Løypemelding 1 2014 Storeteigen, Øystese 14.01.14 Vyrde Hardangerrådet! Godt jubileums- år til samtlege! Her er fyrste løypemelding for storprosjektet Hardanger 2014 i driftsåret 2014. 1. Opningskonserten Hardanger i hundre i Oslo 22. mars Mykje energi vert lagt i opningskonserten i Oslo konserthus 22. mars. Dette er eit samarbeid mellom H- 2014, Flytt til Hardanger og Hardinglaget i Oslo. Dette vert saman med grunnlovsvandringa og Hardanger musikkfest ein del av det nasjonale arrangementet i regi Stortinget. Hardanger viser att i nasjonal målestokk! Programmet er medvite regissert til å passa eit nasjonalt publikum. Ei rekkje tilreisande frå Hardanger er venta. Leiv Vambheim skal sjekka mogelegheit for samordna transport. Det offisielle Noreg er invitert og signala er gode på at nokon frå nasjonal forvaltning vil koma. Her er 3 oppmodingar: - Kjøp billett. Dette vert ei fryd for bade øyro, augo og ganen. - Spreia informasjonen i alle kommunakanalar som er mogeleg - Kle dykk i bunad! Hovudstaden skal vera farga i harding- fargar denne helga! Fullstending program: http://hardanger2014.no/events/opningsfest/ Dagtidarrangement: http://hardanger2014.no/events/bli- kjent- med- hardanger/
2. Infrastruktur a. Arrangementsinndeling Tematikken i jubileet er folkekrafta, kulturen, dugnadsanda, moderniteten og kunsten. Sentralt står dette med kraft og skjeringspunktet tradisjon/moderne. Sentralt er denne krafta som me ynskjer å fronta. Difor vert samleomgrepet Eg er ein HARDING nytta mykje. Hierarkiet under syner kategoriane av arrangement: fest, kunst mat, saum, prat, laup, stunt, spel osv. Dette grafiske materialet er utvikla med tanke på å leva også etter jubileumsåret. Ultimo januar 2014 skal det avhaldast eit møte med Merkevare Hardanger i høve å revitalisera Hardanger- profilen med desse (Trivia: Handskrifta i det grafiske uttrykket er Arnoldus Koren si! Henta frå eit skriv på Agatunet).
Oversyn: b. Marknadskanalar Hovudkanalen ut til publikum er nettsida www.hardanger2014.no Einskildarrangement og relevante saker vert posta på eiga FB- side: https://www.facebook.com/hardanger2014?fref=ts Levande bilete vert formidla via Vimeo: https://vimeo.com/hardanger2014 3. Kulturarrangement i Hardanger Her er totaloversynet over arrangement som utgjer Hardanger 2014 og some r lansert på nettportalen www.hardanger2014.no: Så snart alle prosjekta er ferdigstilte vil det verta laga ein sams brosjyre. Arrangør Prosjekt Dato Kommune Programnemnda Gisle Martens Meyer/Ugress: Lyden av Hardanger 08.01.14 Internett Programnemnda Grunnlovsvandring Hardanger - Oslo 15.- 21.03.14 Hardanger - Oslo Hardinglaget i Oslo Hardanger i hundre 22.03.14 Hardanger Røldal NedOpp Ultra- Harding Feb - Aug Odda Harding Puls Landskapskunst i Hardanger April - oktober Hardanger Hardanger Folkemuseum Utstilling og opningsprogram 04.05.14 Ullensvang Programnemnda 17. maikonsert på Hardangerjøkulen 17.05.14 Ulvik Granvin ungdomslag 17. mai- tale frå 1909 TBA Granvin 23.- 24. mai eller Fosse- stiftinga HAV Strandebarm 30.- 31.mai Kvam Kvammakoret 2014- konsertar på Breidablik og Steinsdalsfossen 29. mai + 5. juli Kvam
Bygdalarm Traktorkonsert ved Steinsdalsfossen 29.05.14 Kvam Folgefonni breførarlag Folgefonni 2214 Ultimo mai Jondal Hardanger Folkemuseum Hardangersaumparkering Mai Ullensvang Kunstnemnda i Agatunet Ungdomskuleutstilling i Agatunet Mai - august Ullensvang Hardanger Musikkfest Gi meg en G 07.06.14 Odda Stiftinga Hardingtonar Hardingfela og felemakarane på Botnen 13. - 15. juni Kvam Handverksmessa i Jondal Innovativ saum 27. - 29. juni Jondal Kunsthuset Kabuso Vi er det som er av det som var Juni - Sept Kvam Xreid Norway AS Xreid Hardangervidda Juli Eidfjord Kvemmadokkje husmannsplass Utandørskonsert i Kvemmadokkje 19.07.14 Ulvik Ulvik idrottslag Kvasshovden Opp 19.07.14 Ulvik Hardangerakademiet Hardangerakademiets sympoium 2014 25. - 27. juli Jondal Olav H. Hauge- senteret Landskapsdikt og dikti i landskapet - ei reise i poesi og tid 4. - 7. sept Ulvik Stinftinga Hardanger Kunstskule HAKU i Hardanger 1. - 18. sept Hardanger Programnemnda HARDANGER SPACE STATION 08.10.14 Ullensvang Kunstarhuset Messen Hardanger ute i verda - og verda til Hardanger Heile året Kvam og internett Kunstarhuset Messen Møte med internasjonal kuns tog kunstarar i Hardanger Heile året Hardanger Grunnlovsvandringa, Opningskonserten i Oslo konserthus og Hardaneg rmusikkfest sitt prosjekt Gje meg ein G vert marknadsført gjennom Stortinget sine offisiselle arrangement: http://stortinget.no/no/grunnlovsjubileet 4. Harding- stunt 2014 a. Lyden av Hardanger Delprosjektet Lyden av Hardanger vart sloppe på H- 2014 sin kanal på Vimeo 8. januar og fekk god spreiing og SVÆRT gode tilbakemeldingar. Totalt nærare 4000 visningar og god viral spreiing på Facebook. Link: https://vimeo.com/83672642 Prosjektet genererte to presseklypp: BT: http://www.bt.no/bergenpuls/jakter- pa- lyden- av- Hardanger- 3025699.html#.UrGIB42XVsO BA: http://www.ba.no/puls/article7052253.ece b. Arnoldus von Westen Sylow Koren Den einaste grunnlovsmannen frå Hardanger skal få skina gjennom jubilee på mange ulike vis. Det skal vera ei subtil historieformidling via moderne kanalar. Eit møte med professor i jus Jørn Øyrehagen Sunde er avhalde for å sikra sogekunna. Ei gruppe jus- studentar er førespurd å vera med i karakterbyggjinga Her er ei liste over tiltaka: - Eigen FB- profil: https://www.facebook.com/arnoldus.koren?fref=ts Her vil Arnoldus fronta sakene sine, og visa karakteren sin! - Grunnlovsvandringa: Lit de parade på pulken frå Hardanger til scena i Oslo
konserthus. Utviklar i desse dagar ein figure i PVC- plast som kan brukast på arrangement gjennom året. - Illustrasjonsserie i Hardangerfanzinen som skal fulldistribuerast til alle ungdomskuleelevar i Hardanger i førekant av 17. mai - Måleri: Arnoldus anno 2014 er no under utvikling av kunstnaren TC Øye. Skal avdukast på toppen av Hardangerjøkulen 17. mai. Ryktene seier at han har skaffa seg iphone i ein hip og trendy necklace. - Hardanger Space Center: Oppskyting i verdsrommet 8. okt. Prosjektet er i ferd med å realiserast. Samarbeid med Meterologisk Institutt, VilVite, Luftfartstilsynet (!),Forsvarets Overkommando (!!). Link: http://hardanger2014.no/events/space- station/ Karakteren Arnoldus: c. Grunnlovsvandringa Hardanger Oslo 15. 21. mars Som oppkøyring til opningskonserten 22. mars vert gjort på den harde viset. Under mottoet Liding fører fram skal 6 hardingar attleggja om lag 50 km dagleg med pulk frå Garen Oslo konserthus. Ei rekkje aktørar har kopla seg på turen: Kulturkontoret på Geilo, Ringerike Turistforening, Hallingdølen, Ringerike Blad, Aftenposten er førespurd om å dekka det som feature- reportasje. Sameleis BT. TV2 kjem til å dekka delar av turen. Sluttspurten gjennom Nordmarka vert gjort i bunad! Link med oppdatert reiserute, presentasjon av vandrarane og samarbeidspartnarar: http://hardanger2014.no/events/grunnlovsvandring- hardanger- oslo/
Grunnlovsvandrarane: d. Skuleprosjekt Hardanger 2014 Ein skule har hekta seg på arbeidet med å utvikla ein eigen Hardangerfanzine som skal fulldistribuerast til alle ungdomskuleelevar i Hardanger i førekant av 17. mai. Innhaldet er historie, media og språk. e. 17. mai på Hardangerjøkulen Sjølvaste nasjonaldagen vert planlagt med klaverkonsert med luftbore flygel. Arrangementet vert gjort i samarbeid med Finsehytta og Finse 1222. Alle tre aktørane bidreg med innhald og marknadsføring. Ulvik herad avgjer landingsløyvet medio februar. Deretter vil arrangementet endeleg settlast. Dersom løyvet vert avslege eller veret ikkje tillet fyking vert konserten gjennomført på Finse stasjon. NRK er kontakta og har lagt det inn i sine planar for pressedekning på grunnlovsdagen. Kontaktinfo: AK Glück- Teigland Tlf 91394506 ak@bygdalarm.no