- 1 - RINGBLAD NR. 3 DATO: 17. DESEMBER 2013. God Jul Godt Nytt År

Like dokumenter
Vi startar denne veka ein miniserie der vi vil presentera dei viktigaste grasartane våre. Først ute er raigras. PLANTEVERNKURS

Innhald 4. januar 2010

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Rapport Avlingsregistrering i eng. Gjødsling med 3 kg P/daa

Avlingsregistrering i økologisk og konvensjonell eng

Innhald 1. februar 2010

Haugaland landbruksrådgjeving e-post: Telefon:

Optimal utnytting av husdyrgjødsel

Medlemsskriv nr oktober 2006

Ringblad nr desember 37. årgang

Boks Ølen. Telefon: E-post: Organisasjonsnummer: MVA. 7. februar 2011

Årsmøte i Haugaland landbruksrådgjeving

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Innkalling til årsmøte i Haugaland Landbruksrådgjeving

Fagmelding nr mandag 19.august opplag: 715

Haugaland landbruksnytt, 2014

MEDLEMSANNONSER ÅRSMØTE ETNE BONDELAG. Nummer oktober 2013 NOKON HJELPE MEG VÆRLAM TIL SALGS FOR SKINNEBANE ØNSKES KJØPT.

PLANTEVERNKURS TYSVÆR BONDELAG ARRANGERER PRAKTISK HMS KURS. Nummer 1 6. januar 2014

Rapport Fosforstatus i jord etter år med balansert gjødsling

Husk! Avlyst på grunn av liten påmelding! Innhald

Innhald. Værlam Gamalnorsk spælsau VILLSAU. Vaksen villsauvær for sal. Risbitvær for sal (NKS) Nummer oktober 2011.

Ugrasharving i korn Sluttrapport for prosjektperioden 2011 av Ane Harestad og Arne Vagle, Norsk Landbruksrådgiving Rogaland

Rapport prosjekt «høy til hest»

Praktisk skjøtsel av innmarksbeite

Ugras kan inneholde verdifull næring, men avlingspotensialet er for lavt. Vi kan tåle noe krydder i enga?

Boks Ølen. Telefon: Web: E-post: 14. februar 2011

Figur 1. Tur for dei tilsette

mmm...med SMAK på timeplanen

Tiltak for å redusere tap av næringsstoff

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Fornying av eng Godt grovfôr til geit. Geir Paulsen, Felleskjøpet Rogaland Agder

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsmelding 2015, Haugaland landbruksrådgjeving

Til deg som bur i fosterheim år

Brukarrettleiing E-post lesar

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Fagmelding nr mandag 15.april opplag: 700

Avlingsregistrering på areal med miljøavtale i Aksjon Vatsvassdrag

Sporefri mjølk 1. Når hva? Fornying uten pløying. Velge reparasjon når. Velge full fornying når

Lønnsundersøkinga for 2014

MEDLEMSANNONSER. Nummer desember 2013 ÅRSMØTE GEIT

Utbytte av ei raigras/kvitkløvereng eller engrapp/kvitkløvereng jamført med ei timotei/raudkløvereng

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Innhald 16. november 2009

Kva kostar det å produsera grovfôr? Bioforsk/NLR samling Fureneset 17. sept Torbjørn Haukås, NILF

Tiltak for å redusere avrenning til vassdrag fra landbruket Vassområde Sunnhordland. Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur

Praktisk om nydyrking. Lars Kjetil Flesland, NLR Rogaland

Velkommen til fagmøte. Vinteren 2019

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag

Plantekultur og grovfôrproduksjon Førebyggjande tiltak mot overvintringsskader

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Alternativ bekjemping av Siv.

Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

EGENVURDERINGSSKJEMA FOR LÆREPLAN I ØKOLOGISK LANDBRUK 1 OG ØKOLOGISK LANDBRUK 2 VALFRIE PROGRAMFAG VG3.

Raisvingel - Resultat frå rettleiings- og storskalaforsøk i Sør-Noreg.

Om gjødslingsplanlegging

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Viktige moment ved drenering:

Landbrukstiltak - forslag og døme Tiltak for betre vassmiljø, Bergen Øyvind Vatshelle, Fylkesagronom jord- og plantekultur

Brukarrettleiing. epolitiker

Innhald 8. mars 2010

Fôring med lite grovfôr til geit

Etablerarkurs Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Lotteri- og stiftingstilsynet

Informasjonshefte Tuv barnehage

Lystgassemisjon frå eng under ulik drift på moldrik jord på Vestlandet -Jordlyst

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Kva er økologisk matproduksjon?

NLR Østafjells en oversikt. Magne Heddan Daglig leder

Rådgiving for berekraftig mjølkeproduksjon

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Stemnehandboka for NKSF

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

781 MVA. Innhald. Drøymer du. om å finna. Medlemsannonser. mars klokka SELGES. ganger, som gi bud. Henv. Olav. G. Larsen,

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Mekaniseringsøkonomi og økonomi ved endringer i grovfôrproduksjonen. Jan Karstein Henriksen Norsk Landbruksrådgiving Agder

Rådgjevarkonferanse 2009

Sandeid skule SFO Årsplan

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

HORDALANDD. Utarbeidd av

DB

Transkript:

- 1 - RINGBLAD NR. 3 DATO: 17. DESEMBER 2013 God Jul Godt Nytt År

- 2 - Harald Hetland slådd til Riddar av det gyldne grev. U nder festmiddagen ved årets ringleiarsamling vart Harald Hetland slått til Ridder av det Gyldne Grev. Dette er den høgaste utmerkinga vi kan få i vår organisasjon. Harald vart tilsett i Etne, Ølen og Vindafjord forsøksring i 1986. Maskinsamarbeid er det han har arbeidd mest med, saman med grovforrådgjeving. Det er ein dyktig og positiv rådgjevar som med dette vart heidra. Vi gratulerer! FÅ EIN FUNKSJONSTEST AV TRAKTORSPRØYTA DI I VÅR! Traktorsprøytene skal testast og godkjennast kvart 5. år. Vi startar med testing i månadsskiftet april-mai. Bestiller du test før nyttår, får du testen til gamal pris. Etter nyttår vil prisen auka. Prisar: Bestilt test før 1/1-2014: kr. 1.800,- pluss eventuelle deler. Kundar som ikkje er medlem må i tillegg pårekna reisekostnad. Bestilt test etter 1/1-2014: kr. 1.800,-, pluss eventuelle deler, når testen tek opp til to timar. Ut over dette kr. 550,- pr time i tillegg. Kundar som ikkje er medlem: kr. 1.100,- pr time. Kontakt: Hetland, mobil: 416 32 774 - Flesland, mobil: 947 81 807 Haugaland landbruksrådgjeving

- 3 - BRUK VINTEREN TIL GRØFTING Av. Lars Ketil Flesland V i skreiv ein del om grøfting i medlemskriv nr. 3-2012, - og skal ikkje ta det opp att her. Har du lagt vekk det skrivet, kan du laste det ned frå heimesida vår: http://haugaland.lr.no/ Sidan den tid er reglane for statstilskotet klart. Klart er også skjema for å søkje om tilskot. Søknad om tilskudd til drenering Det er innført tilskot til drenering av tidligare drenert jord. Tilskudd vert gitt til både tradisjonell grøfting, enkelgrøfter, profilering og omgraving. Du må søke på eget skjema og dei planlagde tiltaka skal teiknast inn på kart. For å sikre hensyn til fornminner og miljøverdier skal tiltaket også innarbeidast i miljøplan trinn 2. Det er konmunen som skal ha søknaden til godkjenning. Arbeidet skal ikkje startast før søknaden er godkjent. Tilskotssatsen er 1000 kroner per dekar drenert areal når heile arealet er sikra drenering. Det vert gitt 15 kroner per meter grøft, eller kanal, der det ikkje vert gjennomført drenering på samanhangande areal. Minste utbetalingsbeløp er 3000 kroner. Tilskotet vert utbetalt når tiltaket er gjennomført. Haugaland Landbruksrådgjeving kan hjelpa til med utarbeiding av planar og/ eller rådgjeving i samband med planlegging og gjennomføring. Drenering er ei kostbar og langsiktig investering og det er ofte små detaljar som skil suksess frå fiasko. Det er ikkje krav til kartfesting av grøfter, kummar og kanalar etter at arbeidet er gjennomført. Av omsyn til seinere vedlikehald og nye tiltak tilrår vi at dette blir gjort. Om ikkje anna, ta gode oversiktsbilder før grøftene vert lukka.

FORNYING AV ENG, KOSTNADER OG GEVINST. - 4 - Harald Hetland, Haugaland Landbruksrådgjeving H eilt frå sesongen 2010 har me hatt mangel på grovfôr på Haugalandet. To spesielle vintrar med mykje overvintringskader er medverkande årsak, men me ser nok og at der er eit udekka grøftingsbehov og mindre fornying enn tidlegare. Me har ingen god statistikk på kor ofte enga vert fornya. Jordprøvane viser at kalktilstanden går jamt nedover. Dei fleste kalkar når dei legg igjen, så dette er vel det sikraste teiknet me har på at enga vår vert eldre. Kva oppnår me ved fornying? For å vita om det svarar seg å fornya enga, må me kunna måla kva avlingsauke me får med eit visst omløp på enga i forhold til ikkje å fornya. Sidan 1974 har dei på Furuneset og Særheim hatt registreringar av avlingsnivå i varig eng, samanlikna med 6-årig omløp (timotei, svingel, engrapp og raigras) og 3 årig omløp (raigras). Kva kostar så fornyinga. Her er nok ulike måtar å rekna på alt etter kva situasjon ein er i, og kva utstyr ein har til disposisjon. Vi har laga eit enkelt rekneark som du kan bruka og setja inn dine føresetnader inn i. Dette finn du på heimesida vår: http://haugaland.lr.no/ maskinsamarbeid. Her finn du og rettleiande prisliste for leigekøyring Eg har rekna på kva kostnaden vert dersom du leiger inn alt maskinarbeidet. Har ikkje tatt med utgifter til gjødsling, verken husdyrgjødsel eller handelsgjødsel, då dette er eit arbeid og kostnad som kjem uansett om du vel å fornya eller ikkje. Kalking har eg tatt inn som ein kostnad i fornyinga, då dette i praksis vert gjort i samband med fornying. Dersom ein ikkje kalkar den varige enga, kan avlingsutslaga verta større enn 140 kg ts./da. som forsøka nemnd tidlegare i artikkelen viste. I desse forsøka kjem 6-årig omløp ut med ein avlingsgevinst på 140 kg ts/ da/år i høve til varig eng. 3-årig omløp ligg omtrent likt i avling som varig eng. Dersom me reknar om kva denne avlingsauken er verdt i kroner, får me: kr 3,50 * 140 * 0,85 = kr 416,- Dette er ein årleg verdiauke der eg har rekna en kraftfôrverdi på grovfôret.

- 5 - Resultat Ved tradisjonell fornying (Pløying, harving, mm) vert samla kostnad kr 829,- pr. da Deler me dette ut pr. år i eit 6-årig omløp vert fornyingskostnaden kr 138,- pr. da/ år. Trekkjer me så årleg fornyingskostnad frå årleg verdiauke sit me att med ein årleg gevinst på kr 278 pr. da. Har me då eit grovfôrareal på 100 da fulldyrka vert den årlege gevinsten kr 27800,- Ved forenkla jordarbeiding (brakking, horisontal-rotorharv mm) vert fornyingskostnaden litt mindre dersom ein også i dette tilfelle reknar at ein leiger alt maskinarbeidet. Skilnaden er så liten at det mest ikkje er å rekna på, det viktigaste spørsmålet her er om ein får eit like godt gjennlegg som etter pløying. Her er nok røynslene noko variable, men framleis bør me halda på plogen dersom ein har jord som er grei å pløya. NB. Grøfting og steinplukking er ikkje tatt med i desse kalkylane.

- 6 - REPERASJON AV VINTERSKADD ENG. Av. Lars Ketil Flesland D ei siste åra har mange fått god erfaring i å reparera vinterskadd eng. Nye metodar er også prøvd ut. I denne artikkelen skal me koma med nokre erfaringar. Tradisjonelt har tilrådinga vore at på parti der enga har gått ut, køyrer ein over med moseharv eller liknande, sår og tromlar på normalt vis. Dette er arbeidskrevjande, men fungerer framleis godt. Er heile enga er tynn, må ein vurdera enten å fornye på tradisjonelt vis, eller så inn nytt frø. Vår vurdering er her: Gamal eng med mykje daudgras, og/ eller eng med mykje ugras, og særleg då kveke: Denne enga bør brakkast og fornyast på tradisjonelt vis. Ny eng og eng med lite ugras: Her kan ein få eit brukande resultat med direktesåing tidleg vår. Jo dårlegare overvintringa er, jo betre fungerer direktesåing. Men hugs at dette er eit naudtiltak, og enga bør fornyast på tradisjonelt vis komande år. 1. Kom tidleg i gang, medan jorda framleis har god råme og før det gamle graset har byrja å spira. 2. Bruk frø av raigras (Eittårig toårig fleirårig). 3. Hugs å tromla etter du har sådd. Det er ein føremon å køyra ut husdyrgjødsel etter tromling.

Metodar for direktesåing Det finst ulikt utstyr for direktesåing. Vi har prøvd langfingerharver med påmontert såaggregat og fresar, også med påmontert såaggregat. Nytt dei siste åra er å blanda såfrøet inn i husdyrgjødsla og så det ut med stripeslangespreiar. Der det er tilgang til dette utstyret er det aktuelt å blande inn såfrø i husdyrgjødsla kvar vår, t.d. 1-2 kg pr dekar. For at det nye graset skal få utvikle seg etter spiring, er det viktig å halde det gamle graset tilbake. Dette kan ein gjera ved å redusera gjødslinga eller ved å beita dei sådde areala med sau. Beiting vil gje det nyspirde grasfrøet lys og rom til å vekse. Eigne erfaringar våren 2013. To teigar dominert av raigras var sterkt vinterskadde. Den eine teigen var 4 år gamal eng som også vart sterkt skadd vinteren 2011. Her vart det første veka i april sådd med eittårig raigras, sidan enga likevel skulle fornyast komande år. Enga vart beita med sau nokre veker i mai. På denne teigen kom raigraset godt - 7 - og gav brukande, men ikkje topp avling. Den andre teigen vart sådd med reint fleirårig raigras i 2011, den gav svært god avling i 2012. Siste slått vart ikkje hausta, sidan været ikkje spela på lag. Det var ingen synleg spiring våren 2013. Første veka i april vart det difor sådd fleirårig raigras (Einbüch Pneumatic). Ujamn såing, sidan horva gjekk full av gamalt gras. Denne enga vart også beita med sau heile våren, frå beiteslepp til fjellsending. Spiringa på enga vart sein og dårleg, og avlinga låg. Men seinhaustes er det denne enga som står grønast.

KALKING KAN GI BETRE UTNYTTING AV GJØDSLA. Av: Annlaug Fludal - 8 - D et går an å kalka for mykje, men det er ikkje det normale på våre kantar. Det meste av jorda i Norge er naturleg sur og må tilførast kalk jamnleg for å gi maskimal avling. Ofte er det størst behov for å kalka beita. Kalking kan gjerast heile året. Skjellsand er for mange det rimelegaste kalkslaget og kan lagrast mange år utan å tapa seg. Kalking i gjenleggsåret gir gode muligheter for innblanding i jordlaget. Haugaland landbruksrådgjeving lagar årleg oversikt over kjende kalkforhandlarar i vårt område. Naturleg surt Det meste av norsk kulturjord er sur frå naturen si side. Nokre få stader i landet er det kalkrik berggrunn. På våre kanter er det skjellsand-belta langs Jærenkysten og Karmøy som har naturleg høg ph. Prøvar av slik jord kan visa ph 7,5 - lyngmark like ved har ph på 4-talet. Det skal store kalkmengder til for å endra utmark til kulturbeite. Grovt rekna aukar ein ph ein tidel pr 100 kg kalk. Kalk frigir næringsstoff Dei fleste næringsstoff blir sterkt bundne når jorda er sur. Ein vil difor ikkje få full nytte av sterk gjødsling på sur jord. For nokre få næringsstoff er situasjonen omvendt. Høg ph gjer at plantene ikkje får tak i næringsemnet og kan få mangelsymptom. Ved vanleg grasproduksjon på fastmark reknar ein ph i underkant av 6 som optimalt. Eng på myr-areal kan tola lågare ph. Meir krevjande vekstar kan ha høgare ph, men ph over 7 er ikkje ønskeleg. Har ein fått arealet passe oppkalka, trengst berre vedlikahaldskalking for å motverka forsurande nedbør og nitrogengjødsling. Før lærte ein at 500 kg kvart 5.år var passe. Behovet for vedlikehaldskalking har minka, grunna mindre sur nedbør og redusert gjødsling. 3-400 kg kvart 5.år kan difor vera meir passe. Jordprøvar er eit godt hjelpemiddel til å vurdera kalkbehovet. Bruk meir av kalken i beita. Mange gardar som har høge kalk-tal på innmark, har likevel sure beiter. Oftast blir enga kalka ved kvart gjenlegg, medan det kan gå lang tid mellom kvar gong ein kalkar beite. Beita treng ikkje ha så høg ph som engarealet. Passe ph i beite kan vera rundt 5,6. I tillegg til auka avling, gir kalking meir smakeleg gras. Når beita blir ned-prioritert, er hovudgrunnen at det er tungt og vanskeleg å koma til med utstyr. Biokalk innblanda i husdyrgjødsla kan vera aktuellt der ein kjem til med kanon. Helikopter-spreiing er ein lettvint men kostbar metode. Skjellsand er prisgunstig Pris og spreie-eigenskapar er dei viktigaste faktorane ved val av kalkslag. Når ein samanliknar pris, må ein vita kalkverdien av kalkslaget. Kalkverdi blir rekna i CaO. Vanleg jordbrukskalk har rundt

- 9-50 % CaO. Skjellsand kan variera, men 30-40 % CaO er normalt, sjølv om ein kan finna betre og dårlegare parti omsett. Skjellsand kan bli omsett i volum eller tonn. Skal ein samanlikna prisen med annan jordbrukskalk, må ein rekna over 1,5 tonn eller 20-25 hl skjellsand i samanlikning med 1 tonn vanleg kalk. Sjølv om ein må bruka betydeleg meir i tonn, er ofte skjellsand det rimelegaste alternativet ved kysten. Kalking kan gjerast heile året og skjellsand kan lagrast i årevis på garden slik at ein alltid har tilgang på kalk. Haugaland landbruksrådgjeving har dei siste åra laga ei oversikt over kalkforhandlarar i området vårt. Tid: 13. -16.mars. 2014. Kurset startar torsdag 13.mars kl 17.00-21.00, dei andre dagane er frå kl 09.00- kl 16.00. kvar dag. Stad: Felleskjøpet Haugesund, møterommet Pris: kr 4.800,- (kr 4.000,- for medl.) MASKINFØRARKURS Kurset er eit samarbeid med Kristiansand Truck-opplæring som er fagansvarleg for kurset. Kurset dekker teoridelen for masseforflyttingsmaskiner (gravemaskin, hjullastar og dumper). Praksiskravet må dokumenterast for å få maskinførarbevis for den einskilde maskin. (kan gjerast etter teoridelen er bestått) Alle som køyrer masseforflyttingsmaskiner over 20,4 hk må ha slikt bevis. Traktorgravar med hurtigkopling (trepunktmontert) er fritatt kravet. Påmelding: Haugaland Landbruksrådgjeving, telefon: 416 32 774 Er du på nettet? Kvar måndag blir det sendt ut fagmeldingar til dei me har registrert e- postadressa til. Send adressa di til annlaug.fludal@lr.no. Husk òg på oss når du forandrar adresse. Alle medlemer kan nytta seg av tilbodet om gratis annonsering. Send ferdig tekst eller ring og fortel kva du ynskjer å annonsera.

- 10 - LITT OM ULIKE JORDARBEIDINGSMASKINER. Av: Harald Hetland T idlegare snakka me om tradisjonell jordarbeiding og forenkla jordarbeiding. Med tradisjonell jordarbeiding meiner me at plogen og pløying er med som ein viktig del av arbeidsoperasjonane. Det kjem stadig til nytt utstyr som vert kombinert med anna utstyr eller som skal gjera mesteparten av jobben åleine. NB. Det viktigaste er ikkje kva type utstyr ein brukar, men at jobben vert gjort når det er laglege forhold for jordarbeiding Plogen Fyrst litt om tradisjonell jordarbeiding. Det har lenge vore snakka om at plogen vil forsvinna, men så har ikkje skjedd. Den er no kanskje meir aktuell enn nokon gong. Det er ingen annan jordarbeidingsreiskap som løyser, vender og betrar jordstrukturen slik som plogen gjer. Har ein godt utstyr og grei jord, pløyer ein 5 da pr. time, men her er store variasjonar alt etter steinmengde, helling, teigform mm. Med god pløgsle treng ein ikkje nytta plantevernmiddel til brakking unntatt der ein har mykje kveke. Horisontalrotorharv verkar slik at tindane stikk loddrett ned i jorda og jobbar horisontalt. Kan køyrast opp på pløgsla eller direkte på jord som er brakka. Jamnar jorda godt, og rotar ikkje opp mykje stein. Men det er svært viktig at det er tørt i jorda, elles vert jord lett kleisen og tett. Med påmontert såmaskin vert åkeren sådd i same operasjon. Viktig med ei god trommel etterpå! Tidlegare var det og vertikalrotorharver, men desse på veg ut. Horisontalrotorharv påmontert såaggregat. Etter pløyinga har ein ulike val: Det enklaste er ein god slådd, og ofte kan 2 gongers køyring med den gje eit godt såbed viss ein skal ha ulike grasgjennlegg. Skjuler stein godt. Tradisjonelle harver har ein tendens til å rota opp stein. Diskroller Foto: Annlaug Fludal

- 11 - Dei siste åra er det kome ein del ulike tallerkenhorver (diskroller) på marknaden. Desse passar best oppå pløgsla, har stor kapasitet og gøymer stein godt. Kan og påmonterast såmaskin. Fingerharv m/luft-ass. såmaskin- Stor bredde og stor kapasitet. Berekna til reperasjonssåing av tynn eng (vinterskadd). Spesial såmaskinar for direktesåing i eksisterande eng. Desse lagar berre eit spor i jorda, som frøet vert lagt ned i. Dette går bra i relativ open eng (etter t.d. vinterskader) og når ein sår inn raigras. Skal ein så inn timotei og svingelfrø må ein vera meir obs på at det lett kan bli utkonkurrert av etablert gras. Nokre har gode erfaringar med å beita med sau ei stund etter såing for å halda graset nede til det nye frøet har fått spirt. Økologisk landbruk Du kan framleis få ØF-besøk (gratis økologisk førsteråd for omlegging til økologisk drift). Du som alt har hatt besøk kan få ei Rådgivingsavtale. Ei tettare oppfølging i vurdering av, og arbeid med, økologisk drift på garden. Det set fokus både på agronomiske og økonomiske forhold i produksjonen. Ta kontakt med Haugaland Landbruksrådgjeving. Meir info finn du på http://www.lr.no/ oekologisk Fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk vert arrangert 7. og 8. februar 2014 i Haugesund. Program vert annonsert seinare!

- 12 - STELL AV GJENLEGGET Av Annlaug Fludal Plantevern E r det mykje ugras i enga er det viktig å setta inn tiltak slik at ikkje dei gamle plantene overlever i det nye gjenlegget. Planteverndosar som er berekna på gjenlegg tar ikkje vaksne ugrasplanter godt nok. Har ein mykje høymole bør ein auka dosen av glyfosat til høgaste lovlege for brakkinga. Har ein eit stort høymoleproblem vil det komma mange nye spirer i gjenlegget. Frøplanter av høymole kan vera vanskelege å kjenna på eit tidleg stadium. Frøplanter av høymole blir tatt greitt av dei fleste gjenleggsmiddel. Dekkvekst med f.eks. bygg, havre eller eittårig raigras vil vera med å dempa ugrasspiringa. Kløver eller ikkje kløver Kløver er bra å ha i enga. Raudkløver, alsikkekløver og kvitkløver er dei vanlege artane i varig eng. Kløver gir meir allsidighet i foret. Kløver og andre planter i erteblomstfamilien produserer nitrogen sjølv. Med mykje kløver i enga kan ein derfor spara nitrogengjødsel. Ved gjenleggssprøytinga har ein større utvalg av middel om ein ikkje har kløver. Har ein stort ugrasproblem kan ein derfor vurdera kløverfrie blandingar. Gjødsling og kalking Ved full jordarbeiding har ein gode muligheter for innblanding av kalk og husdyrgjødsel i ploglaget. Gjenlegg er ein god Høymole med to varige blad. Foto: Annlaug Fludal. plass å bruka fastgjødsel om det finst på garden. Fast sauegjødsel er ei næringsrik gjødsel og behovet er dekka med 2-3 tonn pr daa om ein får det spreidd godt nok. Bruker ein blautgjødsel frå storfe eller gris kan desse mengdene doblast. Ved stor vassinnblanding kan ein auka enda meir. Mange kjører to rundar med «vanleg engdose» med nokre dagars mellomrom. Dersom det er planlagt slått i gjenleggsåret har ein oftast igjen for tilleggsgjødsling med nitrogen. Ved små mengder husdyrgjødsel eller på nydyrka jord kan fullgjødsel vera aktuelt som tillegg i plassen. Det har vore vanleg å tilføra kalk i gjenleggsåret. Det er ein god praksis. Men det er greit å ta ein sjekk på siste jordprøveresultat for å vurdera behovet. Ta kontakt med landbruksrådgjevinga for diskusjon av kalkmengder.

- 13 - KVIFOR BØR VI HA EIT ÅR MED GRØNFÔR I VEKSTSKIFTET. Av Lars Ketil Flesland V i har dei siste åra opplevd fôrmangel på Haugalandet. Dette sjølv om talet på mjølkekyr har gått ned. Denne fôrmangelen skuldast meir enn ulagleg vær i innhaustinga og dårleg overvintring av enga. Alt tyder på ein generell nedgang i avlingsnivået vårt. Kvifor? Ein av grunnane er dårlegare jordkultur. Me er ikkje lenger like flinke til vekstskifte, kalking og ugraskamp som fedrane våre var. På gardsbilete frå midten av -60 talet ser vi mest alltid ein åker med potet, ein med fôrmargkål og ein med kålrot. Dette var eit arbeidskrevjande vekstskifte, men førde også til: - Eit smakfullt grovfôr som auka appetitten til dyra. - Grønfôrvekstar i omløpet er eit effektiv middel mot fleirårige ugras, som høymole og kveke. - Grønfôr i omløpet gjer det lettare å få blanda inn kalk og husdyrgjødsel i jorda og dermed betra jordstruktur og yteevne. - Grønfôrvekstar aukar avlingsnivået på garden, både av di dei i seg sjølv gjev stor avling, men og av di dei i eit omløp vil føra til høgare grasavlingar. Tabell 1. Grønforvekstar i reinbestand. Kjelde: Handbok i plantedyrking 2002. Eittårig Toårig raigras Fôrmargkål Fôrraps Grønfôrnepe raigras Avling, pr 1100 fem 1000 fem 800 fem 6-700 kg ts 800 kg ts daa. Dagar til 1. 50 50 120-130 60-80 60-80 hausting Tal haustingar 2-4 3-5 1 1-2 1-2 Beiting God Særs god God Særs god Særs god Ensilering Mykje god Mindre god God God - Kg TS/FEM 1,0-1,1 1,0-1,1 1,0-1,2 1,0-1,2 1,0-1,2

- 14 - SKIFTEPLAN MOBIL Av: Håkon Pedersen S kifteplan Mobil gjer det mogleg for oss å senda gjødslingsplanen direkte til din mobil. Du kan lesa planen, gjere endringar og notere alle tiltak som blir gjort på skiftet. Du har alltid tilgang til både gjødslingsplan og registreringsverktøy. Skifteplan mobil er ein Web-applikasjon som blir synkronisert med ditt eller din rådgjevar sitt Skifteplanprogram. Du får direkte innsyn i dei planlagde tiltak på dei ulike skifta på din telefon, nettbrett, PC eller Mac. Saman med gjødslingsplanen laga i Skifteplan får du ein rapport med Id-kode, passord og ein veiledning om korleis du får tilgang til Skifteplan mobil. Denne tenesta er gratis. Skifteplan mobil skal verka på dei fleste nyare smarttelefonane og nettbrett. For å gjera registreringar på utførte tiltak må ein bestilla ein mobil lisens. Denne kostar kr 400,- pr. år. Ein lisens kan brukast på inntil 3 enheter (PC, nettbrett eller mobil). Dersom skifta er kopla til kart, og mobilen har GPS-funksjon, vil mobilen veta kva skifte du er på. Du kan registrera tiltak som gjødsling, sprøyting, kalking osv., enten ved å bekrefta planlagde tiltak, gjera endringar eller legga til nye. Sprøytejournal og andre KSLnotater kan skrivast ut i Skifteplan på PC. Er du interessert i Skifteplan mobil, be om å få tilgang i lag med gjødslingsplanen. Eksempel på skjermbilder i Skifteplan mobil: Hjemside Oversikt over skifter Tiltak på skifter For kvart skifte kan ulike tiltak merkast som utført eller endrast i forhold til Planlagd gjødsling med mineralgjødsel

- 15 - TEST AV GJØDSELSPREIAREN Av: Håkon Pedersen Test av gjødselspreiaren E in god gjødslingsplan er ikkje mykje verdt dersom gjødselspreiaren ikkje gir det du har planlagt. Gjødselspreiaren kan gi ut for mykje gjødsel, for lite gjødsel eller den kan ha eit skeivt spreiebilde, - og dermed spreia ujamt. Ujamn spreiing gir avlingstap og er dårleg økonomi. Avlingstapet er større der ein gjødslar for lite enn avlingsauken er der ein gjødslar for mykje. Det er mange feilkjelder ved innstilling og bruk av handelsgjødselspreiar. Det er viktig at spreiaren er rett innstilt og at ein kjører med rett turtal og fart. I tillegg til feil innstilling av spreiaren er feil avstand mellom kjøredraga ute på jordet vanleg årsak til ujamn spreiing. Rett innstilling krev at ein har spreietabell til den aktuelle spreiaren og gjødselslaget. Manglar du spreietabell finns den vanlegvis på fabrikantens heimeside på internett. Her finn ein opplysningar om kva turtal og fart ein skal kjøre med, innstilling av lengde og vinkel på spreievengene samt kor stor opning for gjødsla det skal vera. Det vanskelegaste kan vera å kjøra med rett avstand mellom kjøredraga. Det er viktig for å få rett overlapping. Dette kan ein oppnå ved å måle opp peilepunkt ein kan styra etter, men det enklaste er bruk av GPS som blir stadig vanlegare i traktoren. Me i Haugaland Landbruksrådgjeving har skaffa testutstyr for å kontrollera at spreiaren gir ut det som er innstilt og at spreiebildet er jamt. For å kontrollera at spreiaren gir rett mengde, og spreier lik mengde til begge sider kjører ein spreiaren i ein binge og samlar opp gjødsla. Bingen er delt på midten slik at gjødsla blir samla opp i to «lommer». Mengda på kvar side bør være like stor. Kontroll av spreiebildet gjer me ved å plassera 7 samlebakker på tvers av kjøredraga ute på bakken. Oppsamla gjødsel frå kvar bakke gir eit bilde av kor jamt det blir spreidd. Er du interessert i å testa spreiaren din, ta kontakt med Harald mobil 416 32 774, eller Håkon mobil 948 76 870.

- 16 - NYTT BEREKNINGSPROGRAM GROVFORØKONOMI av: Harald Hetland Tine og Norsk Landbruksrådgjeving har utvikla eit program dei kallar GROV- FORØKONOMI. Målet med programmet er å kunna få fram tal for å optimalisera grovforproduksjonen hjå gardbrukaren. Programmet er bygd opp i exel og delt opp i deler. Ein legg fyrst inn grunndata på det aktuelle bruket: Areal, avstandar, avlingsnivå og mekanisering Dyrkingsdelen bereknar så kostnaden fram til grovforet er klart for hausting : Fornying, kalking, husdyrgjødsel, handelsgjødsel, plantevern mm Haustingsdelen tar for seg kostnaden med sjølve haustinga og transporten heim til lager ved driftsbygning: slått, finsnitting, fôrhausting, rundballing, ulike transport-alternativ. Fôringsdelen tar for seg kostnadane med å få grovfôret inn frå lager og fram på fôrbrettet. Her legg ein også inn dagens system og kostnad. Når ein har dagens situasjon klart, finn ein ut kva kostnad ein har for heile grovfôrproduksjonen, for sjølve dyrkinga, for kvart haustesystem, heimtransport og pr. FEM. scenario og samanlikna nye resultat med eksisterande. Kva problemstillingar ein då kan få svar på vil vera mange, og eg tar berre med nokre eksempel her: Ulike dyrkingsopplegg: Meir grønfôr? Kjøp av grovfôr eller leige t.d. 5 km vekke? Jordleigepris i forhold til transportavstand? Skifte av mekaniseringslinje hausting/ fôring? Eiga eller leiga? Ny plansilo eller meir rundballing? Auka avlingsnivå resultat? Transport av rundballar eigen traktor eller leigd lastebil kor går grensa? Gevinst ved auka fortørking? Investering i rive? eller leige? Auka kapasitet på tansporten kva kostar det? Laglighets-kostnader? Kontakt Harald Hetland om du ynskjer å prøva programmet Grovfôrøkonomi Så kan ein enkelt endra vilkår, laga ulike

- 17 - D KALKING AV BRATTE AREAL MED HELIKOPTER enne våren vert det igjen mulig å kalke bratte og uframkomelege areal med helikopter. Som sist er det firmaet Pegasus helicopter AS som står for arbeidet. Kalkinga vil bli truleg bli gjennomført i april, før Påske. Som tidlegare år er det grovdolomitt dei vil bruka. Pris for ferdig spreidd grovdolomitt er 2.050,- pr. tonn eks. mva. Vanleg dosering er 350 kg. pr. daa. Alle kalkingsområder må synfarast av Pegasus før dei kan garantere at det er sikkerheitmessig er forsvarleg å helikopterkalke. Tidsfrist for bestilling kjem vi attende til i januar 2014. Ta kontakt med Lars Ketil Flesland. Mobil: 947 81 807, eller e-post: lars.kjetil.flesland@lr.no.

- 18 - ØKOLOGISKE VEILEDNINGSPROSJEKT. Norsk Landbruksrådgiving har stor prosjektaktivitet på økologiområdet med støtte frå Statens Landbruksforvaltning. Det største prosjektet er Økologisk veiledningsprosjekt, som omfattar Gratis førsteråd, rådgivingsavtaler og dyrkingsgrupper. Hensikten med dette prosjektet er å gi veiledning i forhold til omlegging til økologisk landbruk. Vil du vite meir om økologisk matproduksjon? Kanskje du er interessert i et Gratis Førsteråd? Ta kontakt med Haugaland Landbruksrådgjeving. Gratis førsteråd Dette er eit tilbod om gardsbesøk der ein rådgjevar vurderer muligheter og begrensninger på garden med tanke på økologisk drift. Gratis Førsteråd for omlegging til økologisk landbruk har vi utført i mange år. Norsk Landbruksrådgiving står bak tilbodet om eit gratis rådgivingsbesøk i økologisk landbruk. Rådgjevar frå landbruksrådgjevinga kjem på gardsbesøk for å kartlegge garden sine ressursar, og diskutere konsekvensane av ei eventuell omlegging til økologisk drift. Myndighetene har som målsetting at 20% av produksjonen og forbruket av mat skal være økologisk innan 2020. Tilskotssystemet skal fremje auka omlegging slik at målsettinga vert nådd. Gardsbesøket er gratis og heilt uforpliktande. Rådgivingsavtale Rådgivingsavtale er eit tilbod til gardbrukarar som driv økologisk og som har utfordringar i gardsdrifta som de ynskjer hjelp med. Gjennom ein avtale kan en arbeida med t.d. agronomi, bygningsteknikk, husdyrhold, økonomi, foredling, omsetning eller andre spørsmål. Vi kan leie inn spisskompetanse. Målet er at bonden skal finne gode løysingar for å lukkast. For rådgivingstimane skal det settast opp ein skriftleg arbeidsavtale på 5-10 timer. Det er eigendel på kr 100, - pr. time. Gruppebasert rådgiving Gruppebasert rådgiving er eit tilbod om å delta i felles økologisk produksjonsretta fagsamlingar saman med rådgjevar og andre produsentar. Vi kan leie inn spisskompetanse. Om det er nok interesserte kan vi starte gruppebasert rådgiving. Tilbodet er gratis, det er ikkje krav til deltakarane om økologisk drift på garden. Økoplan Produsentar som søkjer tilknyting i Debio, må sende inn Økoplan før den formelle tilknytinga er fullført. NLR tilbyr hjelp til utarbeiding av Økoplan. Utarbeiding av Økoplan skal gi bonden betre innsikt og kompetanse om økologisk drift. Økoplan skal i utgangspunktet fungere som ein omleggingsplan med eit 5- årig perspektiv. Utover dei 3 første gratis timane med hjelp til utarbeiding av Økoplan, kan det vera aktuelt med Rådgivingsavtale.

- 19 - Oversikt over tilsette i Haugaland landbruksrådgjeving Lars Ketil Flesland. E-post: lars.kjetil.flesland@lr.no Mobil: 947 81 807 Annlaug Fludal. E-post: annlaug.fludal@lr.no Mobil: 948 45 427 Harald Hetland. E-post: harald.hetland@lr.no Mobil: 416 32 774 Håkon Pedersen. E-post: hakon.pedersen@lr.no Mobil: 948 76 870 Torbjørn Ruud. E-post: torbjorn.ruud@lr.no Mobil: 948 78 567

- 20 - Returadresse: Haugaland landbruksrådgjeving Boks 38. 5588 Ølen Telefon: 948 51 010. E-post: haugaland@lr.no Internett: http://haugaland.lr.no/ Kontor: Haugesund: 2. etasje Felleskjøp bygget. Ølen: Landbrukets hus, Ølen Senter. PLANTEVERNKURS Går sertifikatet ditt ut, eller er du ny som bonde og treng grunnkurs? Vi arrangerer kurs både i Haugesund og i Ølen på nyåret. Kveldskurs i Ølen, på Ølen Gjestegård Datoar: 8. 13. og 15 januar. Ved fornying treng du ikkje møte 13. januar. Klokka 19.00-22.30 Dagkurs i Haugesund, på Felleskjøpet Datoar: 28. januar og 4. februar. Klokka 9.30-15.00. Kveldskurs i Haugesund Førebels datoar: 17. 18. og 25 februar. Ved fornying treng du ikkje møte 18.feb Prisar: Grunnkurs* Fornying* Medlemer i Haugaland landbruksrådgjeving Kr. 1.700,-. Kr. 1.500,-. Andre Kr. 2.200,-. Kr. 2.000,-. *: I tillegg kjem lærebok, kr. 389,-. Deltakarane kan gjerne ha med brukt bok, utgåve 5. eller nyare. Grunnbok. Handtering og bruk av plantevernmiddel.