PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGEDAL TIL RØLDAL 25.08-29.08.08. Måndag 25. august 2008

Like dokumenter
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Pilegrimen går ikkje gjennom verda for å oppleve noko nytt. Men for sjølv å bli ny. (Augustin ) 430)

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Eit friminutt frå sorga

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

6. trinn. Veke 24 Navn:

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

mmm...med SMAK på timeplanen

Å VANDRE MED HÅP

Jon Fosse. For seint. Libretto

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

I N N H O L D. Forord

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge


Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGE KYRKJE TIL RØLDAL

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

OK, seier Hilde og låser.

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Årgang 55 - Nr. 3 MAI 2009

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

/

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Brødsbrytelsen - Nattverden

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.


Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008:

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Hallo i nedslagsfeltet!

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Kom skal vi klippe sauen

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

INFORMASJON TIL DELTAKARANE PÅ PILEGRIMSVANDRINGA TIL RØLDAL 2013

S.f.faste Joh Familiemesse

Brannsår, rus eller friheit?

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

INFORMASJON om førestellinga:

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Innsamlingsakjsonen 24. mars kva, kvar, når og korleis

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Psykologisk førstehjelp i skulen

Informasjon til elevane

Transkript:

PILEGRIMSVANDRING FRÅ GRUNGEDAL TIL RØLDAL 25.08-29.08.08 Måtte vegen stiga opp For å møta deg Måtte vinden alltid vera deg i ryggen Måtte sola skina varmt På ditt andlet La regnet falle mjukt på Dine åkrar Og til me møtast att Må Gud halde deg i si hand. Måndag 25. august 2008 Utafor Grunge kyrkje samla det seg etterkvart 15 pilegrimsvandrar. Prosjektet me hadde snakka om i nesten eitt år, var endeleg klart til start. Her var brukarar frå Tokke, Nissedal, Vinje og Vi-To Kompetanse. Åtte brukarar eller rettare femten medvandrar. Dette er vel den sterkaste oppleving av å vera på like fot eg har hatt i jobben (Frå evalueringa) Prosjektet som etterkvar vart kalla den Gode Veg hadde (Keltisk velsigning) fem møter på førehand. Alle psykiatrileiarane i Vest- Telemark var involvera, dessutan DPS i Seljord, Vit-To på Dalen og skogsleiren i Fyresdal. Prostidiakonen i Vest- Telemark har fungert som prosjektleiar. Frå Folkehelsa i Telemark fekk me ti tusen kroner tiltiltaket. Ei støtte som gjorde at vandringa kunne gjennomførast. Etter eit kort namnopprop og nistespising gjekk me inni i kyrkja. Eilev delte nokre vandringstankar og tente lys i lysgloben. Klokka 14.45 tok me dei fyrste stega mot målet i Røldal. Regnet silte ned og journalisten frå Telemarksavisa tok bilete av oss oppe på E 134. Det gjekk i eit godt tempo mot Edland. Ved 16.30-tida kom me til Velemoen Camping der Vibeke Christenson tok godt imot oss, og fekk oss losjert inn i to store og to små hytter. Tre av gutane var etter kort tid ute med fiskestong. Men det vart berre eitt napp, så fiskesuppa frå Vinje Kjøkken kom godt med. Hilde Åsenes Tjønn køyrde opp til Omsorgsbustadene på Norheimstunet og fekk varma maten. Seinare på kvelden kom eldsjela for pilegrimsvegen Ragnvald Christenson og prosjektleiar ved Vest-Telemark Museum Una Høydal innom for å fortelje oss litt om vegen me gjekk. Under heile vandringa hadde me med oss ein buss frå Haugen Taxi i Vinje. Bussen og bilane med tok med oss langs vegen,skapte tryggleik om noko uventa skulle hende. Elles vart òg det delt ut pilegrimspass denne kvelden. Dagsetappa var på vel fem kilometer. Ein lærer seg sjølv å kjenne på godt og vondt. Godt med all bakupp, som folk og bilar langs vegen. (Frå evaluering). Ro deg ned gå deg ein tur, sa mamma når eg var som mest hissig i ungdomen. Det hendte det hjalp og at eg kom roligare attende. Seinare har eg skjøna at det er noko med dette å ta beina fatt. Det gjev høve til ettertanke og ny start. Folket på vandringsvegen er ulike. Det er noko av det eg likar best. Somme går for historie og kultur langs vegen. Andre for helsa si skuld. Nokon i solidaritet med ein som såg det uråd å gå aleine. Andre for det åndelege. Eller heile pakka. Men det er den same høge himmelen me går under. Kjenner varmen frå den same sola. Eller går saman i kaldt regn. Får like vonde

gnagsår, og trakkar i den same sauemøkka. Langs gamle vegar går dagane. Dagar som lagar nye stigar i sinnet. Opnar noko nytt mellom menneske på vegen. Ett er nødvendig Her i denne vår verden av husville og heimløse Å ta bolig i seg selv Gå inn i mørkret Puss sotet av lampen Slik at mennesker på vegen Kan skimte lys i dine bebodde øyne (Hans Børli) Tysdag 26 august 2008 Tysdag var det felles frukost før me møtte dagens kjentmann Tjøstolv Kvålen. Etter planen skulle me ha gått kl.9.15. Men grunna litt logistikkproblem (ein nøkkel på vidvanke og mat sett inn i feil campinhytte) vart klokka nærare 10.30 før me kunne byrje å gå. Kjentmann Tjøstolv leia oss i akkurat pase tempo opp gjennom Edland og opp Ålmannavegen. Ved Olavskjelda (den utørka) delte underteikna vandringstanke. Det tok tungt på å gå opp liene frå Edland, og på ved Botn fekk eit par skyss til Fjellstad Camping. Vel 17.30 var alle framme i Vågslid. Her fekk damene plass inne i huset, og mannfolka fann seg campinghytter i enkel standard. Somme merka godt denne vandringsdagen. Til middag var det jordeple og gode kjøtkaker. Denne dagen gjekk me vel 13 kilometer. Hvis eg kjem opp den fyrste bratte kneika- då kjem eg heilt fram, tenkte eg. På vandringa fekk eg kjensle av å vera likeverdig.det var ein god tanke. (Frå evaluering) Om ein har mist retninga i livet, kan det vera nyttig å finne seg eit mål og så bestemmme seg for å gå dit, seier eit gamalt ord. Mange har gått mot Røldal før oss. Somme vart helbreda og takka Gud. Men mange gjekk skuffa heim. Likevel hadde vandringa og fellesskapen langs vegen gjort dei godt. På pilegrimsvandringa er det beina som talar. Godt når orda har vorte alt for store og harddisken er full. Tankar forsvinn frå hovudet. Blir liggande att langs vegen. Så får ein sjå om ein vil henta dei ved seinare høve. Men fyrst må ein klive liene og trakka vegane. Vi som lever oppi desse fjell og fjerne skogslier her kliv her klagar vi og lite ser vi att av alt strev Men vi blir her Vi dreg ikkje herifrå for noko i oss prisar desse skrinne bakkar

Vi har teke fasong etter dei vi må ha dei å gå i og å stø oss i mot ellers miste vi vel retningen ellers fekk vi vel for stor fart ellers rulla vi bort ellers rusa vi vel til havs Oppi desse berg og fjerne skogslier her lever vi, klagar vi, syter vi er vi verkelege (Arvid T. Lie) Onsdag 27 august 2008 Tysdag kveld drøfte me att og fram ulike alternativ for turen frå Vågslid til Ulvåa. (Vermeldinga var heller dårleg). Men det var vår gode kjentmann Ragnvald Christenson som kom med det beste alternativet: Buss til vegen opp til Havradalen. Traktorvegen opp til Ålmannavegen og den vidare til Ulvåa. Onsdag morgon kom det og to ekstra deltakar frå Tokke. Ved oppstart ved 9.30-tida var det regn og noko skodde. Men ikkje slik at me var redde for turen. Vandringstanken frå Eilev denne dagen handla ironisk nok om den bortkomne sonen. Ved 12.30 tida oppdaga me at ein deltakar var borte.( Hadde lagt att mobiltelefonen i hytta) Cecilie Berdalen sprang over halve Haukelifjell, men fann ingen. Hovuddgrupppa kom ned til Ulvåa ved 17-tida. Ved 15-tida tok med kontakt med Vinje Lensmannskontor. Dei sette i gang leiting; kontakta Haukeli og Edland Raude Kross ved Frøydis Skogheim og etterkvart kom politi og fem-seks Raude Krossarar Haukeliseter. Eit helikopter frå Hovden fann så den sakna rett før klokka 21. Han hadde handla kaldt og roleg når han skjøna han var borte, og teke inn i ei hytte. Det var ei kjempelette når han kom attende til Fjellstad. Seinare kom Raude Kross og politiet til Fjellstad for litt etterarbeid. Her var det suppe, kaffe og lapper attå. På Fjellstad var verdas beste psykiatrikompetanse samla denne kvelden: Karin Kåsa, Britt Svalastog, Astri Bye Ramberg, Hilde Åsnes Tjønn. Alt i alt var etappa på 11 kilometer. Terapifritt. Lite sjukdomsprat. Godt å gå mot eit felles mål. Har fått sett nye, sterkare sider hjå dei andre. (Frå evaluering) Å være på vandring betyr at ein ikkje veit kva som ventar ein. Eit indonesisk ord for reise tyder å få vaska augo. På vandringa kan ein kan risikere litt av kvart. Som: utvikle venskap, kjenne ein ny fred, få smaken på det enkle vandringslivet, få ein god latter, auka kjærleik til naturen, opne seg mot andre, bli meir tolerant og audmjuk, få gje noko godt til andre og oppleve at andre vil ein vel. I mitt hovude likar eg å tenke på at dette er den gode Guds avtrykk i verda. Somme spør meg om ein må vera truande for å vandre pilegrim. Nei, tenker eg, kan ein ikkje heller snakke om å ver nysgjerrig på trua, ha ei lengt eller undring i seg. Og i beste fall kan kyrkja med sin songar, liturgi og sitt fellesskap tru for ein. Ei dame på eit kurs skulle forklåre kva som dreiv henne i arbeidet med med alkoholikarar: Når folk har slutta å tru på seg sjølv, treng dei nokre som trur på dei.

Stundom møter vi menneske som hentar fram det beste i oss. Menneske som opnar for våre kjelder, som lokkar fram våre farger som aukar varmen i våre liv. Stundom møter vi menneske som ser bak våre skal så vi gløymer vi har dei og glitrar fram i vår prakt. Menneske som vi ber i oss etterpå med takksemd ( Olav H. Hauge) Torsdag 28 august 2008 Torsdag morgon var det berre glede over den attefunne deltakaren. Han fått fått ei vridning i kneet og måtte reise heim. Samstundes hadde ein anna deltakar nådd sine grenser og reiste heim. Me starta frå Haukelitunnelen. Her vart me møtt av Svein Gjølv frå Røldal. Starta herifrå ved 10.15 og hadde fekk verdas beste kjøttbollesuppe på hytta i Dyrskard. Her var Eilev vandringstanke noko om takksemd etter gårsdagens hending. Ein av deltakar song Johans Bakkens song om den bortkomne sauen. Etterkvart som me nærma oss Svandalsflona vart det betre og varmare vèr. Til middag var det spekemat og ròmegraut. Tretten kilometer gjekk me denne dagen. Fjellet er betre enn piller, tenkte eg midt på Haukeli. Godt å oppdage at eg kunne halde følge, og ikkje var til bry eller sinka andre. ( Frå evalueringa) Det er mangt ein kan tenkje på langs vegen. Natur og menneske går i eitt. I det eg bøyer meg ned for drikke i ein bekkeos, møter eg eit kjent andlet. Ei dame som sa ho hadde møtt veggen. Ein vegg bygd av eit hardt liv gjennom mange år. No trengte ho nokon å snakke med. På trammen etter samtala spurte eg om ho om ho såg noko dør i veggen. Då såg på meg med sine gode augo: I dag vart du døra mi. Så fint å bli kalla dør. Den som aldri har lege oppskrubba i utforbakkar aldri halta med gips rundt ankelen.

Aldri falle for smil frå lepper aldri har stupt i trapper av rusgifter og svimla i svermer av ukjende stjerner har aldri kjent den umåtlege glede ved å kunne reise seg att, falle og reise seg att ( Marie Takvam) Fredag 29 august 2008 Me kom med kolonna gjennom Haukelitunnelen ti på ti og kunne starte frå Svandalsflona kvart over. Rett etter Olavssteinen møtte me kjentmannen frå førrdagen Svein Gjølv. Han gjekk som ein anna Johannes Døypar, og rydda vegen for oss. Godt å ha Svein med seg ned liene til Røldal. Det var tydeleg at folk byrja å kome i form og vel 15.30 nådde me målet. Her vart me tekne imot av pilegrimsprest Arne Nataas. Han hadde ordna med pilegrimsdiplom til alle deltakarane. Etter samlinga i kyrkja, gjekk til felles middag på Skyssstasjonen. Vel kl.17 var me i bussen på veg heim etter tretten kilometer på vegen. Pilegrimsvandringa går mot ein ende. Godt å å sjå den vesle kyrkja i Røldal. Kjenne seg velkomen. Kjenne seg heime. Dei gamle pilegrimane hadde ei oppgåve etter at dei var kom heimatt: Å gje det gode dei hadde møtt langs vegen, vidare og slik alltid vera undervegs. Guds hjerte vet vi ikke men vi vet noe som oversvømmer oss som et regn over hendene Hans øyne ser vi ikke men vi ser usynlig lys over alle ting som i sommernatten Hans stemme hører vi ikke men vi finner veier overralt og spor i hjertene og stier med lavmælte lys ( Rolf Jacobsen)

Ved vegs ende er eg enno berre ved starten av nye vandringar. Vandringar på stigar med lågmælt lys. Den gode veg. Nå veit eg at 14 kilometer i nærmiljøet - vil gå greit for meg. Eg kan melde meg på turer i DNT. ( Frå evalueringa) Dalen 12.09.08 Eilev Erikstein Prostidiakon i Vest-Telemark Prosjektleiar Den Gode Veg 2008 eilever@online.no mobil 91113580