Bilag 1 Kravspesifikasjon «Vinterdrift veg»
1.1 Bakgrunn for anskaffinga Hareid kommune vil med dette lyse ut konkurranse vedrørande fire rode i Hareid kommune. Dei ledige rodene er: Rode 2: Hareidsdalen (Bigset, Grimstadgeilane, Holstad) Rode 3: Ytre Hareid (Hovlida Håbakkane heile sjukeheimsområdet) Rode 4: Indre Hareid (Melshornlia sentrum sør diverse hamn) Rode 5: Brandal med gang/sykkelveg til Hareid. Det skal inngåast avtale med ein eller fleire leverandør(ar). Side 2 av 6
1.2 Ambisjonar Hareid kommune ønskjer å skaffe nye avtalar med leverandørar som kan brøyte dei aktuelle rodene. 1.3 Krav til tenesta I omgrepet vinterdrift ligg brøyting, rydding, skraping og strøing. Beredskapsperioden er 15. november til 01. april. I heile denne perioden skal leverandør vere i beredskap og vere klar til å setje inn driftsinnsats på kort varsel. Leverandør skal vinterdrifte vegar og plassar som fremgår av rodekart, samt eigedomar på tilleggslister (t.d brannmannskap og personar som er avhengig av heimetenesten) Vegane skal vere gjennombrøytte til klokka 07.00 måndag til fredag, elles etter behov. Det same gjeld for strøing. Innsatsen skal setjast i gang seinast ved ei snødjupne på 10 cm. Dette gjeld likevel berre ved normale tilhøve. Ved meir krevjande forhold må et setjast inn innsats på eit tidlegare tidspunkt. Til dømes ved våt snø og på vanskelege plassar. Tilbydd maskin med tilhørande utstyr skal vere tilpassa roda og kunne godkjennast av eining for kommunalteknikk i Hareid kommune. Det er leverandør som er ansvarleg for å syte for vedlikehald av maskina og tilboden utstyr, og det er leverandør som må ta kostnaden for båe vedlikehald og reperasjonar. Arbeidet skal utførast av den som er satt opp som ansvarleg for roden. Ved behov for vikar pga sjukdom, maskinhavari, ekstreme snømengder eller andre særegne forhold må entreprenøren sjølv sørge for dette. Om situasjonen verte langvarig eller ein frykta at den skal verte langvarig må dette takast opp og vurderast saman med leiar for kommunalteknikk i Hareid kommune. Hareid kommune er ikkje ansvarleg for skade på førar, maskin, annen manns køyretøy, annen manns eigedom eller tredje person. Det er leverandør som er ansvarleg for alle eventuelle erstatningsbetinga skader, ulemper eller liknande som oppstår i samband med brøyting. Gyldig ansvarsforsikring må leggast fram seinast ved kontraktssignering, og før kvar sesong ved fornying av forsikring. Side 3 av 6
Beredskapsgodtgjersle for sesongen skal fakturerast av leverandør med 50% før nyttår og 50% etter nyttår. Forfall skal vere 01.12 og 01.03. Faktura med spesifisert vedlegg skal leverast Hareid kommune ved leiar for kommunalteknikk straks ein månad er ute. Side 4 av 6
1.4 Arbeidsgjevaransvar Oppdragsgjevar kan ikkje sjåast på som arbeidsgjevar for leverandøren eller personar han måtte benytte, sjølv om slikt personell utfører tenesta eller deler av denne i samarbeid med oppdragsgjevar. 1.5 Kvalitetssikringssystem Leverandøren skal ha eit tilfredsstillande kvalitetssikringssystem som er tilpassa tenesta. Ved arbeid hjå oppdragsgjevar skal leverandøren sjå til at tenesta vert utført innanfor ramma av reglar for sikkerheit og arbeidsforhold som gjeld hos kommunen. 1.6 Krav til språk Leverandøren sine ressursar som vert nytta i dette oppdraget skal beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg. 1.7 Bemanning av oppdraget Leverandør skal bemanna oppdraget med ein fast ressurs i oppdragsperioden. Med fast ressurs meinast båe Maskin og personell. Det må vere ein ressurs, dvs maskin og brøytar pr rode. Leverandør skal peika ut ein stadfortredar for fast ressurs ved eventuelt fråver/fråfall. Stadfortredar skal ha tilsvarande kompetanse og erfaring som fast ressurs. Stedfortredar må omfattast av tilsvaranda ansvarsforsikring som krevjast etter punkt 1.3 1.8 Responstid og oppmøte - Brøytar må ha brøyta ferdig roda til klokka 07.00. Det er leverandør som er ansvarleg for å syte for at dette vilkåret er oppfylt. Dvs at for det tilfellet om ein leverandør får kontrakt på fleire roder må leverandør sørge for tilstrekkeleg med ressursar pr rode (sjå punkt 1.7). Om dette vilkåret brytast utan gyldig grunn vil dette kunne medføre oppsigelse av kontrakt og/eller retensjon av vederlag for brøyting. Side 5 av 6
2.1 Kravsspesifikasjonen Hareid kommune forbeheld seg retten til å montere elektronisk registreringsverktøy/gps på maskinene som vert nytta i oppdraget. Brøyting av rodar beskrevet i punkt 1.3 Side 6 av 6