saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 01.02.2012 6263/2012 Geir Olsen Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 07.03.2012 Søknad frå Fjord1 om fornying av løyve for persontransport i rute med fartøy i sambandet Geiranger - Hellesylt Bakgrunn I søknad, datert 5. desember 2011, søkjer Fjord1 om fornying av selskapet sitt løyve for persontransport i rute med fartøy i sambandet Geiranger - Hellesylt. Ferjeruta Geiranger Hellesylt i Geirangerfjorden i Stranda kommune har vore drifta av Fjord1 i ei årrekkje. Ruta blir berre drifta i sommarmånadane og mottek ikkje offentlege tilskot. Geiranger og Geirangerfjorden er eit av landets mest besøkte turistmål og i 2005 kom fjorden på UNESCO si liste over verdens kultur- og naturarvstadar. I søknaden går det fram at selskapet i konsesjonsperioden ser føre seg å drifte sambandet i tida mai til og med medio/ultimo september med fartøya MF Veøy og MF Bolsøy, dette er same fartøy som har trafikkert sambandet tidlegare. I fyrste og siste del av sesongen vil sambandet bli betent av eitt fartøy, medan det i perioden juni til august vil bli betent av to. Rutetabell og taksttabell er lagt ved søknaden. Når det gjeld rutetabellen for ser rutetidene for sesongen 2012 ut til å vere lik fjorårets sesong. Takstane for 2012 er justerte noko opp frå førre sesong, til dømes har vaksen enkeltbillett har auka med 7,1 % og bil under 6 meter auka med 3,4 % frå året før. Fråsegner I brev datert 16.12.2011, vart søknaden frå Fjord1 sendt Stranda kommune, NHOreiseliv, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Destinasjon Geirangerfjord og Trollstigen, Geiranger Fjordservice AS, Fjord 1 Buss Møre AS, 62 Nord, Norddal kommune, Verdsarvadministrasjonen Geirangerfjorden og Rederienes Landsforening til fråsegn. I si fråsegn datert 24.01.2012 syner Standa kommune til at Geirangerfjorden er verdsarvområde og eit område som er svært viktig for kommunen. Kommunen peiker mellom anna på at Fjord1 bør kjenne ansvar, men kanskje også sjå kva moglegheiter som ligg i området når det gjeld framsyning av ny teknologi. Til sist peiker kommunen på at siste ferje frå Geiranger slik det er i dag har for tidleg avgang og at rutetilbodet også burde vore noko utvida.
Side 2 I si fråsegn datert 30.01.2012 peiker Stranda Hamnevesen mellom anna på at kommunen er ei av dei viktigaste reiselivskommunane i landet og ein viktig cruisedestinasjon. Også hamnevesenet syner til at Geirangerfjorden står på Unesco si verdsarvliste. I fråsegna nemner hamnevesenet spesielt miljøperspektivet, alternative fartøy, heilårsferje, kopling mot Kvivsvegen samt prisdifferensiering mellom turistar og lokalbefolkning. Destinasjon Geirangerfjord ser det som viktig å forlengje ferjesesongen, også heilårsferje er eit sterkt ønskje, vidare må situasjonen rundt beredskapsferje betrast. Til sist blir det peika på at det må takast omsyn til natur- og kulturarven i høve det ferjemateriell som blir nytta i fjorden. I si fråsegn, datert 30.01.2012 ber Verdsarv Geirangerfjorden fylkeskommunen ta omsyn til verdsarvstatusen ved handsaminga av løyvesøknaden. Vidare blir det peika på at verdsarvstiftinga har teke initiativ til oppstart av ei større miljøsatsing kalla Grøn fjord, der målsettinga er sporlaus ferdsels på land og sjø innan år 2020 og ønskjer dialog med både drivar og løyvestyresmakt om korleis den omsøkte ferjeruta kan blir ein del av Grøn Fjord 2020 satsinga. I fråsegna går det vidare fram at verdsarvfjorden vil vere eit godt utstillingsvindauge for operatør når det gjeld grøn teknologi. Fråsegna tek og opp behovet for heilårleg kommunikasjon og infrastruktur i regionen I fråsegn, datert 30.01.2020, skriv Geiranger turist- og næringslag at det må takast spesielt omsyn til miljøet når det gjeld kva slags ferjemateriell som blir nytta i fjorden. Vidare ber ein om at operatør vurderer større kapasitet på ferjemateriellet, heilårsrute samt betre strategi rundt beredskapsferjesituasjonen. NHO Møre og Romsdal skriv i si fråsegn datert 31.01.2012 at organisasjonen støtter det som er skrive i fråsegnene over. Alle fråsegnene som er motteke i denne saka har til felles at dei er svært opptekne av miljøspørsmålet i verdsarvområdet. Ut i frå eit så stort fokus fann samferdselssjefen det rett å kontakte Fjord1 i eit forsøk på å få belyst korleis selskapet kan bidra på dette feltet (jfr. e-post datert 02.02.2012). I eigen e-post, datert 06.02.2012 har ruteselskapet også fått spørsmål om tilhøva rundt universell utforming om bord i ferjene. I e-post datert 06.02.2012 opplyser Fjord1 kva ferjer som er tenkt nytta i sambandet, litt om økonomien i ruta, kort om tilhøve rundt universell utforming om bord og at utbetringar av fartøy må skje på eit forsvarleg forretningsmessig grunnlag. Miljøspørsmålet blir ikkje spesifikt omtalt. Vurdering Den som vil drive persontransport med fartøy i rute må ha løyve, omgrepet rutetransport er definert i Yrkestransportlova 1: Som rutetransport reknast regelmessig transport av personar i eit bestemt trafikksamband dersom transporten står open for alle. Og av- og påstiging kan skje på stoppestadar som er fastsette på førehand.
Side 3 I forskrift om yrkestransport innenlands med motorvogn eller fartøy står det følgjande i 2b: Den som mot vederlag vil drive persontransport i rute med motorvogn elle fartøy må ha løyve frå vedkommende løyvemyndighet. Når det gjeld den omsøkte ruta i denne saka er det Møre og Romsdal fylkeskommune v. samferdselsutvalet som er løyvestyresmakt, jfr. Yrkestransportforskrifta 3. I yrkestransportforskrifta 4 er det stilt følgjande generelle vilkår for å få løyve med fartøy: Søkjar må ha god vandel Tilfredsstillande økonomisk emne Søkjar har innfridd krava til vandel og økonomisk emne gjennom framlagte attestar frå politi, kemner, skattefut og konkursregister. Når det gjeld innkjøp av transporttenester på sjøsida har Samferdselsdepartementet i brev til Møre og Romsdal fylkeskommune, datert 14.08.2006 gjort greie for slike kjøp. Stikkord i brevet er «openheit» og «ikkje diskriminering». Departementet skisserer to farbare vegar, den eine er at ruta/sambandet blir lagt ut på anbod, den andre er å gjere det kjent i EØS-området at ein ønskjer å inngå avtale om kjøp av transporttenester. Desse to alternativa gjer at alle reiarar i EØS-området som vil konkurrere om kontrakten, får høve til det, samstundes som det ikkje blir lagt til rette for at ein særskilt operatør skal få kontrakten. I denne saka er det likevel slik at ferjesambandet blir drifta på rein kommersiell basis, det er difor ikkje tale om kjøp av offentleg tenester. Vidare vil ikkje løyvestyresmakta tildele einerett for å drifte sambandet, dette gjer at andre aktørar i framtida kan melde sin interesse og få ruteløyve på lik linje som noverande søkjar. Vi tek og med at sambandet er relativt marginalt når det gjeld passasjertal og sesongopning, til saman gjer dette at samferdselssjefen ikkje ser Samferdselsdepartementet sitt brev om innkjøpsformer som relevant i denne saka. Alle fråsegnene som er motteke syner til Geirangerfjorden som verdsarvområde som det er naudsynt å verne om. Geirangerområdet har gjennom fleire år vore ein stad med mykje turisme, med verdsarvstatus er likevel interessa for området ytterlegare auka, noko som gjer debatten om vern og miljø endå meir viktig. Dei seinare åra har området opplevd periodar med luftforureining (lokk av smog som legg seg over fjorden). Dette skuldast i all hovudsak større turistskip med tungolje som drivstoff og topografien i området (høge fjell som omkransar ein smal fjord).
Side 4 Samferdselssjefen ser problema rundt luftforureining for lokalsamfunnet generelt og verdsarvområdet spesielt. At Fjord 1 nyttar eldre ferjemateriell på denne ruta er ikkje ønskjeleg, men den svært avgrensa sesongen samt talet på ferjer som er disponible i fylket i dag gjer at det er få egna fartøy å velje i. Det er sjølvsagt mogleg å sjå føre seg at løyvestyresmakta kan stille vilkår i samband med tildeling av konsesjon, til dømes til drivoljekvalitet, utslepp til luft mv. Både ut i frå eit reint kontrollperspektiv og at det ikkje er knytt noko form for offentlege tilskot til ferjeruta vil likevel vere vanskeleg å sanksjonere eventuelle brot på slike konsesjonsvilkår. Samanlikna med dei store turistskipa vurderer vi likevel ferjene i denne ruta til å vere ein relativt marginal bidragsyter på utsleppsida. Etter samferdselssjefen si vurdering ville det vere det beste om begge partar (reiselivsaktørane i fjorden og ruteselskapet) kunne arbeide saman med siktemål å redusere utsleppa frå ferjene, for ruteselskapet vil verdien av få til gode miljømessige løysingar i verdsarvområdet bidra til ytterlegare å synleggjere selskapet som ein spydspiss på miljø og ny teknologi innanfor ferjedrift. Dei to ferjene MF Bolsøy (1983) og MF Veøy (1974) er eldre fartøy og difor ikkje universelt utforma. På spørsmål oppgjer Fjord1 at toaletta om bord i ferjene til ein viss grad oppfyller krav til universell utforming, vidare at MF Veøy fått installert heis. Selskapet syner også i denne samanhengen til økonomien i ferjeruta. Samferdselssjefen ser at ein marginal økonomi kan gjere det vanskeleg for operatør å gjere investeringar i ferjemateriellet som blir nytta i sambandet, ut i frå det fokus det er området universell utforming i samfunnet i dag, har vi likevel vanskar med å sjå at profesjonelle aktørar på sjøsida ser føre seg at løyvestyresmakta skal fråvike krav om universell utforming. I møte 31. mars 2009 i sak Sa-Sa-22/09 A fatta samferdselsutvalet et prinsippvedtak når det gjeld Universell utforming på ferjesida, i pkt. 3 i vedtaket står følgjande: Møre og Romsdal fylke vil stille same krav til tilgjenge på eksisterande fartøy som ved nybygg i alle samband som har overfartstid på meir enn 25 minutt. Vedtaket skil ikkje på om sambanda mottar offentlig tilskot eller er drifta kommersielt. Ut i frå nemnde prinsippvedtak, vil det etter samferdselssjefen sitt syn vere vanskeleg å la vere å stille krav om universell utforming av fartøya i sambandet Geiranger - Hellesylt. Heimel for å stille vilkår i samband med løyvetildeling går fram av 5 i Yrkestransportforskrifta. Ut i frå dei noko spesielle tilhøva i sambandet (avgrensa sesong, marginal økonomi og eldre fartøy) vurderer vi det likevel til å vere ei stor økonomisk byrde for operatør å fylle vilkåra til universell utforming fullt ut, slik tidlegare vedtak i samferdselsutvalet legg opp til. Ei løysing kan difor vere å lempe noko på krava samstundes som operatør får noko tid til å utbetre fartøya.
Side 5 Fleire av fråsegnene tek også opp spørsmål om endringar i rutetidene. Slik samferdselssjefen vurderer det, er dette spørsmål som bør meldast inn i samband med ruteendringsprosessen og ikkje i så stor grad rører ved sjølve løyvetildelingssaka. Den omsøkte ruta er i dag drive på rein kommersiell basis i høgsesongen, utvida sesong eller heilårsdrift av ferjeruta vil truleg krevje finansiering frå fylkeskommunen si side i form av tilskot. Pr i dag ser ikkje samferdselssjefen rom i budsjettet for slikt. Ei anna side er at offentleg tilskot i ruta truleg vil krevje at sambandet vil måtte kunngjerast/lysast ut på anbod, jfr. det som er skrive over om dette. Forslag til vedtak 1. Fjord 1 blir tildelt konsesjon for å drive persontransport med fartøy i sambandet Geiranger Hellesylt i 10 år, frå 1. april 2012 til og med 30. mars 2022. Selskapet må innan tre (3) år frå vedtaksdato, minst fylle følgjande krav til universell utforming på alle fartøy som skal nyttast i sambandet: Det skal vere full tilgjenge (heis) mellom bildekk og passasjersalong Minst eitt toalett om bord skal vere utforma for rullestolbrukarar Fartøya/fasilitetar/heis/trappar mv. skal vere forskriftsmessig merka, kontrastfarger skal nyttast der det er naudsynt. Løyvestyresmakta skal underrettast om framdrifta i utbetringane rundt universell utforming om bord i fartøya, ruteløyvet vil bli kalla attende om utbetringane ikkje er på plass innan fristen på tre år. 2. Fartøy som blir nytta i sambandet skal til ei kvar til vere godkjende/sertifiserte av sjøfartsstyresmaktene. 3. Rutetabell og takstar skal godkjennast av løyvestyresmakta. Arild Fuglseth samferdselssjef Vedlegg