ALLMENNE SKJØNNSFØRESETNADER VED EIGEDOMSINNGREP ETTER 50, JFR. 49, I VEGLOVA, LOV AV 21. JUNI 1963.

Like dokumenter
ALLMENNE SKJØNNSFØRESETNADER VED EIGEDOMSINNGREP ETTER 50, JFR. 49, I VEGLOVA, LOV AV 21. JUNI 1963.

ALMINNELIGE SKJØNNSFORUTSETNINGER VED EIENDOMSINNGREP ETTER 50, JFR. 49, I VEGLOVEN, LOV AV 21. JUNI 1963.

ALMINNELIGE SKJØNNSFORUTSETNINGER VED EIENDOMSINNGREP ETTER 50, JFR. 49, I VEGLOVEN, LOV AV 21. JUNI 1963.

Definisjonar: Kva slags gjerde og leveggar er søknadspliktige og kva typar er unntatt frå søknadsplikt?

RETNINGSLINER FOR KOMMUNAL OVERTAKING AV PRIVATE VEGAR I HARAM KOMMUNE

Kva type støttemurar er søknadspliktige og kva er unntatt frå søknadsplikt?

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

RETNINGSLINER FOR GRUNNRETTAR TIL HØGSPENTANLEGG I KVINNHERAD ENERGI AS (KE) SITT FORSYNINGSOMRÅDE.

Eigedomsinngrep FØRESEGNER. Handbok 086

Vegdirektoratet Eigedomsinngrep

Sikt og vegetasjon langs vegen. ved Hildbjørg Fludal vegingeniør i Vindafjord kommune

UTBYGGINGSAVTALE. 1.2 Geografisk avgrensing Avtala omfattar areal vist på vedlagt kart, datert , ihht. vedlegg 2.

REGULERINGSFØRESEGNER

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Rv. 13 Skredsikring Vik - Gotevik. Ope møte 26. november 2014 Grunnerverv

ETNE KOMMUNE FØRESEGNER E 134 STORDALEN, LAUAREID-HÅLAND-BAKKA PLANENDRING Utskrift

EV 039 HP 09: JEKTEVIK NORD FITJAR GRENSE REGULERINGSFØRESEGNER STORD KOMMUNE 1. GENERELT

HARDANGERBRUA MED TILFØRSELSVEGAR, RIKSVEG 7 OG 13 REGULERINGSFØRESEGNER FOR ULLENSVANG HERAD

E39 Fjellvegen - Hafstadvegen. Informasjonsmøte 14. august 2019 GRUNNERVERV

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

Vegdirektoratet Eigedomsinngrep

Avtale om refusjon av meirverdiavgift mellom Kvinnherad Kommune og Neslia Øvre AS. Knytt til byggefeltet Neslia Øvre Gnr. 84 Bnr.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

REGULERINGSPLAN FOR RUNDKØYRING VED ØYSTESE MEKANISKE VERKSTAD REGULERINGSFØRESEGNER

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

FASADEENDRING. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Lindås kommune. Reguleringsføresegner for: Jf plan- og bygningslova (pbl) Kløve bustadfelt, del av gnr. 24, bnr. 1 (Plan-id: )

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

Reguleringsføresegner pbl 12-7

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

Retningsliner for graving i offentlig veg - NKF nettverksgruppe Veg og trafikk Hordaland

DISPENSASJON. Send søknaden til: Skodje kommune Teknisk avdeling 6260 SKODJE

Indre Hordaland jordskifterett. Rettsbok. Sak: DUGSTAD veglag GNR 85. Gnr. 85 i Voss kommune. Oppstarta:

Føresegner Reguleringsplan for Hansabakken, Sveio

REGULERINGSPLAN FOR DØSHAUGNESET, GNR. 46 BNR. m.fl., AUSTEVOLL OMMUNE

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

Ot.prp. nr. 49 ( )

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR HJELMESET 3, GNR. 31 BNR. 2, 4 M.FL. HERØY KOMMUNE

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Vedlegg 3 A. Kvinnherad kommune. Alternativ S1/S6

FOTGJENGARUNDERGANGAR, ØLENSVÅG

Endringar i «Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

Grenser mot offentleg veg. Ved Åge Andersen Statens vegvesen Region vest Eigedomsseksjonen

R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R O M R Å D E R E G U L E R I N G F O R K O R S M Y R A

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 185/187 - terrasse - Valen - Jan Gunnar Fatland. Innstilling frå rådmannen:

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

REGULERINGSFØRESEGNER I TILKNYTNING TIL REGULERINGSPLAN FOR BAKKEN II, TORPO, ÅL KOMMUNE

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

KJØPEKONTRAKT MELLOM EID KOMMUNE (SELJAR) [ ] (KJØPAR) VEDRØRANDE SAL AV EIGEDOMMEN GNR. 44, BNR XX I EID KOMMUNE

FØRESEGNER. TIL BEBYGGELSESPLAN FOR OMRÅDA FB2, FB3, FB4 og FB5 I HJELMELANDSDALEN

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

BYGGJEPLANAR - KVA ER UNNTATT OG KVA MÅ DU SØKJE OM?

Jordlova. Lov om jord, 12 mai 1995 Sist endret: LOV fra , LOV fra

Endringar i "Reglement om godtgjersle til folkevalde i Hordaland fylkeskommune"

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Sandholmen delar av gnr. 71 bnr.1 PlanID: BØMLO KOMMUNE

Grunngjevingsplikta til forvaltninga

Avkjørselstillatelse fra Fv 890 til eiendommen Gnr. 36, Bnr. 40 i Tana kommune.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Spesialpedagogisk hjelp. 1 Rett til spesialpedagogisk hjelp 2 Innhald 3 Organisering 4 saksgang

Dispensasjon frå reguleringsplan Nordøyvegen-delområde 1 Skjeltene-Lepsøy-Austnes, Skjelten Dispensasjon frå regulert rundkøyring for å bygge T-kryss

JOB ing REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 78 BNR. 22 I VESTNES. PLANBESKRIVELSE Plan- og bygningslova av 6

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

REGLEMENT FOR LEIGE AV KOMMUNAL EIGEDOM OG FOR HANDEL UTANOM FAST UTSTALSSTAD FRÅ KOMMUNAL EIGEDOM

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN DETALJREGULERING GISKEREMEN (JOHANGARDEN), GNR. 127 BNR. 34 MED FLERE, GISKE KOMMUNE PLANIDENT:

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R O M R Å D E R E G U L E R I N G F O R K O R S M Y R A

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon og igangsetjingsløyve - 234/16 - hyttenaust - Høylandsbygd - Elisabeth og Harald Hammerseth

REGULERINGSPLAN FOR ÅMOT PlanID FØRESEGNER

1. Samandrag I sak 13/12 vedtok hovudutval for samferdsle m.a. at strekninga Ånneland - Skipavika vert omklassifiserte frå fylkesveg til kommunal veg.

GODKJENT REGULERINGSPLAN SOLSTRAND VESTNES KOMMUNE

Kommuneplan Vaksdal rullering. Del 2 Oppdragsskildring og kontraktsvilkår

Statens vegvesen. Svar på søknad om dispensasjon - fv gnr. 93 bnr Brønnøy kommune

Skiltvedtekter Lom kommune

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

REGULERINGSFØRESEGNER

FRAMLEGG TIL REGULERINGSFØRESEGNER FOR PLAN NR , SPJELD BÅTHAMN, JFR. PLAN- OG BYGNINGSLOVA 26

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Godkjenning - løyve til oppføring av garasje med dispensasjongbnr 27/263 M oldekleiv

INFORMASJON TIL TILTAKSHAVAR OG SØKJAR 1. januar 2016

Formingsrettleiar. Vegutbetring / gang sykkelveg. Fv. 07 Skipadalen Evighetssvingen med tilhøyrande anlegg

Klage på vedtak om ekspropriasjon - Gnr. 114 Bnr. 25 i Stryn kommune - Fv. 60 Ugla - Skarstein

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Vegetasjon langs offentlig veg metoder for gjennomføring av tiltak v/rita Regbo, Skien kommune

SPESIALUNDERVISNING. Presisering av opplæringslova 5-1 til 5-6 og 4A-2, gjeldande rutinar og ansvarsforhold i Volda kommune.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Transkript:

ALLMENNE SKJØNNSFØRESETNADER VED EIGEDOMSINNGREP ETTER 50, JFR. 49, I VEGLOVA, LOV AV 21. JUNI 1963. 1. SKJØNNSFØRESETNADENE A. Skjønnsføresetnadene klargjer det faktiske grunnlaget som skjønnsretten skal byggje på ved fastsetting av erstatningar: - Omfanget av eigedomsinngrepet. (sjå pkt.2) - Erstatningsforhold med tilhøyrande reglar. (sjå pkt. 3) - Oppgjer og erstatning for at utbetalinga skjer på eit seinare tidspunkt enn overtakinga (sjå pkt. 4) - Andre avgjerder. (sjå Tillegg) Saman med skjønnsføresetnadene blir det lagt fram reguleringsplan, ev. anna relevant kart, arealoppgåver og liknande materiale. I tillegg til det som er fastsett i skjønnsføresetnadene og anna framlagt materiale som er nemnt ovanfor, tek saksøkjaren ikkje på seg arbeid eller andre plikter. B. Skjønnsføresetnadene er sett saman av ein allmenn del og ein spesiell del. Dei spesielle føresetnadene inneheld særlege reglar som gjeld for det enkelte takstnummeret. Så langt dei spesielle føresetnadene er i strid med dei allmenne, eller med det generelle kartmaterialet som er lagt fram, skal dei spesielle føresetnadene gjelde. C. Saksøkjaren tek atterhald om at han skal ha rett til å endre eller supplere det materialet som er nemnt ovanfor fram til skjønnet blir avsagt. 2. OMFANGET AV EIGEDOMSINNGREPET A. Eigedomsinngrepet omfattar grunn og rettar som er nødvendige for bygging, utbetring, vedlikehald og drift av dei offentlege veganlegga som er med i tiltaket. B. Ervervet omfattar også nødvendig rett til mellombelse eigedomsinngrep. C. Kva som er nødvendig går fram av reguleringsplanen, andre kart og teikningar og/eller dei spesielle D. Dersom ikkje anna går fram av dei spesielle skjønnsføresetnadene, vert grunnen avstått med all påståande innretningar, vegetasjon, matjord med vidare. 3. ERSTATNINGSFORHOLD MED TILHØYRANDE REGLAR A. Skjønnsretten fastset erstatning for grunn og rettar som vert avstått, og for skader og ulemper som har samband med dette eller med det vegtiltaket det vert erverva til fordel for. Erstatning for skade og ulempe som kjem av anleggsdrifta skal haldast utanfor skjønnet med mindre anna er fastsett i dei spesielle B. Saksøkjaren legg fram førebelse oppgåver over kva areal som skal ervervast permanent og/eller mellombels for kvart takstnummer, jfr. pkt. 2 A og B i føresetnadene. 1

Endeleg oppmåling skjer først når anlegget er ferdig. C. Saksøkjaren ber om at skjønnsretten fastset grunnerstatning for kvart takstnummer ut ifrå kva som er mest hensiktsmessig: - erstatning pr arealeining (dekar/m2), spesifisert etter markslag/bonitet/arealkategori så langt det trengst av omsyn til erstatningsoppgjeret. - erstatning som ein rund sum. 4. OPPGJER OG ERSTATNING FOR AT UTBETALINGA SKJER PÅ EIT SEINARE TIDSPUNKT ENN OVERTAKINGA Erstatningsoppgjer skjer i samsvar med skjønnsprosesslova 53-57, eventuelt direkte med saksøkte. Tap som følgjer av at utbetaling av erstatning skjer etter at overtaking har funne stad, blir fastsett av skjønnsretten i samsvar med regelen i 10, tredje punktum i lov nr. 17, 6. april 1984 om vederlag ved oreigning av fast eigedom. Dette gjeld både ved førehandstiltrede og når fullt oppgjer ikkje kan skje før vegen er bygd og endeleg oppmåling gjort. TILLEGG Andre avgjerder som kan vere aktuelle. (Må vurderast frå sak til sak.) 5. AVKJØRSLER OG TILKNYTINGSVEGAR Endra avkjørsler går fram av reguleringsplanen og dei spesielle Avkjørsler blir etablert av saksøkjaren. Det er ikkje saksøkjaren sitt ansvar å vedlikehalde avkjørsler eller tilknytingsvegar. Når saksøkjaren tek ansvar for arbeid med tilknytingsveg eller liknande, vil dette gå fram av dei spesielle 6. GJERDE A. Gjerde vil bli sett opp og halde vedlike av saksøkjaren i følgjande tilfelle: a) der gjerde er nødvendig av omsyn til vegen eller ferdsla på vegen, jfr. veglova 44, 2. ledd. b) der gjerde er nødvendig for å verne omgjevnadene mot spesiell fare som vegen representerer. Opplysningar om kvar slikt gjerde er aktuelt, går fram av dei spesielle skjønnsføresetnadene, eventuelt og av reguleringsplanen. 2

B. Dersom saksøkte elles krev erstatning for gjerde som saksøkjaren meiner ikkje er erstatningspliktig, avgjer skjønnsretten om erstatningsplikt ligg føre. Når den eksakte gjerdelengda ikkje er klar under skjønnet, ber saksøkjar om at eventuell erstatning blir fastsett pr. løpemeter. Saksøkjar ber og om at det i skjønnsgrunnane blir opplyst om kva gjerdetype som er lagt til grunn. Gjerdet skal plasserast etter rettleiing frå saksøkjaren. Saksøkjaren skriv frå seg ansvar for framtidig vedlikehald av gjerdet. C. Frist for å fjerne gjerdet som saksøkte skal behalde, er gitt i dei spesielle Dersom gjerdet ikkje er fjerna innan fristen, vil gjerdet bli fjerna av saksøkjaren. 7. LEIDNINGAR. A. Saksøker utførar og ber utgiftene til nødvendig omlegging av lovlege leidningsnett. Dette gjeld likevel ikkje dersom løyve til å legge leidningar er gitt på spesielle vilkår. B. Dersom saksøkte sjølv skal flytte eller endre leidningsanlegget innan ein gitt frist, går dette fram av dei spesielle 8. BORTLEIING AV VATN A. Kulvertar og stikkrenner gjennom vegen som skal byggjast/oppretthaldast for nødvendig gjennomløp/bortleiing av vatn frå vegområdet, går fram av kart, profil m.v., eventuelt supplert med nærare utgreiingar i dei spesielle B. Når saksøkjaren reknar med at ekspropriasjonstiltaket vil føre til skadeleg endring av vasstand og vassføring utanfor ekspropriasjonsområdet, blir det gjort greie for dette i kart og/eller i dei spesielle Ut over det som det er gjort greie for i skjønnsføresetnadene, tek saksøkjaren ikkje på seg arbeid med bortleiing av vatn eller vedlikehald av grøfter og leidningsnett utanfor ekspropriasjonsområdet. 9. NEDLEGGING AV OFFENTLEG VEG Dersom veggrunn i samband med nedlegging av offentleg veg skal førast tilbake til saksøkte, fastset skjønnsretten vederlag for dette i samsvar med veglova 8, tredje ledd. 10. FRISIKTSONER Frisiktsoner er viste på reguleringsplanen. Innanfor desse er det ikkje høve til å ha sikthindrande plantingar, gjerde, bygningar m.v. jfr. dei spesielle 11. TØMMER OG ANNA DRIVVERDIG VIRKE A. Saksøkjaren sørgjer for og ber utgiftene til bestandsregistrering. Dersom saksøkte etter førespurnad frå saksøkjaren, ikkje har gitt samtykke til oppgjer etter offentleg 3

tømmermåling, vil saksøkjaren sørgje for og bere utgiftene ved kubering av påståande salbart vyrke. Dette gjeld óg for grunn utanfor vegområdet som blir klausulert til motfyllingar, avlastingsområde, siktsoner o.l. Skjønnsretten fastset i desse tilfella tømmererstatninga. B. Ved eventuelt oppgjer etter offentleg tømmermåling, jfr. samtykke frå saksøkte, vil tømmeret bli målt etter gjeldande reglar for tømmermåling. Saksøkjaren ber om at skjønnet, så langt det er nødvendig av omsyn til tømmeroppgjeret, fastset dei driftskostnadene pr. m3, inkludert måle- og avverkingsavgift, som kan trekkjast frå brutto tømmerverdi ved erstatningsoppgjeret for kvart takstnummer. C. Når saksøkte har sagt frå at han sjølv ønskjer å drive ut og eventuelt behalde vyrket, vil frist for avverking bli gitt i dei spesielle Dersom avverking ikkje er gjort innan denne fristen, vil saksøkjaren avverke tømmeret for saksøkte sin kostnad. 12. VEDLIKEHALD AV PRIVATE VEGAR A. Saksøkjaren vedlikehaldsansvar for private vegar er avgrensa til det bygningstekniske vedlikehaldet av bruer og undergangar som blir bygde for kryssing av offentleg veg i samband med ekspropriasjonstiltaket. B. Vidare vedlikehaldsverksemd, medrekna snøbrøyting, på bruer over offentleg veg skal utførast i samsvar med pålegg og tilvisingar som til ei kvar tid blir gitt av vegstyremaktene. 13. BYGNINGAR OG ANDRE FASTE INNRETNINGAR Dersom anna ikkje er bestemt i dei spesielle skjønnsføresetnadene, skal bygningar og andre faste innretningar innanfor ekspropriasjonsområdet ervervast. 14. STABILISERINGSTILTAK. MOTFYLLINGAR OG AVLASTINGSOMRÅDE A. Ervervet omfattar rett til å sette i verk nødvendige stabiliseringstiltak utanfor vegområdet i form av oppfylling (motfyllingar) og nedplanering (avlastingsområde). B. Det er gjort nærare greie for stabiliseringstiltak etter pkt. A i dei spesielle skjønnsføresetnadene, jfr. framlagte kart og anna materiale. C. Saksøkjarens ansvar for vedlikehald og tiltak etter pkt. A er avgrensa i dei spesielle I samsvar med dette omfattar ekspropriasjonen nødvendige rettar for ettersyn og vedlikehald, medrekna eventuelt ferdsel over eigedomen til saksøkte. Behov for slik ferdsel er det gjort greie for i dei spesielle D. Motfyllingar og avlastingsområde kan nyttast til jord- og skogbruksføremål. I samband med dette kan nødvendig drenering gjennomførast. Utanom dette kan saksøkte ikkje, utan løyve frå vegvesenet, sette i verk tiltak som kan tenkjast å verke inn på stabiliteten. 15. LANDSKAPSTILTAK 4

A. For å innpasse veganlegget i det omliggjande landskapet, blir det sett i verk tiltak utanfor vegområdet. Desse tiltaka er med i ervervet, og det er gjort nærare greie for dei i dei spesielle Tiltaka kan gå ut på terrengforming, tilplanting m.v., jfr. framlagte planar, kart og anna materiale. B. Saksøkjaren sitt ansvar for vedlikehald av tiltak etter pkt. A er avgrensa i dei spesielle I samsvar med dette omfattar ervervet nødvendige rettar for ettersyn og vedlikehald, medrekna eventuelt ferdsel over eigedomen til saksøkte. Behov for slik ferdsel er det gjort greie for i dei spesielle C. Saksøkte har ikkje høve til å gjere noko på eigen eigedom som kan føre til at tiltak etter pkt. A blir skadde eller sluttar å fungere i samsvar med føresetnadene. 16. STØYSKJERMIMG A. Støyskjerming, anten i form av vollar eller skjermar, blir sett i verk så langt og på den måten som det er gjort greie for dette i dei spesielle Tilvisingar til planar, kart og anna illustrasjonsmateriale er gitt i dei spesielle B. Ervervet omfattar rett for saksøkjaren til å sjå etter og halde vedlike vollar og skjermar som blir bygde etter pkt. A. I samband med dette har saksøkjaren rett til nødvendig ferdsel over saksøkte sin eigedom. C. På den sida av støyskjermen som ikkje vender mot vegen, kan saksøkte, innanfor dei rammene som blir fastsette av bygningsmyndigheitene, nytte den overflatebehandlinga som vedkomande ønskjer. Dette kan til dømes gjelde måling eller beis. Det same gjeld plantingar, både i samband med støyskjermar og på den delen av støyvollen som ikkje vender mot vegen. D. Saksøkte har ikkje høve til å gjere noko på eigen eigedom som kan føre til at tiltak etter pkt. A blir skadde eller sluttar å fungere i samsvar med føresetnadene. Støyvollar må ikkje gravast ut, og det må ikkje gjerast arbeid i grunnen som kan øydeleggje fundamenteringa av støyskjermar. E. Støyskjerm som etter pkt. A blir bygd langs vegen, skal stå på vegområdet. Eigedomsgrensa skal trekkjast langs skjermen, på den sida av skjermen som vender bort frå vegen. Når det blir bygd støyvoll, skal grensa for vegområdet trekkjast langs toppen av vollen. Ved spesielle skjønnsføresetnader kan det bli fastsett andre reglar. 17. ANNAN FORM FOR STØYDEMPING A. Saksøkjaren tek på seg å byggje/koste lokale støyskjermar inne på eigedomen så langt og på den måten som det er gjort greie for dette i dei spesielle Tilvisingar til planar, kart og anna illustrasjonsmateriale er gitt i dei spesielle B. Saksøkjaren tek på seg å utføre/koste dei fasadetiltaka som det er gjort greie for i dei spesielle skjønnsføresetnadene og i rapport. Fasadetiltaka vil bli utførte etter eitt av dei følgjande alternativa: i. Saksøkjaren står ansvarleg for og administrerer gjennomføringa av dei tiltaka som er nemnt. 5

ii. Arbeidet blir utført av entreprenør/byggmeister. Dersom saksøkjar finn det føremålstenleg, blir arbeidet utført etter tilbod som blir innhenta og godkjent av saksøkjar. Saksøkjar sørgjer for den oppfølginga og kontrollen som er nødvendig. Dersom det under arbeidet blir oppdaga skjulte feil i bygningskonstruksjonane som til dømes rote eller annan skade, pliktar saksøkte sjølv å dekkje kostnadene med den utbetringa av bygningskonstruksjonen som er nødvendig. Dersom saksøkte ikkje er villig til å dekkje desse kostnadane, fell saksøkjar sitt ansvar etter skjønnsføresetnadene bort. Saksøkjar avsluttar då lydisoleringsarbeida og set bygningen i same stand som då arbeida blei starta. Saksøkte står sjølv ansvarleg for at tiltaka blir gjennomførte. Saksøkjar sørgjer for å beskrive dei tiltaka som skal gjerast og skaffe eit kostnadsoverslag for dei - slik som nemnt i dei spesielle Arbeida skal utførast av entreprenør/byggmeister. Saksøkte kan ikkje sjølv utføre arbeidet utan at saksøkjaren samtykkjer i dette. Arbeida skal tilfredsstille dei krava til utføring som er sette i arbeidsspesifikasjonen. Saksøkjar skal kontrollere og godkjenne arbeida etter kvart som dei blir utførte. Kva som er nødvendig kontroll, blir avgjort av saksøkjar. Saksøkjaren sitt økonomiske ansvar er avgrensa til det beløpet som går fram av kostnadsoverslaget som ligg til grunn for tilbodet. Beløpet skal utbetalast til saksøkte etter kvart som dei enkelte stega i arbeidet er ferdige, kontrollerte og godkjende av saksøkjaren. Arbeidet skal vere starta innan eitt år etter at tilbodet om fasadetiltak er sett fram for saksøkte. Dersom denne fristen ikkje blir halden, fell saksøkjaren sitt ansvar etter skjønnsføresetnadene bort. C. Saksøkjar fråskriv seg alt ansvar for vedlikehald av lokale støyskjermar som blir bygde etter pkt. A og av bygningsfasadar etter pkt. B. 6