1 BREHEIMEN NASJONALPARKSTYRE Breheimen nasjonalpark Mørkridsdalen landskapsvernområde Vigdalen landskapsvernområde Strynefjellet landskapsvernområde Mysubytta landskapsvernområde Høydalen landskapsvernområde Høyrokampen naturreservat Breheimen nasjonalparkstyre protokoll frå styremøte 6/2011 Tid: Torsdag 10.september fredag 11.september 2011 Stad: Skjolden, Luster kommune Representantar til stades : Torodd Urnes (leiar) Bente Aamodt Mai Bakken Jorunn Kirketeig Stig Aaboen Representantar som var fråverande: Anne Marie Bagstad Jøranli, Elles var desse til stades: Øyvind Angard (SNO, Skjåk), Magnus Snøtun og Bjørn Dalen Sakliste Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. 64-2011 Godkjenning av innkalling og sakliste 65-2011 til 66-2011 Særskilde styresaker 67-2011 til 69-2011 Orienteringssaker Underskrift Eg stadfestar med mi underskrift at det som er ført i protokollen er i samsvar med det som vart vedteke i møtet. 16.11.2011 Torodd Urnes leiar (Sign.)
2 Særskilde styresaker (vedtakssaker) Under følgjer ei oversikt over særskilde styresaker med kort oppsummering og framlegg til vedtak. Nedanfor følgjer saksframlegg og framlegg til vedtak i fulltekst, i same rekkefølgje. Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. 65-2011 Administrering av Breheimen utviklingsfond Oppsummering: Sekretariatet meiner utviklingsfondet bør vere samla slik at styret kan holde kontinuerlig oversikt og dokumentasjon. Sekretariatet gjer framlegg om at Luster kommune utbetalar og fører rekneskap for fondet mot ein fast kompensasjon. 66-2011 Tildeling av midlar frå Breheimen utviklingsfond Oppsummering: Nasjonalparkstyret annonserte ein søknadsfrist til 1. november for første handsaming av søknadar til Breheimen utviklingsfond. Det kom inn 25 søknadar. Sekretariatet har sett opp alle søknadane i vedlagt skjema og gjort framlegg til prioritering og løyving Orienteringssaker Under følgjer ei oversikt over orienteringssaker til styret frå sekretariatet. Saksnr. Innhald Arkivsaksnr. 67-2011 Bestillingsdialogen førebels liste Oppsummering: Sekretariatet presenterer førebels liste med tiltak som vert omsøkt finansiering gjennom bestillingsdialogen. 68-2011 Mennesket og naturarven (MONA) i Mørkridsdalen Oppsummering: Presentasjon av prosjektet, kva som er gjort i Mørkridsdalen og planar vidare 69-2011 Internettside for Breheimen nasjonalparkstyre Oppsummering: Breheimen er plukka ut som pilot for DN si utvikling av nettsider for vernemyndigheitene. Presentasjon av planar og behov.
3 Sak nr. 64-2011 Godkjenning av innkalling og sakliste Innstilling: Innkalling og sakliste vart godkjent. Vedtak: Innkalling og sakliste vart godkjent. Samrøystes.
4 Sak 65-2011 Breheimen NP og tilgrensande verneområde administrering av Breheimen utviklingsfond Dokumenter i saken: 1. Løyvingsbrev for Breheimen utviklingsfond frå DN til Luster kommune datert 08.12.2011. SAKSFRAMLEGG I samband med oppretting av verneområdet Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde i 2009, vart det vedteke å opprette eit lokalt utviklingsfond. Fondet skal nyttast til å stimulere til naturbasert reiseliv. Midlane var avsett på statsbudsjettet i 2010 og vart overført til ein bunden driftskonto hos Luster kommune i desember 2010. Nasjonalparkstyret annonserte ein søknadsfrist til 1. november i 2011 for første handsaming av søknadar til Breheimen utviklingsfond. Det er dermed planlagt utbetalingar frå fondet i 2012. Det er ikkje vedteke korleis fondet skal administrerast. Vurdering Den bundne driftskontoen med utviklingsfondet ligg uforandra i Luster kommune sin rekneskap. Renter er ikkje lagt inn, men kan sjablongmessig utreknast til ca. 120 000,- per i dag. Utbestalingar direkte til tiltak/prosjekt frå Luster kommune vil gje administrasjonskostnadar for Luster kommune. Dersom fondet vert fordelt mellom kommunane, vil administrasjonskostnadane verte like, men fondet kan verte meir uoversiktleg. Sekretariatet meiner at fondet bør haldast som ein pott og at Luster kommune skal få ansvar for utbetaling til tiltak/prosjekt i samsvar med styret sine vedtak etter tilvising frå styreleiar og attestering av nasjonalparkforvaltar. Utbetaling skjer til tiltakshavar sin bankkonto og rekneskap skal leverast ved Årlege renter skal utreknast sjablongmessig fram til og med 2016, men Luster kommune skal trekke frå 20 000,- grunna administrasjonskostnadar. Eventuelle renter etter 2016 skal gå til Luster kommune. 8 til 12 i naturmangfaldlova er vurdert som ikkje relevante for denne søknaden. Framlegg til vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek at Luster kommune skal få ansvar for utbetaling til tiltak/prosjekt i samsvar med styret sine vedtak etter tilvising frå styreleiar og attestering av nasjonalparkforvaltar. Årlege renter skal utreknast sjablongmessig fram til og med 2016, men Luster kommune skal trekke frå 20 000,- grunna administrasjonskostnadar. Eventuelle renter etter 2016 skal gå til Luster kommune.
5 VEDTAK: Breheimen nasjonalparkstyre vedtek at Luster kommune skal få ansvar for å føre rekneskap for Breheimen utviklingsfond for perioden 01.01.2011 31.12.2016. Rekneskapet går inn som ein del av Luster kommune sitt rekneskap både i drift og balanse. Det vert i tillegg utarbeidd eit enkelt delrekneskap per år som syner forbruket i fondet og fondet sin balanse Fondet vert tilført rente pr. 31.12.pr år. Rentesatsen vert lik NIBOR 3 mnd., f.t. 3,05 %. Grunnlag for renteutrekning er inneståande pr 31.12. Fyrste renteutrekning vert 31.12.11. Administrasjonskostnad vert sett til kr. 10.000 pr år. Dette er i samsvar med tilbod frå administrasjonen i Luster kommune i mail datert 09.11.2011.
6 Sak 66-2011 Breheimen utviklingsfond gjennomgang av søknadar og prioritering Dokument i saka: 1. Søknad av 25.10.2011, om tilskot til restaurering av stølshus Knivabakkli i Mørkridsdalen. Søknaden er stila til Breheimen nasjonalparkstyre v/magnus Snøtun. 2. Søknad av 31.10.2011, om midlar til utvikling av webportal for Breheimen nasjonalpark. Søknaden er stila til Breheimen nasjonalparkstyre. 3. Søknad av oktober 2011, om tilskot til mellombels anlegg og planlegging av tiltak i uteområdet ved Breheimsenteret. Søknaden er stila til Breheimen nasjonalparkstyre. 4. Søknad av 01.11.11, om søknad til ny hytte på Geisdalshalsane, Norsk Brefestival, Brøyting på Myri, Trakking av skiløyper og do på Styggevatnet. Søknaden er stila til Breheimen nasjonalparkstyre. 5. Søknad av 22.05.2011, om midlar vedlikehald av den private vegen Mørkrid Meljane. Søknaden er stila til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 6. Søknad av 25.10.2010, frå Dønfoss Vel, om tilskot til oppgradering av Bångråttjønn badeplass, Nordberg,Skjåk. 7. Søknad av 28.10.2011, frå Skjåk Utbyggingsselskap AS, opprusting av Sotvegen. 8. Søknad av 25.10.2011, frå Lomseggen Sameige, midlar til restaurering av Smithbue. 9. Søknad av 24.10.2011, frå Skjåk Almenning, om midlar til ny landvegsbru over Sotgrove. 10. Søknad av 31.05.2011, frå Norsk Fjellmuseum, støtte til etablering av informasjonsportal på Dønfoss i Skjåk. 11. Søknad av 26.10.2011, frå Skjåk Almenning, økonomisk støtte til restaurering av hengjebruk i Tundradalen. 12. Søknad av 30.10.2011, frå setereigarane på Mysubytta, om midlar til vedlikehald av Mysubyttvegen. 13. Søknad av 28.10.2011, frå Skjåk kommune, til stigmerking. 14. Søknad av 28.10.2011, frå Skjåk kommune, til informasjon. 15. Søknad av 28.10.2011, frå Skjåk kommune, til geologistig. 16. Søknad av 31.10.2011, frå Skjåkprosjektet, til geologiske informasjonspunkt. 17. Søknad av 31.10.2011, frå styret for Høydalsvegen, om midlar til vedlikehald av Høydalsvegen. 18. Søknad av 01.11.2011, frå Universitetet i Bergen, til undersøking av om pedagogisk bruk av Dumdalsgrottene. 19. Søknad av 01.11.2011, frå Lom kommune, til utbetring av stig til Smithbue. SAKSFRAMLEGG I samband med oppretting av verneområdet Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområde i 2009, vart det vedteke å opprette eit lokalt utviklingsfond. Fondet skal nyttast til å stimulere til naturbasert reiseliv. Nasjonalparkstyret har også lagt til føringar for tildeling av midlar. Nasjonalparkstyret annonserte ein søknadsfrist til 1. november for første handsaming av søknadar til Breheimen utviklingsfond. Basert på innkomne søknadar og omfang, vil styret sette føringar for
7 tildeling frå fondet. Vurdering Sekretariatet for styret vil presentere alle søknadar for styret og har laga ei forenkla oversikt med geografisk fordeling og det samla omfanget. I dette oppsettet er dei ulike tiltaka/prosjekta prioritert etter kriterium opplista under. Kriteria er basert på tidlegare diskusjonar i styret og nasjonale føringar for opprettinga av Breheimen utviklingsfond. Framlegg til kriterium for tildeling av midlar frå Breheimen utviklingsfond: - Tiltak/prosjekt skal gjennomførast i verneområdet eller vere tett knytt til verneområdet. - Tiltak/prosjekt skal ikkje ha negativ påverknad på verneverdiane knytt til verneområda. - Tiltak/prosjekt skal stimulere naturbasert reiseliv. - Tiltak/prosjekt skal vere til allmenn nytte. - Midlar frå utviklingsfondet skal ikkje erstatte tildeling av midlar gjennom bestillingsdialogen. - Midlar skal ikkje brukast som driftsmidlar. - Både organisasjonar, bedrifter og einskildpersonar kan søkje om midlar. - Styret ynskjer ei geografisk spreiing av midlane. - Dei endelege rammene for tildeling vert bestemt av styret. Basert på desse kriteria, har sekretariatet prioritert søknadane i tre grupper: - Pri 1: Tiltak/prosjekt som stettar alle kriteria. Sekretariatet tilrår at desse tiltaka/prosjekta får tildelt midlar for 2012. - Pri 2: Tiltak/prosjekt som stettar nokre av kriteria eller tiltak/prosjekt som kan finansierast eksternt (t.d. bestillingsdialogen). Sekretariatet tilrår at tildeling til desse tiltaka/prosjekta vert utsett til neste søknadsrunde. - Pri 3: Tiltak/prosjekt som ikkje stettar kriteria. Sekretariatet har ikkje vurdert dei samla rammene for tildeling eller geografisk fordeling. Styret må vurdere rammene for tildeling samla og for kvar søknad. Medfinansiering og eigeninnsats varierer med storleiken på prosjekta og frå søknad til søknad. 8 til 12 i naturmangfaldlova er vurdert som ikkje relevante for denne søknaden. Framlegg til vedtak Breheimen nasjonalparkstyre vedtek å gje tilskot frå Breheimen utviklingsfond i samsvar med oppsett i vedlagt rekneark. VEDTAK: Breheimen nasjonalparkstyre vedtok å gje følgjande prosjekt tilskot med vilkår: Prosjekt Søkjar Tilsagn Vilkår Mellombels anlegg for Breheimsenteret. Breheimsenteret 100 000,- Skal ikkje overfinansiere. Etterbetaling ved framvising av rekneskap.
8 Forprosjekt for aktivitetspark ved Breheimsenteret. Ny open hytte på Geisdalshalsane. Betre system for dotømming på Styggevasshytta. Forprosjekt for kulturlandskapssenter i Mørkridsdalen Etablering av informasjonspunkt på Dønfoss Ny landbruksveg over Sotgrove ved Sota Ny hengebru over Tundra elv Breheimsenteret 50 000,- Framvising av rekneskap etter Jostedal Bygdelag Jostedal Bygdelag Bolstad og Heltne Sameige Norsk Fjellmuseum 210 000,- Må ha formelle løyve til etablering før utbetaling. Framvising av rekneskap etter 40 000,- Styggevasshytta må vere tilgjengeleg for alle. Framvising av rekneskap etter - Styret er positiv til prosjektet, men usikre utfallet av forprosjektet. Styret ønskjer møte med søkjar og prosjektleiar for å vurdere omfanget av tilsagnet. 200 000,- Framvising av rekneskap etter Skjåk Almenning 40 000,- Framvising av rekneskap etter Skjåk Almenning 25 000,- Framvising av rekneskap etter Merking av stiar Skjåk kommune 20 000,- Framvising av rekneskap etter Ny turbrosjyre nytt turkart Skjåk kommune 150 000,- Framvising av rekneskap etter div. profileringstilbod Geologisk informasjonspunkt Skjåkprosjektet 125 000,- Ta kontakt med omsøkt prosjekt om geologistiar frå Skjåk kommune om mogleg samarbeid. Framvising av rekneskap etter Av andre søknadar som kom inn og som ikkje fekk tilsagn om tilskot, omhandlar fleire drifting av gode og viktige tiltak. Styret understrekar viktigheita av infrastruktur som t.d. veger, men meiner det ikkje er rett å bruke midlar frå utviklingsfondet til drifting av eksisterande anlegg/tiltak. Mindre tiltak som ikkje er knytt til eit system og tiltak som har litt diffus tilknyting til verneområdet har heller ikkje fått tilsagn i denne runden. Nokre prosjekt som omhandlar tilrettelegging og vedlikehald av infrastruktur for t.d. utøving av friluftsliv inne i verneområdet, har også blitt flytta over som prosjekt i bestillingsdialogen.
9 Sak 67-2011 Orienteringssak Bestillingsdialogen for 2012 Nasjonalparkforvalterane og dei lokale representantane for SNO har sett opp liste over aktuelle prosjekt for bestillingsdialogen. Kriterium for prioritering er viktigheita av prosjektet og gjennomføringsevne. Nasjonalparkstyret skal sette opp endeleg prioritering før innsending til SNO sentralt i midten av desember. Tilbakemelding frå styret Nokre prosjekt som har søkt utviklingsfondet om midlar, er naturlege å dra inn i bestillingsdialogen for 2012. Store og dyre einskildtiltak skal prioriterast lågare, slik at midlane vert spreidd noko meir. Styret ønskjer at tiltak som er ei vidareføring av tiltak frå 2011, skal prioriterast høgt. Nasjonalparkforvaltarane set opp ny liste for prioritering basert på tilbakemeldingane frå styret. Sak 68-2011 Orienteringssak Mennesket og naturarven (MONA) SNO etablerte i 2010 eit forprosjekt for innsamling, formidling og bruk av tradisjonell kunnskap om naturbruk. Mørkridsdalen vart plukka ut som eit pilotprosjekt. Fokuset her har vore slåtteenger og haustingsskog. Dette fall saman med Skjolden Bygdelag sitt innsamlingsprosjekt av gamle bilete og utvikling av ein film i prosjektet Mørkridsdalen frå naturhushald til nasjonalpark. Resultatet har per i dag vorte ein halv times film som vart vist på det internasjonale arbeidsmøtet for Konvensjon for biologisk mangfald i Montreal. Resultatet av prosjektet har også vorte styrande for skjøtselstiltak i Mørkridsdalen. MONA vil nå gå over i ein 4- årig prosjektfase og mykje positive moglegheiter. Tilbakemelding frå styret Veldig positivt. Sak 69-2011 Orienteringssak Nettside for Breheimen nasjonalparkstyre Magnus Snøtun orienterte om DN sine planar for å utvikle tilbod om nettsider til alle verneområdestyra i landet. Breheimen er plukka ut som pilotområde og Magnus sit i arbeidsgruppa for prosjektet. Planen er å ha nettsida oppe ut på nyåret.