MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtedato 19.06.2017 Møtestad Møterom ved kantina, Husnestunet Møtetid 11:00 15:00 Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Bodil Våge Medlem SP Malena Aasen Nestleiar Vidar Ask Medlem Øyvind Skogseth Medlem Sverre Vevelstad Leiar Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Solveig Hus Hansen møtesekretær MERKNADER: Orienteringar: Per Inge Naterstad, einingsleiar for veg og park, orienterte om dei ulike vegprosjekta som er under arbeid i kommunen eller skal ha oppstart i næraste framtid. Ny Opsangerveg, Hellandsskrysset, nytt kryss på Stripo, Ny gang- og sykkelsti i Herøysundet, Lundsnessvingane, kollektivknutepunkt Rosendal, trafikksikring i Vevikjo på Løfallstrand, er nokre av prosjekta Naterstad orienterte om. Rådet spurte om privatisering av kommunale vegar. Naterstad svara at det vert eventuelt ei politisk sak. Anne Tangen Rørdal, einingsleiar for Husnestunet, orienterte om drifta på Husnestunet. Det er plass til 52 pasientar, og det er pr i dag 49 pasientar der. Eit rom er ledig pga oppussing. Eit rom vert i dag nytta til pårøranderom, noko som dei har fått positiv tilbakemelding om.
Romma i den eldre delen av huset, er små og lite tilpassa utstyr som fleire brukarar nyttar i dag. Øyeblikkelig hjelp avdelinga er godt innarbeida og fungerer bra. Det er ynskje om noko utbygging, slik at det vert to seperate rom. Rørdal orienterte om vidareutdanning innan omsorgsteknologi. Ho ynskjer om enda meir samarbeid med barnehagar rundt og frivillige. Eldrerådet fekk omvisning og informasjon. Permisjonar: Ingen. Inhabile: I sak 2017/34 Ymse, vart leiar Sverre Vevelstad erklært inhabil. Evt. endring på saksrekkefølgje: Ingen. Tilleggssaker: Eldrerådet fekk servert dagens middag på Husnestunet. Rådet hadde smaking, og ei uformell terningkasting på dei ulike rettane. Sellerirotsuppe: terningkast 5 Gryterett med potetstappe: 4 Fylt laks med potet, gulrot og agurksalat: terningkast 4 Totalt var det ei positiv oppleving av maten som vert servert på dei ulike institusjonane i Kvinnherad. SAKLISTE Saksnr 2017/25 2017/26 2017/27 2017/28 2017/29 2017/30 2017/31 2017/32 2017/33 2017/34 Innhald Referat og meldingar sidan sist møte Revisjon av budsjett 2017 Økonomiplanen 2018 2021 Eventuelt andre saker frå sakslista til kommunestyret Brev frå Statens seniorråd om Folkebiblioteka og eldre si digitale deltaking Eventuell uttale i høve pensjonsslippen på papir Eventuell uttale om forslag til ny tannhelseplan Ferdigstilling av Aktivitetskalendaren Møteplan for hausthalvåret Ymse 2017/25 Referat og meldingar sidan møte 24.04.2017
Kvinnheringen: leiar vart intervjua om matsaka. «Eg vil sjå slippen min»: leiar vart intervjua om saka, og gjengitt i Kvinnheringen. Aktive Eldre: 3. mai på Halsnøytunet. Her var mange deltakarar, både bebuarar, frivillige, «Karaklubben» mm. Gode måltidsordningar: brev til ordføraren frå Landbruks- og Matdepartementet.. Forskrift om langtidsopphald: Levekårskomitèen tok her med delar av Eldrerådet sin uttale. 2017/26 Revisjon av budsjett 2017 Eldrerådet vil gje fylgjande uttale: Vi kan ikkje finne konkrete punkt i budsjettet som vi har motførestillingar til, og går god for dei fleste prioriteringane her. Vi viser likevel til uttalen vår til det ordinære budsjettet for 2017 i møte 20/3 i år, der vi minner om at kommunen framover har mange utfordringar innan sektoren helse, omsorg og sosial. Dette gjeld spesielt innføring av velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering, i tillegg til at det vert sterk auke i tal brukarar av tenesta som ein konsekvens av kraftig auke av tal eldre over 80 år dei næraste åra. Det kan derfor ikkje reknast med nokon ytterlegare innsparing på budsjettet framover, heller tvert imot. Eventuelle innsparingar vil først kome på sikt. 2017/27 Økonomiplan 2018-2021 Kvinnherad eldreråd er nøgde med dei tiltaka som er lista opp for å møte utfordringane innan eldreomsorga frametter: omstilling, førebyggjande heimebesøk, omsorgs-/velferds-teknologi, omsorgsbustader i alle delar av kommunen, tilrettelegging for frivillig arbeid, kvardagsrehabilitering, yting av tenester etter omsorgstrappe-prinsippet, utarbeiding av kommunedelplan for helse, omsorg og sosial, kulturarbeid for eldre/den kulturelle spaserstokken. 2017/28 Eventuelt andre saker frå sakslista til kommunestyret 22.06.2017 Ingen andre aktuelle saker. 2017/29 Brev frå Statens Eldreråd Kvinnherad eldreråd viser til brev frå Statens seniorråd av 4/4-2017 i høve Folkebiblioteket og eldre si digitale deltaking. Med bakgrunn i lokal røynsle og opplysningar frå Difi og Seniornett om til dels svært mangelfull kunnskap blant eldre om digitale tenester, sluttar vi oss til anbefalinga i St.meld. 27(2015-2016) om at kommunane må ta eit større direkte ansvar for å sikre auka digital deltaking blant eldre.
Dette gjeld både gjennom ei utstrakt veiledningsteneste, nødvendig direkte opplæring (datakurs, fadderordningar) og brukarstøtte for å heve kompetansen til dei som treng dette. Aktuelle samarbeidspartar for kommunen i dette viktige arbeidet kan vere folkebiblioteket, frivilligsentralen, pensjonistforeningar, andre frivillige organisasjonar, skuleungdom og studentar. 2017/30 Eventuelle uttale i høve pensjonslippen på papir Kvinnherad eldreråd har i møte 19/6 2017 vedteke å sende brev til nasjonale styresmakter med krav om å igjeninnføre pensjonsslippen på papir for dei pensjonistane som ber om det fordi dei ikkje har tilgang til eller beherskar digital kommunikasjon. Vi gir såleis vår fulle støtte til Pensjonistforbundet sin aksjon «Jeg vil se slippen min.» 2017/31 Eventuell uttale om forslag til ny tannhelseplan. Saka er ikkje lenger aktuell. 2017/32 Ferdigstilling av Aktivitetskalendaren. Leiar endrar, og ferdigstiller. 2017/33 Møteplan for hausten 2017 Måndag 28.08.2017 Måndag 25.09.2017 Måndag 23.10.2017 Måndag 27.11.2017 Måndag 18.12.2017 2017/34 Ymse Eldrerådet har fått søknad om totalt 5 kassar utstyr til prosjektet «Aktive Eldre». Eldrerådet vil sende søknadar til ulike organisasjonar om støtte til dette totalt 5000 kr. Nestleiar Malena Aasen melder inn sak i høve oppseiing av leigeforhold i Holmedal Bustadstifting. Leiar Sverre Vevelstad erklærer seg inhabil i saka, då han er leiar i bustadstiftinga. Elrerådet er samrøystes i dette, og leiar forlet møterommet. Eldrerådet v/ nestleiar Malena Aasen sender fylgjande uttale til kommunen: Kvinnherad Eldreråd har med bakgrunn i saka Bustadpakken - kjøp av bustader på Husnes, vedteke i kommunestyret 23.02.2017, lese artiklane i Kvinnheringen og Grenda om kommunen si oppseiing av leigeavtalen med Holmedal Bustadstifting om leige av bustader på Utåker Eldresenter. Eldrerådet gav saka i februar spesiell honnør til pkt. 2 og 3 i vedtaket, og kan ikkje skjøna at nemnte oppseiing av avtalen med Holmedal Bustadstifting, kan vere i samsvar med dette vedtaket. Likså at dette vert gjort hals over hovud utan at dei dette gjeld vert involverte i andre løysingar.
Kvinnherad Eldreråd henstiller derfor til Kvinnherad kommune om at denne saka vert utsett og skikkelig handsama etter ferien då alle partar er tilstades.