SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune



Like dokumenter
SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Arbeidsgivarpolitikk for alle livsfasar

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Kommunen sin lønspolitikk må vere konkurransedyktig, og ta omsyn til den arbeidsmarknaden og dei behov kommunen til ei kvar tid har.

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

TYSNES KOMMUNE INTRODUKSJONSPROGRAM FOR NYTILSETTE

RETNINGSLINER FOR BRUK AV PRØVETID

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Fjell kommune- arbeidstakarorganisasjonar Samarbeid, medverknad og medråderett. derett Kristin Nævdal Hodneland, Personalrådgjevar

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Retningslinjer for Lærlingane i Masfjorden kommune

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Lønspolitisk plan. Suldal kommune. Vedteke i kommunestyret Rullert i partsamansett utval

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID:

RAMMER FOR ARBEIDSGJEVARPOLITIKKEN I ULVIK HERAD

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Tilgangskontroll i arbeidslivet

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Personalreglement Masfjorden kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Lønnsundersøkinga for 2014

Eva Marie Halvorsen (arbeidsgjevar), Åse Løkeland (1. vara arbeidsgjevar) 1/ / Godkjenning av innkalling og sakliste 2

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Seniorpolitikk for ansatte i Vefsn Kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

PERSONALPOLITISKE RETNINGSLINER

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Lønspolitisk plan

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Høgskolen i Telemark Styret

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

Sandeid skule SFO Årsplan

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Arbeidstidsordning i nye Volda

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

FORSLAG TIL INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSEFØRETAK

Verksemdsplan 2012 for Vest-Telemark PP-teneste

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Lønspolitisk plan

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Transkript:

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014

FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin innsats og motivasjon er direkte utslagsgjevande for kor bra tenesta vert for innbyggjaren. Når me såleis definerar vår seniorpolitikk er det av to omsyn. For det første me treng seniorane for å kunne ha ein stabil og kompetent tenesteproduksjon, og for det andre skal den einskilde tilette verte verdsett og inkludert. Seniorarbeidaren har frå fylte 62 år eit alternativ i pensjonering. Nye pensjonsordningar legg til rette for å kunne arbeide lengre uansett uttak av pensjon. Seniorarbeidaren er for oss ein medarbeidar med lang erfaring frå arbeidslivet, kommunen og tenesteproduksjon, og det både i gode og krevjande dagar. Dette er såleis ein verdfull ressurs for Masfjorden kommune, og seniorpolitikk skal vise dette og moglege verkemiddel for å leggje til rette for at seniorar heldt fram i arbeid. Det vil vere ulikt kva som fremmar motivasjon hjå den einskilde medarbeidar slik at seniorpolitikk verte individuelt tilpassa med bruk av ein felles tiltaksmeny. Det beste grunnlaget leggjast gjennom god arbeidsgjevarpolitikk i heile arbeidsforholdet. Masfjorden kommune sin seniorpolitikken har sitt formelle utgangspunkt i Arbeidsmiljølova, Hovudtariffavtale, Personalreglement og Avtale om inkluderande arbeidsliv. Masfjordnes, juni 2014 Svein Helge Hofslundsengen rådmann

Innhald: 1 Mål side 4 2 Kven er seniorarbeidaren? side 4 3 Seniorpolitiske tiltak a) Inkluderande arbeidsmiljø og haldningar side 4 b) Medarbeidarsamtale side 4 c) Kompetanseutvikling side 4 d) Tilrettelegging av arbeid side 5 e) Fritid og undersvisningsfri side 5 f) Seniortillegg side 5 g) Høve til å angre - frys av stillingsforhold side 6 h) Opphøyr av arbeidsforholdet side 6 4 Praktisering av seniorpolitikk a) Seniorpolitikk i Masfjorden som styringsdokument side 6 b) Seniorpolitikk i Masfjorden som praktisk rutine side 6

1 MÅL Grunnlaget for seniorpolitikk er ei haldning om at vaksne arbeidstakarar er verdfulle ressursar som Masfjorden kommune treng. Me har følgjande mål: Seniormedarbeidarar arbeider motivert lengst mogleg Seniormedarbeidaren får bruke sin kompetanse og opplever meistring og trivsel Definere ein gjeldande seniorpolitikk som viser normer og system kring seniorarbeidarar Seniorpolitikk er også å tilretteleggje for ein tenleg og verdig avslutning av arbeidskarrieren. 2 KVEN ER SENIORARBEIDAREN? Seniorarbeidaren er ein medarbeidar med lang fartstid og mykje erfaring frå liv og yrkesliv. I Masfjorden kommune reknar me oss som seniorarbeidarar frå det året ein fyller 60 år. 3 SENIORPOLITISKE TILTAK a) Inkluderande arbeidsmiljø og haldningar Godt arbeidsmiljø, fagleg kvalitet og utvikling, støtte og verdsetjing frå leiar og kollegaer er viktige faktorar for å førebyggje tap av arbeidsglede. Seniorpolitikk er ein del av god personalpolitikk generelt sett. Praktiske verkemiddel kan medverke til lang og positiv arbeidskarriere. Alle tilsette og leiarar skal vere bevisste på den kompetansen som lang yrkeserfaring gjev. Seniorane har ofte røynsle som gjer at dei kan sjå arbeidet sitt i eit heilskapsperspektiv. Eigenskapar som sikkert skjønn, sosiale ferdigheiter og kjennskap til kommunen skal verdsetjast. Den tilsette skal ha attendemelding på at ein har ei viktig rolle i organisasjonen. b) Medarbeidarsamtale I dei årlege medarbeidarsamtalane frå det året ein fyller 60 år skal ein avklare den tilsette og arbeidsgjevar sine ønskje. I medarbeidarsamtalane skal det lagast ein plan og avtale for den vidare arbeidskarrieren i kommunen. Bruk av seniorpolitiske verkemiddel er ein viktig del av ein slik plan og avtale. Samtalen er mellom arbeidstakaren og næraste leiar, og leiar tek initiativ til samtalen. c) Kompetanseutvikling Meistring av oppgåver og forventningar er vesentleg for om ein ønskjer å halde fram i arbeid. Det er viktig å avklare om det er gap mellom medarbeidaren sin kompetanse og oppgåvene sine krav. Det kan vere behov eller ønskje for vidareutdanning, bruk av real- og etisk kompetanse, IKT osb. Seniorkurs i januar i det året ein fyller 60 år Masfjorden kommune arrangerar i samarbeid med andre kommunar i Nordhordland seniorkurs. Kurset er obligatorisk. Målsetjing for kurset er å gje deltakarane forståing og kunnskapar i høve til vidare arbeidskarriere og pensjonsordningar.

d) Tilrettelegging Tilrettelegging kan dreie seg om tilpassing av arbeidsoppgåver, arbeidsforhold og arbeidstid. Tilrettelegging er eit generelt personalpolitisk verkemiddel, som er gjensidig forpliktande mellom partane. Arbeidsgjevar legg til rette og arbeidstakar medverkar og prøver. Tilrettelegging skal ikkje gå utover tenestene til brukarane. Tilretteleggingsplikta er regulert i Arbeidsmiljølova 4-2. Det kan vere eit potensiale for ny vekst hjå den einskilde dersom ein ser moglegheitene i heile kommunen. Ønskje og interesser for anna arbeid må meldast rådmannen ved personalrådgjevar. e) Fritid og undervisningsfri Med det føremål at noko ekstra fritid gjev auka arbeidsglede og ønskje om å halde lenger fram i arbeid, er det eit seniorpolitisk tiltak å gje ekstra fridagar for seniorar over 60 år. Seniorarbeidarar kan i det året ein fyller 60 få arbeidsfri 5 dagar med løn (ved full stilling, og tilsvarande mindre i deltidsstillingar). Dagane skal vere enkeltdagar og uttaket vert avtala i medarbeidarsamtalane kvar år. For personar i mindre enn 50% stilling kan dagane unntaksvis betalast ut. Lærarar kan anten bruke kulepunkt 1 eller avtale 3% undervisningsfri. Om ein vel kulepunkt 1 eller 2 vert avtala i medarbeidarsamtalen. Dersom det lar seg praktisk gjennomføre for avdelinga, skal det leggast til rette for at arbeidstakarar kan ta ut 4 veker samanhengande ferie frå fylte 58 år. f) Bruk av seniorane sin kompetanse Frå og med 2015 vert det oppretta ein post i budsjettet som skal nyttast til vikar for seniorar som nyttar arbeidstid til; Å rettleie yngre arbeidstakarar Å støtte kollegaer når dei treng rettleiing og bistand i utføring av krevjande oppgåver For å delta i prosjekt og utviklingsarbeid der senioren sin kompetanse er viktig å inkludere Organisering og planlegging skjer i samarbeid mellom leiar og senioren med utgangspunkt i medarbeidarsamtalen. Leiar tek initiativ ovanfor personalavdelinga for prioritering og sikring av finansiering og omfang av ordninga for den einskilde. g) Høve til å angre frys av stillingsforhold Når det ikkje er til vesentleg ulempe for arbeidsgjevar kan det avtalast med den einskilde tilsette at tilsettingshøvet vert frose i inntil eitt år etter pensjonering. I ein slik avtale må det seiast om den gjeld spesielt i høve til noverande stilling eller retten gjeld til fast stilling i kommunen. Næraste leiar må etter drøfting med plasstillitsvalte formidle ønskje til rådmannen/personalavdelinga. h) Opphøyr av arbeidsforholdet Avslutning av arbeidsforholdet til seniorarbeidaren skal uansett tidspunkt og årsak skje på ein verdig måte og i dialog. Personalreglementet viser markeringar som skal gjerast.

4 PRAKTISERING AV SENIORPOLITIKK a) Seniorpolitikk Masfjorden som styringsdokument Lovverk og sentralt avtaleverk overstyrer det ordningane som står i dette dokumentet. Seniorpolitikk Masfjorden kommune har verknad frå 01.01.15. Ordninga vert evaluert i 2017 med endringar frå 01.01.18. b) Seniorpolitikk Masfjorden som praktisk rutine Nedanfor er det nedfelt ei rutine for korleis praktisere seniorpolitikk i samarbeid med den einskilde seniorarbeidar. Desse aktivitetane utelet ikkje andre personalpolitiske aktivitetar, men er eit supplement for å sikre seniorpolitiske målsettingar. Tidspunkt: Aktivitet: Føremål: Ansvar: Januar året ein fyller Seniorsamling 60 år Etter seniorsamlinga i januar I året ein fyller 61 år og seinare kvart år (innan 1. september) Innan 1. september Medarbeidarsamtale Medarbeidarsamtale Planlegge og kostnadsvurdere seniorpolitiske tiltak i avdelinga Gje kunnskap, motivasjon og refleksjon kring det å vere seniorarbeidar Oppfølging av seniorsamlinga Gå igjennom Seniorpolitikk Masfjorden kommune I den årlege medarbeidsamtalen ha seniorpolitikk som eit tema. Gjere individuelle avtalar om bruk av verkemiddel Leiar oppsummerar tiltak, og melder dette til administrasjonen, som får koordinert og budsjettert seniortiltak i neste års budsjett Rådmannen ved personalavdeling organiserar kurset lokalt Samlinga er obligatorisk for arbeidstakaren Næraste leiar tek initiativ Arbeidstakaren medverkar Næraste leiar tek initiativ Arbeidstakaren medverkar Næraste leiar. Rådmannen ved personalavdeling koordinerar og lagar sak til budsjetthandsaming