Møtebok for Kyrkjeleg fellesråd i Kvam Saksnummer: osl/11-13 Innkallingsdato: 28.10.2013 Møtedato: 05.11.2013 Møtestad: Norheimsund kyrkje Møtetid: 15.00 til 16.00 Medlemer tilstades på møtet 7: Hans Atle Soldal Tore Tokheim Anne Marie Strømme Ida Lindøe Kjellaug Gravdal Torill Gjerde Gudveig Aga Augestad Varamedlemer tilstades: 1: Ole Haaland Meldt forfall 3: Heidi Sandven Botnen Magne Kolstad Johnny Knudsen Andre: Møteleiar: Olav Skeie Lid, sekretær Hans Atle Soldal Saker som vart drøfta: Sak 39/13 til sak 46/13 Hans Atle Soldal, leiar Olav Skeie Lid, sekretær
39/13 Godkjenning av innkalling, sakliste og møtereferat Samrøystes vedtak: Innkallinga, saklista og møtereferatet frå møtet 10. sept vert godkjende slik dei ligg føre. 40/13 Meldingar Samrøystes vedtak: Kyrkjeleg fellesråd tek framlagde meldingar til vitande. 41/13 Stønad til Ungdomskoret Samrøystes vedtak: Fellesrådet finn ikkje rom for å støtta ungdomskoret med kr 20 000, til kjøp av dirigent tenester no i haust. Sak 42/13 Høyring på prostigrenser i Hordaland. Samrøystes vedtak: Kvam kyrkjelege fellesråd sluttar seg til vedlagde uttale, og bed om at den vert oversendt bispedømerådet. Overføring av sokn til Hardanger og Voss prosti. Basisforslaget punkt 1. Fusa sokn går til Hardanger og Voss prosti. I den utfyllande teksten les me at prestetenesta primært vert organisert i eit samarbeidsområde syd i prostiet. Me vil her presisera at dette først og fremst gjeld sokna i Kvam kommune (Ålvik, Øystese, Vikøy og Strandebarm) og evt. Samnanger. Det gjeld altså ikkje i same grad Odda, Jondal, Ullensvang eller Eidfjord. Prestetenesta i Fusa sokn vert ein del av beredskapsområdet «Hardanger og Voss nord». Det er eit stort beredskapsområde, men landfast. Samnanger sokn til Arna og Åsane prosti, alternativt Hardanger og Voss prosti. Her bør ein sjå på korleis presteressursen i Samnanger vert nytta i prostiet soknet vert knytt til. Dersom Samnanger skal gå inn i Arna og Åsane prosti, vil prostiet få ein prest meir i beredskapsområdet. Korleis prosten elles vil nytta seg av presteressursen frå Samnanger vil vera viktig for avgjerda. Nokre tenester kan nok soknepresten i Samnanger òg gjera i kyrkjelydane i Arna og Åsane prosti. Etter vedtaket i Bjørgvin bispedøme BBDR 03610/10 skal Arna og Åsane prosti få ei auke i presteressursane på eit årsverk. Dette vil koma godt med når folketalet vert auka dei komande åra. Dersom Samnanger vert en del av Hardanger og Voss prosti vil soknet framleis vera ein del av beredskapsområdet «Hardanger og Voss nord». Presteressursane knytt til Samnanger, Fusa og Kvam I basisforslaget 2 b. heiter det: Stilling som kapellan/prostiprest i Fusa blir kobla mot ledig stilling i Strandebarm. Stilling i Strandebarm blir ikkje lyst ut, men ved ledigheit i stillinga som kapellan/prostiprest, blir lokalisering av denne stillinga vurdert.
Me er samd i at storleiken på eit prosti må vurderast imot kva presteressursar prosten som leier prestetenesta har til disposisjon. Det må være robuste einingar slik at kyrkjelydane får presteteneste, og slik at prestane sine avtalefesta rettar vert ivaretekne. I dei geografisk store prostia har i praksis prestetenesta vore organisert i lokalt avgrensa område kalla «samarbeidsområde». Dette vil likevel ikkje vera sårbart på samme måte som eit lite prosti, fordi prestane samtidig har heile prostiet som tenesteområde. Dette gir fleksibilitet når prosten leier tenesta. Dersom både Samnanger og Fusa vert ein del av Hardanger og Voss prosti, vil me gjennom arbeidsplanar kunna etablera eit samarbeid mellom prestane i dei tre kommunane Fusa, Samnanger og Kvam. Tabell 2 i høyringsskrivet viser at Fusa, Samnanger og Kvam har desse prestestillingane: Fusa: 150%. Samnanger: 100% Kvam: 300% (+kateket 100%) Til saman 550%. Vedtak i Bjørgvin bispedøme 2010 og 2013. Sak 036/10 pkt 2: Bispedømmerådet gjer vedtak om å auke presteressursane med eit årsverk i Fana. Sak 060/13 pkt 3: Bjørgvin bispedømeråd ber administrasjonen vurdere å trekke inn ytterligare ei stilling i Hardanger og Voss prosti, og at dette blir sett i samanheng med prostiregulering av Midhordland prosti. Me vil be Bjørgvin bispedømmeråd vurdere følgjande løysing: 1. Stillinga som kapellan/prostiprest (Fusa) vert overført til Fana prosti. 2. Stillinga som sokneprest i Strandebarm vert lyst ut med Strandebarm som bustad. Denne stillinga vert knytt mot Fusa (50%) og prostiteneste med vekt på sokna i Kvam og Samnanger (50%). Då får Fana prosti stillinga dei er lova. I tillegg får Fana prosti, med Os, frigjorte ressursar som kyrkjelydsprest når det ikkje lenger er prost. Dei får òg frigjorte middel frå prosten sine sekretærressursar. Presteressursane knytt til Samnanger, Fusa og Kvam vert reduserte frå 5,5 til 5 prestar. Dette er ein moderat reduksjon som vil verta akseptert. Sak 43 Høyringsuttale om KA strategi Samrøystes vedtak: Kyrkjeleg fellesråd i Kvam vedtek vedlagde uttale som sitt høyringssvar til KAstrategi. 1.1 Bør KA framleis ha som målsetjing at me får ei kyrkjeordning med felles arbeidsgjevar for dei som arbeider i soknet? Ja 1.2 Dersom ja, bør felles arbeidsgjevaransvar forankrast i eit organ på: Kommune/prostinivå? Ja
Bispedømmenivå? Nei Nasjonalt nivå? Nei 2.1 Bør KA arbeida for å vidareføra den økonomiske ansvarsfordelinga som ligg til grunn i dag? Ja 2.2 Eventuelt: Bør KA utreda andre måtar å finansiera Den norske kyrkja si verksemd på i framtida??? 2.3 Har de tankar om kva som bør vera berebjelken i ein justert finansieringsmodell??? 3.1 Er det tilslutning til å vidareføra dagens arbeidsgjevarpolitikk kva angår tariffordningar? Ja 3.2 Kva bør alternativt vera hovudelementa i ein justert arbeidsgjevarpolitikk??? 4.1 Bør KA framleis arbeida for at staten skal ta eit finansielt ansvar for kyrkjer som kulturminne? Ja 4.2 Bør KA ta eit større ansvar for å vurdera kva ein gjer med overtallige kyrkjer eller kyrkjer som det er vanskeleg å oppretthalda som gudstenestestad? Ja 51. Bør KA framleis arbeida for gravferdsdrift som eit ansvar for kyrkjeleg fellesråd? Ja Sak 44 Økonomisk kvartalsrapport III 2013 Samrøystes vedtak: Kyrkjeleg fellesråd tek rapporten til vitande. Sak 45/13 Avgifter ved kyrkjene i Kvam Samrøystes vedtak: Kyrkjeleg fellesråd vedtek vedlagde tabell som innspel til budsjettet til Kvam herad. Avgifter ved kyrkjene i Kvam Pris 2013 Pris 2014 % vis auke a. Festeavgift per år 300 300 0 b. Festeavgift av grav ved sida( attlevande ektemake) per år 300 300 0 c. Festeavgift for graver som er over 60 år 600 600 0 d. Utanbygd avgift( fråflytta frå Kvam for meir enn 5 år sidan:) 1. Gravferd/bisetjing frå kyrkje/kapell 4 500 6000 34% 2. Kistegravferd (utan seremoni) 3 000 4500 50% 3. Urnenedsetjing 1 500 2000 33% 3. Bryllaup (utan tilknytning til Kvam) 3 000 3000 0 4. e. Avgift ved bruk av kyrkja (IKKJE medlem av Dnk) 3 000 3000 0
Sak 46/13 Pris på gravstell 2014 Framlegg til vedtak: Prisane på gravstell vert auka frå dagens kr 1136, + mva til kr 1180, + mva, (3,9 % auke) for standard avtale, og frå 880, + mva til kr 912, + mva ( 3, 7 % auke) for redusert avtale. Eventuelt: Neste fellesrådsmøte vert onsdag 4. 12 kl 15.00