VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR Saksnummer Utval Vedtaksdato 032/15 Kommunestyret 26.05.2015 Saksbehandlar: Vårvik, Magne Inge Sak - journalpost: 15/1051-2015006975 FORSLAG OM ENDRING I HELLIGDAGSLOVA OM Å TILLATE SØNDAGSOPNE BUTIKKAR - UTTALE FRÅ VINDAFJORD KOMMUNE 04.05.15 OPOM Leiar Gustav Løge Fosse sette fram fylgjande fellesforslag for Krf, Sp, SV og BBL: Vi viser til Kulturdepartementet sitt forslag om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 12 om «helligdager og helligdagsfred (helligdagsloven) 5 om salg fra faste utsalgssteder». Dette er synspunkt på departementet sitt primærforslag og på det andre forslaget, der avgjerdsmynde blir lagt til den einskilde kommune. Vindafjord kommune støttar ikkje dei føreslegne lovendringane, verken primærforslaget eller sekundærforslaget. Vindafjord kommune meiner det ikkje er behov for eller formålstenleg med liberaliseringar som legg til rette for meir handel på søndagen utover det som det i dag er høve til. Vindafjord kommune meiner tvert imot at det er viktig å halde fast på grenser for kommersiell aktivitet på søndagar. Grenser for kommersiell aktivitet på søn og heilagdagar bidreg til å ta vare på desse dagane som annleis enn vanlege kvardager. Søndagen er ein viktig felles fridag og kviledag, og det er ein viktig samfunnsverdi å vidareføre søndagen som ein annleis dag for befolkninga. I departementets vurderingar (7.1 Vurderingar), vert det vist til at departementets
forslag om å byggje ned reguleringane av butikkane sine opningstider på søndagar har som utgangspunkt at tilbod og etterspørsel eignar seg betre enn lovverket til å regulere butikkane sine opningstider. Det vert hevda at ytterlegare dereguleringar av opningstidene vil innebera større grad av likebehandling mellom butikkar, og at det vil bidra til enklare regelverk då forbrukerane sjølv vil kunne avgjere når dei ønskjer å handle, og butikkane kan sjølv vurdere kva opningstider dei vil tilby. Vindafjord kommune er ikkje einig i at tilbod og etterspørsel eignar seg betre enn lovverket til å regulera opningstidene. Vindafjord kommune meiner det er viktig at regulering av opningstidene ikkje åleine blir avgjort av tilbod og etterspørsel, men at omsynet til søndagen som ein annleis dag, befolkninga sitt behov ein felles kviledag, helgedagsfreden, til arbeidstakarane sitt behov for ein fridag saman med vener og familie, sikrast gjennom ei vidareføring av dagens lovverk. Vindafjord kommune meiner regjeringa sitt forslag om liberalisering av helgedagsloven legg til rette for ei grunnleggande samfunnsendring som ikkje er ønskeleg. Føremålet med helgedagsfreden er blant anna å bidra til at flest mogleg vert gitt høve til å ha helgefri og sørgje for at ein dag i veka er annleis enn vanlege kvardagar. Vindafjord kommune meiner det er viktig å skjerme seg ein dag i veka for kommersiell aktivitet, slik at ein legg til rette for at fleire av arbeidstakarane i varehandelen får høve til å ha fri på søndagar. For mange er dette ein viktig del av kampen for rett til eit familieliv. Vindafjord kommune kan ikkje sjå at dei føreslegne lovendringane vil bidra til enklare eller mindre arbeid for offentlege instansar. Vindafjord kommune viser til den sterke motstanden som pregar den offentlege debatten rundt regjeringa sitt forslag. Vindafjord kommune meiner arbeidstakarane sine, næringane sine, miljøorganisasjonane, frivillige lag og organisasjonar, kyrkja og andre motseiingar bør vega tungt i desse vurderingane. Når det gjeld departementets sekundærforslag, det alternative forslaget til endring i helgedagsloven, vil vi åtvare mot denne løysinga ut i frå ei vurdering av spørsmålet
om søndagshandel som eit nasjonalt spørsmål: Det er viktig at heile Noregs befolkning opplever at søndagen er ein annleis dag også i framtida. Vindafjord kommune viser for øvrig til argumenta som vert presenterte mot denne løysinga i høyringsnotatet. Lokal avgjerdsmynde vil kunne føre til forskjellar mellom kommunar, det kan verke uheldig for næringsdrivande som kan oppleve handelslekkasje til konkurrentar, og forbrukarane kan oppleve ulik tilgang på varer. Kommunal avgjerdsmynde kan også føre til uheldig konkurransevriding, og det kan auke kommunane sine arbeidsoppgåver. Fellesforslaget (leiar Løge Fosse) sitt forslag vart tilrådd med 5 røyster, Magne Skrunes (Frp) og Ove Johnny Ohm (H) røysta mot. Tilråding frå OPOM: Vi viser til Kulturdepartementet sitt forslag om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 12 om «helligdager og helligdagsfred (helligdagsloven) 5 om salg fra faste utsalgssteder». Dette er synspunkt på departementet sitt primærforslag og på det andre forslaget, der avgjerdsmynde blir lagt til den einskilde kommune. Vindafjord kommune støttar ikkje dei føreslegne lovendringane, verken primærforslaget eller sekundærforslaget. Vindafjord kommune meiner det ikkje er behov for eller formålstenleg med liberaliseringar som legg til rette for meir handel på søndagen utover det som det i dag er høve til. Vindafjord kommune meiner tvert imot at det er viktig å halde fast på grenser for kommersiell aktivitet på søndagar. Grenser for kommersiell aktivitet på søn og heilagdagar bidreg til å ta vare på desse dagane som annleis enn vanlege kvardager. Søndagen er ein viktig felles fridag og kviledag, og det er ein viktig samfunnsverdi å vidareføre søndagen som ein annleis dag for befolkninga. I departementets vurderingar (7.1 Vurderingar), vert det vist til at departementets forslag om å byggje ned reguleringane av butikkane sine opningstider på søndagar har som utgangspunkt at tilbod og etterspørsel eignar seg betre enn lovverket til å regulere butikkane sine opningstider. Det vert hevda at ytterlegare dereguleringar av opningstidene vil innebera større grad av likebehandling mellom butikkar, og at det vil bidra til enklare regelverk då forbrukerane sjølv vil kunne avgjere når dei ønskjer å handle, og butikkane
kan sjølv vurdere kva opningstider dei vil tilby. Vindafjord kommune er ikkje einig i at tilbod og etterspørsel eignar seg betre enn lovverket til å regulera opningstidene. Vindafjord kommune meiner det er viktig at regulering av opningstidene ikkje åleine blir avgjort av tilbod og etterspørsel, men at omsynet til søndagen som ein annleis dag, befolkninga sitt behov ein felles kviledag, helgedagsfreden, til arbeidstakarane sitt behov for ein fridag saman med vener og familie, sikrast gjennom ei vidareføring av dagens lovverk. Vindafjord kommune meiner regjeringa sitt forslag om liberalisering av helgedagsloven legg til rette for ei grunnleggande samfunnsendring som ikkje er ønskeleg. Føremålet med helgedagsfreden er blant anna å bidra til at flest mogleg vert gitt høve til å ha helgefri og sørgje for at ein dag i veka er annleis enn vanlege kvardagar. Vindafjord kommune meiner det er viktig å skjerme seg ein dag i veka for kommersiell aktivitet, slik at ein legg til rette for at fleire av arbeidstakarane i varehandelen får høve til å ha fri på søndagar. For mange er dette ein viktig del av kampen for rett til eit familieliv. Vindafjord kommune kan ikkje sjå at dei føreslegne lovendringane vil bidra til enklare eller mindre arbeid for offentlege instansar. Vindafjord kommune viser til den sterke motstanden som pregar den offentlege debatten rundt regjeringa sitt forslag. Vindafjord kommune meiner arbeidstakarane sine, næringane sine, miljøorganisasjonane, frivillige lag og organisasjonar, kyrkja og andre motseiingar bør vega tungt i desse vurderingane. Når det gjeld departementets sekundærforslag, det alternative forslaget til endring i helgedagsloven, vil vi åtvare mot denne løysinga ut i frå ei vurdering av spørsmålet om søndagshandel som eit nasjonalt spørsmål:
Det er viktig at heile Noregs befolkning opplever at søndagen er ein annleis dag også i framtida. Vindafjord kommune viser for øvrig til argumenta som vert presenterte mot denne løysinga i høyringsnotatet. Lokal avgjerdsmynde vil kunne føre til forskjellar mellom kommunar, det kan verke uheldig for næringsdrivande som kan oppleve handelslekkasje til konkurrentar, og forbrukarane kan oppleve ulik tilgang på varer. Kommunal avgjerdsmynde kan også føre til uheldig konkurransevriding, og det kan auke kommunane sine arbeidsoppgåver. OPOM bad rådmannen fremja denne som sak i neste kommunestyremøte. 26.05.2015 Kommunestyret Terje Halleland foreslo for Frp: Vindafjord kommunestyre viser til Kulturdepartementet sitt forslag om endringar i lov om "Helligdager og helligdagsfred 5 om salg fra faste utsalgssteder". Vindafjord kommune støtter forslag til endring, som inneber at butikkar vert gitt løyve til å ha ope på vanlege søndagar. Sekundært vil kommunen støtte forslaget der slik avgjerd vert lagt til den einskilde kommune. OPOM si tilråding vart vedtatt med 17 røyster, 8 (Frp 3 og H 5) røysta for Frp (Halleland) sitt forslag. KS-032/15 Vedtak: Vi viser til Kulturdepartementet sitt forslag om endringar i lov 24. februar 1995 nr. 12 om «helligdager og helligdagsfred (helligdagsloven) 5 om salg fra faste utsalgssteder». Dette er synspunkt på departementet sitt primærforslag og på det andre forslaget, der avgjerdsmynde blir lagt til den einskilde kommune. Vindafjord kommune støttar ikkje dei føreslegne lovendringane, verken primærforslaget eller sekundærforslaget. Vindafjord kommune meiner det ikkje er behov for eller formålstenleg med liberaliseringar som legg til rette for meir handel på søndagen utover det som det i dag er høve til. Vindafjord kommune meiner tvert imot at det er viktig å halde fast på grenser for kommersiell aktivitet på søndagar. Grenser for kommersiell aktivitet på søn og heilagdagar bidreg til å ta vare på desse dagane som annleis enn vanlege kvardager. Søndagen er ein viktig felles fridag og kviledag, og det er ein viktig samfunnsverdi å vidareføre søndagen som ein annleis dag for befolkninga. I departementets vurderingar (7.1 Vurderingar), vert det vist til at departementets forslag om å byggje ned reguleringane av butikkane sine opningstider på søndagar har som utgangspunkt at tilbod og etterspørsel
eignar seg betre enn lovverket til å regulere butikkane sine opningstider. Det vert hevda at ytterlegare dereguleringar av opningstidene vil innebera større grad av likebehandling mellom butikkar, og at det vil bidra til enklare regelverk då forbrukerane sjølv vil kunne avgjere når dei ønskjer å handle, og butikkane kan sjølv vurdere kva opningstider dei vil tilby. Vindafjord kommune er ikkje einig i at tilbod og etterspørsel eignar seg betre enn lovverket til å regulera opningstidene. Vindafjord kommune meiner det er viktig at regulering av opningstidene ikkje åleine blir avgjort av tilbod og etterspørsel, men at omsynet til søndagen som ein annleis dag, befolkninga sitt behov ein felles kviledag, helgedagsfreden, til arbeidstakarane sitt behov for ein fridag saman med vener og familie, sikrast gjennom ei vidareføring av dagens lovverk. Vindafjord kommune meiner regjeringa sitt forslag om liberalisering av helgedagsloven legg til rette for ei grunnleggande samfunnsendring som ikkje er ønskeleg. Føremålet med helgedagsfreden er blant anna å bidra til at flest mogleg vert gitt høve til å ha helgefri og sørgje for at ein dag i veka er annleis enn vanlege kvardagar. Vindafjord kommune meiner det er viktig å skjerme seg ein dag i veka for kommersiell aktivitet, slik at ein legg til rette for at fleire av arbeidstakarane i varehandelen får høve til å ha fri på søndagar. For mange er dette ein viktig del av kampen for rett til eit familieliv. Vindafjord kommune kan ikkje sjå at dei føreslegne lovendringane vil bidra til enklare eller mindre arbeid for offentlege instansar. Vindafjord kommune viser til den sterke motstanden som pregar den offentlege debatten rundt regjeringa sitt forslag. Vindafjord kommune meiner arbeidstakarane sine, næringane sine, miljøorganisasjonane, frivillige lag og organisasjonar, kyrkja og andre motseiingar bør vega tungt i desse vurderingane. Når det gjeld departementets sekundærforslag, det alternative forslaget til endring i helgedagsloven, vil vi åtvare mot denne løysinga ut i frå ei vurdering av spørsmålet om søndagshandel som eit nasjonalt spørsmål: Det er viktig at heile Noregs befolkning opplever at søndagen er ein annleis dag også i framtida. Vindafjord kommune viser for øvrig til argumenta som vert presenterte mot denne løysinga i høyringsnotatet. Lokal avgjerdsmynde vil kunne føre til forskjellar mellom kommunar, det kan verke uheldig for næringsdrivande som kan oppleve handelslekkasje til konkurrentar, og forbrukarane kan oppleve ulik tilgang på varer. Kommunal avgjerdsmynde kan også føre til uheldig konkurransevriding, og det kan auke kommunane sine arbeidsoppgåver.
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar, reglement m.m.: Helligdagslova Saka gjeld: Forslag om endringar i helligdagslova for å tillate søndagsopne butikkar. Saksopplysningar: Kulturdepartementet har i skriv datert 27.03.15 oversendt for uttale fylgjande høyringsnotat: «Forslag om endringer i helligdagsloven for å tillate søndagsåpne butikker». Høyringsnotatet vart lagt fram for Utval for oppvekst og omsorg i møte 04.05.15. Vedlegg: HØRING FORSLAG OM ENDRINGER I HELLIGDAGSLOVEN FOR Å TILLATE SØNDAGSÅPNE BUTIKKAR