med følgjande innspel: Under Økonomi - side 9...endringa både i tenestetilbod og nivå på tenester. Eit godt tenestetilbod må leverast uavhengig av økonomi. Tidleg hjelp er førebyggjande og kan vere kostnadsreduserande på lang sikt. Lovpålagte tenester må leverast uavhengig av økonomi. Kap 2.1 Tettstader og senterstruktur side 13... det er framleis mange bygder som skaper identitet og stadkjensle. Det skal sikrast areal for bustadtomter i dei ulike krinsane. Fellesrådet vil peike på at dette er eit sentralt punkt. Vil understreke at det er viktig å ta inn areal for spreidd busetnad i bygdene i det pågåande arealplanarbeidet. Kap 2.2 Å bygge i Meland Gå/sykkelstiar side 17.Følgjande tillegg: "Det skal utarbeidast ein plan for eit nettverk av gang- og sykkelstiar med god tilknytting til skular, idrettsanlegg og turstiar." Merknad til tabellen på side 15 som viser bustadareal i gjeldane plan. Det er lett å oppfatte denne tabellen som det som blir bustader på Rossland i framtida. Må endre overskrift og tydleggjere at det er gjeldane plan. Det vert understreka av det må opnast for bustadygging i Rossland. Offentleg kommunikasjon,side 17... det må arbeidast for å etablere eit endå betre offentleg kommunikasjontilbod. 16

Fellesrådet understrekar at det må arbeidast for å få eit betre busstilbod ut på øya, ikkje berre til Frekhaugområdet. Det må og vere med eit punkt om universell utforming i kolletivtilbodet. Kap 2.9 Folkehelse i berekraftige Meland Infrastruktur Fellesrådet vil understreke kor viktig det var å tilrettelegge for gang og sykkelvegar. Vil peika særleg på Fosseområdet. Det er og viktig med turvegar i nærmiljøet. Turvegar må merkast i arealplan. Under Infrastruktur side 25 Følgjande tillegg: "Meland Kommune skal tilretteleggja for eit godt utbygd nettverk av turstiar i skogs-, fjell- og strandområde, med god tilknytting til skogsvegar og gang- og sykkelstiar." Under natur og kulturmiljø, side 26 Det må utarbeidast ein plan på universell utforming.. ikkje tilrettelegging som det står i dag. Kap 2.4 Småbåthamner og strandsone side 19, "Kva vi gjer". Følgjande nyttt avsnitt: "Det skal leggast til rette for strandturstiar." Kap 4. Livskvalitet i Meland Skule: Det må vere universelt utforma undervisningslokale med god kvalitet. Kap 4.6 Helse og sosiale tenester Samhandlingsreformen; I kapitlet helse og sosiale tenester, må ein få med habilitiering/rehabilitering og førebyggjing som er ein viktig del av samhandlingsreformen. Mål nevnast som eit punkt under «Kva gjer vi» Administrasjon sine vurderingar Fellesrådet hadde ei grundig drøfting av kommuneplan. Kravet til universell utforming føljer av plb. Administrasjon tilrår å ta inn følgjande rettingar/ endringar i samfunnsdelen «Det må utarbeidast ein plan på universell utforming.. ikkje tilrettelegging som det står i dag. Tabellen som syner bustadareal på side 15. får sett inn ei tydlegare underskrift. Når det gjeld turstiar, både i strandsona og andre stader og gang og sykkelvegar som Fellesrådet var opptekne av, vert dette vurdert i arbeidet med arealplanen. 17

ADMINISTRASJONEN - FRAMLEGG TIL VEDTAK: "Formannskapet i Meland tilrår at kommunestyre godkjenner kommuneplanen for Meland 2013-2025,samfunndelen med planstrategi og med føljande endringar: Tittel på den regionale næringsplanen vert endra til interkommunal plan i planstrategien. Tabellen som syner bustadareal side 15 får sett inn ei tydlegare undertittel. Punktet på side 26 under Natur og kulturmiljø vert endra til «Det må utarbeidast ein plan på universell utforming.. ikkje tilrettelegging som det står i dag Dokumentet vert retta opp før kommunestyre handsama planen." 22.01.2014 FORMANNSKAPET Lars Barstad og Sigmund Larsen gjekk frå som ugild ved handsaming av saka. Kristin Nåmdal og Anny Bastesen orienterte om status samfunnsdelen. Framlegg til endring frå Sølvi Knudsen, SP: "side 9 Kap. Økonomi: Punkt frå rår over: går ut." Avrøysting: Dette framlegget fekk 3 røyster for (SP, SAM, AP), 4 røyster mot, (H, KrF, FrP, V), og fall. FS-007/14 FRAMLEGG TIL VEDTAK (MOT 3 RØYSTER): "Formannskapet i Meland tilrår at kommunestyre godkjenner kommuneplanen for Meland 2013-2025,samfunndelen med planstrategi og med føljande endringar: Tittel på den regionale næringsplanen vert endra til interkommunal plan i planstrategien. Tabellen som syner bustadareal side 15 får sett inn ei tydlegare undertittel. Punktet på side 26 under Natur og kulturmiljø vert endra til «Det må utarbeidast ein plan på universell utforming.. ikkje tilrettelegging som det står i dag Dokumentet vert retta opp før kommunestyre handsama planen." 18