REGULERINGSPLAN FOR FRITIDSBUSTADER HOLMESJØEN II 42/6 HOLME, BØMLO KOMMUNE Plan ID: 201613 PLANOMTALE ROS-ANALYSE Postboks 131 Sæ 20 Tlf. 53 40 24 60 E-post jtas@jtas.no 5401 STORD Leirvik www.jtas.no
2 INNHALD Planomtale ROS-analyse Vedlegg: 1. Kopi av varselbrev og annonsetekst 2. Kopi av innkomne merknader 3. Sjekkliste for reguleringsplaner
3 PLANOMTALE 1.0 BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET. Planarbeidet er starta opp på initiativ av Lars J. Fjell og grunneigar Inger Marie Zahl Fjell hausten 2016. Dei ynskjer å leggja til rette for nye fritidsbustader i området, i samsvar med gjeldande kommuneplan.
4 2.0 PLANOMRÅDET. 2.1 Lokalisering. Området ligg på Holme, ca. 5 km nord for Langevåg. Feltet ligg ca. 300 m aust for Fv541, og ca. 70 m frå sjøen. 2.2 Areal. Planområdet utgjer i alt ca. 9,7 da. 2.3 Eigedomstilhøve. Innan planområdet er det fylgjande eigedommar: Gnr. Bnr. 42 4 42 6 42 9 42 15 42 38 2.4 Landskapsvurdering. Langs eksisterande veg mot aust er eit platå med varierande kollar. Dette er eit tidlegare kulturlandskap, som no er tilvakse med diverse buskar og kratt.
5 Mot vest fell terrenget bratt ned mot den kommunale vegen Holmesjøen. I skråninga mot sør er det lauvskog og kratt. Området er solrikt, med utsikt mot sjøen mot vest. 2.5 Naturmangfald. I Artsdatabanken er det ingen raudlista arter innan planområdet. På austsida av planområdet er det registrert svært viktig naturtype, verdi A, rik edellauvskog, Holmesjøen nord, med ID BN 49556. 2.7 Friluftsinteresser. Området ligg nær eksisterande bustader og fritidsbustader, og har såleis verdi som frilufts- og rekreasjonsområde. Området har lett tilkomst for ålmenta. 2.8 Eksisterande bygningar. Innan området er det i dag ingen bygningar. I tilgrensande område er det bustader og fritidsbustader.
6
7 3.0 PLANSTATUS. 3.1 Kommuneplan. I gjeldande kommuneplan er området vist som fritidsbustader.
8 3.2 Gjeldande reguleringsplanar. Vegen lags austsida av planområdet er inkludert i gjeldande reguleringsplan Holmesjøen hyttefelt gnr. 42 bnr. 7, vedteken i 2001: Resten av planområdet er ikkje regulert frå før. 3.3 Planprosess for ny reguleringsplan. Oppstartmøte med Bømlo kommune vart halde 17.10.16.
9 Prinsippsøknad om oppstart av planarbeid vart sendt frå J. Tufteland AS til Bømlo kommune 21.10.16. Utval for areal og samferdsel godkjende søknaden 16.11.16. Oppstart av planarbeid vart kunngjort 30.11.16, sjå vedlagt oppstartmelding. 3.4 Merknader til oppstartmeldinga. Innan merknadsfristen har vi motteke i alt 8 merknader, sjå vedlagde kopier: 1. Fylkesmannen i Hordaland. Fylkesmannen viser til krav om ROS-analyse, naturmangfald og utforming av fritidsbustader.. Kommentar: Merknaden er teken omsyn til i plandokumenta. 2. Hordaland Fylkeskommune, Regionalavdelinga. Fylkeskommunen har innspel om Landskap. Friluftsliv. Kulturminne og kulturmiljø. Fylkeskommunen har ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne i planområdet. Dette vil bli nærare vurdert etter ei synfaring i terrenget. Kommentar: Merknaden er teken omsyn til i plandokumenta. 3. Bergen Sjøfartsmuseum. Har ingen kommentarar. 4. Statens Vegvesen. Har ingen merknader til planarbeidet slik det ligg no. 5. Kystverket. Har ingen merknader. 6. Fiskarlaget Vest. Ynskjer ikkje å uttale seg i saka. 7. Bømlo kommune, teknisk drift. Dei har innspel om Skader på asfalt på kommunal veg. Frisikt. Overvatn. Kloakk. Veggrøfter. Lengdeprofil avkjørsel. Vedlikehaldsansvar.
10 Kommentar: Frisiktsoner er lagt inn i plankartet. Andre merknader vil bli teke omsyn til ved utarbeiding av tekniske planar. 8. Liv Sigrun Økland og Bjarne Harald Økland, grunneigarar av 42/4. Dei viser til at planområdet går inn på deira grunn. I tillegg viser dei til om det skal førast veg, vatn eller avløp over annan manns eigedom, må det liggja føre avtale om dette. Kommentar: Grunneigarane av 42/4 og 42/6 har seinare inngått avtale om desse tilhøva, sjå vedlegg. Avtalen vart tinglyst 15.04.17. Problemet er difor løyst.
4.0 PLANFORSLAGET. 11
12 4.1 Forslagsstillar. Lars J. Fjell og Inger Marie Zahl Fjell. 4.2 Plangrenser. Plangrensene fylgjer eksisterande tilkomstveg mot aust, kommunal veg mot vest og nørd, og eigedomsgrenas for 42/6 mot sør 4.3 Planstatus. Planen er utforma som detaljert reguleringsplan, i samsvar med 12-3 i Plan- og bygningslova. 4.4 Arealbruk. Arealtabell 12-5. Nr. 1 - Bebyggelse og anlegg Areal (m²) Fritidsbebyggelse-frittliggende (2) 5859,2 Sum areal denne kategori: 5859,2 12-5. Nr. 2 - Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Areal (m²) Annen veggrunn - tekniske anlegg (6) 682,3 Veg (5) 1793,7 Sum areal denne kategori: 2476,1 12-5. Nr. 5 - Landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift Areal (m²) Friluftsformål 1645,9 Sum areal denne kategori: 1645,9 Totalt alle kategorier: 9981,2 4.5 Fritidsbustader. Planforslaget viser 5 fritidsbustader. Desse er planlagt på romslege tomter (1,1 1,2 da.), slik at det vert ein open utbygging i landskapet, slik som tilgrensande område. Fritidsbustadene kan byggjast opp til 110 m2 BRA, i samsvar med kommuneplanen.
13 4.6 Parkering. Det er føresett parkering på eigen grunn, min. 2 parkeringsplasser pr. fritidsbustad. 4.7 Trafikkløysing / vegsystem. Tilkomst til tomt 1 4 er planlagt via eksisterande tilkomstveg, som vil bli opprusta. Tomt 5 får tilkomst frå kommunal veg Holmesjøen. Frisiktsoner vil bli opparbeidd som vist på plankartet. Avkjørsler til tomter i BFF2 vil bli plassert i samband med byggemelding for fritidsbustadene. 4.8 Barn og unge sine interesser. Nye fritidsbustader vil bli attraktivt for barn og unge. Då tomtene er romslege, vil dei bli godt eigna for leik og uteaktivitetar. Feltet vil bli godt eigna for barnefamiliar. 4.8 Folkehelse. Nye, moderne fritidsbustader er positivt for folkehelsa. Nærleik til sjøen er også positivt. Nedbygging av friluftsområde er negativt, men dette blir kompensert med tilgang til større naturområde i nærleiken. Sjå elles pkt. 4.8 ovanfor. 4.9 Grøntstruktur. Skråninga på vestsida av planområdet er regulert til friluftsområde. Elles er det store naturområde i nærleiken av planområdet. 4.10 Støy. Området vert ikkje støyutsett, då trafikken er under 500 ÅDT, og trafikken har låg fart. 4.11 Miljø, ureining, radon. Avløpsvatn vert sett inn på slamavskiljar, med djupvassutslepp i sjøen.. Auka biltrafikk vil medføra auka luftforureining i området. Nye bygningar blir bygt med radonsperre. 4.12 Universell utforming. Fritidsbustadene vil bli bygt som tilgjengeleg bueining iflg. TEK10, så langt råd er. Parkeringsplassar vil bli universelt utforma. 4.13 Kulturminne. Det er ikkje registrert varig freda kulturminne innan området. Sjå merknad frå Fylkeskommunen. 4.14 Tekniske anlegg. Fritidsbustadene vil bli tilknytt nytt borehol for vatn.
14 Det vil bli bygt nytt spillvassystem til slamavskiljar og djupvassutslepp i sjøen. VA-anlegget vil bli privat fellesanlegg. Sløkkjevatn vert basert på sjøvatn, då det er bilveg til sjøen. Området vert tilknytt Finnås Kraftlag sitt forsyningsnett for straum og breiband, etter nærare avtale. 4.15 Renovasjon. Det vil bli etablert container for hytterenovasjon, i samråd med SIM.
15 RISIKO OG SÅRBARHETSANALYSE (ROS) METODE FOR RISIKOVURDERING I norsk standard NS 5814 vert risiko definert slik: Uttrykker den fare som uønskede hendelser/tilstander representerer for mennesker, miljø eller materielle verdier. Risikoen uttrykkes som sannsynligheten for, og konsekvenser av, dei uønskede hendelsene. Kriterium for sannsyn og konsekvens Det er nytta dei same kriteria for inndeling av uønskte hendingar i sannsyn og konsekvens som i den overordna ROSanalysen for Bømlo kommune frå oktober 2008. Som utgangspunkt er nytta ei inndeling som er henta frå andre tilsvarande prosjekt, og deretter gjort ein del lokale tilpassingar. Fylgjande inndelingar for sannsyn skal nyttast: Begrep Lite sannsynleg Mindre sannsynleg Sannsynleg Mykje sannsynleg Svært sannsynleg Intervall Mindre enn ei henting pr. 1000 år Ei hending pr. 100 1000 år. Ei hending pr. 10 100 år. Ei hending pr. 1 10 år. Ei hending pr. år eller oftare. Konsekvensane for liv og helse, miljø, økonomi og materielle verdiar, drift, produksjon og tenesteyting, samfunnsviktige funksjonar og truverde/omdømme, er vurdert etter fylgjande begrep: Ubetydeleg Ein viss fare Alvorleg/farleg Kritisk Katastrofal Fylgjande inndelingar for konsekvens skal nyttast: KONSEKVENS VEKT V MENNESKE KATASTROFALT 5 Meir enn 5 døde, eller 25 alvorleg skada (KBP nivå 3) KRITISK 4 Inntil 5 døde, eller fare for inntil 25 alvorleg skadde personar. (KBP nivå 2) ALVORLEG 3 Inntil 10 alvorlege personskadar, eller mange mindre personskadar, men med sjukefråver. Vesentlege helseplager og ubehag. (KBP nivå 2) EIN VISS FARE 2 Mindre skader som treng medisinsk handsaming, evt. YTRE MILJØ (LUFT, JORD, VATN) Varig større skade på ytre miljø Alvorleg skade av mindre omfang på ytre miljø, eller mindre alvorleg skade av stort omfang på ytre miljø Store skadar på ytre miljø, men som vil utbetrast på sikt. Mindre skader på ytre miljø, men som naturen sjølv utbetrar på kort tid. MATERIELLE VERDIAR Skadar for meir enn 50.000.000 kr Skadar mellom 5.000.000 50.000.000 kr Skadar mellom 500.000 5.000.000 kr Skader mellom 50.000 500.000 kr
16 Kortare sjukefråver. (KBP iva 1) UBETYDELEG 1 Ingen eller små personskader. (KBP nivå 1) Ingen eller ubetydeleg skade på ytre miljø. Skader for inntil 50.000 kr Akseptkriteri Ved gjennomføring av ROS analyse for nye utbyggingsområde skal det leggjast til grunn følgjande akseptkriteri: Hendingar i raudt felt medfører uakseptabel risiko. Her må risikoreduserande tiltak gjennomførast. Elles må det gjennomførast meir detaljert ROS analyse for eventuelt å avkrefta risikonivået. For tiltak i raude felt skal det utarbeidast ROS analyse før tiltak kan godkjennast. Tilhøve raude felt Tilhøve gule felt For hendingar som ligg i gul sone må det gjennomførast tiltak for å redusera risikoen så mykje som råd er. Det kan vera naturleg også å leggja ein kost nytteanalyse til grunn for vurdering av endå fleire risikoreduserande tiltak. I gul sone skal kommunen krevja ROS analyse. Tilhøve grøne felt I utgangspunktet er hendingar i grøn sone akseptabel risiko, men fleire risikoreduserande tiltak av vesentleg karakter skal gjennomførast når det er mogeleg ut frå økonomiske og praktiske vurderingar. Om det skal gjennomførast ROS analysar i grøne områder må vurderast i den einskilde regulerings og/eller byggesak. Dette betyr at som hovudregel er tilhøve/hendingar plassert i raude felt noko som medfører uakseptabel risiko, og at det må gjennomførast risikoreduserande tiltak av førebyggjande og/eller skadebøtande karakter, slik at risikobiletet kjem ned på akseptabelt nivå. Nr. Tema Sannsynleg Konsekvens Risiko Merknad / tiltak Naturfarar 1 Masseras/skred/skrentar/stup 3 2 Stup må sikrast med gjerde 2 Snø/isras 3 Flaum/springflo 4 Elveflom 5 Tidevassflaum 6 Radongass 2 3 Tiltak iflg. byggeforskrifter 7 Vindutsette område 2 3 Tiltak iflg. byggeforskrifter 8 Nedbørutsette område 3 2 Etablering av tette flater medfører auka nedbørsavrenning Menneske- og verksemdbaseerte farar 9 Sårbar flora Aust for planområdet 10 Sårbar fauna/fisk/vilt 11 Verneområde 12 Vassdragsområde 13 Fornminne 14 Kulturminne/miljø Ingen registreringar 15 Område for idrett/leik 16 Park/rekreasjonsområde 17 Friluftsområde 2 2 Friluftsområde blir redusert
17 Infrastruktur 18 Veg, bru, knutepunkt 19 Hamn, kaianlegg 20 Sjukehus/-heim, kyrkje 21 Brann/sløkkevatn, politi 3 2 Utbygging krev sløkkevatn 22 Forsyning, kraft, vatn 3 2 Utbygging krev ekstra kapasitet 23 Tilfluktsrom Ingen krav Forurensingskjelder 24 Industri 25 Bustad/fritid 26 Landbruk 27 Akutt forureining 28 Støv og støy industri 29 Støv og støy trafikk 2 2 Utbygging medfører auka trafikk 31 Støy andre kjelder 32 Forureining i sjø 2 2 Slamavskiljar, djupvassutslepp 33 Forureina grunn 34 El. forsyning Andre farlege / spesielle område / forhold 35 Industriområde 36 Høgspentline 37 Risikofylt industri 38 Avfallsbehandling 2 2 Iflg. Avtale med SIM 39 Oljekatastrofeområde 40 Spesielle fohold ved utbygging Transport 41 Ulykker med farleg gods 42 Vær/føre avgrensar tilgjenge til området 43 Ulykker i avkjørsler 2 3 Avkjørsler må ha frisikt. 30 km/t 44 Ulykker med gåande/syklande 2 3 Nedsett fartsgrense 45 Andre ulykkespunkt Risikomatrise: Konsekvens: 1. Ufarleg 2. Ein viss fare 3. Alvorleg 4. Kritisk 5. Katastrofalt Sannsyn: 5. Særs sannsunleg 4. Mykje sannsynleg 3. Sannsynleg 1,8,21,22 2. Mindre 17,29,32,38 6,7,43,44 sannsynleg 1. Lite sannsynleg Akseptkriterier: Hendingar i raudt felt: Hendingar i gult felt: Tiltak er naudsynt. Tiltak må vurderast nærare.
18 Hendingar i grønt felt: Minimumstiltak bør gjennomførast. Stord, 27.04.17 Rev. 13.07.17 J. TUFTELAND AS