MAGASINET. Evanger Spekemat / Ultimo Outdoor



Like dokumenter
Referat frå MINTA møte

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Brukarrettleiing E-post lesar

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Månadsbrev for Rosa september 2014

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som bur i fosterheim år

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Årsmelding for O-gruppa 2015

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

No sprett knuppane og sevja stig

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Brukarrettleiing. epolitiker

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Sandeid skule SFO Årsplan

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

Møteprotokoll for møte i

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Bruk av driftsmidlar Frifond

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Jon Fosse. For seint. Libretto

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

VINN-VINN-prosjektet

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Informasjon til elevane

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Stemnehandboka for NKSF

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Brødsbrytelsen - Nattverden

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd


Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Transkript:

Annonsebilag til «Hordaland» tysdag 20. april 2010 MAGASINET VOSS SENTRUM vs@vossekta.no www.vossekta.no VÅR 01/10 10 REPLIKK REDAKSJON MEDLEMSBUTIKKAR: Alf Opheim Optikk / Blomsterhallen Lydvo / Coop Mega Voss / Dyrdal Mat / Dyrdal Sko / EL-BO Himle Elkjøp / Voss Parfymeri / Økonor Evanger Spekemat / Ultimo Outdoor grom.no Vangen Cafe / Voss Glassmagasin / Voss Gåvesenter Midttun / Vossakringlo / Vossevangen Grill & Steakhouse / Vossevangen libris / b-young INNHALD: Annonser frå medlemane med gode tilbod! SIDE 12: Konkurranseside med premiar!

2 VOSSEKTA-magasinet 2010 ROGER HOVLAND FOTO: FOTOGRAF SENDERUD VÅREN 2010 Vossevangen er ein flott stad, med ein tett og god bygningsmasse og koselege butikkar som skapar atmosfære og trivsel. Ein finn det ein treng sentrert på eit lite område. Likevel kan dette verta betre, og noko kundane etterspør i dag er opplevelse i lag med handel. Foreininga Voss Sentrum i lag med andre, er ei viktig brikke i arbeidet med å utvikla Vangen vidare. Me har mange flinke folk på Voss som kan brukast som døropnarar til dei ulike "resursane"(pengane), for å få prosjekta gjennomført. Vangen er identiteten til Vossingane og er veldig viktig å ta vare på. Det blei sagt på eit frukostmøte me hadde i mars ( sjå annan stad i avisa) at utan Vangen vil ikkje dei andre sentra rund overleva heller. Med tunnel bak Vangen, vil heile Vangen kunna foredlast til noko "Vossekta". Ein "VOSSEKTA" stad som både dei næringsdrivande og kundane vil vera nøgde med og som vil kunna gje Vangen ein ny vår. Velkomen til handel og oppleving, og støtt dei som arbeider for ein VOSSEKTA stad på Vangen MVH Roger Hovland, Styreleiar Sigbjørn Styve, Redaktør KOM OG SJÅ VÅRENS NYHENDE VOSS SENTRUM arbeider for eit aktivt og koseleg handlesenter på VANGEN. Mange oppgåver vert gjennomførte og finansierte av organisasjonen. Viktige trivselsfaktorar som Jolegata med joletre og girlander. Pynting med blomar om sommaren. Deltek i diverse aktivitetar gjennom året. Arrangør av Smalahovesleppet. Medlemane i VOSS SENTRUM gjer dette mogeleg. Støtt Vangen ved å handla hjå desse: Alf Opheim Optikk b-young Blomsterhallen Lydvo Bula Coop Mega Voss Dyrdal Mat Dyrdal Sko EL-BO Himle Europris Evanger Spekjemat Fabrikkutsalget Fargerike Tvilde Fotograf Senderud Fretex G-Sport G. Kløve Garn Senter Jernia Rokne Glød Gullsmedverkstad Gullsmed Oddvar Hole Harmoni Herheim Foto Kafe 2 etg. Interoptik Voss Kari Traa butikken Leikehuset Maskulin Frisør Mestergull Sylvsmidja MX Sport Møbelsenteret Voss O. K. Loven Playcom Voss Reflex Voss Barntex Ringheim Kafé og Restaurant S. Endeve Sport As Sunkost Tebe Interiør Ultimo Outdoor Vangen Café Voss Glassmagasin Voss Gåvesenter Midttun Vossakringlo Vossevangen Libris Voss Parfymeri Vossevangen Grill & Steakhouse Økonor Kaker til festen? Det er hjå oss de får dei gode kakene! Ferske, handlaga kaker etter eige ynskje. Me leverer til alle høve: Bryllaup Barnedåp Konfirmasjon Årmålsdagar Høgtidsdagar OPEN: MÅN - ONS 10.00-17.00 TORS - FRE 10.00-19.00 LAURDAG 10.00-16.00 Vangsgata 31 5700 Voss Tlf. 56 51 88 07 BUTIKKEN Vangsgata 45, 5700 Voss tlf: +47 98 26 99 99 www.bula.no GRATIS PARKERING på laurdagar etter kl. 11.00, i Lekvemoen ved Langebrua, Hestavangen sør v/taxi og Fengselstomta.

VOSSEKTA-magasinet 2010 3 Konfirmant ANTREKK Blazer Skjorte slim fit Bukse svart Selected Total PAKKE PRIS: 799,- 399,- 699,- 1897,- 1500,- str. 44-46 - 48 Mykje nytt for Voss Sentrum Postboks 202 5702 Voss E-post: vs@vossekta.no Web: www.vossekta.no våren! Herreavd. underetg. Catering Private selskap og bedriftsarrangement Små eller store selskap me ordnar maten! Kaldtbord, buffet, tallerkenrettar For meir informasjon, prisar og menyar, ring 56 51 13 65 eller sjå www.ringheimkafe.no RINGHEIM KAFE Vangsgata 44 Tlf. 56 51 11 40 VOSS KAFÈDRIFT - CATERING - SELSKAPSLOKALER Me kan tilby Kaffi Smørbrød Kaker Suppe Middag Brus Is Koldtbord Snittar Middag (for servering hjå oss, eller heime hjå deg) God mat og service midt på Vangen Velkomen opp! VOSS KAFÈDRIFT - CATERING - SELSKAPSLOKALER BARNEMENY - BARNEKROK GRATIS PARKERING på laurdagar etter kl. 11.00, i Lekvemoen ved Langebrua, Hestavangen sør v/taxi og Fengselstomta. VANGSGT. 46 TLF. 56 51 14 08 E-MAIL post@kafe2etg.no

4 VOSSEKTA-magasinet 2010 Veketilbod! Vårkupp! SJEKK PRISEN INKL PUTER 3499,- FRA149,- UTEPOTTER Plastrotting Sort / brun H 39,5 cm 149,- H 57 cm 249,- H 75 cm 349,- FLETTET GRUPPE, 4 DELER Tilboda gjeld veke 16 Uttrågata 35 5700 Voss Tlf. 56 51 13 30 Vårpuss Jotun treolje Scala 3 ltr. Klar, grøn og terrassebeis Vårpuss gylden 3 ltr. Tilbod! Europris Voss Tlf 56 51 09 80 Åpent 10-20 (16) Vårpuss Tilbod! 299,- 79,- 299,- 299,- 5701 Voss - Tlf. 56 52 07 80 Avd. Dale 56 59 89 82 79,- Vossekta-gåvekort Kan nyttast i alle medlemsbutikkane til Voss Sentrum. Sjå etter Vossekta oblat på butikkvindauga eller sjå vossekta.no. Kortet kan kjøpast hjå MIX G. Kløve. Før 650,- No450,- Før 650,- No499,- Før 999,- No650,- Før 499,- No350,- 79,- GRATIS PARKERING på laurdagar etter kl. 11.00, i Lekvemoen ved Langebrua, Hestavangen sør v/taxi og Fengselstomta. grom.no

VOSSEKTA-magasinet 2010 5 Voss Sentrum Postboks 202 5702 Voss E-post: vs@vossekta.no Web: www.vossekta.no Kjole... frå kr 199,- Bolero.. frå kr 219,- Tights... frå kr 79,- Dress... frå kr 799,- Skjorte. frå kr 199,- Bukse... frå kr 229,- Bunadsokkar... frå kr 89,- Velkomen til ein hyggeleg handel! Du finn oss i sentrum like ved torget. Supertilbod På utstillingsmodellar av sofa og lampar Mood sofa frå Saxo Ordinær pris kr 18.615,- No kr 13.960,- No kr 13.960,- Utval av lampar 1/2 pris Puzzle modulsofa frå Ire Utval Ordinær av pris No kr lampar 39.510,- kr 13.960,- 1/2 pris No kr 29.600,- Utval av lampar 1/2 pris No kr 29.600,- No kr 29.600,- interiør a/s Vangsgata 56 53 07 50 www.tebe.no Vangsgata www.tebe.no 56 53 07 50 Bono lampe frå Rydens VÅRENS NYHENDE ER KOMMEN I KARI TRAA BUTIKKEN...din nærbutikk Evangerkorv pr. kg KARI TRAA BUTIKKEN - SKULEGATA 6 MÅNDAG/TYSDAG/ONSDAG: 10-17 TORSDAG/FREDAG: 10-19 LAURDAG: 9-15 99 00 GRATIS PARKERING på laurdagar etter kl. 11.00, i Lekvemoen ved Langebrua, Hestavangen sør v/taxi og Fengselstomta. Vangsgt. 56 51 10 39 Haugamoen 56 51 17 95

6 VOSSEKTA-magasinet 2010 Evanger Spekjemat Torsdag 27. april 2006 vart gardsbutikken "Evanger Spekjemat" offisielt opna i Vangsgata 14. Orførar på den tida, Bjørn Christensen, skar ei fårepølse frå Evanger Pølsefabrikk AS i to som markerte opninga av butikken. I kvar si ende av pylsa sto representant for Vossamenyen Torun Løne Vinje og ass. landbruksdirektør Åse Vaag. Evanger Spekjemat skulle selja spekjemat og kjøttvarer frå Evanger Pølsefabrikk AS, men også frå andre småskalaprodusentar i Hordaland og omegn. Mange av produkta skulle vera frå Vossamenyen ein logo som formidlar at produsenten er medlem av og knytt til matnettverket Vossameny. Me håpa og på at fleire som gjekk med tankar om å starte opp småskala produksjon starta opp då ein hadde eit felles utsalg for slike produkt. Ein starta og opp eigenproduksjon av fleire forskjellige produkt. For eksempel husets leverpostei, hjortekarbonader, fleskepannekaker, Vossakling, blodpannekaker og hakkasteik. Me er svært takknemlige for at kundane set stor pris på produkta me har i butikken og då me fekk inn Hjelles Bakeri sine produkt vart lokala i Vangsgata for små. Onsdag 24. mars i år, som journalisten i Hordaland so godt skreiv det, tok Evanger Spekjemat med seg pølser og brød og flytta bort på Langebrua. Adressa er no Uttrågata 43! Her stod Bjørne Røthe, leiar i Bulken/Evanger Bondelag, for den offisielle opninga og han skar ei fårepølse frå Evanger Pølsefabrikk AS i to som markerte opninga av den nye butikken. Her la han vekt på at Evanger Spekjemat er interessert i eit breitt varespekter innan lokal mat og at me ynskjer kontakt med fleire småskalaprodusentar i regionen. Me hadde og ein draum om å få opna ein liten kafé, slik at kundene som kom til butikken, kunne sette seg ned og ta seg ein kopp kaffi og noko godt attåt. Dette vart ein realitet i dei nye lokala og me er glade over at so mange har sett pris på denne. I fjor vår starta me opp Catering, her brukar me mest mulig lokale råvarer. Og etter mange gode tilbakemeldinger fortset me med dette, så viss du skal halda konfirmasjon, fødslesdag eller lignende er det berre å ta kontakt. Evanger Spekjemat vil ynskja alle nye og gamle kundar ein flott vår!

VOSSEKTA-magasinet 2010 7 Voss Sentrum Postboks 202 5702 Voss E-post: vs@vossekta.no Web: www.vossekta.no Garn Senter Garn Senter kan trygt kallast eit vel innarbeidd firma, dei har 40 års fartstid på Vangen. Som navnet seier, sel dei alt du kan tenka deg av garn. Strikking er populært som aldri før og dei siste åra har det bokstaveleg talt tatt av. Me må heilt tilbake til 80 talet for å finna liknande tider. Me har tatt ein prat med Liv Marion, som driv butikken i lag med mora, Målfrid. Dei er i desse dagar på Fagstikk si årlege messe for å sjå kva nytt som kjem. På desse åra har garnkvalitetane utvikla seg mykje kan Liv Marion fortelja, frå ca. 7 til 100 for å vera nøyaktig. Alpakka ull, og ull/ bomull er kvalitetar som ho sel mykje av. Dette gjev lette, mjuke plagg som pustar godt og som ikkje klør. Som ein skjønar er det viktig med eit stort utvalg i butikken, noko som krev mange leverandørar. Liv Marion listar opp i fleng der dei største er Sandnes, Dale, Pt, Drops og Viking m.fl. Dei synest det er flott at hovudvekta av garnet dei sel er spunne i Noreg, det gjev kvalitet og arbeidsplassar. Det som er ekstra moro er att ungdomen held på tradisjonane, dei strikkar som aldri før. Og at det er in, ser ein tydeleg på alle barna som går rundt i "heimestrikka" kle no om dagen. I vinter har OL gensaren, Marius og Vossajakka vore bestselgarane, og motebiletet for hausten tyder på at strikkemoten held fram. Hekling er «in» hjå ungdomen. Designarane lagar fine, enkle modellar retta mot denne aldersgruppa. Så Liv Marion og Målfrid ser fram til nye 40 år i bransjen i det dei ålar seg vidare i utvalet av vareprøvar for neste sesong. Voss Glassmagasin vart etablert i 1958. I 2006 fekk butikken nye eigarar, og flytta samstundes til nytt, triveleg lokale sentralt i Vangsgata på Voss. Voss Glassmagasin fører dei meste kjende merkevarer. To av eigarane til Voss Glassmagasin er medeigarar til Hardangerbestikk i Kinsarvik. Vårt største satsingsområde og vår viktigaste leveradør er Hardangerbestikk. Hardangerbestikk er representert med heile sortimentet sitt, og kjem ofte med nye og gode tilbod. Designer Per Finne frå Voss har vore med på å gje Hardangerbestikk nytt moderne design. Dette har resultert i designprisar. I 2009 fekk den nye bestikkserien «Tuva» «Merket for god design» prisen. I mars i år vart òg Per Finne og Hardangerbestikk tildelt prisen «Merket for god design». Denne gongen for eit nytt eggesett. Samarbeidet mellom Per Finne og Hardangerbestikk har vorte lagt merke til, både i Noreg og i utlandet. Me på Voss Glassmagasin er sjølvsagt stolte av dette, og er spente på kva det neste nye vert. Heidi, Voss Glassmagasin.

8 VOSSEKTA-magasinet 2010 KAMPANJE 25% rabatt! på alle produkter i steintøy, støypejernog hjerteserien Tilboda gjeld t.o.m. laurdag 24. april Velkomen til Hardangerbestikk-butikken Vangsgata 50 Tlf.: 56 51 17 06 Umbro Striker Jr Turf fotballsko til barn Barn Før 299,- No 150,- Møt våren med kule og fargerike smykke! Prisar frå: 449.- GRATIS PARKERING på laurdagar etter kl. 11.00, i Lekvemoen ved Langebrua, Hestavangen sør v/taxi og Fengselstomta.

VOSSEKTA-magasinet 2010 9 Voss Sentrum Postboks 202 5702 Voss E-post: vs@vossekta.no Web: www.vossekta.no 23.-27. juni er Voss klar for Landskappleiken 2010! Landskappleiken er det største og viktigaste folkedans- og folkemusikkarrangementet i Noreg, møtestad for alle aktørar i miljøet, frå rekruttar og amatørar til profesjonelle utøvarar. Over 500 frivillige kjem til å legge att ein dugnadsinnsats på om lag 13000 timar og Voss Spelemannslag, med sine 90 medlemmer, er stolt arrangør. Vossabygda har lang tradisjon for å laga til kappleikar, både lokale, regionale og nasjonale. Landskappleiken har etter kvart vorte svært stor og er eit krevjande arrangement med over 1000 deltakarar og 5-6000 tilreisande som er med i tevlingar, dans, konsertar og skapar eit yrande folkeliv. Det er store krav til overnattingskapasitet, tevlingsarenaer og sist men ikkje minst, dugnadsånd. Voss har lukkast før, og kappleiken i 2010 vert neppe den siste. Velkomen til Landskappleiken 2010! Vil du vera frivillig eller berre ha meir info? Sjå www.landskappleiken.no, og fyl oss på Facebook! Vossaspel Landskappleiken Voss er kjend som ei bygd med eit aktivt lagsliv, som resulterer i mange spanande tilskipingar. Festival Voss sto i fjor bak eit initiativet Sommarleik der det vart skipa konsertar på Torget i Voss Sentrum kvar laurdag i dei rolege sommarvekene. Musikarar, arrangørar, støttespelarar og publikum var svært nøgde med resultatet! Også i 2010 vil me freista få til eit slikt samarbeidsprosjekt, mellom Festival Voss, Voss Sentrum, Destinasjon Voss og Voss Viseklubb samt andre interesserte. Me vil invitera ulike lokale musikarar, festivalar og tilskipingar til å laga eit program med god og variert underhaldning, i år under namnet Vossaspel! Me ynskjer velkomen til konsertar på Torget kvar laurdag i tidsrommet 10. juli til 14. august kl 1300! Logolink AS. Foto: Senderud FESTDAGEN nærmar seg KNAPPAR Komplett sett, 40 store og 12 små. 4295 KOMPLETT SETT Med knappar, hengsleknapp, mansjettknappar og spenner. 5995 LOMMEUR I STÅL MED URLENKE I SØLV 2000 BUNADSKNIVEN i sølv, med gravering 2850 BUNADSSETT LITA SØLJE Hengsleknapp og mansjettknappar. Levert i treskrin. 2695 STOR SØLJE Hengsleknapp og mansjettknappar. Levert i treskrin. 2895 BREIKJEDE Handlaga 2595 GRATIS PARKERING på laurdagar etter kl. 11.00, i Lekvemoen ved Langebrua, Hestavangen sør v/taxi og Fengselstomta.

10 VOSSEKTA-magasinet 2010 ÅRETS SOLBRILLER VI HAR DE NYE MODELLENE! sølv anheng med cz kr. 375,- sølv ørepynt med cz kr. 295,- Mange av årets solbrilller kan fås med styrkeglass. Fra 790,- Alliance kontokort 0,- kontant - fra 150,- pr. mnd www.alliancenorge.no Alliance I år syklar 27 Mx-Sport tilsette Bergen-Voss. Gjer du?

VOSSEKTA-magasinet 2010 11 VOSS: VOSS: VOSS: VOSS: VOSS: VOSS: Voss Sentrum Postboks 202 5702 Voss E-post: vs@vossekta.no Web: www.vossekta.no Vegen framover for Vangen! Vossevangen har ridd av dei fleste trugsmåla dei siste åra. Foreininga Voss Sentrum, i dag med eit 50-tals medlemar, blei starta i 2002 for å kunne ta opp konkurransen med AMFI som skulle etablerast i Haugamoen november dette året. Vangen og AMFI har levd side om side og utfyllt kvarandre desse åra. Seinare har andre knoppskytingar kome til og ein ser no ein trend med større utflytting frå Vangen. I den forbindelse arrangerte Voss Sentrum eit ope frukostmøte den 16. mars 2010, med tema «Vegen framover for Vangen». Her var Hans Engelsen Eide hyra inn som ordstyrar og inspirator. Mange gode innspel kom på bordet og kva som kom ut av møtet kan de lesa i faksimilen frå Hordaland 18.mars d.å. Oppgåva for styret i Voss Sentrum vert no å få sett alle desse ideane ut i livet og ikkje minst å halda prosessen varm. VENLEGARE GATEBILETE: VENLEGARE GATEBILETE: Vangen treng å verta meir publikumsvenleg og imøtekomande. Ikkje minst for folk som ferdast i gatene etter stengjetid, kan gatebiletet verka avvisande og lite venleg. FOTO: DANIEL MELVE KVARME Vangen må verta opnare Det er heilt avgjerande at me ikkje set grenser for vår eigen aktivitet og vekst. Den neste milepålen for Voss må vera å dobla omsetnaden dei neste 10 åra! Hans Engelsen Eide var hyrt inn som ordstyrar og inspirator på Voss Sentrum sitt diskusjonsmøte på Kafé 2. etasje tidleg tysdag morgon. Temaet for møtet var «Vegen framover for Vangen», og sjølv om frammøtet ikkje var altfor imponerande, verka det som om engasjementet rundt det å utvikla Vangen i positiv lei var stort og ekte hjå debattdeltakarane. Negativt fokus Vangen har vore mykje i media i det siste, men det har helst vore med negativt forteikn, sa Roger Hovland innleiingsvis. Styreleiaren i Voss Sentrum ramsa opp saker om etablerte verksemder som vel å flytta ut av sentrum, mangelfull snørydding i gater og på fortau og næringsdrivande som har fått mangedobla eigedomsskatten som døme på ferske saker med negativt fokus. MØTELEIAR: MØTELEIAR: Hans Engelsen Eide. ARKIVFOTO: VIDAR HERRE Samarbeid Engelsen Eide er ikkje akkurat kjend for å tenkja negativt, og han gauv laus på jobben som inspirator som ein frisk vestavind på morgonkvisten. Det første han gjorde var å slå fast at det å vera og tenkja grenselaust i vidaste forstand er heilt avgjerande for å lukkast. Deretter gav han kvar møtedeltakar 30 sekund på å finna fram til eitt ord som skulle dekka kva den einskilde kunne bidra med for å gjera framtida til Vangen ljosare. Det synte seg raskt at ordet «samarbeid» var det som gjekk oftast att, med andre honnørord som «entusiasme» og «positivitet» godt inne på lista. Meir aktivitet Den viktigaste delen av debatten kom då Engelsen Eide utfordra kvar enkelt til å koma opp med tankar om kva som skal til for å gjera Vangen meir attraktiv og levande. Vangen er for lite kundevenleg utanom butikkane, spesielt for barnefamiliane. Me må gjera opphaldet på Vangen meir attraktivt, gjennom parkanlegg, leikeplassar, klatreveggar og andre tilbod. Og det å fylla uterommet er først og fremst kommunen si oppgåve, meinte førstemann ut, Kjell Herheim. Han la seinare til den konkrete ideen å isleggja Hestavangen eller ein annan tenleg plass kvar vinter, slik at ungane kunne få boltra seg. Og vert det plussgrader, kan ein leggja plast, slik dei gjorde på Festplassen i Bergen i fjor vinter. Roger Hovland kasta seg med på aktivitetsbylgja og slo til lyd for eit gateskirenn for ungar i Vangsgata. Eva Vatle Skeie, som til dagleg bur i Vik, meinte butikkane på Vangen har mykje å henta på å opna opp vindauga mot gata. Folk som kjem til Vangen etter at butikkane er stengde, ser lite av kva som er å finna inne i butikkane, og då ser dei heller ikkje ting dei får lyst til å koma att og kjøpa, meinte ho. Sundagsope Også fleire andre av møtedeltakarane var inne på tankar kring det å skapa meir aktivitet, både i og utanfor butikkane sine opningstider. Opningstidene vart i seg sjølv eit tema for debatt, fordi det er eit faktum at ikkje alle rettar seg lojalt etter Voss Sentrum sine retningsgjevande opningstider. Dette forvirrar både publikum og dei næringsdrivande sjølve og er ikkje akkurat med på å gjera Vangen meir attraktivt. Sundagsope i samband med store arrangement som Voss Cup er ynskjeleg for fleire av dei handlande på Vangen. Det syner seg at yrkesorganisasjonen Handel og Kontor har stilt seg heilt avvisande til at deira medlemer på Voss skal arbeida om sundagane. Skal Handel og Kontor i Bergen avgjera om me skal ha sundagsopne butikkar på Vangen under Voss Cup? Det høyrest heilt meiningslaust ut, sa Engelsen Eide, som nærast oppmoda medlemene i Voss Sentrum til å driva litt sivil ulydnad i denne saka. Det er slik at Voss Sentrum må søkja kommunen, som så må gje ei positiv tilråding overfor Fylkesmannen. Og eg trur at viss kommunestyret stiller seg samla bak ein slik søknad vil også Handel og Kontor verta litt spakare, forklarte Sigbjørn Styve, tidlegare leiar i Voss Sentrum. Og leiar for Destinasjon Voss, Anne Grethe Bakke, tilbaud seg straks å føra ein slik søknad i pennen. Engasjement Møtet tyktest munna ut i ei semje om at fleire attraktive møteplassar på Vangen, fleire aktivitetar ikkje minst retta inn mot barnefamiliar og ein større vilje til å tilpassa opningstidene til kundane sine ynskje, i staden for å sjå på kravet til komfort for dei som driv butikkane, er noko av det som skal til for å gjera Vangen meir attraktiv. Eg er i alle fall heilt sikker på at lukkast ikkje Vangen, så vil heller ikkje handlesentra som dukkar opp, i Brynalii, i Skulestadmo, på Tvildemoen og andre nære område overleva, sa Hans Engelsen Eide. NILS KVAMSDAL tekst nk@avisa-hordaland.no

KONKURRANSAR Premiar: Gåvekort frå medlemsbutikkane i Voss Sentrum. SUDOKU middels Send inn svar på ein eller fleire av konkurransane innan 5. mai 2010. Svarar du rett kan du vinna gåvekort: 1 gåvekort à kr 500,- - 2 gåvekort à kr 250,-. FOTOKONKURRANSE SUDOKU vanskeleg Send inn foto og ver med i trekkinga av gåvekort! Tema: «Yrande liv på Vangen» Send bileta til e-postadresse: vs@vossekta.no innan 31. mai. Me trekkjer 2 vinnarar som får kvart sitt gåvekort pålydande kr 500,- Vinnarane frå Joleavisa 2009: Håkon Loven, Aurland Gurid Folkedal, Ulvik Brit M. V. Toftevåg, Ulvik Me gratulerer! SEND INN til: Voss Sentrum, Postboks 202, 5702 Voss, innan 5. mai 2010. Namn:........................................................................................................................................ FINN KVITVEIS! Me har gøymt eit ukjend tal, kvitveis i annonsene i avisa. Klarar du å finna dei, er du med i trekkinga av gåvekort. SVARET SENDER DU TIL: Voss Sentrum, Postboks 202, 5702 Voss, innan 5. mai 2010. Adresse:................................................................ Postnr.:......... Stad:.................. Tlf.:........................... Eg har funne... kvitveis. Annonseproduksjon og trykk: Hordaland Bladdrift AS, Voss