FJELL KOMMUNE Rådmannen Dato: 08.07.2013 Vår ref.: 2013/1832-15537/2013 Ark.kode:



Like dokumenter
SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKT av februar 2007

Fjell kommune Arkiv: 255 Saksmappe: 2014/ /2014 Sakshandsamar: Lillian Torsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Kjøp av sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Tenesteavtale 10. Mellom Suldal kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Oversyn over økonomiplanperioden

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Nye kommunar i Møre og Romsdal

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Plan for selskapskontroll

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Delegasjon frå kommunestyret til rådmannen (K-sak 27/16) 9.1 Føremål Dette reglementet skal bidra til:

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Fjell kommune Arkiv: 541 Saksmappe: 2015/ /2016 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Plan for selskapskontroll

Plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Lønnsundersøkinga for 2014

Kommunikasjonsstrategi og målsetjing.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tertialrapport 2 tertial 2015

Betalingssatsar for helse- og omsorgstenester, gjeldande frå

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

MØTEINNKALLING. Eventuelle forfall meldast til kontrollutvalssekretariatet v/bente Hauge, tlf: eller e- post

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Transkript:

FJELL KOMMUNE Rådmannen Dato: 08.07.2013 Vår ref.: 2013/1832-15537/2013 Ark.kode: Notat Til: Kommunestyret Frå: Rådmannen Saksbehandlar: Lillian Torsvik Gjeld: Oversyn over ikkje pålagte kommunale oppgåver som kommunen i dag utfører eller bidreg økonomisk til. Kommunestyret si bestilling I sak KS 20/13 - Økonomirapport 1. tertial med innsparingstiltak 2013, gjorde kommunestyret mellom anna slikt vedtak i punkt 7: 7. Kommunestyret vil ha ei oversikt over ikkje pålagte kommunale oppgåver som kommunen i dag driftar eller bidrar økonomisk til. Kommunestyret si bestilling er omfattande og ikkje heilt enkel for rådmannen å gje eit eintydig svar på. Det er kommunestyret sjølv som både gjer vedtak om kva tenester kommunen skal yta utover dei lovpålagte tenestene og som fastset dimensjoneringa for alle tenester. Kommunen utfører fleire tenester og oppgåver som ikkje er direkte lovpålagte, men som kommunestyret likevel har vedteke skal utførast for å sikra eit heilskapleg og godt tenestetilbod for kommunen sine innbyggjarar både når det gjeld kvalitet og omfang. Rådmannen har i dette notatet freista belysa fleire spørsmål knytt til lovpålagte og ikkje lovpålagte oppgåver og har til slutt i notatet gjeve eit oversyn over eksterne aktørar som kommunen bidreg til økonomisk. Dette er tilskot budsjettert og rekneskapsført på budsjettpost 14700.

Oppgåver pålagt i lov Kva oppgåver kommunen skal yta, er regulert i ei rekkje lover. I tillegg til Kommunelova er det nedanfor lista opp ei rekkje lover som regulerer kommunen sine lovpålagte tenester: Opplæringslova Vaksenopplæringslova Barnehagelova Barnevernlova Introduksjonslova Smittevernlova Helsevernlova Psykisk helsevernlov Helse- og omsorgstenestelova Lov om folkehelsearbeid Veglova Kulturlova Lov om folkebibliotek Lov om tilskot til livssynssamfunn Lov om film og videogram Arkivlova Pliktavleveringslova Serveringslova Alkohollova Skattebetalingslova Eldrerådslova m.v. I tillegg til lovverket har stortinget utarbeidd ei rekkje forskrifter som gjev nærare presisering av føremål og innhald til dei ulike lovene. Oppgåver som ikkje er pålagte kontingentar Som døme på oppgåver som ikkje er pålagte, viser rådmannen til eige notat frå rådmannen til kommunestyret, datert 08.07.2013, der det er gjort greie for eksterne organisasjonar der Fjell kommune er medlem. Rådmannen gjer merksam på at dei fleste av desse medlemsskapa er ikkje pålagte kommunale oppgåver. Kommunestyret står soleis fritt til å avvikla ordningane innanfor gjeldande avtalar, og vilkår knytt til oppseiingstid for kvar einskild ordning. Oppgåver som ikkje er pålagte førebyggjande tiltak Rådmannen vil i denne samanheng særleg nemna førebyggjande arbeid knytt til helse, og barn og unge. Slike førebyggjande tenester er ikkje direkte lovpålagt, men vil gje store negative konsekvensar på sikt både for kommunen og dei innbyggjarane som vert ramma dersom kommunen ikkje driv slikt førebyggjande arbeid. Konsekvensane vil på sikt truleg medføra auka kostnader i lovpålagte tenester og kunna føra til negative opplevingar for innbyggjarar. Det same kan seiast om oppgåver innanfor kultur, idrett og fritid, desse oppgåvene er heller ikkje lovpålagte kommunale oppgåver, men er viktige førebyggjande tiltak for auka trivsel hjå kommunen sine innbyggjarar. Kulturlova er ikkje konkret på kva kulturoppgåver

kommunar skal utføra. Derimot har vi eiga biblioteklov som pålegg kommunane ei rekkje konkrete oppgåver. Gjeldande tilskotsordningar til kulturføremål er ikkje ei pålagt kommunal oppgåve og det er opp til kommunestyret å vurdera vidareføring av desse tilskota. Desse ordningane er teke med i opplistinga til slutt i notatet over tilskot til eksterne organisasjonar. Dimensjonering Det er til dømes lovfesta i opplæringslova at kommunen skal driva offentleg skule, men det er opp til kommunen kor mange skular ein skal ha. Likeeins er det krav om at kommunen skal ha SFO, men det er ikkje pålagt å ha SFO på alle skular slik Fjell kommune har i dag. Dimensjoneringa i kulturskulen kan også vurderast, det same gjeld særskilde undervisningstiltak. Tilsvarande gjeld innanfor dei fleste oppgåver som er pålagt i lov. Sjølve tenesta kan vera lovpålagt, men dimensjonering av tenesta er opp til kommunestyret sjølv å ta avgjerd om. Administrative oppgåver ikkje pålagte Det er ei rekkje administrative oppgåver som ikkje er pålagte, men som likevel er ei føresetnad for å kunna gje eit godt tilbod til kommunen sine innbyggjarar. Døme på slike administrative oppgåver kan vera: Telefonsentral Kundeskranke IKT oppgåver Personaladministrative oppgåver Oppgåver innan finans og økonomistyring Informasjonsoppgåver Innkjøpsoppgåver Planleggings- og utviklingsoppgåver Kontrolloppgåver Konsekvensar av å ikkje utføra desse oppgåvene, vil føra til dårlegare administrativ styring og kontroll av kommuneorganisasjonen som igjen kan gje vanskar med rekruttering av tilsette, høgare kostnader, reduserte inntekter, dårleg tilgjenge, manglande utvikling av tenester og dårleg omdøme. Eit alternativ til å ikkje utføra oppgåvene, kan vera å vurdera konkurranseutsetjing av slike tenester dersom det vil gje reduserte kostnader og auka kvalitet. Oppgåver som ikkje kan konkurranseutsetjast I KS-sak 61/12 Vurdering av konkurranseutsetting i Fjell kommune, vart det i saksframlegget mellom anna vist til kva tenester ein ikkje kan konkurranseutsetja. Dette er pålagte oppgåver der kommunen har eit særskilt mynde som ikkje kan delegerast til eksterne aktørar. Døme på oppgåver som ikkje kan konkurranseutsetjast: Mynde knytt til vedtak om barneverntenester Mynde knytt til vedtak om helse- og omsorgstenester Offentleg grunnskule Mynde knytt til vedtak om NAV-tenester Skatteoppkrevjarfunksjonen

Sentrale økonomifunksjonar Rådmannen sine oppgåver etter kommunelova Plan- og bygningsmynde Sekretariatsoppgåver for kommunestyret, kommunale utval og kommunal klagenemnd Å gje ei tydeleg og detaljert opplisting av ikkje pålagte kommunale oppgåver som kommunen i dag driftar eller bidrar økonomisk til, er soleis ikkje noko enkel sak. Ofte er det slik at ikkje pålagte oppgåver er naturlege og nødvendige for å sikra eit heilskapleg tilbod av ei lovpålagt oppgåve/teneste. Nedanfor er lista opp eksterne aktørar som Fjell kommune bidreg med tilskot til. 14700 Tilskot: Organisasjon: Føremål: Årleg kostnad 2012: Trigger Grønneviken Nordnes Verksteder Driftstilskot Basert på tal brukarar frå Fjell kommune Finansiering: 613.000 Er med i budsjettpost Museum Vest Driftstilskot 800.000 Er med i budsjettpost Stiftinga Fjell Festning Driftstilskot 600.000 Er med i budsjettpost Radio Sotra Driftstilskot 225.000 Er med i budsjettpost Ambassadørstipend Samarb. Med næringslivet. Avtale inngått med VNR. 50.000 Er med i budsjettpost Merknad: Ingen jobb til aktuelle brukarar i Fjell kommune dersom ordningane vert avvikla. Samarbeidsavtale. Ved oppseiing er utløpsdato for avtalen alltid 31. des. Skriftleg oppseiing må vera den andre parten i hende seinast 01.10 året før utløpsåret. KS-sak 114/06. Stiftingsprotokoll og vedtekter er datert 18.07.07 og underteikna av ordførar Utkilen. Berre styret kan oppløysa ei stifting. Årleg budsjettvedtak. Sist vedteke årsbudsjett for 2013. Vert vurdert ved kvart nytt budsjettår. Avtale datert 23.11.11 og signert ordførar Berland. Avtalen gjeld for 4 heile år, f.o.m. 2012 t.o.m. 2015.

Fjell KFUK/KFUM Stiftinga Roald Tellnes Kunstsamling Sotra sportsklubb Fjell sokneråd Driftstilskot Home Start 550.000 Er med i budsjettpost Driftstilskot 50.000 Er med i budsjettpost 11950 i 2012 og 2013 og skal dekkja leigeutgifter i lokale på Haganes. Driftstilskot Basecamp 10.000 Er med i budsjettpost 429.000 Er med i budsjettpost TV-aksjonen Støtte 23.000 Er med i budsjettpost Ulike lag og org. Tilskotsordnin 1.175.771 Er med i budsjettpost gar kultur og fritid Fjell Pensjonistlag Tilskot til Matharekomiteen Vestkantsvømmerne Badevaktanbod Vakt rådhuset kl. 15.30 21.00 SUM 4.744.171 70.000 Er med i budsjettpost 148.400 Er med i budsjettpost Årleg budsjettvedtak. Sist vedteke årsbudsjett for 2013. (Kommunen har motteke søknad om auka driftstilskot til 650.000 for 2014, denne vert lagt fram som høyringsuttale i samband med politisk behandling av årsbudsjettet for 2014) Politisk vedtak. Må ta stilling til vidare drift av stiftinga i eiga sak. Kjem eiga sak som oppfølging etter politisk beh. av eigarskapsmeldinga. Berre styret kan oppløysa stiftinga. Har vore budsjettert som fast tilskot i mange år, men kommunestyret står fritt til å avvikla ordninga. KS-sak 58/07 og 42/08. 12 mnd. oppseiing, seinast 31.12 året før oppseiingsåret (heilt kalenderår). Samarbeid med Fjell sokneråd og Sartor storsenter. Årleg budsjettløyving. Politisk vedtak. Bør vurderast på nytt i lys av modell for ny fleirbrukshall. Særs rimeleg ordning (anbod 2012). Kan ikkje ha offentleg opne basseng kveld og helg utan tilsyn. Ved opphøyr av avtalen vil det ikkje vera vakthald i rådhuset etter kl. 15.30.

Rådmannen viser elles til dei andre vedtakspunkta i sak 20/13, der rådmannen har utarbeidd eigne notat eller har utarbeidd eiga sak. Dette gjeld følgjande vedtakspunkt: 3. Rådmannen får i oppgåve å leggja fram ei detaljert oversikt over eksterne organisasjonar der Fjell kommune er medlem slik at desse kan vurderast på nytt. Sjå eige notat datert 08.07.2013. 4. Arbeidet med å konkurranseutsette delar av den kommunale drifta skal intensiverast. Sak vedkomande dette vert lagt fram innan utgangen av september. Sjå eiga sak datert 08.07.2013. 5. Rådmannen får i oppgåve å leggja fram ei detaljert oversikt og vurdering av eksterne leieforhold, som kommunen nyttar. Sjå eige notat, datert 08.07.2013. 6. Rådmannen får i oppgåve å vurdera alternativ bruk av kommunale bygg der aktiviteten kan samordnast og eventuelt avhenda desse. Notat/sak kjem seinare i haust. 8. Kommunestyret vil ha ei økonomisk oversikt over bruk av eksterne konsulentar. Sjå eige notat, datert 08.07.2013.