SELJE KOMMUNE Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Møtebok Møtedato: 07.05.2012 Møtetid: Kl. 10:00 11:30 Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.: 007/12-009/12 Følgjande medlemmer møtte Per Sandviknes, Grete Solborg Fure, Eva Janne T. Årvik Følgjande medlemmer møtte ikkje Harald Hansen, Gunn V. Helgesen. Melding om forfall til møtet er ikkje motteke. Følgjande varamedlemmer møtte Ingen Følgjande frå administrasjonen møtte Rådgjevar Svein Barmen, som og førte møteboka. Merknad til innkallinga Ingen Merknad til saklista Ingen 3 voterande
Følgjande saker vart handsama Sak nr. Sakstittel 007/12 Godkjenning av møtebok 008/12 Referatsaker 009/12 Reglement - Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne - Selje kommune Tilleggsaker: Ingen Utskrift protokoll: Medlemmar, møtande varamedlemmar, biblioteka, abonnentar Utskrift møtebok: Abonnentar, kontrollutvalet, kommunekassa, revisor Signatur:
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 07.05.2012 007/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Godkjenning av møtebok Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/718 TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN: Møteboka frå møte 12.03.12 vert godkjent slik den ligg føre. Handsaming i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne - 07.05.2012 3 voterande. RFF-007/12 VEDTAK Møteboka frå møte 12.03.12 vert godkjent slik den ligg føre. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 07.05.2012 008/12 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Referatsaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 12/717 Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 12/1462 I 15.03.2012 Sogn og Fjordane Arbeiderparti Universell utforming TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Referatsaker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne - 07.05.2012 3 voterande. Tilleggsreferat: 2. Invitasjon til årsmøte / kurs i FFO 9-10. juni. 3. Kurs Fagakademiet i Bergen 9. mai 4. Invitasjon til regional konferanse om politikken for menneske med utviklingshemma i Bergen. 5. Leikvang barnehage, nybygg - orientering RFF-008/12 VEDTAK 1. Teke til vitande. 2.Invitasjon vert sendt ut til medlemmane i RFF for påmelding.
3.Teke til vitande. 4.Teke til vitande. 5.Tenesteleiar Eigedom vert invitert til neste møte for å orientere om Leikvang barnehage, nybygg Melding går til rådmann, tenesteleiar EIG. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 07.05.2012 009/12 Sakshandsamar Svein Barmen Arkiv FE-033, TI-&00 Arkivsak 12/719 Reglement - Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne - Selje kommune Vedlegg i saka Dok.dato Tittel Dok.ID 27.04.2012 Reglement Raad MNF.pdf 35310 27.04.2012 rundskriv_a-28_2007.pdf 35312 Saka gjeld Revisjon av reglementet for Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Opplysningar til saka Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har hatt vanskar med å kunne påverke sakene etter intensjonane i lova. Det kan difor vere grunn til å gå gjennom reglementet på nytt for finne ut kva som kan gjerast i høve dei utfordringane rådet har. Lover/regelverk Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m. m. Rundskriv A-28/2007 Sakshandsamar si vurdering Reglementet var sist fastsett i 2009. Det kan difor vere grunn til å gå gjennom det på nytt og samstundes vurdere om det er reglement til andre råd og utval som må tilpassast for at Rådet skal kunne løyse oppgåvene sine. Konklusjon Reglementet vert vurdert på nytt. Saksgang Råd for menneske med nedsett funksjonsevne gjer vedtak
TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Råd for menneske med nedsett funksjonsevne utarbeider nytt reglement i samarbeid med administrasjonen. Framlegg til neste møte.. Handsaming i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne - 07.05.2012 3 voterande. Framlegg frå Råd for menneske med nedsett funksjonsevne RFF: Rådet bed Kommunestyret om å gå gjennom alle råd-, utval- og delegasjonsreglement med tanke på at Lov om råd eller anna representasjonsordning m.m. skal fungere etter intensjonane. Avrøysting: Framlegg frå RFF vart samrøystes vedteke. RFF-009/12 VEDTAK Rådet bed Kommunestyret om å gå gjennom alle råd-, utval- og delegasjonsreglement med tanke på at Lov om råd eller anna representasjonsordning m.m. skal fungere etter intensjonane. Samrøystes. Utskrift til: Kommunestyret