Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Til deg som bor i fosterhjem år

Til deg som bor i fosterhjem år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving


BARNEVERNET. Til beste for barnet

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag


Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Informasjon til elevane

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Søknad om skilsmisse etter separasjon ved løyve (etter ekteskapslova 21)

IKT-kompetanse for øvingsskular

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Informasjonshefte Tuv barnehage

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Om å høyre meir enn dei fleste

Jon Fosse. For seint. Libretto

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

mmm...med SMAK på timeplanen

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Til deg som er fråteken omsorga for barnet ditt

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Informasjon til pasientar og pårørande

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Brukarrettleiing E-post lesar

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Kva er økologisk matproduksjon?

Idear og råd til foreldre med barn på 5. Og 7. trinn. Framleis rom for lesing heime

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Sandeid skule SFO Årsplan

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Info til barn og unge

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Brukarrettleiing. epolitiker

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

Rådgjevarkonferanse 2009

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Melding om behov for representant

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Eksamen REA3028 Matematikk S2. Nynorsk/Bokmål

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Valdres vidaregåande skule

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Plassebakken Barnehage

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Med tre spesialitetar i kofferten

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

Barnerettane i HEIMEN

Transkript:

Til deg som bur i fosterheim 13-18 år

Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500 barn i Noreg som bur i fosterheim, og ca. halvparten er i alderen 13 til 18 år. Det er mange grunnar til at barn bur i fosterheim, men felles er det at deira eigne foreldre ikkje kan ta seg av dei i ein kortare eller lengre periode. I denne brosjyren har vi skrive litt om det vi synest det er viktig at du veit når du bur i fosterheim. Det står også ein del om kven du kan be om hjelp om du treng det. Om du synest noko av det som står i denne brosjyren, er vanskeleg å forstå, kan du be fosterforeldra dine, tilsynsføraren din eller ein saksbehandlar i barneverntenesta om å forklare det nærare. Vi har også laga ein annan brosjyre for barn i fosterheim. Det som står i den, kan vere lettare å forstå. Brosjyren er utarbeidet på bokmål, nynorsk og samisk.

Kva er ein fosterheim? Fosterforeldre er vaksne som tek vare på barn som ikkje kan bu saman med foreldra sine. Fosterheimen skal vere mest mogleg lik ein vanleg heim. Fosterforeldra dine skal ha tid og overskot til å ta seg av deg og til å gi deg ein trygg og god heim. Dei skal samarbeide godt med barneverntenesta og med andre som skal hjelpe deg. Det kan til dømes vere lærarar, legar, psykolog, støttekontakt eller besøksheim. Dei skal også samarbeide med familien din og andre som du skal vere saman med. 5

Barneverntenesta I kvar kommune er det ei barnevernteneste. Du har ein saksbehandlar i barneverntenesta. Saksbehandlaren din skal komme og besøkje deg i fosterheimen minst fire gonger i året for å sjå om du har det bra der. Om du har budd i fosterheimen i to år og har det bra der, kan barneverntenesta bestemme at det er nok å komme to gonger i året. Du har rett til å få snakke med saksbehandlaren din når du lurer på noko. Du kan be om å få snakke med saksbehandlaren din utan at fosterforeldra dine er til stades. Barneverntenesta har plikt til å lage ein plan for korleis du skal ha det når du er i fosterheimen, og kva hjelp du treng mens du er der. Planen skal også seie noko om kor lenge barneverntenesta meiner at du skal vere i fosterheim. Om det er behov for det, skal planen endrast. Barneverntenesta skal følgje med på at planen blir følgd, når dei kjem på besøk i fosterheimen. Saksbehandlaren din skal også ha kontakt med fosterforeldra dine til dømes ved besøk i fosterheimen, på møte i barneverntenesta og på telefon. Nokre av desse møta kan du også vere med på om du ønskjer det. Dette er det saksbehandlaren din som bestemmer. Saksbehandlaren din skal ha kontakt med foreldra dine og tilby dei rettleiing og oppfølging. Saksbehandlaren din kan også hjelpe foreldra dine til å få hjelp frå andre om dei ønskjer det. 7

Kva er ein tilsynsførar? Når du bur i ein fosterheim, har du rett til eigen tilsynsførar som skal passe på at du har det bra i fosterheimen din. Tilsynsføraren er ein person som du kan snakke med om korleis du har det i fosterheimen. Det er barnverntenesta som skal finne ein tilsynsførar til deg, og du skal få høve til å seie kva du meiner, før tilsynsføraren blir vald. Det er saksbehandlaren i barneverntenesta som skal fortelje deg namnet på tilsynsføraren. Fosterforeldra og foreldra dine skal også vite kven tilsynsføraren din er. Du kan snakke med tilsynsføraren din når du vil, og du har rett til å snakke med tilsynsføraren din åleine. Tilsynsføraren din skal komme og snakke med deg minst fire gonger i året, og skal fortelje deg korleis du kan få tak i han eller henne utanom besøka om du treng det. Om du har budd i fosterheimen i meir enn to år, kan du og barneverntenesta bli einige om at tilsynsføraren berre skal besøkje deg to gonger i året. Om tilsynsføraren din ikkje kjem, må fosterforeldra dine seie frå til barneverntenesta om det. Her er noko av det tilsynsføraren ønskjer å snakke med deg om: Er det noko spesielt som har hendt sidan sist? Korleis trivst du i fosterheimen? Korleis er det på skulen? Kva gjer du etter skuletid og i helgane? Korleis er samværet med familien din? Er det noko spesielt som skal skje i tida framover? Tilsynsføraren din skal skrive rapportar om det du fortel. Desse rapportane skal leverast til barneverntenesta. Saksbehandlaren din i barneverntenesta les rapportane. Om du fortel tilsynsføraren din om noko som du treng hjelp med, skal barneverntenesta syte for at du får den hjelpa du treng. Om du synest det er vanskeleg å få god kontakt med tilsynsføraren din, kan du seie frå om det til barneverntenesta. 8

Kven bestemmer kva når du bur i fosterheim? Du Etter kvart som du blir eldre, skal du få bestemme meir og meir sjølv. Fosterforeldra dine skal hjelpe deg slik at du får drive med fritidsaktivitetar som du liker, og slik at du får vere saman med venner du trivst med. Når du er fylt 15 år, har du mellom anna rett til å bestemme kva skule du vil gå på, og kva religion du vil høyre til. Fosterforeldra Når du er i fosterheim, har fosterforeldra dine ansvaret for deg og skal ta avgjerder som gjeld deg i det daglege. Det betyr mellom anna at fosterforeldra dine skal ha kontakt med skulen, følgje opp fritidsaktivitetane dine og ta deg med til lege om du er sjuk. Det er også fosterforeldra dine som har det avgjerande ordet når det gjeld avtalar mellom dykk om kor lenge du kan vere ute om kvelden, og kva slags aktivitetar du kan vere med på. Foreldra dine Foreldra dine bestemmer vanlegvis kva religion du skal høyre til, og skulegangen din fram til du er 15 år. I tillegg bestemmer dei mellom anna kva namn du skal ha, både fornamn og etternamn. Barneverntenesta Nokre store avgjerderer må fosterforeldra dine snakke med barneverntenesta om. Det gjeld til dømes om du kan vere med dei på utanlandsturar utanfor Norden, og om dei kan ta med seg deg og flytte til ein annan stad. Fylkesnemnda I nokre saker er det foreldra som bestemmer at eit barn skal bu i fosterheim, og andre gonger er det fylkesnemnda. Fylkesnemnda består av ein leiar som er jurist, og to til fire personar som blir kalla fagkunnige og lekmenn. Dei fagkunnige kan vere psykolog, barnevernpedagog eller sosionom. Lekfolk skal vere heilt «vanlege» folk. Når dei skal bestemme noko for eit barn, blir det arrangert eit møte. Her møter også saksbehandlaren frå barneverntenesta med ein advokat og foreldra dine med advokat. Når du har fylt 15 år, har du også det vi kallar partsrettar, og kan møte med eigen advokat. Andre som kjenner deg og familien din, kan bli bedne om å komme til møtet i fylkesnemnda for å svare på spørsmål. Fylkesnemnda og advokatane stiller spørsmål for å få mest mogleg informasjon om deg og korleis du har det. Om du allereie bur i fosterheim når fylkesnemnda skal bestemme noko for deg, kan fosterforeldra dine bli kalla inn som vitne. Om det er fylkesnemnda som har bestemt at du skal bu i fosterheim, bestemmer fylkesnemnda også kor ofte du skal treffe foreldra dine, og om du skal flytte heim att til familien din eller ikkje. 10 11

Rett til å få vite Du har rett til å få vite kvifor du er i fosterheim, og kor lenge du skal vere der. Det er barneverntenesta som har ansvaret for at du får informasjon, sjølv om det kanskje er fosterforeldra dine som snakkar med deg om dette. 13

Teieplikt Både fosterforeldra dine, saksbehandlaren og tilsynsføraren har teieplikt når det gjeld deg og bakgrunnen din. Dei kan snakke med kvarandre om deg for å kunne syte for at du har det bra, på ein god måte. Om du begynner på ny skule, er det viktig å snakke om kva lærarane skal få vite om deg, og kva dei andre i klassen skal få vite. Det kan vere lurt at dei veit at du bur i fosterheim. 15

Du skal få seie meininga di Både fosterforeldra dine og andre vaksne som tek avgjerder som gjeld deg, skal la deg få seie det du meiner. Dei skal også høyre på deg og ta omsyn til det du seier. Du har alltid rett til å seie det du meiner, men du er ikkje nøydd til å seie kva du meiner, sjølv om dei vaksne spør. Nokre fosterbarn synest at det blir mange vaksne å snakke med. Om du har det sånn, kan du ta det opp med fosterforeldra dine eller seie det direkte til saksbehandlaren og tilsynsføraren. 17

økonomi Fosterforeldra dine får pengar frå barneverntenesta og barnetrygd kvar månad som skal gå til mat, klede, lommepengar, telefon, ferie og fritidsaktivitetar. Det er fosterforeldra dine som bestemmer over desse pengane og kor mykje du skal få i lommepengar. Om du held på med fritidsaktivitetar som kostar mykje pengar, kan fosterforeldra dine søkje om pengar til dette frå barneverntenesta. 18

Samvær med familien din Du har rett til å vere saman med foreldra dine når du bur i fosterheim. Kor mykje du skal vere saman med dei, blei bestemt av fylkesnemnda eller av barneverntenesta og foreldra dine samtidig som det blei bestemt at du skal bu i fosterheim. Nokre gonger kan det vere bestemt at du ikkje skal vere saman med foreldra dine. Det kan også vere bestemt at du skal vere saman med andre slektningar eller personar som du kjenner godt. Fosterforeldra dine skal hjelpe til slik at du får vere saman med dei. Du kan også seie frå om det er nokon i familien din eller andre du hadde kontakt med før du flytta, som du gjerne vil treffe. Barneverntenesta skal lage ein plan for kven du skal treffe, kor ofte og kvar. Dette gjeld også for bursdagar, jul og andre høgtider. Nokre gonger bestemmer dei også kor ofte du og familien din skal ringje til kvarandre. Barneverntenesta eller fylkesnemnda kan bestemme at det skal vere nokon saman med deg når du treffer foreldra dine. Du kan også seie frå anten til fosterforeldra dine, saksbehandlaren eller tilsynsføraren om du vil at det skal vere nokon saman med deg. Både saksbehandlaren i barneverntenesta og tilsynsføraren skal spørje deg korleis du synest besøka er, og om du ønskjer at de skal treffast oftare eller sjeldnare. 21

Når du fyller 18 år Når du fyller 18 år, har ikkje barnevernet omsorga for deg lenger. Du kan likevel framleis bu i fosterheimen. Barneverntenesta skal snakke med deg om du ønskjer å halde fram med å bu i fosterheimen, i god tid før du fyller 18 år. Om du ønskjer det, kan barneverntenesta bestemme at du skal få bu i fosterheimen vidare eller få anna hjelp frå barneverntenesta fram til du fyller 23. Du kan klage til fylkesmannen om barneverntenesta bestemmer at du ikkje kan få bu i fosterheimen etter at du har fylt 18 år. Du skal få hjelp av barneverntenesta om du vil sende ein slik klage. Du kan også ringje til fylkesmannen for å få hjelp med klagen. Nokre ungdommar som sjølv har budd i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon, har laga ein film om det å vere 17 år og bestemme seg for kva ein vil på 18-årsdagen. Filmen heiter «En verdig start på voksenlivet en film om ettervern». Barneverntenesta har denne filmen, og du bør sjå på denne i god tid før du fyller 18 år, anten saman med fosterforeldra dine, saksbehandlaren eller tilsynsføraren. Dei ungdommane som har laga filmen, er med i ei foreining som heiter Landsforeningen for barnevernsbarn. Du kan finne ut meir om foreininga ved å gå inn på nettstaden www.barnevernsbarna.no. 22

Vil du vite meir? Det finst ei eiga lov som heiter barnevernlova. For å forklare meir om lova er det laga forskrifter, retningslinjer og rettleiarar. I fosterheimsforskrifta står det meir om korleis du skal ha det når du er i fosterheim. I retningslinjer for tilsynsførarar for fosterheimar står det mykje om kva ein tilsynsførar skal gjere. Barnevernlova, fosterheimsforskrifta og retningslinjene for tilsynsførarar finst på Internett mellom anna på nettstaden til Barne- og likestillingsdepartementet: www.regjeringen.no. Om du ikkje har tilgang til Internett eller synest det er vanskeleg å finne desse dokumenta, kan du be om få lova, forskrifta og retningslinjene av saksbehandlaren din. 24

viktige tlf numre viktige telefonnumre - skriv inn her: Tilsynsførar Namn: Adresse: Telefonnummer: Saksbehandlar i barneverntenesta Namn: Adresse: Telefonnummer: Fylkesmannen Namn: Adresse: Telefonnummer: 27

Barne-, ungdomsog familieetaten Universitetsgaten 7 Postboks 8113 Dep. 0032 Oslo www.bufetat.no 2007 Design: Virtual Garden Design. Foto: Kai Myhre.