Fedje kommune. Møtebok for Formannskapet. Hilde Koppen Kristin Handeland Terje Storemark Roy-Asle Tungland. Ottar Tangen

Like dokumenter
Fedje kommune. Møtebok for Eldrerådet. Møtedato: Møtestad: Fleirbrukshallen, møterommet Møtetid: 10:00-12:00

Fedje kommune. Møtebok for Eldrerådet. Møtedato: Møtestad: Kalvedalen Møtetid: 14:30-15:30

Møteprotokoll for Formannskapet

Fedje kommune. Møtebok for Formannskapet. Møtedato: Møtestad: Slissøyna/Skarvøyna i Fedje fleirbrukshall Møtetid: 17:00-19:00

Fedje kommune. Møtebok for Kommunestyret

Fedje kommune. Møtebok for Kommunestyret

Fedje kommune. Møtebok for Eldrerådet. Marie Karlsen Oddvar Nilsen Husa. Ingrid Handeland Randi Hatlem Per Opsahl

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Fedje kommune. Møtebok for Eldrerådet. Møtedato: Møtestad: Møtetid: 10:00-11:00. Møtet vart halde i Kalvedalen.

Fedje kommune. Møtebok for Arbeidsmiljøutvalet. Bjarte Villanger Jostein Husa Vidar Bråthen Kristin Handeland. Roy-Asle Tungland

Møteprotokoll Formannskapet

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer. Følgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerer

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

SAKSGANG. Arkivsaknr. Morten B. Aasbø

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 106/12. Tittel: :: Kommunale avgifter og betalingssatsar 2013 Arkivsak: 12/3133

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Innkalling til Flora eldreråd

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Eldrerådet Møtedato Møtetid: Kl. 12:30-13:45 Møtestad: Kommunehuset

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 137/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

Helse- og sosialsjef Økonomisjef Sekretær

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 136/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: Tid: 13:00

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 68/2015 Formannskapet PS /2015 Kommunestyret PS

2 av 7 næringsområdet på Gaupholm. Det vert heller ikkje gått vidare med andre alternative plasseringar, men kommunen vil arbeida tett mot vegvesenet

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Fitjar kommune Møteprotokoll

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: Møtestad: Kommunehuset

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Fedje kommune. Møtebok for Kommunestyret

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 13:00 15:15

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15:00-19:30 Møtestad: Kommunehuset

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapssalen Saknr.: 01/12 06/12

AUSTRHEIM KOMMUNE KOMMUNALE BETALINGSSATSAR, AVGIFTER OG GEBYR REGULATIV FOR Satsane gjeld frå

Fedje kommune. Møtebok for Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Behandling i Formannskapet den FRAMSETT FORSLAG FRÅ: Arve Opsanger (AP) / Ole T. Holmedal (Frp) / Kjell Yri (V) / Marit E.

Transkript:

Fedje kommune Møtebok for Formannskapet Møtedato: 18.11.2014 Møtestad: Sosiale rommet, Fedje fleirbrukshall Møtetid: 09:00-16:00 Møtet gjekk over to dager. Andre dag (19.11.14) varte møtet frå kl. 09.00 til kl. 14.00 Møtedeltakarar Hilde Koppen Kristin Handeland Terje Storemark Roy-Asle Tungland Parti Ap Ap H Krf Møtedeltakarar vara Ottar Tangen Parti Frp Forfall meldt frå følgjande medlemmar: Paul Gunnar Gullaksen Parti H Følgjande møtte frå administrasjonen: Bjarte Villanger, Grete Herøy, Vidar Bråthen, Øyvind Tolleshaug

Sakliste Saknr Tittel 094/14 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste 095/14 Godkjenning av møtebok 096/14 Referatsaker 097/14 Delegerte saker 098/14 Delegerte saker partssamansett utval 099/14 Delegerte saker teknikk og miljø 100/14 Delegerte saker oppvekst og omsorg 101/14 Godkjenning av lokale forhandlingar 2014 102/14 Biosfæreprosjektet - deltaking - prosjektfinansiering 103/14 Kartlegging av uønska deltid i Fedje kommune 2014 104/14 Tannhelsetenesta - ny klinikkstruktur 2015-2013 høringsuttale frå Fedje kommune 105/14 Kommunebudsjettet 2015 106/14 Prisjustering trygghetsalam 2015 107/14 Prisjustering - praktisk bistand ( heimehjelp) 2015 108/14 Prisjustering - matombring 2015 109/14 Dagtilbod for demente - prisjustering 110/14 Barnehagesatsar 2015 111/14 Justering av satsar i SFO for 2015 112/14 GEBYR FOR FEIING OG TILSYN I 2015. 113/14 GEBYR FOR TØMMING AV SLAM 114/14 GEBYR FOR VATN OG KLOAKK 2015 115/14 GEBYR RENOVASJON FOR 2015 116/14 HUSLEIGER I KOMMUNALE BUSTADER I 2015 117/14 Godkjenning av skatteøre og skatt på verk og bruk for 2015. 118/14 Økonomiplan 2015-2018 119/14 Sentrumplan for Fedje 120/14 LOKALE FORHANDLINGAR 2014 - RÅDMANN OG ASS.RÅDMANN

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug 14/768 Saksnr Utvalg Type Dato 094/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Godkjenning av møteinnkalling og sakliste Forslag til vedtak: Møteinnkalling og sakliste vert godkjent. Formannskapet - 094/14 F - behandling: F - vedtak: Møteinnkalling og sakliste vert godkjent. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug 14/768 Saksnr Utvalg Type Dato 095/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Godkjenning av møtebok Forslag til vedtak: Møtebok frå sist møte vert godkjent. Formannskapet - 095/14 F - behandling: F - vedtak: Møtebok frå sist møte vert godkjent. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug 14/768 Saksnr Utvalg Type Dato 096/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Referatsaker Underliggende saker: Saksnummer Tittel 096/14.1 Kontrollutvalet - møteutskrift av 24.09.2014 Saksnummer Tittel 096/14.2 Ny utsleppsleidning på Slaren - Byggerekneskap Saksnummer Tittel 096/14.3 Revisormelding Ny utsleppsleidning på Slaren Forslag til vedtak: Referatsaker vert tekne til orientering.

Formannskapet - 096/14 F - behandling: F - vedtak: Referatsaker vert tekne til orientering. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug 14/768 Saksnr Utvalg Type Dato 097/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Delegerte saker Underliggende saker: Saksnummer Tittel 019/14 Svar på søknad om pendlartilskot Saksnummer Tittel 020/14 Tildeling av kommunal bustad november 2014 Saksnummer Tittel 021/14 Svar på søknad om ledig stilling i PU tenesta i Fedje kommune Saksnummer Tittel 022/14 TILSKOT TIL TRU- OG LIVSSYNSSAMFUNN 2014 Saksnummer Tittel 023/14 TILSKOT TIL TRU- OG LIVSSYNSSAMFUNN 2014

Saksnummer Tittel 024/14 TILSKOT TIL TRU- OG LIVSSYNSAMFUNN 2014 Saksnummer Tittel 025/14 TILSKOT TIL TRU- OG LIVSSYNSSAMFUNN 2014 Saksnummer Tittel 026/14 TILSKOT TIL TRU- OG LIVSSYNSSAMFUNN 2014 Saksnummer Tittel 027/14 TILSKOT TIL TRU- OG LIVSSYNSSAMFUNN 2014 Forslag til vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering. Formannskapet - 097/14 F - behandling: F - vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug 14/768 Saksnr Utvalg Type Dato 098/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Delegerte saker partssamansett utval Underliggende saker: Saksnummer Tittel 016/14 Svar på søknad om stilling som sjukepleiar Forslag til vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering. Formannskapet - 098/14 F - behandling: F - vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug 14/768 Saksnr Utvalg Type Dato 099/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Delegerte saker teknikk og miljø Underliggende saker: Saksnummer Tittel 024/14 Løyve til å byggja vinterhage. Saksnummer Tittel 025/14 Om handsaming av klage på oppmålingsforretning og matrikkelbrev. Saksnummer Tittel 026/14 Løyve til å leggja ut flytebryggja på bnr. 168, bnr. 16. Saksnummer Tittel 027/14 Løyve til å byggja trykkavlaupsanlegg på Kopper.

Forslag til vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering. Formannskapet - 099/14 F - behandling: F - vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug 14/768 Saksnr Utvalg Type Dato 100/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Delegerte saker oppvekst og omsorg Forslag til vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering. Formannskapet - 100/14 F - behandling: Ikkje saker. F - vedtak:

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Dagrun Gunnarson FE - 515 14/735 Saksnr Utvalg Type Dato 101/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Godkjenning av lokale forhandlingar 2014 Bakgrunn Hovudtariffavtalen seier at kommunen skal halde lokale forhandlingar med dei lokale arbeidstakarorganisasjonane for dei tilsette som kjem inn under kap.3 og 5 kvart år. I tråd med delegasjonsreglementet ligg lokale lønnsforhandlingar for arbeidsgjevar sin del under lønnsutvalet. Til forhandlingane er det ikkje definert ein pott frå sentralt hald, og difor skal formannskapet godkjenne summane lønnsutvalet har forhandla fram. Kap. 3 og kap.5 omfattar leiarane og enkelte andre administrative stillingar. Dei får alle lønnstillegg fastsett i lokale forhandlingar, i motsetning til dei tilsette under kap.4 som får tillegg etter sentrale avtalar. Rådmann og ass.rådmann er teke ut av lønnsforhandlingane sidan dei sjølve sitt/ er vara i lønnsutvalet, og skal forhandle direkte med formannskapet. Formannskapet sette rammene for det lokale oppgjeret i møte 14.10.2014 F-sak 91/14. Forhandlingane er no over, og det vart semje med alle partar. For kap 3 og kap 5 er dei totale utgiftene fordelt på slik: Kostnad oppgjeret pr. 01.05.14: 201 575 kr, dvs. 4,36% (2,91% på årsbasis) Kap. 3 leiarane og mellomleiarane 3,74% (2,49% på årsbasis) - kr 87900 Kap 5 særskilte stillingar som lege, bibliotekssjef, planleggjar osb: Kap. 5.2 5% (3,34% på årsbasis) 113 675 kr Oppgjeret i kap 4 vart sentralt berekna til 3,34% på årsbasis inkludert overheng og glidning anslått til 0,6%. Konklusjon Lønnsutvalet haldt seg innafor ramma som var gjeve på førehand av formannskapet, og det lokale oppgjeret i kap. 3 og kap 5 kan godkjennast.

Forslag til vedtak: Formannskapet godkjenner protokollane for lokale forhandlingar 2014 etter kap. 3 og 5. Formannskapet - 101/14 F - behandling: F - vedtak: Formannskapet godkjenner protokollane for lokale forhandlingar 2014 etter kap. 3 og 5. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Vidar Bråthen 14/744 Saksnr Utvalg Type Dato 102/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS Biosfæreprosjektet - deltaking - prosjektfinansiering Vedlegg: VS Biosfæreprosjektet - saksopplysningar og forslag til vedtak Prekvalifiseringssøknad Nordhordland Biosfæreområde Forslag til saksopplysning og vedtak for kommunane Biosfæreprosjektet Bakgrunn I 2013 gjorde kommunane i NHL vedtak om å utarbeida ein søknad til UNESCO å verta det første godkjente biosfæreområdet i Norge. Det er Nordhordland Utviklingsselskap IKS saman med UiB som står bak dette prosjektet. Forprosjektet er finansiert av kommunane i NHL og UiB. Det planlagte prosjektet har stor utstrekning. Det strekkjer seg gografisk frå Sognefjorden,opp i Stølsheimen og ut til olje og gassfelta utanfor kysten vår. Prosjektet har som mål å utvikla regionen på eit modene og berekraftig vis. Kommunestyret er gjort kjent med innhaldet i prosjektet i eit tidlegare kommunestyremøte. Initiativtakaren ber om snarleg tilbakemelding. Målet er å få sendt inn ein søknad til den norske UNESCO komiteen i desember 2014. Vurdering Biosfæreprogrammet skil seg frå Verdsarvprogrammet ved at målsettinga er å sjå framover for å sikra ein positiv berekraftig bruk av regionen sine eigne naturgjevne, kulturelle og økonomiske føresetnader. Prosjektet er godt forankra i heile regionen. For å koma vidare i saka, krev det full tilslutnad og delfinansiering. Miljø NHL regionen ser det som interessant å få ta del i internasjonale satsingar. Dette er ei viktig merkevarebygging for heile regionen. Økonomi I budsjettet for biosfæreprosjektet er det lagt opp til at kommunane er med å delfinansierer dette

arbeidet årlig kr 500.000 for planperioden 2015 2017. I alt er det 10 kommunar som deltar i dette samarbeidet. Finansieringsmodell: 5% fastdel + folketal vekta for frie inntekter. Dette er samsvar med anbefalt modell frå rådmannsutvalet. Fedje kommune sine årlege kostnader utgjer ca. kr 30.000. Dette tilsvarer ca. 6% av totalkostnadene. Konklusjon Viktig og stort fellesprosjekt med framtidshåp. Forslag til vedtak: Fedje kommune ønskjer å delta i prosjektet for å bli ein del av Nordhordland Biosfæreområde. Kommunen forpliktar seg til å vera med å delfinansiera vår del, kr 30.095 for hovudfasen av prosjektet innanfor den ramma som prosjektplanen legg opp til. Formannskapet - 102/14 F - behandling: F - vedtak: Fedje kommune ønskjer å delta i prosjektet for å bli ein del av Nordhordland Biosfæreområde. Kommunen forpliktar seg til å vera med å delfinansiera vår del, kr 30.095 for hovudfasen av prosjektet innanfor den ramma som prosjektplanen legg opp til. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Dagrun Gunnarson FE - 420, HistSak - 11/452 14/598 Saksnr Utvalg Type Dato 103/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS Kartlegging av uønska deltid i Fedje kommune 2014 Vedlegg: Svar uønska deltid 2014 vedlegg til sakspapir Oppsummering: Fleirtalet av dei deltidstilsette i Fedje kommune ønskjer større stilling. Berre 25% av dei som har svart ja, ønskjer full stilling. Det er ikkje stor skilnad på dei som er ufaglærte og dei som har utdanning. Fleirtalet har ikkje søkt ledige stillingar det siste året, ønskjer ikkje å finansiere (meir) utdanning sjølv, og ønskjer ikkje å jobbe meir helg for å få auka stilling. I forhold til kartlegginga i 2011, fordeler svara seg overraskande likt. Mandat: Tinging frå kommunestyret 24.04.14 i samband med rapportering av likestillingsstatus i Fedje kommune (sak 014/14). Metode: Spørjeskjema sendt ut til alle fast tilsette pr. dato (på heimeadresse) som arbeider deltid pr. 27.08.2014, med svarfrist 15.09.2014. Inkludert dei som var ute i lønna/ulønna permisjon på dette tidspunktet. Totalt vart det sendt ut 48 brev. 26 har svart innan fristen. Svarfordeling: Sjå vedlegg. Konklusjonar: Ein må sjå konklusjonane på bakgrunn av relativt lav svarprosent og lavt tal i populasjonen. Svarfordelinga påfallande lik kartlegginga i 2011. Me skal likevel vere forsiktige med å generalisere. Tala indikerer følgjande: Fleirtalet av dei deltidstilsette vil ha større stilling. Men berre nokre av dei ønskjer seg 100% stilling. Det er ikkje stor forskjell mellom ufaglærte og utdanna. Mange deltidstilsette er ikkje så flinke til sjølv å ta fatt i det at dei ønskjer større stilling. 3 av 4 har

ikkje søkt ledige stillingar det siste året, sett ikkje i gong med utdanning og ønskjer ikkje å jobbe meir helg for å få auka stilling. Dei som er viljuge til å jobbe annakvar helg i pleie og omsorg for å få større stillingsstorleik, gjer det allereie. Dei har søkt ledige stillingar og tilbudt seg å jobbe helg oftare. Det går igjen at det i stor grad er dei same som er veldig aktive. Det er gjerne dei same som har kryssa på at dei har søkt ledige stillingar siste 12 månader, dei ville teke utdanning, og kan jobbe annakvar helg for å auke stillingsstorleiken. Den største forskjellen frå kartlegginga i 2011 er at mange fleire av våre deltidstilsette no svarar «nei» på å jobbe annakvar helg for å auke stillingsstorleiken. I 2011 svarte 35% nei, i 2014 svarte 59% nei. Omtrent like mange svarar ja men i 2011 var det mange som ikkje svarte på spørsmålet. Den andre endringa frå 2011 er at fleire av dei med utdanning seier at dei har søkt på ledige stillingar siste 12 månader, mens færre av dei ufaglærte seier det same. Dette kan henge saman med at rutinene for intern utlysing har vorte betre noko som var ett av tiltakspunkta i 2011, samstundes som me nesten ikkje lyser ut ufaglærte stillingar lenger. Dette er ein del av ei ønskt utvikling der partane er samde om å sikre kompetansen i organisasjonen gjennom å lyse etter fagarbeidarar. Innspel til vidare drøftingar: *Partane starta i 2013 opp eit samarbeid for å sjå på stillingsstorleiken i pleie og omsorg. Partane er samde om ønsket om størst mogleg stillingar, då dette sikrar kompetanse og skapar kvalitet i tenesta. Partane var samde om at det avgjerande er å minske talet på hovud som er naudsysnte for å dekke helgane. Så vidt me kan sjå er det berre to tiltak som monner nok til å utgjere ei reell endring: 1) Langvaktar i helg for å minske behov for talet på «hovud» i turnusen. Eller 2) Arbeide annakvar helg for å minske behov for talet på «hovud» i turnusen. Partssamarbeidet stoppa våren 2014 fordi andre prosessar tok opp all tid. *Uavhengig av dette, har fleire ledige helger i PU med mange utlysingar utan søkjarar pressa fram endringar i turnus der. Partane har gjennomført prøveprosjekt med langvakter helg i sommar, og vil no gjennomføre det i ordinær turnus. Dei vurderer også langvakter generelt i PU. *Partane har eit dilemma fordi tiltak for å auke stillingane vil gå ut over dei som ikkje ønskjer seg auka stilling, anten i form av lengre vakter, eller oftare helgevakt. Kva har dei å tene på ei omlegging? *Som arbeidsgjevarar ser me store fordelar med å få færre og større stillingar: Lettare å rekruttere fagpersonell, brukarane får færre folk å forhalde seg til, lettare å gjennomføre faglege oppdateringar/få ut informasjon/samle dei tilsette om faglege rutinar, større fagleg tryggleik. Men det krev ei stor omlegging av både turnus og kultur å få det til, og vil ta tid. *Rutinane me no har for interne utlysingar ser ut til å verke, både fordi fleire søker, og fordi dei som vil i pleie og omsorg har fått arbeide annakvar helg. *Arbeidsgjevar kan ikkje einsidig innføre langvakter må ha årleg godkjenning av anten organisasjonane og/eller Arbeidstilsynet. Arbeidsgjevar kan einsidig innføre arbeid annakvar helg i tråd med lov og avtaleverk. Men me kan risikere problem med rekruttering o.a., så lenge trenden andre stader går mot å jobbe færre helger, ikkje fleire.

Forslag til vedtak: Fedje kommune tek kartlegging av uønska deltid 2014 til etterretning. Formannskapet - 103/14 F - behandling: F - vedtak: Fedje kommune tek kartlegging av uønska deltid 2014 til etterretning. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Grete Herøy FA - G40 14/704 Saksnr Utvalg Type Dato 104/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS 020/14 Eldrerådet PS 06.11.2014 Tannhelsetenesta - ny klinikkstruktur 2015-2013 høringsuttale frå Fedje kommune Vedlegg: Tannhelsetenesta klinikkstrukturplan 2015-2030 - høyringsdokument Tannhelsetenesta klinikkstrukturplan - høyring Bakgrunn Planen er utarbeidd etter mandat fylkesrådmannen gav fylkestannlegen i 2013. Målet er å utvikle ein klinikkstruktur som kan tilby innbyggjarane stabil tannhelseteneste av høg fagleg kvalitet. Planen peikar på at klinikkane må vere så store at dei er robuste og kan ta hand om pasientar både ved feriar, sjukdom og andre fråvær. I planen vert det peikar på at ordninga med ambulering til klinikkar i distriktet ikkje er særleg ettertrakta og gjev lite effektiv arbeidstids for personalet. I tillegg vert driftskostnadene relativt store. Erfaringsmessig er det lite stabilitet i dei ambulerande stillingane, då personalet i hovudsak ikkje ønskjer ambuleringsordningar. I tillegg til effektivisering, stabilitet og kvalitet i tenesta, er det også peika på økonomiske tilhøve. Det vert vist til at knappare ressursar, må få konsekvensar. Det er nødvendig å omprioritere slik at det må vere flest klinikkar der det bur mest folk. Det vert også lagt til grunn at akseptabel reisetid til klinikk er ein time kvar veg, og ettersom tannhelsa generelt er blitt betra,vil tidsintervalla for tannlegebesøk vere om lag 1 ½ til 2 år. I planen er folkehelsearbeidet og førebyggjande tiltak omtalt. Her vert det drege fram at tannpleiarar er ein viktig ressurs, som i dei siste åra har fått ei viktig rolle, ikkje minst innan folkehelsearbeid. Situasjonen er at tannpleiarane ofte har mange arbeidsstader og arbeider mykje åleine. Dette legg planen opp til at skal endrast slik at alle tannklinikkar i Hordaland skal ha ei 100 % stilling som tannpleiar. I Nordhordland Tannhelsdistrikt er det totalt 14 klinikkar, 9 klinikkar med heiltidsdrift. I tillegg kjem 13 privatpraktiserande tannlegar i same distrikt. Planen seier også at det er ønskjeleg å samle all tannhelseteneste i det nye planlagte Helsehuset i Knarvik, då det vil gje betre samhandlingsmulighet

med andre helsetenester og betre tilbod til pasientar med samansette helseutfordringar. Planen legg opp til fleire endringar i Nordhordland. For Fedje kommune sin del er framlegget at klinikken vert lagt ned i 2015, og at pasientane vert overførde, først til Lindås og seinare til Knarvik tannklinikk. Tannhelsetenesta i Hordaland vil ikkje dekke reisekostnader når tannklinikkar vert lagt ned. Vurdering Fedje kommune ser med stor uro på planframlegget. Med den endringa det vert lagt opp til, vil det i praksis bety at ei lang historie med lokal tannhelseteneste vert avslutta. Sjølv om tenesta lokalt har vore varierande i periodar, har det i den siste tida vore eit tilfredsttillande tilbod med tannlege to dagar for månaden. Det er tilpassa det behovet som er, for at dei grupper som etter Lov om tannhelseteneste har rett på, vert ivareteke. Dette gjeld barn og unge frå fødsel til og med det året dei fyller 18, ungdom som fyller 19 eller 20 i behandlingsåret, psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon, grupper av eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon og i heimesjukepleietenesta, og andre grupper som fylkeskommunen har vedtatt å prioriterer ( f.eks rus) Med ei sentralisering av tannhelsetenesta til Lindås og deretter til Knarvik, vil det verta ei urimeleg belastning for desse gruppene, som i stor grad er dei svakaste, og som treng hjelp til å koma seg til tannlege sentralt. Ikkje berre er det ei belastning for den einskilde med lang reiseveg, men det vil påføra foreldre, pårørande og helsepersonell ei ekstra oppgåve med følgje til tannlegen, som ein i dag har i minimalt omfang. Det innebær kostnader både i tid og pengar som er urimelege. Foreldre må ta fri frå arbeid for å følgje, og sjølv om det er redusert frekvens på tannlegebesøk, kan det vere meir enn eit barn som treng følgje,og gjerne fleire påfølgjande tannlegebesøk. Det er ikkje mogeleg å senda ein førsteklassing med buss til Lindås eller til Knarvik. Sjølv for dei større barna er det langt og ofte komplisert med mange bussbyte, og det vil fort ta mange timar. Reisetida, slik den er beskriven i planen med 94 min til Knarvik, inkl ferje, betyr iallfall privatbil løysing. For dei sjuke/eldre vert og dette ei utfordring, som høgst truleg vil inkludere hjelp til reisa frå pårørande og/eller helsepersonell. I eit samfunnsøkonomisk perspektiv er dette ei lite gunstig løysing. Med den klinikkstrukturen som her vert lagt opp til, kan ein risikere at nokre utsette, både barn og eldre, vil gå meir sjeldan til tannlege enn forutsett, med den konsekvensen det innbær for tannhelsa. Så sjølv om kvaliteten i klinikkane vert betra, får det ikkje nødvendigvis eit betra tannresultat for den einskilde. I planen vert det peika på at det er belastande for tannhelsepersonalet å driva ambulerande verksemd. Det kan vi sjå, men meinar likevel at belastninga for barn og eldre og deira pårørande som skal reisa til Lindås/Knarvik, heller ikkje skal undervurderast. Tannklinikken på Fedje er slik vi oppfattar det, i god stand og med det utstyr som er nødvendig for å driva eit kvalitativt godt tilbod. Fedje kommune meiner tidsplanen for avvikling av tannlegetilbod i kommunen er urimeleg. Når ein først får planen til høyring seint i oktober med uttalefrist til 15.desember og nedlegging planlagt gjennomført frå 2015, så gjev det lite rom for gode prosessar. I eit større perspektiv opplever Fedje kommune at stadig fleire tenester til innbyggjarane vert redusert og avvikla. Kommunen må heile tida kjempa for å oppretthalda dei tilbod som gjev bulyst og god kvalitet i lokalsamfunnet. Folkehelse: Jo større avstand til tannhelsetilbodet, jo meir sannsynleg er det at fleire vil unnlata å møta opp til tannlegetime, fordi det inneber reisetid og kostnader. Det kan verte eit dårleg signal om tannhelse blir redusert, i ei tid då det er sterkt fokus på alt førebyggjande arbeid Miljø: Fleire må ut på reise, oftast i privatbilar. Fleire bilar på vegen, meir forureining.

Økonomi: Ei teneste som hittil har vore lokalt har hatt så godt som ingen kostnader for den einskilde. Barn, i alle fall etter ein viss alder, og unge har i stor grad kunne gå til tannlegen utan skyss og følgje, og om det er følgje vil det vere avgrensa til ein liten halvtime. Det har stor betyding for dei som skal følgje, anten det er barn eller eldre, at tidsbruket er så lite som råd, då det vanlegvis handlar om å ta fri frå eige arbeid. Så lenge tilbodet har vore lokalt, har det ikkje vore nemneverdige reisekostnader knytt til tannlegebesøk. Med ei ordning som inneber reise til Lindås eller Knarvik kjem det reisekostnader som ein sjølv må dekka. I tillegg går det mellom ein halv og ein heil dag, som foreldre/pårørande/helsepersonell må nytta som reisefølgje. Dette vert kostbart både for arbeidsgjevarar og arbeidstakarar. At tannhelsetenesta i Hordaland har fått strammare økonomiske rammer, får direkte konsekvensar for innbyggjarane i distrikta, anten det er på Fedje eller andre ikkje- bynære område. Konklusjon Fedje kommune vil ikkje akseptera at endå eit velferdstilbod vert sentralisert, med dei konsekvensar det får for særskilte innbyggjarargrupper og deira pårørande. Den overordna gevinsten står ikkje i forhold til den ulempa det fører til for innbyggjarne, med omsyn til avstand til næraste klinikk, tidsbruk og økonomi. Kommunen har ein spesiell geografisk beliggenhet, som må kunne takast omsyn til. Forslag til vedtak: Fedje kommune finn ikkje å kunne akseptere framlegg til ny klinikkstrukturplan for tannhelsetenesta i Hordaland for perioden 2015-2030. Fedje kommune meinar eksisterande tilbod om ambulerande tannhelseteneste med to dagar pr. månad må oppretthaldast. Eldrerådet - 020/14 E - behandling: Fellesframlegg. Eldrerådet rår til at vedtaket vert forsterka ved at konklusjonen i tilrådinga inngår i vedtaket. E - vedtak: Fedje kommune vil ikkje akseptera at endå eit velferdstilbod vert sentralisert, med dei konsekvensar det får for særskilte innbyggjarargrupper og deira pårørande. Den overordna gevinsten står ikkje i forhold til den ulempa det fører til for innbyggjarne, med omsyn til avstand til næraste klinikk, tidsbruk og økonomi. Kommunen har ein spesiell geografisk beliggenhet, som må kunne takast omsyn til. Fedje kommune finn ikkje å kunne akseptere framlegg til ny klinikkstrukturplan for tannhelsetenesta i Hordaland for perioden 2015-2030. Fedje kommune meinar eksisterande tilbod om ambulerande

tannhelseteneste med to dagar pr. månad må oppretthaldast. Samrøystes. Formannskapet - 104/14 F - behandling: Fellesframlegg: Formannskapet sluttar seg til uttalen frå eldrerådet med følgjande tillegg: Tidsbruk: Tidsbruken i rapporten frå fylkestannlegen er ikkje reell. Tap av skuledagar. Tap av skuledagar for våre elevar vil gje utilsikta ulempar ved tannlegebesøk utanfor kommunen. Dette vil koma fram som fråvær i elevane sine vitnemål. F - vedtak: Fedje kommune vil ikkje akseptera at endå eit velferdstilbod vert sentralisert, med dei konsekvensar det får for særskilte innbyggjarargrupper og deira pårørande. Den overordna gevinsten står ikkje i forhold til den ulempa det fører til for innbyggjarne, med omsyn til avstand til næraste klinikk, tidsbruk og økonomi. Kommunen har ein spesiell geografisk beliggenhet, som må kunne takast omsyn til. Tidsbruk: Tidsbruken i rapporten frå fylkestannlegen er ikkje reell. Tap av skuledagar: Tap av skuledagar for våre elevar vil gje utilsikta ulempar ved tannlegebesøk utanfor kommunen. Dette vil koma fram som fråvær i elevane sine vitnemål. Fedje kommune finn ikkje å kunne akseptere framlegg til ny klinikkstrukturplan for tannhelsetenesta i Hordaland for perioden 2015-2030. Fedje kommune meinar eksisterande tilbod om ambulerande tannhelseteneste med to dagar pr. månad må oppretthaldast. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Vidar Bråthen 14/747 Saksnr Utvalg Type Dato 010/14 Arbeidsmiljøutvalet PS 11.11.2014 019/14 Eldrerådet PS 06.11.2014 004/14 Ungdomsrådet PS 10.11.2014 105/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret Kommunebudsjettet 2015 Budsjettframlegg Vedlegg: Budsjett 2015 tekstdel Budsjett 2015 Bakgrunn Administrasjonen v/ rådmann er beden om å leggja fram eit saldert budsjettframlegg etter same lest som fjoråret. Nytt: Verbaldelen er forenkla. Den er tilpassa kontoplanen på ansvarsnivå etter følgjande inndeling: Faktadel endringsdel og til slutt mål for 2015. Heimel: Kommunelova. Vurdering PS Budsjettframlegg med kommentarar vart sendt ut elektronisk i månadsskiftet oktober / november slik som avtalt i kommunen sitt økonomireglement. Materialet vart gjort tilgjengeleg for alle same dag som det vart lagt fram. Kommunebudsjettet for 2015 byggjer på innkomne budsjettframlegg frå våre budsjettansvarlege og andre bindingar som administrasjonen må halda seg til. Økonomiplanen er retningsgjevande for dei prioriteringar og val årsbudsjettet legg opp til. Rammene for neste år er litt svakare enn forventa. Inntektsveksten er mindre enn snittet for landet.

Vinnaren i år er vekstkommunane. For administrasjonen har det vore viktig å presentera eit budsjett i balanse med rom for framtidige investeringar. Vi klarer ikkje å imøtekoma anbefalingane om 3 % netto driftsresultat i 2015, men med eit stramt kommuneopplegg i 2015, er det neppe mange kommunar som klarer å levera eit slikt resultat. Nytt: Kommentarheftet er stramma opp slik som avtalt i fjor. Vi vonar at denne omlegginga vert vel motteke. Når det gjeld målformuleringane, er det framleis ein lang veg å gå. Alt er ikkje på plass slik vi vil, men mykje er gjort for å få økonomiarbeidet inn på eit betre spor. I årsbudsjettet er måla i økonomiplanen bryte ned som årsmål. I år vert utkast til økonomiplan lagt fram samtidig med årsbudsjettet. Førsteutkastet frå dei budsjettansvarleg viste seg å vera for optimistisk. Inntekstssvikten var større enn forventa og driftsnivået måtte ned med ca. 2 mill. kroner. Det vart noen ekstrarunder i administrasjonen før vi kom i mål. Det er sjølvsagt disponeringar her som smertar, men slik talgrunnlaget er, var det heilt nødvendig å justera driftsgrunnlaget. Når det gjeld innhalda og prioriteringar, viser vi til årsbudsjettet med kommentarar. Konklusjon Med dei tilstrammingar som kom i statsbudsjettet, var det nødvendig å justera driftsgrunnlaget for å leggja fram eit saldert kommunebudsjett for 2015. Det ligg ingen dramatikk i dette. Driftsnivået er tatt ned, der dette er fagleg forsvarleg og / el. behovet for kommunale tenester går ned. Forslag til vedtak: Kommunebudsjettet for 2015 vert godkjent slik det ligg føre. Eldrerådet - 019/14 E - behandling: E - vedtak: Fellesmerknader i eldrerådet : Slik situasjonen er på Fedje no, er eldrerådet samd i at bygging av eldrebustadar er sett på vent og at eksisterande rom vert modernisert. At kommunen har fått hand om areal ved sjukeheimen er gledeleg. Likeeins at aggregatet på det neraste er kome hamn. Den kulturelle spaserstokken: Slik eldrerådet ser det, er den kulturelle spaserstokken eit positivt insitament for våre eldste. Eldrerådet vil på det sterkaste anbefale at dette tilbodet held fram slik vi kjenner det i dag.

Folkehelsa: Eldrerådet krev at ansvarlege syter for at vegen til Vestkanten får ein tilfredsstillande standard. Det må vera mogleg å ferdast på våre vegar utan fare for liv og helse. Aktuelle tiltak : Bygging av møteplassar + trafikkskilt med gangfelt. Kommunebudsjettet for 2015 vert godkjent slik det ligg føre. Samrøystes. Ungdomsrådet - 004/14 U - behandling: Fellesmerknad : Budsjettet må gje rom for at ungdomsrådet skal kunne arrangera og/eller gjera mindre investeringar gjennom året. U - vedtak: Kommunebudsjettet for 2015 vert godkjent slik det ligg føre. Samrøystes. Arbeidsmiljøutvalet - 010/14 AMU - behandling: Vidar orienterte om budsjettforslaget. AMU - vedtak: Kommunebudsjettet for 2015 vert godkjent slik det ligg føre. Samrøystes vedteke.

Formannskapet - 105/14 F - behandling: Feil og manglar i budsjettkommentarane: Avsnittet om barnehage (ansvar 2200) og tilleggskap. Om samfunnstryggleik og beredskap vert innarbeidd i rådmannen sitt kommentarhefte. Vedteke. Endringsframlegg i formannskapet: Driftsbudsjettet: Felles: Ansvar Tiltak Meirutg. Meirinnt. Votering 1400 Pendlartilskot 70 Samr. Vedteke. 3000 Rehabiliteteringstilskot 80 Samr. Vedteke. Alle tal er i heile tusen. Inndekning: Driftsresultatet vert redusert tilsvarande. ( - kr 150.000 ). Presisering: Pendlartilskotet vert vidareført på dagens nivå. Inntil kr 15.000 i årleg pendlartilskot. Tilskot til rehabilitering av eldre bustader og bygging av hus utanfor regulerte bustadfelt vert vidareført på dagens nivå kr 60.000. Det vert budsjettert med 3 tilskot i 2015. Felles verbalforslag: Presisering frå formannskapet: Ingen skal verta oppsagde. Dei justeringar som skal setjast i verk, skal vera ved naturleg avgang, permisjonar og liknande. Formannskapet ber om at kommunestyret og formannskapet vert informert om dei endringar som vert gjort. Manglande budsjettuttale frå SAU: AP etterlyser faglege innspel frå SAU om budsjettsituasjonen for skule og barnehage. FRP: Kommunevegane på Fedje: Det kommunale vegnettet held ikkje tilfredsstillande standard. Ber om snarleg oppfølging. Tilkomst til kyrkja. Det er ønskjeleg å betra tilkomsten til kyrkja. Gamalt ønskje. Utviding av gravplassen. Ber administrasjonen leggja planar for utviding av gravplassen. Seinferje. Viktig samferdselstiltak for Fedje som fylket har eit særleg ansvar for.

Næringsverksemd: Det er viktig at alle som har idear / forslag om nye aktivitetar ikkje minst i hamnebassenget på Fedje, får økonomisk hjelp til å få i gang nye verksemder og positiv næringsaktivitet. KrF. Prising av tomter i Torvhaugane. Arbeidet med tilrettelegging av nye bustadtomter i Torvhaugane er vorte forsinka. KrF etterlyser ei sak om prising og vilkår for sal av byggjeklare tomter før feltet står ferdig. Det er viktig at dette arbeidet får topp prioritet. Investeringsbudsjettet 2014. Felles: Formannskapet ser det som interessant at administrasjonen forserer arbeidet med å få fleire abonnentar tilknyta det offentlege kloakknettet på Fedje før ein går vidare med nye planar. KrF. Tilrettelegging av båthamn. Byggjefeltet i Torvhaugane opnar for tilrettelegging av båthamn for dei som busetter seg i kommunen sitt nye bustadfelt. KrF ønskjer at det vert sett av midlar til tilrettelegging av båthamn og båtplassar for dei som kjøper seg inn i dette byggjefeltet. Rammeløyving: kr 300.000. Inndekning: Bruk av unytta lånemidlar kr 300.000. Planar om nye kommunale husvære. Fedje KrF ser det som interessant å få avklart om det er aktuelt å planlegge leilighetsbygg i Torvhaugane. Alternativ til einbustad eller rekkehus. Deretter vart alle gebyr og eigenbetalingssatsar fastsett. Til slutt vart det røysta over eit samla budsjett. F - vedtak: Budsjettet med dei endringar som fekk fleirtal i møtet, vart samrøystes vedteke.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Grete Herøy 14/759 Saksnr Utvalg Type Dato 017/14 Eldrerådet PS 06.11.2014 106/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS Prisjustering trygghetsalam 2015 Bakgrunn Innbyggjarane kan inngå avtale med Fedje kommune, pleie og omsorg om leige av trygghetsalarm. Denne ordninga har fungert lenge og medverkar til at eldre ( stort sett) kan bu lengre i eigen heim og vere trygge for at om dei utløyser trygghetsalarmen, vil dei få hjelp så raskt som mogeleg. Vurdering Ordninga vert brukt i mykje same omfang som tidlegare år, med om lag 8 brukarar. Det er ei ordning som ikkje krev mykje, men som kan gjere ein stor forskjell for dei som er abonnent. Fedje kommune har avtale med firma Trygghetssentralen A/S om alarm. Folkehelse : Eit viktig førebyggjande tiltak, som gjev trygghet for den einskilde og deira pårørande, og kanskje kan bidra til utsett institusjonsopphald. Miljø Økonomi: Eit lite kostandskrevjande tiltak både for brukarar og kommune Konklusjon Ordninga med trygghetsalam fortset på same vilkår som i dag. Prisen for leige av trygghetsalarm vert justert med 5 % frå kr. 265,- til kr. 278,- pr. månad. Forslag til vedtak: Abonnement for trygghetsalarm vert endra med verknad frå 01.01.2015 frå kr. 265,- til kr. 278,- pr månad.

Eldrerådet - 017/14 E - behandling: E - vedtak: Abonnement for trygghetsalarm vert endra med verknad frå 01.01.2015 frå kr. 265,- til kr. 278,- pr månad. Samrøystes. Formannskapet - 106/14 F - behandling: Fedje Høgre gjorde framlegg om at teneste vart gratis. Rådmannen sitt framlegg vart vedteke med 3 mot 2 røyster. Terje Storemark (H) og Ottar Tangen (FrP) utgjorde mindretalet. F - vedtak: Abonnement for trygghetsalarm vert endra med verknad frå 01.01.2015 frå kr. 265,- til kr. 278,- pr månad.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Grete Herøy 14/760 Saksnr Utvalg Type Dato 015/14 Eldrerådet PS 06.11.2014 107/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS Prisjustering - praktisk bistand ( heimehjelp) 2015 Bakgrunn Heimhjelp, også kalla praktisk bistand er eit tilbod som vert gitt etter søknad og vurdering av individuelt behov, med heimel i Helse og omsorgsloven 3-2, 6b. Kommunen er forplikta etter denne lova å ha eit slikt tilbod. Vurdering Det er varierande etterspørsel etter tenesta, og den vert ytt i ulikt omfang i ulike situasjonar slik det har vore lang tradisjon for. Det er eit viktig tiltak for den einskilde sitt liv og velvære, og også eit tiltak som kan vere med å gjere det mogeleg å vere i eigen heim så lenge som råd. Betaling for praktisk bistand vert rekna ut på grunnlag av husstanden si samla inntekt før særfrådrag. Siste tilgjengeleg likning vert lagt til grunn. Inntekt under 2 G ( = f.t. kr. 176.740) har ein fast sum pr. månad ( f.t. kr 180,-). Andre betalar timesats, med ein maks sum pr. månad. Maks summen har ikkje vore justert dei siste åra, men det vert no lagt opp til ein liten justering. Det er i dag 16 brukarar av tenesta, der 11 betalar minstesats og 5 betalar timepris. Folkehelse: Førebyggjande og trygghetsskapande tiltak Miljø Økonomi: Etter faste satsar Konklusjon Netto inntekt siste år Timepris Maks betaling pr månad 2-3 G: kr 176.740 261.985 Kr 127 ( før kr 121) Kr 800 (før kr 750) 3-4 G: kr 261.986 347.230 Kr 191 ( før kr 182) Kr 1100 (før kr 1000) 4-5 G: kr 347.231 432.505 Kr 255 ( før kr 243) Kr 1350 ( før kr 1250) 5-6-G kr 432.506 517.720 Kr 318 ( før kr 303) Kr 1600 ( før kr 1500) Over 6 G kr 517.721 Kr 347 (før kr 331 ) Kr 2100 ( før kr 2000)

Forslag til vedtak: Prisjustering for praktisk bistand/ heimehjelp slik det går fram av tabellen ovanfor vert gjort gjeldande frå 01.01.2015. Eldrerådet - 015/14 E - behandling: E - vedtak: Prisjustering for praktisk bistand/ heimehjelp slik det går fram av tabellen ovanfor vert gjort gjeldande frå 01.01.2015. Samrøystes. Formannskapet - 107/14 F - behandling: F - vedtak: Prisjustering for praktisk bistand/ heimehjelp slik det går fram av tabellen ovanfor vert gjort gjeldande frå 01.01.2015. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Grete Herøy 14/758 Saksnr Utvalg Type Dato 016/14 Eldrerådet PS 06.11.2014 108/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS Prisjustering - matombring 2015 Bakgrunn Eit tilbod om å få kjøpa ferdiglaga middagsmat frå Fedje sjukeheim, og få den tilkjørt til eigen heim i eit på førehand avtalt omfang. Vurdering Dette er eit tiltak som kan gje eldre og/eller andre avtalte grupper eit tilbod om å kjøpa eit varmt næringsrikt måltid. Ein kan få middag m/dessert alle dagar i veka. Det er forholdsvis stabilt tal brukarar ( vanlegvis under 10). Dette er også eit trygghetstiltak, då ein veit at personalet kjem og levere og at ein dermed møter andre. Folkehelse: Ein mulighet for rett ernæring, tilsyn og trygghet. Miljø Økonomi: Ingen endring i eksisterande opplegg, utover prisjustering. Konklusjon Middagsombringing vert oppretthalde og prisen justert frå kr 80,- pr måltid til kr 84,- Forslag til vedtak: Pris for middagslevering vert justert frå 01.01.2015 frå kr. 80,- til kr. 84,- pr middag m/dessert, inkludert kjøring Eldrerådet - 016/14 E - behandling:

E - vedtak: Pris for middagslevering vert justert frå 01.01.2015 frå kr. 80,- til kr. 84,- pr middag m/dessert, inkludert kjøring. Samrøystes. Formannskapet - 108/14 F - behandling: F - vedtak: Pris for middagslevering vert justert frå 01.01.2015 frå kr. 80,- til kr. 84,- pr middag m/dessert, inkludert kjøring. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Grete Herøy 14/750 Saksnr Utvalg Type Dato 018/14 Eldrerådet PS 06.11.2014 109/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS Dagtilbod for demente - prisjustering Bakgrunn I 2007 sette Helsedirektoratet fokus på utbygging av dagtilbod til heimebuande demente. Så kom demensplan 2010-2015, der alle kommunar vart oppfordra å starte opp tilbod. Det vart gitt særskilte løyvingar til dette. Fedje kommune søkte og fekk ein sum til etablering av tilbod, personalkostnader låg ikkje i tilskotet. ( F sak 35/12) I demensplan 2010-2015 var det eit uttalt mål at alle kommunar burde opprette tilbodet innan 2015, då det mest truleg vart lovpålagt. Fedje kommune har no hatt tilbod i om lag 2 år, med varierande tal brukarar. Pr i dag er talet så lavt, at tilbodet vert samordna med tilbod også til dei som bur i institusjon. Vurdering Tilbodet har stor verdi for denne målgruppa. Utfordringa er det varierande og til dels lave talet brukar, versus dei faste utgiftene som føl med tiltaket. I fylkesmannens brev til kommunane om budsjettføresetnader for 2015, står det at det øremerka tilskotet til dagaktivitetstilbod for demente vert styrka, utan at det er oppgitt omfang. Folkehelse: Det er eit godt aktivitetstilbod for brukarar og avlastning for pårørande. Miljø Økonomi: Dei som brukar tilbodet vert henta og bringa på dagtilbodet. Der får dei middag og kaffimat, og aktivitetstilbod. Pris pr. dag er kr 90,-. Konklusjon Dagtilbodet for heimebuande demente fortset, men ved lavt tal brukarar ( mindre enn 3) må det vurderast samordningsløysingar som held kostnadene nede. Forslag til vedtak: Betalingssats for deltaking på dagtilbod for heimebuande demente vert med verknad frå 01.01.2015

fastsett til kr 95,- pr dag Eldrerådet - 018/14 E - behandling: E - vedtak: Betalingssats for deltaking på dagtilbod for heimebuande demente vert med verknad frå 01.01.2015 fastsett til kr 95,- pr dag. Samrøystes. Formannskapet - 109/14 F - behandling: Framlegg frå Ottar Tangen (Frp) : uendra prisar i 2015. Framlegg frå rådmannen vart veteke med røystene til Kristin Handeland (Ap), Hilde Koppen (Ap), Roy Asle Tungland (KrF) og Terje Storemark (H). F - vedtak: Betalingssats for deltaking på dagtilbod for heimebuande demente vert med verknad frå 01.01.2015 fastsett til kr 95,- pr dag.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Kristine Rossnes 14/745 Saksnr Utvalg Type Dato 110/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS Barnehagesatsar 2015 Bakgrunn Framlegg til statsbudsjett for 2015, legg opp til ei auke i makspris for barnehagar. Regjeringa foreslår å auke foreldrebetalinga justert etter 2013 tal og med auke på 100 kroner reelt, til 2580 kroner for full plass. For Fedje barnehage vert dei nye satsane frå 01.01.2015 sjåande slik ut; Plass str. Gamal sats Tillegg i kr Ny pris Matpenger Totalpris med matpenger 100 % 2330,- 250,- 2580,- 280,- 2860,- 80 % 1864,- 200,- 2064,- 250,- 2314,- 60 % 1398,- 150,- 1548,- 220,- 1768,- 40 % 927,- 100,- 1027,- 190,- 1217,- Forslag til vedtak: Fedje barnehage følgjer sentrale retningslinjer for makspris i barnehagen for 2015. Formannskapet - 110/14 F - behandling: F - vedtak: Fedje barnehage følgjer sentrale retningslinjer for makspris i barnehagen for 2015. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Grete Herøy 14/739 Saksnr Utvalg Type Dato 111/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS Justering av satsar i SFO for 2015 Bakgrunn Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1. 4. årssteg (Opplæringslova 13-7). SFO ordninga vert tilrettelagt slik at den er mest mogeleg tilpassa det behov foreldre melder inn. Over tid har tilbodet har variert, med når det opnar om morgonen og kor lenge det varar om ettermiddagen. Vurdering Ei frivillig ordning, som er eit trygt tilbod for elevar 1. 4. klasse både før og etter skuletid. Folkehelse: Trygt tilsyns- og aktivitetstilbod, som ivaretek borna i avtalte periodar. Miljø Økonomi: Kommunen skal dekke kostnadene til lokalet, lys, varme, reinhald, vaktmeistar, utstyr og uteareal og dei administrative kostnadene med skolefritidstilbodet. Den attståande delen av sjølvkost, som ikkje er dekka av statstilskotet, kan krevjast dekka av foreldra. Det er ei tredeling av utgiftene ved SFO, mellom stat, kommune og foreldra. Statstilskotet kjem som ein del av rammeoverføringane. Konklusjon SFO ordninga vert vidareført og så godt som råd tilpassa den etterspørsel som er. Forslag til vedtak: Timesatsen for bruk av SFO vert justert med verknad frå 01.01.2015 frå kr 43,- til kr. 45

Formannskapet - 111/14 F - behandling: F - vedtak: Timesatsen for bruk av SFO vert justert med verknad frå 01.01.2015 frå kr 43,- til kr. 45. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug FE - 231 14/756 Saksnr Utvalg Type Dato 112/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS GEBYR FOR FEIING OG TILSYN I 2015. Saksutgreiing : sjå budsjettkommentarar for 2015 Gebyret er 229,- kr eks. mva i 2014. Det er ikkje grunnlag for auke. Forslag til vedtak: Gebyret for feiing i 2015 vert 229,- kr eks. mva. Formannskapet - 112/14 F - behandling: F - vedtak: Gebyret for feiing i 2015 vert 229,- kr eks. mva. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug FE - 231 14/757 Saksnr Utvalg Type Dato 113/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS GEBYR FOR TØMMING AV SLAM Saksutgreiing : sjå budsjettkommentarar for 2015. Det er ikkje grunnlag for auke. Forslag til vedtak: Skriv inn forslag her 2014 2015 Gebyr for tømming av slamavskiljar, bustad 838,- 838,- Gebyr for tømming av slamavskiljar, hytte 419,- 419,- Formannskapet - 113/14 F - behandling: F - vedtak: 2014 2015 Gebyr for tømming av slamavskiljar, bustad 838,- 838,- Gebyr for tømming av slamavskiljar, hytte 419,- 419,- Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug FE - 231 14/762 Saksnr Utvalg Type Dato 114/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS GEBYR FOR VATN OG KLOAKK 2015 Saksutgreiing : sjå budsjettkommentarar for 2015. Forslag til vedtak: Eingongsgebyr for tilknytning 2014 2015 Vatn 9.261,- kr 9.261,- kr Kloakk 9.702,- kr 9.702,- kr Årsgebyr = abonnementsgebyr + forbruksgebyr Abonnementsgebyr 2014 2015 Vatn 2.240,- kr 2.240,- kr Kloakk 1.656. kr 1.739,- kr Forbruksgebyr Pris pr m3 i 2014 Pris pr m3 i 2015 Vatn 9,93 kr/m3 9,93 kr/m3 Kloakk 7,36 kr/m3 7,73 kr/m3 Forbruksgebyret vert rekna ut etter m3 eller bruksareal ( BRA ). Omrekningsfaktor mellom m3 vassforbruk og m2 BRA er sett til 1. Forbruksgebyr Mindre enn 80 m2 BRA, Mellom 80 m2 og 300 m2 Over 300 m2 BRA rekna ut etter 60 m2 BRA BRA, rekna ut etter 150 m2 BRA Vatn 2014 596,- kr 1490,- kr BRA x 9,93 kr/m3 Kloakk 2014 442,- kr 1104,- kr BRA x 7,36 kr/m3 Vatn 2015 596,- kr 1490,- kr BRA x 9,93 kr/m3 Kloakk 2015 464,- kr 1160,- kr BRA x 7,73 kr/m3

Formannskapet - 114/14 F - behandling: F - vedtak: Eingongsgebyr for tilknytning 2014 2015 Vatn 9.261,- kr 9.261,- kr Kloakk 9.702,- kr 9.702,- kr Årsgebyr = abonnementsgebyr + forbruksgebyr Abonnementsgebyr 2014 2015 Vatn 2.240,- kr 2.240,- kr Kloakk 1.656. kr 1.739,- kr Forbruksgebyr Pris pr m3 i 2014 Pris pr m3 i 2015 Vatn 9,93 kr/m3 9,93 kr/m3 Kloakk 7,36 kr/m3 7,73 kr/m3 Forbruksgebyret vert rekna ut etter m3 eller bruksareal ( BRA ). Omrekningsfaktor mellom m3 vassforbruk og m2 BRA er sett til 1. Forbruksgebyr Mindre enn 80 m2 BRA, rekna ut etter 60 m2 BRA Mellom 80 m2 og 300 m2 BRA, rekna ut etter 150 m2 BRA Over 300 m2 BRA Vatn 2014 596,- kr 1490,- kr BRA x 9,93 kr/m3 Kloakk 2014 442,- kr 1104,- kr BRA x 7,36 kr/m3 Vatn 2015 596,- kr 1490,- kr BRA x 9,93 kr/m3 Kloakk 2015 464,- kr 1160,- kr BRA x 7,73 kr/m3 Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug FE - 231 14/763 Saksnr Utvalg Type Dato 115/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS GEBYR RENOVASJON FOR 2015 Saksutgreiing : sjå budsjettkommentarar for 2015. Gebyr renovasjon 2014, ex mva Utan heimekompostering Med heimekompostering Levering kvar 4. veke, 140 liter 2610,- kr 2210,- kr Levering kvar 2. veke, 140 liter 2930,- kr 2530,- kr Levering kvar 2. veke, 240 liter 3250,- kr 2850,- kr Hytterenovasjon 1465,- kr Forslag til vedtak: Gebyr renovasjon 2015, ex mva Utan heimekompostering Med heimekompostering Levering kvar 4. veke, 140 liter 2690,- kr 2290,- kr Levering kvar 2. veke, 140 liter 3010,- kr 2610,- kr Levering kvar 2. veke, 240 liter 3330,- kr 2930,- kr Hytterenovasjon 1505,- kr Formannskapet - 115/14 F - behandling: Kristin Handeland (Ap) var ugild og tok ikkje del i handsaminga av saka. Vararepresentant var ikkje kalla inn.

F - vedtak: Gebyr renovasjon 2015, ex mva Utan heimekompostering Med heimekompostering Levering kvar 4. veke, 140 liter 2690,- kr 2290,- kr Levering kvar 2. veke, 140 liter 3010,- kr 2610,- kr Levering kvar 2. veke, 240 liter 3330,- kr 2930,- kr Hytterenovasjon 1505,- kr Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Øyvind Tolleshaug FE - 613 14/755 Saksnr Utvalg Type Dato 116/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS HUSLEIGER I KOMMUNALE BUSTADER I 2015 Saksutgreiing : sjå budsjettkommentarar for 2015 Forslag til vedtak: Husleige Husleige januar / juni juli / desember Stormarkvegen 7 6199 6335 Stormarkvegen 54 og 56 5515 5636 Stormarkvegen 72 4174 4265 Rognsvågen 2 og 4 4174 4265 Husøyna 25, 30, 32, 36, 38 og 47 5515 5636 Husøyna 24 og 26 4759 4863 Husøyna 51 og 52 4174 4265 Husøyna 65 A og 65 B 7503 7668 Mulevegen 24 og 26 4531 4631 Formannskapet - 116/14 F - behandling:

F - vedtak: Husleige Husleige januar / juni juli / desember Stormarkvegen 7 6199 6335 Stormarkvegen 54 og 56 5515 5636 Stormarkvegen 72 4174 4265 Rognsvågen 2 og 4 4174 4265 Husøyna 25, 30, 32, 36, 38 og 47 5515 5636 Husøyna 24 og 26 4759 4863 Husøyna 51 og 52 4174 4265 Husøyna 65 A og 65 B 7503 7668 Mulevegen 24 og 26 4531 4631 Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Vidar Bråthen FE - 106 14/753 Saksnr Utvalg Type Dato 117/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS Godkjenning av skatteøre og skatt på verk og bruk for 2015. Bakgrunn Dokumentliste: Statsbudsjettet 2015 + kommunebudsjettet for 2015 med kommentarheftet. Fastsetjing av skatteøre og skatt på verk og bruk krev særskilt vedtak i kommunestyret. Absolutt krav. Vurdering Skatteøren vert redusert frå 11.4 til 11.25% i 2015, mens skatt på verk og bruk vert vidareført på dagens nivå 7 promille. Maks sats. Grunngjeving: Tilstrammingen her har samanheng med å unngå store fordelingsmessige utslag. Når skatteinngangen er god, vert skatteskruen stramma til for å sikra kommunesektoren stabile inntekter. For ytterlegare detaljar i saka, viser eg til rådmannen sine budsjettkommentarar for 2015 + statsbudsjettet. Konklusjon Det er ingen overraskingar her. Skattlegging av verk og bruk vert vidareført på dagens nivå,mens skatteøren vert redusert til 11.25 % frå 2015.

Forslag til vedtak: Fedje kommune godkjenner følgjande skattesatsar i 2015: Skatteøren: 11.25% Skatt på verk og bruk: 7 promille. Formannskapet - 117/14 F - behandling: F - vedtak: Fedje kommune godkjenner følgjande skattesatsar i 2015: Skatteøren: 11.25% Skatt på verk og bruk: 7 promille. Samrøystes.

Sakspapir Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Vidar Bråthen 14/751 Saksnr Utvalg Type Dato 009/14 Arbeidsmiljøutvalet PS 11.11.2014 014/14 Eldrerådet PS 06.11.2014 005/14 Ungdomsrådet PS 10.11.2014 118/14 Formannskapet PS 18.11.2014 Kommunestyret PS Økonomiplan 2015-2018 Vedlegg: økonomiplan2014 vb utkast Skjema 1AB_2AB Bakgrunn Utkast til økonomiplan for planperioden 2015 2018. Fast rutine. Kommunebudsjettet for 2015 inngår som basisår i økonomiplanen. Enkel rullering av planforslaget frå sommaren 2014. Det aller meste av det som vart omtalt i økonomiplanen tidlegare i år ligg fast, men pga. tilstrammingar i kommuneøkonomien, var det nødvendig å gjennomføra ytterlegare driftsmessige innsparingar. Vurdering Inntekstsveksten i statsbudsjettet frå oktober i år er ikkje nok for å dekka inn kommunen sine løpande kostnader fullt ut. Driftsnivået må ned. Det er ikkje rom for at inntektene lenger held tritt med kostnadsutviklinga. For å kunne levera eit tilfredsstillanade resultat i framtida, må kommunen dekka inn delar av kostnadsveksten ved driftsmessige innsparingar. Dette er det teke høgde for i den økonomiplanen som vert lagt fram i november 2014. Alternativt må kommunen vurdera å utvida ordninga med eigedomsskatt for verk og bruk til og å omfatta hus og fritidseigedom for å dekka inn det meste av inntekstapet for neste 4 års periode. For dei fleste områda, er revidert økonomiplan i godt samsvar med planforslaget som kommunestyret handsama i septembermøte i år. Nytt: Driftsnivået for komande 4 års periode er justert ned pga. statsbudsjettet som vart lagt fram.