Stranda Hamnevesen KF Hamnesjefen Saksbehandlar: Rita Berstad Maraak Kystverket post@kystverket.no Vår ref.: 16/1433-5 Dykkar ref.: Bjarte Buanes Arkiv: Dato: 08.03.2017 Kystverket - tilbakemelding på spørsmål som gjeld anløpsavgift og ankertilvisning INNLEIING Stranda Hamnevesen KF («SH») viser til dykkar brev av 3. februar 2017, der de tek opp forhold knytt til at SH har inkludert utgifter knytt til ankertilvising i anløpsavgiftsgrunnlaget for 2017, jf. vedlegg 2 til høyringsdokumenta SH sende på høyring 1. desember 2016. SH vil aller fyrst takke Kystverket for innspelet, då SH på generelt grunnlag set pris på at Kystverket gjev rettleiing om dette relativt komplekse regelverket. At SH inkluderte utgifter til ankertilvising ved cruiseskipanløp i anløpsavgiftsgrunnlaget var likevel medvite frå SH si side. I samband med at SH vurderte kva kostnadar som skulle inkluderast i avgiftsgrunnlaget, kom SH til at utgifter til ankertilvising både inngår i Stranda kommune sine kostnadar forbunde med utøving av offentleg mynde etter hamnelova, samstundes som det er ein kostnad for å «legge til rette for sikkerhet og fremkommelighet» i det sterkt trafikkerte hamnebassenget i Geiranger. I det fylgjande vil vi gje ei nærare grunngjeving for kvifor SH meiner havne- og farvannsloven («hamnelova») 25 fyrste ledd kan brukast på denne måten i føreliggande sak. Oppgåver og kostnadar som etter sitt innhald fell inn under hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum og forskrift om beregning og innkreving av anløpsavgift 3 (FOR-2010-12-20-1762) («anløpsavgiftsforskrifta»), og som dermed kan dekkast gjennom anløpsavgift, vert heretter også vist til som «Forvaltningsoppgåver» eller «Forvaltningskostnader». ANKERTILVISING INNNGÅR I KOSTNADAR FORBUNDE MED UTØVING AV OFFENTLEG MYNDE ETTER HAMNELOVA KVA GÅR ANKERTILVISINGSOPPGÅVENE SOM ER INKLUDERT I AVGIFTSGRUNNLAGET UT PÅ? Postadresse: Øyna 13 6201 STRANDA Besøksadresse: E-post rima@stranda.kommune.no Telefon 70 26 80 00 Telefaks Organisasjonsnr. 964 980 098
Vedlegg 2 til SH sine høyringsdokument listar opp Forvaltningskostnadar inkluderte i avgiftsgrunnlaget og gjev fortløpande grunngjevingar for kvifor respektive Forvaltningskostnadar og Forvaltningsoppgåver er tekne med. Oppgåver knytt til ankertilvising er inkluderte i to «samlepostar» lista opp i vedlegg 2. For det fyrste er ankertilvising inkludert i opplistinga av oppgåver utført av hamnesjef og driftsleiar som etter sitt innhald er Forvaltningsoppgåver, jf. side 1 og 2 i nemnde vedlegg. Der vert det lagt til grunn at ein relativ del av kostnadane knytt til SH sine to faste stillingsheimlar vert nytta til Forvaltningsoppgåver. På side 1 og 2 i vedlegg 2 går det fram at ei av desse oppgåvene er «[a]ll relevant oppfylging andsynes Kystverket, inkludert oppgåver knytt til forskrift om ankerplan for Geiranger». For hamnesjef og driftsleiar inneber det i praksis at desse, før kvar cruisesesong, utarbeider framlegg til ankrings- og fortøyingsplan for cruiseanløpa i Geiranger. Utkastet til ankrings- og fortøyingsplan vert så sendt til Kystverket si losteneste for sistnemnde si sjøtryggleiksfaglege vurdering og publisering. Dette på bakgrunn av at det er lostenesta som etter forskrift om oppankring i Geirangerfjorden (FOR-2004-12-07-1634) («ankertilvisingsforskrifta») er tillagt ansvar og oppgåver etter den forskriftsregulerte anker- og fortøyingstilvisinga i Geiranger. Ved eventuelle nye eller endra anløp undervegs i cruisesesongen, vil SH på same måte sende lostenesta melding om dette med framlegg til naudsynte endringar i ankrings- og fortøyingsplanen. I samband med planlegging og utarbeiding av ankrings- og fortøyingsplanen vil dessutan SH ha diverse kontakt og informasjonsutveksling med lostenesta, til dømes for å ta stilling til kva dagar det er behov for at lostenesta sjølv tek del i ankertilvisinga. For det andre inngår bistand i samband med ankertilvising som ei av fleire Forvaltningsoppgåver ein privat tenesteleverandør utfører på vegner av SH og Stranda kommune, jf. opplistinga knytt til «Art. 13700 Driftsavtale med private» på side 4 og 5 i vedlegg 2, der det er vist til «[a]nkertilvising i samband med skipsanløp, jf. ankerplan fastsett i forskrift». Gjennom hjelpebåten «Friaren» og mannskapet der, utfører den private tenesteleverandøren fleire tryggleiks- og framkomemotiverte oppgåver med tilknytnad til Kystverket sin ankrings- og fortøyingsplan. Sjølv om det er den private tenesteytaren som eig og bemannar «Friaren», så opptrer dei altså på vegner av SH og Stranda kommune. På dagar då lostenesta sjølve står for ankertilvisinga i Geiranger, utfører lostenesta sine oppgåver frå hjelpebåten «Friaren». Lostenesta vil typisk vere tilstades 4 til 8 dagar i løpet av ein sesong på cirka 150 dagar. I gjeremål knytt til ankertilvisinga handlar då mannskapet på «Friaren» etter instruksjonar frå lostenesta. På dagar då lostenesta ikkje sjølve er tilstades, vil Friaren og SH sjølve stå for ankertilvisinga. Tilvisinga vil då verte gjort i samsvar med Kystverket sin ankrings- og fortøyingsplan. ANKERTILVISINGSOPPGÅVENE MEDFØRER KOSTNADAR FORBUNDE MED UTØVING AV OFFENTLEG MYNDE ETTER HAMNELOVA 25 FYRSTE LEDD ANDRE PUNKTUM Uavhengig av om lostenesta er til stades og er med på ankertilvisinga vil ankertilvisingsoppgåvene vere noko åtskilt og noko meir enn fortøyingshjelptenenstene SH krev vederlag frå cruiseskipa for på privatrettsleg grunnlag. Ankertilvisinga har si grunngjeving i tryggleiks- og framkomeomsyn.
Ankertilvisingsforskrifta, som sjølvsagt er meint å skulle vareta tryggleiks- og framkomemål, er vedteken i medhald av hamnelova (vedteken etter tidlegare hamnelova, vidareført gjennom noverande hamnelov 64 fyrste ledd). Kystverket si forvaltning og myndeutøving i medhald av Ankertilvisingsforskrifta skjer dermed utvilsamt i medhald av hamnelova. Gjennom oppgåvene som er gjort greie for ovanfor, assisterer SH Kystverket i vedkomande oppgåver og myndeutøving etter hamnelova. I andre utgåve (2015) av «Havne- og farvannsloven med kommentarer» presiserer Østgård (side 114) at hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum fyrste alternativ, ikkje er avgrensa til berre å omfatte «forvaltningsutøvelse i forbindelse med enkeltvedtak eller i forbindelse med forskrifter», men at «[d]et gjelder også den rent faktiske oppfølgning av slike vedtak». [vår understreking] At hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum fyrste alternativ også omfattar oppfylging av forskrifts- eller einskildvedtak, vert også stadfesta på side 99 (punkt 16.4.4.9 i Kystverket sin rettleiar om hamnelova. På den bakgrunn er det etter SH si oppfatning grunnlag for å legge til grunn at oppgåvene SH utfører i samband med ankertilvisinga er forbunde med offentleg mynde etter hamnelova, jf. hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum fyrste alternativ, dvs. alternativet for «kostnader ved utøvelse av offentlig myndighet med hjemmel i denne loven med forskrifter». Etter SH si oppfatting må dette gjelde sjølv om det er Kystverket som direkte er gitt oppgåver og ansvar etter ankertilvisingsforskrifta. Gjennom både sin bistand til Kystverket i planleggingsfasen og på dagar då lostenesta sjølv står for ankertilvising i Geiranger samt den ankertilvisinga SH reelt sett står på dagar der lostenesta sjølve ikkje er til stades, er SH i realtiteten med på å fylgje opp det forvaltningsvedtaket i medhald av hamnelova som ankertilvisingsforskrifta inneber. ANKERTILVISINGSOPPGÅVENE MEDFØRER KOSTNADAR FOR Å LEGGE TIL RETTE FOR TRYGGLEIK OG FRAMKOME I HAMNER OG KOMMUNEN SITT SJØOMRÅDE Kostnadar som kan dekkast ved anløpsavgift kan høyre inn under både fyrste og andre alternativ etter hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum Dei ankertilvisingsrelaterte oppgåvene som vert utført av og på vegner av SH, har dessutan nær samanheng med andre tryggleiks- og framkomemotiverte oppgåver Stranda kommune pliktar utføre i medhald av hamnelova 9 andre ledd (sjå vedlegg 2 til høyringsdokumenta for ei opplisting av andre tryggleiks- og framkomemotiverte oppgåvene som SH utfører). Etter hamnelova 9 andre ledd «[skal kommunen] sørge for sikkerhet og fremkommelighet i havner og i kommunens sjøområde». [vår understreking] På den bakgrunn gjer vi gjeldande at SH si inkludering av kostnadar i samband med ankertilvising i avgiftsgrunnlaget, også har heimelsgrunnlag i hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum andre alternativ, dvs. alternativet for «kostnader til å legge til rette for sikkerhet og fremkommelighet i kommunens sjøområde». Etter dette gjer altså SH gjeldande at kostnadane til ankertilvising kan inkluderast i anløpsavgiftsgrunnlaget med grunnlag i både fyrste og andre alternativ etter hamnelova 25 fyrste ledd, jf. også Østgård si nokså sjølvsagte konstatering i«havne- og farvannsloven med kommentarer» (andre utgåve, 2015), der han i sine innleiande merknader til andre alternativ slår fast at «en del
utgifter [til tilrettelegging av tryggleik og framkome vil også] falle inn under første alternativ» (side 115). Hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum si avgrensing til «kommunens sjøområde» kan ikkje takast på ordet omfattar også hamner i kommunen I brevet sitt av 3. februar 2017 (andre strekpunkt) peikar Kystverket på at anløpsavgift berre kan dekke Forvaltningskostnadar «i kommunens sjøområde», jf. hamnelova 25 og anløpsavgiftsforskrifta. For det fyrste vil SH framheve at ordlyden si avgrensing til «kommunens sjøområde» berre gjeld 25 fyrste ledd andre punktum andre alternativ. Avgrensinga gjeld ikkje fyrste alternativ, altså alternativet for «kostnader ved utøvelse av offentlig myndighet med hjemmel i denne loven med forskrifter». Så framt aktuelle kostnadar til ankertilvising også fell inn under dette fyrste alternativet, vil det ikkje vere avgjerande om også det andre alternativet kjem til bruk, dvs. alternativet for «kostnader til å legge til rette for sikkerhet og fremkommelighet i kommunens sjøområde». For det andre tolkar SH hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum andre alternativ slik at det i føreliggande sak ikkje kan leggast avgjerande vekt på lovordlyden si avgrensing til «kommunens sjøområde». Ei slik tolking, som utelukkande fokuserer på ordlyden i hamnelova 25, ville gje dårleg samanheng med kommunane sine plikter etter hamnelova 9 andre ledd: Som vi allereie har vore inne på ovanfor, er det ikkje berre i kommunen sitt sjøområde at kommunane pliktar å sørgje for tryggleik og framkome etter hamnelova 9 andre ledd: Plikta til å sørgje for tryggleik og framkome omfattar også alle hamner i kommunen, offentlege så vel som private. Forarbeida til hamnelova stadfestar at hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum andre alternativ må lesast i lys av at 9 andre ledd også omfattar hamner i kommunen: På side 61 i Ot. prp. nr. 75 (2007-2008) drøftar departementet eit tidlegare framlegg om at kommunane berre skulle få høve til å krevje inn eit snevrare «farleigebyr», avgrensa til å dekke kommunars kostnadar knytt til forvaltnings- og myndeoppgåver relatert til den kommunale farleia. I odelstingsproposisjonen går departementet vekk i frå eit slikt snevrare avgiftsgrunnlag, noko departementet gav fylgjande grunngjeving for: «Departementet har kommet til at avgiftsgrunnlaget, slik det nå er beskrevet [i høyringsnotatet], er for snevert til å dekke nødvendige kostnader forbundet med nødvendige kostnader forbundet med de offentligrettslige oppgaver som loven forutsetter at kommunene skal løse, både i kommunens havner og farleder. Dette er oppgaver som det ikke er naturlig å dekke inn gjennom betaling for tjenester i havnen. Det foreslås følgelig at avgiften også kan dekke kommunens kostnader ved utøvelse av «offentlig myndighet med hjemmel i eller i medhold av loven», i praksis fastsettelse av enkeltvedtak og forskrifter og nødvendig oppfølging og håndhevelse av slike, i havnen så vel som i kommunens sjøområder.» [våre understrekingar] At det i dette sitatet berre vert vist særskilt til alternativet for kostnadar ved utøving av «offentlig myndighet med hjemmel i eller i medhold av loven», må vere utan betyding. Les ein sitatet i samanheng, går det tydeleg fram at det er mynta på avgiftsgrunnlaget generelt, både fyrste og andre alternativ etter hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum.
At tilvisinga til «havnen» gjeld begge alternativ etter hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum går dessutan uttrykkeleg fram av odelstingsproposisjonen sine særmerknadar til hamnelova 25. Om fyrste ledd andre punktum andre alternativ heiter det fylgjande på side 164: «Med «tilretteleggelse for sikkerhet og fremkommelighet i kommunens sjøområde» siktes det til alle de oppgaver som kommunen må sørge for i farvannet, inkludert havnebasseng, med unntak for oppgaver som dekkes inn ved særgebyr.» [vår understreking] Ei identisk formulering er teke inn i fyrste setning av siste avsnitt på side 99 (punkt 16.4.4) i Kystverket sin rettleiar om hamnelova. Etter dette verkar det klårt at ein ikkje kan ta hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum andre alternativ heilt på ordet. Avgiftsgrunnlaget kan inkluderer meir enn berre oppgåver kommunen må sørgje for i «kommunens sjøområdet», jf. lovordlyden. Avgiftsgrunnlaget kan også inkludere tryggleiks- og framkomeoppgåver som kommunen må vareta i offentleg og privat eigde hamner innanfor kommunen. Dette fylgjer både av lovforarbeida og Kystverket sin rettleiar. At farvatnet inst i Geirangerfjorden, der den aktuelle ankertilvisinga skjer, fell innanfor den funksjonelt orienterte definisjonen av «havn» etter hamnelova 4 andre ledd, kan heller ikkje vere tvilsamt, jf. Ot. prp. nr. 75 (2007-2008) side 151 og Rt. 2015 side 795, avsnitt 34. Ikkje nødvendigvis faktisk grunnlag for Kystverket si innvending knytt til grensene for «kommunens sjøområde»? I tillegg er eit reint faktisk poeng av betyding. Delar av ankertilvisingsaktiviteten skjer etter alt å døme i kommunen sitt sjøområde, då den statlege bileia, etter det vi kan sjå, berre dekkjer fjorden sitt sentrale «løp». Ankertilvisinga skjer i tilknytnad til punkta der skipa må sleppe anker for å kunne fortøyast til dei land- og sjøbaserte fortøyingspunkta/pullertane. Punkta som skipa vert dirigerte til for å sleppe anker, vil difor truleg vere i kommunalt farvatn, ikkje i den statlege bileia? Dersom ankertilvisingsaktiviteten på denne måten skjer heilt eller delvis i kommunen sitt sjøområde, vil det uansett ikkje vere faktisk grunnlag for innvendinga Kystverket sette fram i andre strekpunkt av sitt brev av 3. februar 2017. Oppsummeringsvis om alternativet for kostnadar til tilrettelegging av tryggleik og framkome Om hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum andre alternativ, kan ein difor oppsummeringsvis seie at i den grad ankertilvisingsaktiviteten ikkje finn stad i kommunen sitt sjøområde, så er det uansett ikkje avgjerande. Dette fordi hamnelova 25 fyrste ledd andre punktun andre alternativ også omfattar kostnadar forbunde med kommunen si plikt etter hamnelova 9 andre ledd til å sørgje for tryggleikog framkome i hamnene i kommunen. Den oppfylging og assistanse andsynes Kystverket som SH yt relatert til ankertilvising i Geiranger, kan sjåast på som ein del av kommunen sine oppgåver i medhald av hamnelova 9 andre ledd. Mellom anna fordi samanhengen er så nær mellom dette og kommunen sine plikter elles i så måte; til dømes plikta til å sørge for uhindra ferdsel i farvatnet, handheving av forskrifter om orden i hamn og farvatn, fartsavgrensingar mm. Slike tryggleiks- og framkomerelaterte oppgåver er svært relevante for hamneområdet i Geiranger, då dette sommarstida er svært trafikkert. Ikkje berre av cruiseskip som det
kan vere fleire anløp av samstundes, men også av Hurtigruten sine tidvis daglege anløp, sightseeingtrafikk, småbåttrafikk, kajakkpadlarar mm. At ankertilvisinga inngår i Stranda kommune sine oppgåver etter hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum andre alternativ, må difor gjelde uavhengig av om ein ser ankertilvisinga som ein del av kommunen sine Forvaltningsoppgåver i medhald av hamnelova 9 andre ledd, jf. drøftinga ovanfor knytt til hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum fyrste alternativ. OM BEGGE ALTERNATIV ETTER HAMNELOVA 25 FYRSTE LEDD ANDRE PUNKTUM; REELLE OMSYN TILSEIER AT ANKERTILVISINGSKOSTNADANE KAN INKLUDERAST I AVGIFTSGRUNNLAGET Uavhengig av om ein vurderer ankertilvisingskostnadar opp i mot fyrste, andre eller begge alternativ i hamnelova fyrste ledd andre punktum, bør ikkje inkludering av ankertilvisingskostnadar i avgiftsgrunnlaget avvisast på bakgrunn av at ankertilvisingsforskrifta berre gjev Kystverket ei rolle etter denne. Gjennomgangen av faktiske forhold ovanfor har vist at SH reelt sett spelar ei assisterande rolle til lostenesta i denne samanhengen. Oppgåvene/kostnadane knytt til ankertilvisinga er forvaltningsrelaterte oppgåver/kostnadar SH ikkje ville ha hatt om SH var ei privat hamn. Kostnadane til ankertilvising er dessutan kostnadar det vil vere lite naturleg å krevje inn frå hamnebrukarane gjennom privatrettsleg baserte vederlag, jf. merknaden ovanfor om at dei ankertilvisingsrelaterte oppgåvene både det planleggingsarbeidet som i forkant finn stad saman med Kystverket og oppgåver knytt til den praktiske ankertilvisinga kan skiljast frå fortøyingstenestene SH leverer. SH meiner difor at også reelle omsyn sterkt talar for at aktuelle ankertilvisingsoppgåver/-kostnadar kan inkluderast i SH sitt anløpsavgiftsgrunnlag. AVSLUTTANDE MERKNADAR Gjennom dette brevet har SH gitt si grunngjeving for kvifor SH meiner at hamnelova 25 fyrste ledd andre punktum og anløpsavgiftsforskrifta 3 gjev rettsleg grunnlag for at SH sine kostnadar forbunde med planlegging og gjennomføring av ankertilvising i Geiranger kan inkluderast i Stranda kommune sitt avgiftsgrunnlag for anløpsgift. Uansett er det ikkje store kostandar som er knytt til planlegging og gjennomføring av ankertilvising. Aktuelle kostnadar inngår dessutan i større samlekostnadspostar som igjen berre inngår i avgiftsgrunnlaget med respektive relative delar, jf. utgreiing ovanfor og vedlegg 2 til høyringsdokumenta.
Venleg helsing Stranda hamnevesen KF Rita Berstad Maraak Hamnesjef Dette brevet er godkjent elektronisk i Stranda kommune og har derfor ikkje signatur.