HANDLINGSPLAN 2013
Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2013. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2013 skal vere Velferd og livskvalitet. I dette ligg det: Alle skal ha muligheit til eit liv som er meiningsfullt og som betyr noko. For Mental Helse Sykkylven betyr dette meir satsing på aktivitetar som er inkluderande og har fokus på meistring i kvardagen. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt Handlingsplanen er rettleiande for arbeidet i lokallaget for perioden, og er årsmøtet sitt mandat til styret. Grunnlag for handlingsplanen er: Medlemane sine ynskjer og innspel Lokale forhold og hendingar i Sykkylven kommune Handlingsplan 2013 Mental Helse Sosialpolitisk program, Mental Helse 2010-2013 Organisasjonspolitisk program, Mental Helse 2010-2013 Vedtekter for Mental Helse, Gjeldande frå 1.11.2010 22. Februar 2013 MENTAL HELSE SYKKYLVEN Årsmøte - 2 -
Innhald: 1. Gjennomføring 1.1. Målsetting 1.2. Etiske retningslinjer 1.3. Arbeidsfordeling 2. Organisasjonsbygging 2.1. Medlemsverving 2.2. Økonomi 2.3. Kurs og opplæring (KUPP) 2.4. Brukarmedverknad 2.5. Samarbeid med andre 2.6. Informasjon og kommunikasjon 2.7. Mental Helse Ungdom 3. Aktivitetar i 2013 3.1. Medlemsmøte 3.2. Sosiale aktivitetar 3.3. Temakveldar og temamøte 3.4. Sykkylvsdagane 2013 3.5. Verdensdagen for psykisk helse 3.6. Brukarorganisasjonanes Informasjonssenter (BIS) 3.7. Andre aktivitetar 4. Politisk arbeid 4.1. Samarbeid med dei kommunale brukarutval og råd 4.2. Kommunalt planarbeid 4.3. Stortingsval 2013 5. Årsplan - 3 -
1. Gjennomføring 1.1. Målsetning Mental Helse Sykkylven skal bli betre enn i fjor. Det er lokallaget Mental Helse Sykkylven sin målsetning for 2013 at handlingsplanen blir gjennomført. Styret skal nytte lokallagets ressursar på best teneleg måte for å oppnå dette. 1.2. Etiske retningslinjer Lokallaget skal fylgje etiske retningslinjer i alt sitt arbeid. I Mental Helse sitt Organisasjonspolitiske program 2010-2013 er der ei liste over etikk i praksis, denne skal ver grunnlag for vårt arbeid. Styret skal utarbeide etiske retningslinjer for sitt arbeid og for lokallaget. 1.3. Arbeidsfordeling Styret i lokallaget har ansvaret for alt organisatorisk arbeide som er nødvendig for at handlingsplanen skal kunne gjennomførast. Medlemar skal inviterast til deltaking i planlegging av arrangement, dette for å skape ein organisasjon med aktive medlemar og eit inkluderande miljø. 1.4. Kontinuitet i arbeidet Styret skal prioritera aktivitetar som let seg gjennomføra på ein god måte. For å sikra kontinuitet i arbeidet bør det alltid velgast 2 personar til kvar ansvarsoppgåve. - 4 -
2. Organisasjonsbygging 2.1. Medlemsverving På alle aktivitetar som lokallaget arrangerer skal det drivast aktivt med medlemsverving. Sidan Mental Helse Ungdom ikkje har lokallag i vår kommune, vil vi også sette fokus på medlemsverving for denne aldersgruppa. 2.2. Økonomi Styret skal til ein kvar tid søkje om midlar frå offentlege tilskotsordningar og frå andre kjelder. Ved alle arrangement i regi av lokallaget skal det så langt det er mogleg arrangerast loddsal eller annan inntektsbringande aktivitet, og det skal informerast om Grasrotandelen. Kurs skal registrerast hjå Studieforbundet Funkis i KursAdmin slik vi har moglegheit for å få tilskot. Ved prosjekter skal det søkjast om prosjektstønad der det er mogleg. 2.3. Kurs og opplæring (KUPP) Mental Helse Sykkylven skal gje studietilbod som vaksenopplæring i kommunen. Kurs med fokus på fagleg kompetanse, meistring, livskvalitet og sosial deltaking skal vere satsingsområde for lokallaget. Studieleiarane i lokallaget skal delta på samlingar og kurs i regi av studieforbundet, fylkeslaget og eventuelt andre arrangørar. Medlemar skal få tilbod om kurs i organisasjonslære, fagkunnskap og brukarmedverknad, dette for å styrke organisasjonen vår og skaffe rekruttering til tillitsverv. 2.4. Brukarmedverknad Mental Helse Sykkylven skal samarbeide med dei andre brukarorganisasjonane for å styrke brukarmedverknad i kommunen. Styret i lokallaget skal ha kontakt med brukarutval og råd i kommunen, dette er viktig for å kunne gje tilbakemeldingar til medlemar om korleis brukarmedverknad fungerar i praksis. 2.5. Samarbeid med andre Lokallaget har som mål å styrke samarbeidet med andre organisasjonar. I forbindelse med aktivitetar eller i saker der det er i Mental Helse Sykkylven sin interesse å delta, kan styret inngå samarbeid med andre organisasjonar. Styret skal jobbe for ein god dialog og eit godt samarbeid med kommunen. Lokallaget sine medlemar skal få tilbod om å delta på fylkeslaget sine kurs og arrangement. - 5 -
2.6. Informasjon og kommunikasjon Styret skal bruke heimesida på www.mentalhelse.no/sykkylven og andre nettstadar til å publisere informasjon om lokallagets aktivitetar og saker. Styret skal informere medlemmane om sitt arbeid til ein kvar tid. Styret sitt arbeid skal dokumenterast og lokallagets arkiv skal haldast oppdatert. Ved arrangement skal det informerast om Mental Helse sine tenester, Hjelpetelefonen, sidetmedord.no, Arbeidslivstelefonen og Venn1. Medlemar og tillitsvalde som deltek på arrangement, kurs eller møte i andre organisasjonar skal gi rapportar frå arrangementa til styret i lokallaget. 2.7. Mental Helse Ungdom Ungdomskontakt skal ta kontakt med Mental Helse Ungdom og informere om våre arrangement slik deira medlemar også skal kunne få delta. Ungdomskontakt skal også informere styret i lokallaget om nyheiter frå Mental Helse Ungdom. - 6 -
3. Aktivitetar i 2013 Mental Helse Sykkylven har som mål å ha minst ein aktivitet kvar månad for medlemar og andre som er interesserte i psykisk helse. Aktivitetar i 2013 skal ha fokus på velferd og livskvalitet og vil ha form som medlemsmøte, temakveld, kurs eller annan sosial aktivitet. Tema som er aktuelle å sette fokus på i 2013 er: Førarkort og medisinar Psykisk helse, friluftsaktivitetar og fysisk aktivitet Angst og depresjon Ernæring og kosthald Brukarmedverknad, koordinerande tenester og individuell plan (IP) Jungelhandboka, rettigheitar Sjølvhjelpsgrupper Barn som pårørande Der det er naturleg vil også fleire aktivitetar handla om same tema, slik som temakveld med påfylgjande kurs. 3.1. Medlemsmøte Styret skal arrangere opne medlemsmøte med tema utifrå aktuelle saker dei jobbar med. 3.2. Sosiale aktivitetar Styret skal arrangere sosiale aktivitetar for medlemane slik som sumar- og juleavslutningar. Dersom det vert mulig, skal styret også legge til rette for at medlemmar kan delta på aktivitetar i saman med andre lokallag, fylkeslaget og andre organisasjonar. 3.3. Temakveldar og temamøte Mental Helse Sykkylven vil arrangerer temakveldar og temamøte der alle er velkomne, både medlemar og ikkje medlemar. 3.4. Sykkylvsdagane 2013 Lokallaget skal ha stand på Sykkylvsdagane med informasjonsmateriell og verving i fokus. Det er viktig at vi synleggjer organisasjonen vår Mental Helse. Vi må satse på å ha aktivitetar på standen i form av konkurransar slik vi blir meir synlege. Vi må skape litt oppstyr for å bli sett. - 7 -
3.5. Verdensdagen for psykisk helse 2013 Temaet i år er: Sjå kvarandre, gjer ein forskjell. Lokallaget skal delta med representantar på dialogkonferansen, og vi skal prøve å finne samarbeidspartnarar til markeringa av Verdensdagen. Arbeidet med planlegginga av arrangement skal starta opp så snart dialogkonferansen er over. 3.6. Brukarorganisasjonanes Informasjonssenter (BIS) Mental Helse Sykkylven skal ha open dag på informasjonssenteret, og delta på andre arrangement ved senteret. 3.7. Andre aktivitetar Mental Helse Sykkylven vil også arrangere aktivitetar saman med BOS Brukarorganisasjonane i Sykkylven. Vi vil også oppfordre våre medlemar til å delta på aktivitetar ved Fønixhuset og hjelpe til som frivillige der. - 8 -
4. Politisk arbeid Mental Helse Sykkylven vil jobbe aktivt med politisk påverknad for å skape gode løysningar og tilbod i kommunen innan: psykisk helsearbeid brukarmedverknad frivillig deltaking folkehelse aktivitetstilbod pålagde kommunale tenester Vi skal ikkje vere ein sutrekopp, men argumentere for gode løysningar for heile befolkninga. 4.1. Kommunale brukarutval og råd Mental Helse Sykkylven skal samarbeide med dei kommunale råda og brukarutvala. Medlemar som er brukarrepresentantar i råd eller utval skal få veileining og støtte i sitt arbeid dersom dei ber om dette. 4.2. Kommunalt planarbeid Kommunen har vedtatt å utarbeide fleire handlingsplanar innan helse- og omsorg. Mental Helse Sykkylven skal delta aktiv i høyringar og liknande for å sikra at psykisk helse vert teke omsyn til i desse planane. 4.3. Stortingsvalet 2013 I 2013 er det stortingsval og Mental Helse Sykkylven skal vere synlege i valkampen lokalt ved å sette fokus på psykisk helse når vi kan. - 9 -
5. Årsplan Styret skal utarbeide ein årsplan for aktivitetar i lokallaget. Årsplanen skal fylgje årsmøteperioden frå mars til og med februar. Enkelte aktivitetar kan overlappe dette, slik som kurs og prosjektarbeid. Årsplanen skal gi ei oversikt over aktivitetar som Mental Helse Sykkylven vil stå som arrangør for, eller er faste årlege aktivitetar i organisasjonen vår. Nokre av aktivitetane veit vi dato på no, mens andre ikkje er fastsett. Enkelte av aktivitetane er planlagt saman med andre lokallag, er i regi av fylkeslaget eller er i saman med BOS - Brukarorganisasjonane i Sykkylven. Årsplanen skal oppdaterast etterkvart som det kjem til ny informasjon, eller når det vert gjort endringar. Planen skal publiserast på nettsida, og aktivitetane leggjast inn i kalenderen. - 10 -