Sakshandsamar, innvalstelefon Eva Bendiksen, 55 57 23 62 Vår dato 18.05.2009 Dykkar dato Vår referanse 2009/145 321 Dykkar referanse St. Paul skole Christiesgt. 16 5015 BERGEN Tilsyn med St. Paul skole på opplæringsområdet - sluttrapport Vi viser til gjennomført tilsyn med St. Paul skole på opplæringsområdet og til sluttmøtet med skolen 14. mai 2009. Det blei ikkje funne avvik på området som var tema for tilsynet. Vedlagt oversendes rapport frå tilsynet, som meir utførleg viser til kva tema som var gjenstand for tilsyn. Vi takker St. Paul skole for godt samarbeid omkring tilsynet og ønskjer lukke til med arbeidet vidare. Med helsing Hjalmar Olseth Ass. utdanningsdirektør Eva Bendiksen seniorrådgjevar Vedlegg: Tilsynsrapport Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Utdanningsavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
TILSYN MED St. Paul skole Tilsynsperiode: 16. april 14. mai 2009 ARKIVKODE: 2009/144 SKOLENS ADRESSE: Christiesgt. 16, 5015 Bergen FYLKESMANNENS TILSYNSGRUPPE: Tilsynsleiar Eva Bendiksen og seniorrådgjevar Jon Fjeldstad KONTAKTPERSON VED SKOLEN: Rektor Gjermund Høgh Regelverk: - Lov av 17. juli 1998 nr 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) - Privatskolelova Tilsynet omhandla følgjande emne: Fylkesmannen skal kontrollere om styret oppfyller privatskolelova sine krav til forsvarleg system for å vurdere og følgje opp at organiseringa av elevane i grupper skjer i samsvar med krava i lova, jf privatskolelova 5-2 tredje ledd og 3-4. Fylkesmannen avdekka ikkje avvik under tilsynet. Dato: 18.05.09 Eva Bendiksen tilsynsleiar Jon Fjeldstad seniorrådgjevar 2
Innhald: 1. Innleiing 2. Dokumentunderlag 3. Avvik og pålegg 4. Gjennomføring Vedlegg: Vedlegg 1: Vedlegg 2: Dokumentunderlag for Fylkesmannen sitt tilsyn Deltakarar ved Fylkesmannen sitt tilsyn 3
1. Innleiing Rapporten er utarbeidd etter tilsyn med St. Paul skole. Intervju blei gjennomført 16. og 17. april 2009. Tilsynet er ein del av eit felles nasjonalt tilsyn der Fylkesmannen i kvart fylke har tilsyn med same tema med 4 kommunar og 1 privatskole. Tilsynet retta merksemda mot styret og skolen si oppfylling av krav innan det oppgitte emnet, og rapporten viser avvik og merknader som blei avdekka under tilsynet. Rapporten gir såleis inga fullstendig tilstandsvurdering av skolen. Formålet med tilsynet var å vurdere om styret for St. Paul skole har eit forsvarleg system for å vurdere og følgje opp at organiseringa av elevane i grupper skjer i samsvar med lovkrav. Tilsynet omfatta mellom anna undersøking av om: - aktivitetar blei utførte slik som dei er omtalt skriftleg og uttalt - skolen driv si verksemd innanfor eigne rammer og dei rammer som er fastsette nasjonalt Tilsynet ble gjennomført ved gransking av dokument, ved intervju av sentralt plasserte personar i organisasjonen, og ved verifikasjon av at rutinar, prosedyrar og instruksar blir følgt opp i praksis. - AVVIK er mangel på oppfylling av krav fastsett i eller i medhald av lov eller forskrift. 2. Dokumentunderlag Dokumentunderlaget for tilsynet var: - Korrespondanse mellom skolen og Fylkesmannen - Dokumentasjon, jf. vedlegg 1 - Tidlegare tilsynsrapportar - Anna 3. Kravet til forsvarleg system, jf. privatskolelova 5-2 tredje ledd Kontrollen i Felles nasjonalt tilsyn 2009 er avgrensa til kravet til eit forsvarleg system for å sikre ivaretaking av kravet til at elevane blir organiserte i grupper, jf privatskolelova 5-2 tredje ledd og 3-4. Fokus er retta mot St. Paul skole sine vurderingar og mot dei generelle og strukturelle elementa i systemkravet for vurdering og oppfølging, styring og kommunikasjon. a. Omsynet bak opplæringslova 13-10 andre ledd, jf privatskolelova 5-2 tredje ledd: I Ot prp nr. 55 (2003-2004), går det fram at skoleeigarane står fritt til å forme ut sine eigne system, tilpassa lokale tilhøve. Det går vidare fram at systemet 1. må framstå som egna til å avdekke forhold som er i strid med regelverket 2. skal sikre at det blir sett i verk adekvate tiltak der det er nødvendig 3. føreset jamleg resultatoppfølging og vurdering av om lovverket blir følgt. 4
b. Krav til skriftleggjering: Skoleeigar sitt system skal kunne dokumenterast skriftleg for å sikre at systemet er kontinuerleg, konsistent og robust mot personelle og organisatoriske endringar. Skoleeigar må kunne beskrive systemet og kunne dokumentere at systemet er kjent i relevante delar av verksemda (hos dei som har en funksjon). c. Krav til innhald Skoleeigar må ha rutinar for å vurdere informasjonen frå skolane i forhold til lovkrav. Skoleeigar må også ha ein beredskap for oppfølging av informasjon frå rektorane om gruppeorganiseringa på skolane kunne analysere og eventuelt stille spørsmål ved informasjonen. Skoleeigar må vidare ha rutinar for å rette opp eventuelle avvik frå lovkrav. Dette kan for eksempel vere å gi bistand til løysingar, eventuelt å tilføre ekstra ressursar d. Krav til gjennomføring At det skriftlege systemet fungerer i praksis, er avgjerande for om det er lovmessig. Dette inneber for dette tilsynet mellom anna at rektor er informert om krava til vurdering av gruppeorganiseringa, og om kravet til å rette opp dersom denne fråvik frå lovkrava rektor er informert om at det skal rapporterast om problem og behov som krev skoleeigars mellomkomst, for eksempel manglande ressursar rektor blir følgt opp av kommuneadministrasjonen i rimeleg grad det er faste møtepunkt, for eksempel gjennom styringssamtalar og årsrapportering. 4. Gjennomføring Tilsynet omfatta følgjande aktivitetar: Varsel blei sendt 06.01.09. Formøte blei halde 13.01.09 Opningsmøte blei halde 16.04.09 Intervju blei gjennomført 16. og 17.04.09 Sluttmøte blei halde 14.05.09 I vedlegg 2 er det gitt eit oversyn over deltakarane på tilsynet. 5
VEDLEGG 1 Dokumentunderlag for fylkesmannens tilsyn Innsendte dokument: A Rutiner for arbeidet med inndeling av elever i grupper. Årsplan og rutiner for spesialpedagogisk arbeid, tilpasset opplæring. B Ressursfordelingstabell 2008/2009 alle team, utgangspunkt i august 2008. Normaltimeplan samt aktuelle ukeplaner/ressurser i 45/08 og 46/08 henholdsvis 6 klasse og 10A og 10B. Oversikt over "Dagens forandringer" av de to ukene (personalsamling fredag 07.11). Forklaring av noen enkeltheter de to ukene. C D E F PP-presentasjon som viser hvordan spesialpedagogisk og tilpasset opplæring er innpasset i vårt helhetlige opplegg (gjennomgått bta. i skoleskolestyret i mai 2007). Oversikt over tester brukt i logopedisk arbeid. Spesialundervisning - oversikt over samtlige elever med spesialundervisning Vedtak 2008/2009 Sakkyndig vurdering IOP høst 2008 IOP rapport jul 2008 For enkelte elever noe ekstra dokumentasjon. Elever med rett til særskilt språkopplæring 2008/2009, 6. årstrinn Vedtak Rapport jul 2008 Elever med rett til særskilt språkopplæring 2008/2009, 10. årstrinn Vedtak Rapport jul 2008 G Oversikt over avgangskaraterer 10. klasse, skriftlig og muntlig eksamen 2008. H Oversikt over avgangskaraterer 10. klasse, skriftlig og muntlig eksamen 2007. I Oversikt over avgangskaraterer 10. klasse, skriftlig og muntlig eksamen 2006. J Oversikt over skolestyrets behandling, det vises særskilt til årsmeldingene og Nasjonale prøver 2007 - særskilt til styret i desember 2007. Styrevedtak 22/08 (10.09.08) om tilpasset opplæring og spesialundervisning. Elevundersøkelsen 2008, 38/08 (12.11.08) og særskilt 03-A/09 (18.02.09). Nasjonale prøver 2008, 03-B/09 (18.02.09). Under tilsynet blei i tillegg følgjande dokument gitt tilsynsteamet: Statutter for St. Paul skole. Fastsatt 16. mai 2008 Årsoppgjør for kalenderåra 2007 og 2008 Skolens inntaksreglement Avtale med Bergen kommune om ressurser til spesialundervisning skoleåret 2008/09 6
VEDLEGG 2 Oversikt over personar frå skolen som var direkte involvert i tilsynet. ----------------------------------------------------------------------------------------------------------------- I tabellen under er det gitt eit oversyn over deltakarar frå skolen på formøtet, opningsmøtet og sluttmøtet, og over dei som blei intervjua. Navn Funksjon Formøte Opningsmøte Intervju Sluttmøte Tore Ludvig Olsen Styreleiar x x x x Gjermund Hø Rektor St. Paul skole x x x x Ronny Michelsen Koordinator spes.und./inspektør x x x Rune Haugen Lærar 10. trinn x x x Knut Gjestemoen Lærar 10. trinn/logoped x x x Marianne Nygaard Lærar 10. trinn x x x Eva Eek Lærar 6. trinn x x x Kari-Anne Førland Lærar 6. trinn x x x Frå Fylkesmannen deltok Jon Fjeldstad og Eva Bendiksen, med sistnemnde som tilsynsleiar. 7