FØRDE BRANNVESEN Rettleiing tilrettelegging for innsats 2017 Forfattar: Magnus Pilskog Stein og Torill Anita Segtnan Dato: 07.09.17 Revisjon: Status: Ferdigstilt
INNLEIING Denne rettleiinga er utarbeidd for å komplettere funksjonskrav i byggteknisk forskrift (TEK) til utforming av bygg, område rundt bygg og teknisk utstyr slik at brannvesenet skal kunne utføre ein effektiv rednings- og sløkkjeinnsats utan unødvendig risiko for skader på personell og utstyr. Det er tatt utgangspunkt i pregodkjente løysingar frå «Veiledning til byggteknisk forskrift» (VTEK). Rettleiinga er tilpassa Førde brannvesenet sitt utstyr og beredskap mot brann og ulykker. Dersom det er tilhøve som ikkje er dekka i rettleiinga, eller det er ønskje om å fråvike enkelte av løysingsforslaga, må dette avklarast med brannvesenet. 2
INNHOLD 1.0 Tilgjenge til og i byggverket... 4 1.1 Køyreveg... 4 1.2 Oppstillingsplass... 5 1.3 Rekkevidde... 6 2.0 Lokalisering og sløkking av brann... 7 2.1 Vassforsyning - utvendig... 7 2.2 Vassforsyning - innvendig... 7 3.0 Merking av branntekniske installasjonar... 8 3.1 Orienteringsplanar... 8 3.2 Sprinklarventil... 8 3.3 Nøkkelboks... 8 3
1.0 Tilgjenge til og i byggverket Byggverk skal plasserast og utformast slik at rednings- og sløkkemannskap, med nødvendig utstyr, har brukbar tilgjenge til- og i byggverket for rednings- og sløkkeinnsats (TEK17 11-17 første ledd). Det må vere lagt til rette for køyrbar tilkomst heilt fram til hovudinngang og brannvesenet sin angrepsveg i alle byggverk. For mindre byggverk i risikoklasse 4 og brannklasse 1 kan det likevel aksepterast avstand på inntil 50 meter. 1.1 Køyreveg Når det vert planlagt vegar og oppstillingsplassar er det viktig å ta omsyn til dei køyretøy brannvesenet disponerer. Tabell 1 angir data for de ulike større køyretøya som normalt vert nytta ved innsats. Ved oppstilling av brannlift vil det bli en punktlast på 2,7 kg/cm2. Mannskapsbil Vasstankbil Brannlift Køyrebreidde på rettløpsveg Minimum 3,5 m Minimum 3,5 m Minimum 3,5 m Akseltrykk 10.000 kg 10.000 kg 12.000 kg Totalvekt 18.000 kg 16.000 kg 27.000 kg Terskelhøgde Maksimum 20 cm Maksimum 20 cm Maksimum 15 cm (t.d. fortauskant) Stigningsforhold på vei Maksimalt 1:8 (12,5 %) Maksimalt 1:8 (12,5 %) Maksimalt 1:8 (12,5 %) Tabell 1 Tilkomst for brannbilar 4
1.2 Oppstillingsplass Oppstillingsplass for brannvesenet sine bilar må vere lagt til rette i samsvar med kriteria i tabell 2. I tillegg må ein ta høgde for atbrann lift krev eit visst areal for å kunne operere fritt. Dette arealet er illustrert i figur 1. Breidda på oppstillingsplassen for brannlift skal være minst 7 meter, og lengda minst 14 meter. Avstanden frå oppstillingsplassen til bygning må vere minst 3 meter. Stigningsforholda på oppstillingsplassen må ikkje overstige det som er oppgitt i tabell 2. Brannlift vert operert av berre éin person, og det bør derfor leggast til rette for at denne kan kjøre direkte inn på plassen utan å måtte rygge. Det må være minst 2 m frå støttelabbane til kumlokk eller andre svake punkt som kan kome i konflikt med støttelabbane på liften. Oppstillingsplass på betongdekke, til dømes i samband med garasjeanlegg, må skiltast med maks belastning, jf. tabell 2. 5
Figur 1 Tilkomst og Mannskapsbil Vasstankbil Lift/snorkel oppstillingsplass. 2 alternativ. Lift har best rekkevidde frå sida. Høgde på bilar 3,2 m 3,5 m 3,7 m Total lengde på bil 8,6 m 8,4 m 10,5 m Akseltrykk 10.000 kg 10.000 kg 12.000 kg Totalvekt 18.000 kg 16.000 kg 27.000 kg Terskelhøgde Maksimum 20 cm Maksimum 20 cm Maksimum 15 cm (t.d. fortauskant) Helling sideveis - - Maks 6 grader Helling lengderetning - - Maks 9 grader (front ned) Helling lengderetning - - Maks 4 grader (front opp) Tabell 2 Oppstillingsplass for brannbilar 1.3 Rekkevidde brannlift Maksimal vertikal rekkevidde for brannlift er 40 m, målt frå lågaste punkt på oppstillingsplass til golv i øvste etasje. Maksimal horisontal rekkevidde er 29 m (når brannliften er sideoppstilt). 6
2.0 Lokalisering og sløkking av brann Byggverk skal leggast til rette slik at en brann lett kan lokaliserast og sløkkjast. 2.1 Vassforsyning - utvendig Byggverk skal ikkje førast opp eller takast i bruk til opphald for menneske eller dyr med mindre det er forsvarleg tilkomst til sløkkjevann (plan- og bygningslova 27-1). Kommunen er ansvarleg for at den kommunale vassforsyninga fram til tomtegrensa i tettbygd strøk er tilstrekkeleg til å dekke brannvesenet sitt behov for sløkkevann. I områder der det må leggast til rette med uttak for sløkkevann, må hydrantar/kummer plasserast innafor 25-50 meter frå bygning/hovudangrepsveg. Dersom brannlift er tenkt som alternativ innsatsveg (redde og sløkkje i bygningar med berre eitt trapperom) må denne ha tilkomst fram til bygninga og det må ikkje være meir enn 25 meter frå næraste uttak for sløkkevatn til tenkt oppstillingsplass. Avstandane skal målast langs køyrbar veg. Brannvesenet krev hydrantar som uttak for brannvatn. 2.2 Vassforsyning - innvendig I byggverk med fleire enn 8 etasjar (øvste golv med høgde over 23 meter), gjev VTEK 11-17 andre ledd, følgjande ytingar med omsyn til vassforsyning innandørs: Det må være høve til å kople til brannvesenet sine pumper på bakkeplanet. Tilkopling til stigeleidning må fortrinnsvis vere på utsida av byggverket og i umiddelbar nærleik til inngang. For å gjere det mogleg med sikker vassforsyning ved røykdykkarinnsats må det vere 2 parallelle tilkoplingar med eigne stengeventilar til kvar stigeleidning. Tilkoplingspunkt og vassuttak på stigeleidning må vere godt synleg og merka. Det vert presisert at det skal vere eitt NOR Ø65 mm uttak på stigeleidning i kvar etasje. Uttaka skal ha kopling av type TA-klokopling og ha stengeventil/kuleventil. 7
Tilkoplingspunkt på bakkeplan skal ha høve for tilkopling av to Ø 65 mm fødeslangar. Koplingar skal være av type NOR Ø 65 mm TA-klokopling. Det skal vere stengeventil/kuleventil for kvar tilkopling. Det må vere god plass rundt koplingar og ventilar. Koplingar må vere plassert minst éin meter over bakken/golvet og bør være 45 grader retta nedover, alternativt horisontalt retta for å unngå knekk på slangar. 3.0 Merking av branntekniske installasjonar Branntekniske installasjonar som er viktige for rednings- og sløkkeinnsats skal være tydeleg merka (TEK17 11-17 tredje ledd). 3.1 Orienteringsplanar I byggverk i risikoklasse 3, 5 og 6, og i større byggverk i risikoklasse 2, må det ved inngangen til hovudangrepsvegen vere ein orienteringsplan som inneheld naudsynt informasjon om brannskiljande bygningsdelar, rømmings- og angrepsveger, sløkkeutstyr, og branntekniske installasjonar, samt oversikt over særskilde farar i samanheng med brann og ulykker (VTEK17 11-17 tredje ledd) Formålet er å gi brann- og redningspersonell naudsynt informasjon for å løyse sine oppgåver på en effektiv måte. 3.2 Sprinklarventil Plassering av sprinklarventil må merkast med skilt, og vere teikna inn på orienteringsplanar for at den skal kunne lokaliserast så raskt som mogleg når sprinklaranlegget har løyst ut. 3.3 Nøkkelboks I byggverk der brannvesenet må søke gjennom eit større tal rom, må det leggast til rette for at brannvesenet får lett tilgang på universalnøkkel (VTEK17 11-17 første ledd). Dette kan gjerast med montering av nøkkelboks. Plassering må avklarast med brannvesenet i kvart enkelt høve. 8