Periodeplan for Solsikkene August 2014-Februar 2015
Innleiing Hei og velkomne til eit nytt barnehager i Solsikkegruppa. Solsikkegruppa har tidlegare vore ei gruppe for 3 -og 4 åringar, men frå i år av vert det ei rein 4 årsgruppe som tel 11 born. Treåringane har no fått si eiga gruppa som vi har kalla Kvitveis. Som de då sikkert forstår betyr det at vi no har tre grupper på storbarnsbasen i år. Den siste gruppa heiter Kløver og den er ei 5 årsgruppe. Kvart år vel vi eit hovedtema å jobbe med i gruppene. I fjor jobba vi mykje med Miljø og sortering og det skal vi halde fram med også i år, men meir som ei gjennomgående tema. Målet med dette er at born skal få eit natulrleg forhold til miljøvern. Som De sikkert kjenner til er barnehagene i Volda med i eit prosjekt som forskar på born og psykisk helse som ein har kalla Voldaprosjektet. Ut frå dette prosjektet har vi i år valt å jobbe med temaet Eg og kroppen min. Målet med dette tema er er å gjere borna kjende med seg sjølv og omgjevnadane sine og gjere dei til trygge menneske. Barnehagen held fram med å utvikle seg innan Reggio Emilia-filosofien og arbeidsmetodene våre vert gjerne prega av dette. Vi freistar å lytte til kva borna har interesse av og ynskjer å jobbe med.
Borna i Solsikkegruppa (f. 2010) Kamilla Paulen f. 10. Januar Emil Berget f. 13. Februar Emma Bogdan f. 27. Mars Nora H. Rekkedal f. 18. Mai Imram Hussein Hassan f. 15. Juni Mohamed Sharro f. 13. Juli Iver Olai Lillebø Grønli f. 14. Juli Olav Sverre Ramsli Gjethammer 24. Juli Leah Chanell Klepp f. 11. September Mikael Bjørdal f. 28. Oktober Amanda Ailina Meta-Hadici f. 6. November
Hovudtema: Eg og kroppen min August: Tilvenning Mål: Målet med tilvenning i august er å bruke tid til å integrere nye og gamle born i barnegruppa på basen og i Solsikkegruppa. Bornet skal gjerne bli kjend med andre born og vaksne i denne og det er viktig å bruke tid på dette. Borna skal også bli kjende med dagsrutiner og organisering i barnegruppa. I tilvenningsperioden får alle born si eiga primærkontakt som er litt ekstra nær barnet i denne perioden. Månadens song: Badubi-dubi-dam-dam-dei (Namnesong -bli kjend song) HUGS: Planleggingsdag måndag 4. August. Barnehagen stengd September: Kven er eg Mål: Solsikkene skal få kjennskap til seg sjølve og familien sin. I september skal Solsikkene freiste å bli kjende med seg sjølve gjennom samtale, for eksempel i samling der dei kan få bruke tid på å fortelle om familien sin og kva ein gjer på i helga. Dei skal få måle kor høge dei er og teikne seg sjølve. Der er mykje å gripe tak med Kroppen som tema. Vi vil ta for oss kva som er inne i kroppen vår og kva og korleis vi kan bruke den. I september vert det også ei brannvernveke der vi øver på Brannsongen, samtalar om kva som er viktig når det byrjar å brenne, og vi får trene på brannøving. Månadens song: Du har to øyne
Hugs: - Planleggingsdag onsdag 10. September. Barnehagen stengd. - Foreldremøte 24. september. - Ta ein sjekk i korga. Borna treng varmare klede til borna no når det vert kjøligare. Oktober: Kven er eg I oktober held vi fram med temaet om kroppen, men det som vert annleis er at vi vaksne må lytte meir til borna sin innfallsvinkel til temaet og gripe fatt i det, gjerne som eit prosjekt. Mål: Korleis ynskjer Solsikkeborna å jobbe med temaet om Kroppen. Månadens song: Dei beina, dei beina dei rare beina. Hugs: - Planleggingsdag måndag 6. oktober - Foreldresamtalar Solsikkene November I løpet av november freistar vi å avslutte temaet om Kroppen og vi byrjar så smått å tenkje litt på jula. Alt 3. desember er barnehagen invitert til den årlige Barnekunstutstillinga der vi lagar kunst ut frå innholdet i ei bok. Årets utstilling handlar om Snøhumla Mille av Janne Marit Øye og Anne Angelshaug.
Desember: Advent & jul I desember ynskjer barnehagen å vere ei motvekt til alt julestresset. Då skal vi senke skuldrene og kose oss i barnehagen. Vi startar dagen med ei adventsamling der borna får tenne lys, trekke julekalender og synge julesongar. Vi kjem også til å bake litt julekaker og lage hemmelege julepresangar. Vi vil trulig få invitasjon frå kyrkja om julegudsteneste, så hugs å seie frå dersom barnet ditt ikkje skal delta. HUGS: - Luciafeiring NB!fredag 12/12 (ha på kvite klede & glitter) - Nissefest 19/12 - Lyktefest/Julefest 18/12 - Barnehagen held stengt julafta og nyttårsafta, hugs å gje melding til barnehagen om barnet ditt skal ha fri i romjula. Januar og Februar: Barn av samme jord Mål: Borna skal få kunnskap kring born i andre land, og få høve til å reflektere og undrast over dette. I januar held vi fram med temaet om «Eg og kroppen min», men flyttar no fokuset bort frå oss sjølve og over på born i andre land. I slutten av januar vil vi ha ein Forutaksjon der vi inviterer alle besteforeldre til kopp kaffe og litt kake, og vi lagar gevinster til utlodding. Inntektene går til ein barneheim i Nepal. Månadens songar: Vi øver på songar på Forut-cd en. HUGS: - Fredag 2.januar er barnehagen stengd grunna planleggingsdag - Forutaksjon 29/1