Måleri fra Baarset, antageleg frå 1927 Baarset dampskipskai Det vart kring århundredeskiftet 1800-1900 bygd ei kai ca. 200 m nord for gardane på Baarset. Kaia var oppbygd av stein og ytterst vart det bygd ein del av tre. Trekaia er i dag rive, medan steinkaia står som før. Vegen gjekk mellom gardane og ned til kaia. Det vart bygd eit ekspedisjonshus tett inn til kaia på pålar i sjøen. I tilknytning til kaia vart det laga ein holdeplass for hestar og seinare bilar. Det vart og laga ei trapp frå toppen av kaia og ned til sjøen slik at folk frå mindre båtar kunne ta seg opp og ned til kaia. Kaia står på garden Bortistu bnr.2 og eigar då kaia vart bygd var Lars I. Baarset. Ekspeditørar har vore Lars I. Baarset og Tore Baarset. I tillegg til dampskipsekspedisjon hadde garden postkontor. Dampskipstrafikken starta sist på 1800 talet og av båtar som gjekk kan nemnast : Hankø, Nordmøre, Statsråd Riddervold, Ganger Rolf, Solskjel, Kvernes, og Driva. Anløpstader i Skålvikfjorden var Bårdset,Vågland og Betna ( ikkje om vinteren ).
På laurdagar og sundagar vart båten kalla lystbåten. Då var det mykje byfolk som var med, om sumaren spesielt. Kristian Korsnes f.1923, hugsar godt Bårdset dampskipskai som møteplass for bygdefolket i Skålvikfjorden. Om dette fortel Kristian : Det eg kan minnast om det å gå på lystbåten gjeld i frå først på 1930 talet. Kor mange år etter krigen denne lystbåten gjekk veit eg ikkje så sikkert, men eg trur ikkje det var så mange år. Det som vart kalla lystbåten var den rutebåten som gjekk frå Kristiansund laurdag ettermiddag og returnerte sundag kveld. Eg trur den ruta gjekk inn til Valsøybotn. Når vi gjekk på lystbåten her i Skålvikfjorden så var det å gå til Bårdset der dampsskipskaia var. Det var berre om sumaren at denne ruta gjekk og det var som oftast mykje folk med båten. Det var omtrent ingen som hadde hytte på den tida, med unntak av fru Sand som hadde hytte på Bårdset. Og så var det bakar Larsen som hadde hytte på ein holme på Kaldbergsvatnet. Kan ikkje hugse fleire. Det var slik den tida at når byfolket skulle på ferie så leigde dei seg husrom kring på gardane. Sjølfolket flytta då ned i kjellaren eller i eldhuset der det var slike. Dei som ferierte på Gjerstad reiste også om Bårdset. Hugsar familiene Dahl og Dahlen, trur eg det var, bodde på Gjerstad. Sigurd Dahlen vart seinare politimeister i Kristiansund. I søgarden på Aasbø var det familien Jæger. Kleivsetgardane er eg meir uviss på, men eg veit at det delvis var ferierande folk på klokkargarden. På Bårdset var familien Gjerde i alle år. Kanskje det var fleire også. På Rabbå var det vekselsvis familiene Borch,Eikås,Hansen og Johansen. I Gråva var også Borch og Hansen. Det var også delvis ferierande på Rabbhaugen. I Løvika Innergarden var det familien gullsmed Sunde som var der i alle år så lenge Brit og Anders hadde garden og dei var mykje i lag med bygdafolket. Seinare budde dei i Utigarden / Løvik. På denne garden budde også familien Ingebriktsen og familien Dahl, den samme Dahl som budde på Gjerstad. Denne Dahl trur eg heite William og var ein kjent mann i Kristiansund. På Setra kan eg ikkje hugse hadde byfolk, men i Korsnesvika var det ein familie som heitte Tommelty, som var den same som budde 2-3 sommrar her på Korsnest. Det var i 1937,38 og 39. Ellers var det mange frå byen som hadde slekningar i Skålvikfjorden som benytta denne båten til helgabesøk. Det var mange som skulle til lystbåten som starta i god tid då dei samstundes skulle til Klieva på handel. Det var ein steinutgard mellom bygdevegen som var da og løa til garden som Hans Atle no har og rundt denne steinutgarden var det samlingsplass og det var serleg på innersida av utgarden som var sitteplassen. Der vart alle verdens problemer diskutert og ein umasse skrøner og historier fortalt. Ole Birkelund var no kjent for å vera meisteren når det gjaldt å fortelja skrøner. Det var kanskje ikkje alle som heldt til der ved utgarden som var nede på kaia då dampen kom, for dei hadde god oversikt over kven som reiste og kven som kom når dei var der på Bårdsetmyra som vi kallar dette området. Denne Bårdsetløå som er nemnt var til stor hjelp når det var ruskver. På eine enden som vendte mot bygdevegen var det ein stor åpning og ein romsleg plass innafor som delvis var bruka til redskapshus. Der var det godt å halda til i ruskveret. Hadde desse redskapa som sto der kunne tala og fortalt alt dei hadde sett og høyrdt, då hadde det sikkert vorte rart for mange.
Når båten var lagt frå kai så var det å gå på postkontoret og hente posten. Også posten til naboane vert henta dersom desse ikkje var der. Når flokken til slutt tok på heimveg var det mest som eit lite 17 mai-tog som drog utover Bårdsetmyra. På sundagar dersom det var fint ver tok dei første til å samlast ved 5 tida om ettermiddagen. Då var det same oppatt med skrøner og slikt, men da var det nokre av dei som skulle til byen som hadde dårleg tid. Det var altid dei same og eg hugsar Larsen var ein av dei. Han hadde nikkers og fine håsså. Under krigen var det stor trafikk med denne båten, for da var byfolket på jakt etter matvarer. Byfolket hadde store fester i helgane. Desse kunne vera verd eit kapittel for seg sjølv. Tekst og forteljingar skrive av Lars Indreiten i samband med kulturminnedagane i Halsa 2012. Andre opplysningar: Kristian fortel historier frå rutebåttrafikken: Ei lita historie om ei hending i 1938, eller i 1939. Den tid var det ikkje Vinmonopol i Kristiansund, så dersom folk ville ha tak i sprit måtte dei bestille dette ved polet i Trondheim. Spriten vart sendt som pakke med Trondheimsbåten til Kristiansund og vidare med lokalbåten til anløpssted t.d. Bårdset. Oftast var det fleire som slo lag, så det kunne være fleire flasker i kvar pakke. Presten som då var i Halsa var sint på desse brennevinspakkane for han såg desse som ein styggedom. Når han hadde preike på søndagar var det ofte han overnatta på Tustna til mandag og tok da lokalbåten frå Tømmervåg eller Halsnes til Bårdset. På denne turen nytta han høve til å sjå etter kven som skulle ha desse pakkane og det hendte også at desse pakkane vart nevnt frå prekestolen. Dette likte folk dårleg og difor var det ikkje om å gjera å ha namnet sitt på desse pakkane. Så var det nokre karar som skulle skriva til Trondheim etter brennevin. Ein av desse heitte Jon og budde på ein stad som vart kalla Elvadalen. Dei samtala seg med ekspeditør Tore Baarset som også var poståpnar at dei kunne bruka Jon Dalen som namn på pakken. Ein måndag kom pakken til Bårdset og samstundes kom presten som hadde lese namnet på pakka. Då prsten kom opp på kaia gjekk han rett bort til Tore og spurte : Hvem er denne Jon Dalen?. Presten kjente ikkje denne skålvikfjordingen og fekk vel ikkje vite det heller. Ei anna historie : Det var ei forening frå byen som hadde fest i Arbeidshuset ein laurdagskveld. Då følget reiste til byen med lystbåten søndag kveld måtte desse roast ut til rutebåten. Dette var like før kaia vart bygd. Det var dåværande ekspeditør Lars Baarset som rodde desse ut. Mange i følget var synlege berusa og Lars vart meir og meir irritert over desse. Dei siste ville ikkje forlata robåten. Lars visste råd, han tok tak i buksebaken på dei og lempa dei om bord på rutebåten.
Kartutsnitt Bilder/multimedia Brukerinfo Forfatter: Ragnhild Godal Tunheim Opprettet: 19.12.2012 Gardsnavn Baarset GNR 21 Bruksnavn Nystu BNR 3 Kulturminnetype Maritimt kulturminne Datering 1800-1899 KulturminneID 15710033 Synleg i terreng Godt synleg Opphaveleg funksjon Ferdsel/samferdsel, Noverande funksjon Ferdsel/samferdsel, Tillating av eigar Eigars tillating til registrering er innhenta Andre registreringer / dokumentasjon / kjelder Dateringskjelder Munnlege kjelder: Kristian Korsnes, Ola Baardset og Lars Indreiten
Planstatus