MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AM U Møtedato: 16.02.2016 kl. 12:00 Møtestad: Møterom BK 220 Arkivsak: 15/00145 Møtt : Reidulf Ottar Botn Aud Folkestad Stig Flåskjær, vara Marit Holstad Aarsæther Øyvind Hagen Ingunn Welle Elin Øye Halkjelsvik Nina Cathrin Garshol (Observatør) B ritt Helen Rognstad, Stamina BH T Forfall : Arne Myklebust, vara kalla inn Jacob Kjøde jr. Vara ikkje kalla inn grunna kort varsel Protokollfør a r: Solbjørg Nossen Leite 1
SAKLISTE Saksnr Sakstittel Side ssaker 1/16 Godkjenning av innkalling og referat etter AMU-møte 24.11.15 2 2/16 Val av leiar 2016. Medlemmer i AMU 3 3/16 Møteplan 2016 3 4/16 AKAN 3 5/16 Årsrapport AMU 2015 4 6/16 HMS-dag 4 7/16 Instruks for varsling 4 8/16 Sjukefråvær 5 9/16 Rapport frå BHT 5 10/16 HMS-årsrapport 2015 og HMS handlingsplan 2016 5 Orienteringssaker 1/16 IA-mål 2016 5 2/16 HMS-målsetting 2016 5 3/16 Status etter vernerundar 2015 5 4/16 ARK 5 2
1/16 Godkjenning av innkalling og referat etter AMU-møte 24.11.15 Innkalling og referat frå førre møte vart godkjent 2/16 Val av leiar 2016. Medlemmer i AMU Aud Folkestad vart valt som leiar for AMU i 2016. Der kom inn merknad om at samansetninga av varamedlemmene i AMU ikkje fylgjer forskrift om representasjon av begge kjønn i statlege utval, då der er seks mannlege og to kvinnelege vararepresentantar. Kravet er at der skal vere minst 40% representasjon av kvart kjønn. I val av representantar frå leiarsida er dette tatt omsyn til, men ikkje frå tilsett sida. AMU godkjenner noverande samansetning, men ber om at tenestemannsorganisasjonane er merksame på likestillingsrepresentasjon ved val av nye medlemmer til AMU. AMU ynskjer å følgje ordninga med at val av nye medlemmer følgjer kalenderåret. Leiar skal veljast i det fyrste møtet i året, og trer inn som leiar frå møte to. 3/16 Møteplan 2016 Møtedatoar 2016: 24.mai 27.september 22.november 3
4/16 AKAN Arbeidsutvalet undersøker om fagmiljøet ved ASH og BHT kan delta i internopplæring om rus og AKAN-arbeid. Målgruppa er leiarar, verneombod, tillitsvalde og AMU-medlemmer. AMU-medlemmer får tilbod om å delta på AKAN-opplæring i regi av Alor som er eit arbeidslivs- og rusnettverk for Møre og Romsdal. Opplæringa er i mars. Møtesekretær sender invitasjon på e-post 16.februar. 5/16 Årsrapport AMU 2015 AMU godkjenner rapporten. 6/16 HMS-dag AMU ønskjer å behalde HMS-dagen. Dagen er ein viktig arena for å kunne samle alle for å sette fokus på aktuelle HMS-områder. Tidspunktet for HMS-dagen skal drøftast. I år var der eitt stort arrangement dagen etter HMS-dagen, dette bør vu unngå for framtida. HMS-prisen blir delt ut dersom der kjem inn gode forslag om enkeltpersonar eller avdelingar som har utmerka seg i HMS-arbeidet. Hovudverneombodet foreslo at HMS-dagen i 2017 skal vere ein aktivitetsdag i idrettsbygget. Han vil undersøke om fagmiljøet ved Idrett- og friluftsliv kan delta. Det kan også vere aktuelt at BHT deltek i samband med dette arrangementet. Saka blir følgt opp i neste møte. 7/16 Instruks for varsling AMU godkjenner instruksen med følgjande endring. Pkt.5 Ved HVO skal varsel meldast til høgskuledirektør eller hovudverneombod. Pkt.6 4
Skjemaet kan sendast til høgskuledirektør eller hovudverneombod. Pkt.7 Når leiar som har ansvar for undersøking og sakshandsaming har mottatt varselet må leiar undersøke det påståtte kritikkverdige tilhøvet nærare. Det skal opprettast ei sak som skal journalførast i p 360 etter gjeldane regelverk. Instruksen skal gjerast kjend for alle leiarar ved HVO, dei har ansvar for å informere sine tilsette. Instruksen ligg i HMS-handboka. 8/16 Sjukefråvær Personaldirektør orienterte om sjukefråværstala. Kvinner i helitidsstilling har ein auke i sjukefråværet gjennom året. Personalkontoret utarbeider statistikk slik at ein kan samanlikne tala over fleire år. Leiarane har ansvar for å følgje opp dei tilsette etter gjeldande regelverk. NAV har skjerpa sine rutine for kontroll av at oppfølgingsplan er utarbeida. 9/16 Rapport frå BHT Rapportane vart tatt til vitande. 10/16 HMS-årsrapport 2015 og HMS handlingsplan 2016 Rapportane vart tatt til vitande. Rapportane syner at HVO arbeidar målretta og systematisk med HMS. Saknr Arkivsak Tittel 1/16 14/01464-9 IA-mål 2016 2/16 15/00157-9 HMS-målsetting 2016 3/16 15/01067-9 Status etter vernerundar 2015 4/16 15/01301-3 ARK Kartlegginga følgjer utarbeida milepælplan. 5
6