MØTEPROTOKOLL Utval Eldrerådet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 03.12.2014 Start kl.: 10.00 Slutt kl.: 14.40 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Johannes Lad, Kjartan Kvien, Kåre Høyheim, Inger Møyfrid Sperle, Torvald Bakken, Sigrid Hamre Nyseth Ivar Kvalen Jarle Skartun, John Olaf Røhme, Torunn Løne Vinje, Karin Leirdal Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. SAKLISTE Saksnr. Tittel 14/14 14/3027 Godkjenning av møtebok og referatsaker. 15/14 14/1778 Budsjett 2015, økonomiplan 2015-18, planleggingsprogram 2015-18. 16/14 14/3031 Ymse Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 1
Møteprotokoll er sendt til: Medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteka i kommunen, lokalavisene, NRK-Førde og Luster radio.
14/14 Godkjenning av møtebok og referatsaker. Administrasjonen informerte i fellesmøtet. Informasjon frå administrasjonen i fellesmøte: Budsjett 2015, Økonomiplan 2015 2018, Planleggingsprogram 2015 2018. Administrasjonen har i tidlegare møte informert om budsjett 2015, økonomiplan og planleggingsprogram 2015 2018. Rådmannen orienterte no om Formannskapet sitt framlegg. Frist for ev. merknader er sett til 10. desember. Sjå eiga sak nr. 15/14. Kommuneplanen arealdelen. Torunn Løne Vinje orienterte om framlegg til revidert plan. Den er lagt ut til offentleg høyring. Frist for merknader til planframlegget er fredag 18. desember 2014. Det er ei målsetjing at planen skal vedtakast av kommunestyret innan utgangen av februar 2015. Hovudføremålet med arealdelen er å leggja til rette for ei overordna styring av arealbruken i Luster kommune. Det er ein juridisk bindande plan som skal leggjast til grunn for planlegging, forvaltning og utbygging. Det vart stilt spørsmål om plandokumenta er sendt til alle grunneigarar, om dei har fått all informasjonen om planen. Administrasjonen svara at det er ikkje sendt ut no, men alle kan koma med innspel. Det har vore folkemøte på Skjolden, Gaupne og Hafslo tidlegare. I tillegg blir det møte i Gaupne på rådhuset no. Planen er lagt ut i papirformat på servicetorget, rådhuset, biblioteka i Gaupne, Skjolden. Hafslo og butikkar på Veitastrond, Jostedal, Luster, Fortun og Fjordatunet i Kroken. Det vart stilt spørsmål om byggefelt ved Grindane i Gaupne - Kvifor ikkje nytte andre område nærare sentrum. Administrasjonen svara at det er nøye vurdert, særleg i samband med rasområde ( jord og stein). I tillegg er det teke omsyn til arealutnytting, dyrka mark, kulturminne etc. Kommuneplanen arealdelen. Eldrerådet kom med fylgjande innspel: Eldrerådet vil få koma med innspel i samband med opprusting av trafikk og parkeringsareal ved Pyramiden. Ordninga slik det er i dag er uheldig både for motortrafikk og mjuke trafikantar. Det er trongt og uoversiktleg i området og for lang gangavstand frå busshaldeplassen til Pyramiden. Kort av- og påstiging framfor Pyramidesenteret er avgjerande for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Eldrerådet vil meine at området nedanfor fylkesvegen (fv.55) er mykje betre eigna til oppstillingsplass for bussar, og at parkeringsplassar med eventuelle garasjar, lagerbygg etc burde vore plassert der.
Framlagt til møtet: Eldrerådskurs måndag 26. torsdag 29. januar 2015. Invitasjon og program. Møteboka frå møte den 21.10.2014 vart godkjend. Sigrid Hamre Nyseth og Inger Møyfrid Sperle vart valde til å skriva under på protokollen. 15/14 Budsjett 2015, økonomiplan 2015-18, planleggingsprogram 2015-18. Formannskapet har sendt framlegg til budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram på offentleg høyring. Administrasjonen har i tidlegare møte informert om budsjett 2015, økonomiplan og planleggingsprogram 2015 2018. Rådmannen orienterte no om Formannskapet sitt framlegg. Frist for ev. merknader er sett til 10. desember. Eldrerådet vil koma med innspel på fylgjande: 1. Opprustning av Gaupne sentrum. Ulike tiltak - tettstadutvikling Gaupne. - Eldrerådet syner igjen til tidlegare vedtak i saka om offentleg toalett i kommunesenteret. Eldrerådet har sterkt ynskje om at tiltaket blir innarbeidd i planen. Det er svært viktig å få dette på plass no. - Eldrerådet vil få koma med innspel i samband med opprusting av trafikk og parkeringsareal ved Pyramiden. Ordninga slik det er i dag er uheldig både for motortrafikk og mjuke trafikantar. Det er trongt og uoversiktleg i området og for lang gangavstand frå busshaldeplassen til Pyramiden. Kort av- og påstiging framfor Pyramidesenteret er avgjerande for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. (Sjå og merknad til kommuneplanen.) 2. Tilskot til Private vegar. - Eldrerådet går i mot at tilskot til private vegar igjen skal kuttast. Eldrerådet syner til kommunen sitt mål om at eldre skal kunne klare seg lengst mogeleg i eigen heim. Standard på vegane er avgjerande for å kunne kome seg «til og frå». Det er såleis vanskeleg å forstå at innsparingar skal gå ut over dei private vegane, særleg med tanke på heimesjukepleie, besøksteneste og dei heimeverande sin familie. 3. Innsparingar i pleie og omsorg og tilbod innan helse og psykiatri. - Eldrerådet syner til vurderingar om struktur og dimensjonering av «omsorgstrappa». Eldrerådet vil på det sterkaste presisere at det ikkje må bli dårlegare tilbod for bebuarane på institusjonane enn det er i dag. - Styrking av helsestasjon og rus/psykiatri er positivt. Auka kriminalitet går og utover dei eldre. Eldrerådet meiner såleis at å redusere spesped. tiltak i grunnskulen blir feil. Det vil gå ut over forebygging mot åtferdsvanskar. Det vil bli drårlegare tilbod for styrka meistring og læring generellt.
- På grunn av overnemnde vil Eldrerådet og presisere at skulepsykologtilbodet må oppretthaldast med best mogeleg teneste for brukarane. 4. Fornying av bibliotektilbodet, avvikling av filialar og etablering av oppvekstbibliotek. - Styrking av skulebiblioteka er positivt med leseprosjekt i skule og barnehage. Eldrerådet vil likevel meine at å leggja ned biblioteka er ei uheldig utvikling, og går i mot forslaget. Det vil særleg gå ut over opningstidene. Folk som er i arbeid vil ikkje kome seg til biblioteket tidsnok, i skuletida. Det er ein stor fordel at borna kan få gå på biblioteket saman med foreldra sine. Det vil motivere borna til å låne bøker, og med det få betre lesevanar og betre kunnskap. 5. Rådsorganisering. - Eldrerådet er svært nøgde med informasjonen som råda har fått frå administrasjonen i fellesmøta. Det har gjeve god rettleiing og forståing av saker som er viktige for råda, særleg innan helse- pleie og omsorg - og ikkje minst budsjettprosessen. - Eldrerådet vil likevel presisere at Eldrerådet, Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne og Brukarutvalet for samhandlingsreforma må vere 3 separate organ slik som i dag og med kvart sitt budsjett. 16/14 Ymse