Årsplan for Norsk 8 2017-2018 Ramme: 4 veketimar Læreverk: Frå Saga til CD 8 Norskfaget inneheld ein stor variasjon av innhald, og blir vurdert med 3 likestilte karakterar ved utgang i 10. klasse. Innhaldet spenner over alt frå øving i grunnleggjande ferdigheiter som til dømes lesing, skriving og munnleg kompetanse, til tekstskaping med sjangrar, oppbygging, innhald, rettskriving og grammatikk. Norskfaget inneheld og arbeid med språk, norsk kultur og tradisjon, samisk kultur og tradisjon, litteraturhistorie, arbeid med avis, film, teikneseriar og sosiale media, osv, som i hovudsak blir målt i den munnlege delen av faget. I 9. klasse byrjar elevane med sidemål. I norskfaget i 8. klasse vil fokus til å byrje med vere studieteknikk, arbeid med lesing og tekstskriving. I september er det Nasjonal Prøve i lesing, som måler eleven sin generelle lesekompetanse. I norsk vil vi bruke noko tid på å førebu elevane til denne prøven. Elles så kjem vi til å arbeide med munnleg framføring, og det å ta ordet og snakke i plenum. Vi kjem ikkje til å ha mykje litteraturhistorie på 8. trinn, men vil ha litt fokus på norrøn tid. Vurderinga av eleven sin munnlege og skriftlege kompetanse vil bli gjort heile tida gjennom arbeid med ulike oppgåver, samtale og diskusjon, ikkje berre på prøvar og ved innleveringar. Dei fleste av læringsmåla er utviklingsmål som vi jobbar med heile vegen. Det er ikkje sånn at vi tek eitt mål den eine veka og eit anna den neste. Dei fleste måla innan munnleg og skriftleg kommunikasjon vil vi jobbe med, terpe på og vurdere gjennom heile ungdomsskulen. Det er kompetansen på slutten av opplæringa i 10. klasse som er målet. Vurdering undervegs er meint å vere eit ledd i læreprosessen. Derfor bør ikkje karakterresultat på enkeltprøvar i 8. klasse bli tillagt for mykje vekt, men heller bruke vurderinga med skriftlege og munnlege tilbakemeldingar til å finne ut korleis ein kan strekke seg vidare. Læreboka Frå Saga til CD 8a og 8b er eitt av fleire læremiddel vi kjem til å bruke i faget for å nå læremåla. Denne årsplanen er ein arbeidsreidskap for meg som lærar. Den er ikkje endeleg og fastlåst i forhold til innhald, vurderingsformer og tidsskjema. Endringar vil kome utover året.
Veke emne Kompetansemål Vurderingsform Evaluering (tips til neste gong) August Veke 33-34 A-bok kap. 1: Korleis lærer du best? Studieteknikk Læringsstilar som til dømes tankekart og VØL-skjema. Korleis vere effektiv i arbeidet med lærestoffet. Reflektere over eigen læringspraksis og prøve å etablere gode studieteknikkar. Samtale og diskusjon September Førebuing til Nasjonal prøve i lesing 15. sept. B-bok kap 1: Lesomani Bibliotek Les bøker Arbeid med å lese ulike tekstar. Kjeldebruk og kjeldekritikk. Bokmelding Lese ei eiga skjønlitterær bok lytte til, oppsummere og trekke ut relevant informasjon i muntlige tekstar Lære grunnleggjande kjeldebruk og kjeldekritikk. Kunne skrive ei bokmelding med typiske sjangertrekk Samtale og diskusjon Nytte minst 15 min i veka til å lese i boka si. Skriftleg vurdering bokmelding innlevering veke 40 Øving på leseoppgåver for Nasjonal leseprøve i september. Rettskriving: Dobbel
konsonant, stor og liten bokstav, etc Oktober A-bok kap 4: Skrivekløe Forteljing som sjanger. Verkemiddel og oppbygging av teksten. Skulestil: Forteljing B-bok kap 2: Norrøn tid Vikingtida, språk og litteratur. Norrøn mytologi Rettskriving: Teiknsetjing Skrive ulike tekstar etter mønstre av eksempeltekstar Lære kva som kjenneteiknar ei god skriven forteljing. Lære å byggje opp og skrive ei eiga forteljing med typiske kjenneteikn og verkemiddel for sjangeren. Skrive kreative tekstar på hovudmålet, tilpassa mottakar. Bli kjent med norsk vikingtid, litteratur, kunst og kultur. Lese og bli kjent med historiar frå norrøn mytologi, Skriveoppgåver, lekse, munnleg aktivitet i timane. Fokus på kva gjer ei forteljing god. Lære å bruke kjenneteikn for forteljingar. 2016/2017 Legg inn grammatikk og skrivereglar med jamne mellomrom. Greitt å få tatt ein god runde på verbtider før tentamen. Det gjeld òg teiknsetjing. Grammatikk: Verbtider Få innsikt i korleis språk har endra seg over tid November Desember Tentamen A-bok kap 2: Grip ordet! Munnleg kommunikasjon. Diskusjonsteknikk og samtale. Kjenne att retoriske appellformer og måtar å argumentere på. Drøfte korleis språkbruk kan verke diskriminerande og trakasserande. Skriftleg vurdering: Tentamen norsk 1-3 time 9/11 - Klassedebatt. Fokus på munnleg. Diskusjon, argumentasjon, lytteteknikk og presentasjon.
Å framføre Å samtale om tekstar Debattreglar - arbeid med kjelder - førebuing til presentasjon med bruk av digitale presentasjonsverktøy Delta i diskusjonar med begrunnande meiningar og sakleg argumentasjon Gjenkjenne og meistra bruk av skrivereglar, grammatikk og teiknsetjing Elevane får ei rolle (for eller mot) og må førebu to innlegg. Dei må og kome med replikkar i debatten. Januar B-bok kapittel 5 Aviser og avisskriveri - Saktekst (Artikkel) - Lesarbrev Orientere seg i store tekstmengder på skjerm og papir for å finne, kombinere og vurdere relevant informasjon. Kunne kjenne att og bruke sjangertrekk til å skrive eit lesarbrev. Skriftleg vurdering: Saktekst Munnlege oppgåver, diskusjon, debatt i klasserommet. Lærte sjangertrekk for argumenterande tekst, og først og fremst lesarbrev og artikkel. Skulestil med vurdering. Grammatikk: pronomen og preposisjonar Meistre skriftleg argumentasjon, begrunne synspunkt og tilpasse til mottakar og formål. Februar A-bok kap 3: Teikneseriar Samansett tekst Bli kjent med ulike teiknseriar og teikneseriehistorie. Gjennkjenne verkemiddel som humor, ironi, kontrastar osv, og bruke dei i produksjon av eigne teiknseriar Lage eigne teikneseriar. Diskutere og snakke om andre typar samansette tekstar. Samtale om form, innhald og formål i teikneseriar.
Mars Sidemål: Bokmål/nynorsk B-bok kapittel 4 Uttrykke seg skriftleg med variert ordforråd og meistre formverk, ortografi og tekstbinding. Øve på å skrive korte tekstar på sidemål April Mai B-bok kap 3: HIstorier på vandring Folkedikting Eventyr og segn Eventyr som sjanger Skrive eige eventyr. Rettskriving og grammatikk. Tale som sjanger. Vi skriv tale til 17. mai Tentamen Setningar og setningsledd Presentere tema og uttrykksmåtar i eit utval av tekstar. Samanlikne klassiske tekstar i norsk litteratur med samtidstekstar. Gjenkjenne og meistra bruk av skrivereglar, grammatikk og teiknsetjing Klare å halde ein munnleg presentasjon ut frå eit sjølvvald tema. Vurdere eigne og andre sine munnlege framføringar ut frå faglege kriterium Bli kjent med norsk folkedikting Samtale og diskusjon Drama og rollespel. Tentamen: skriftlig vurdering med karakter Munnleg presentasjon med karakter. Begynn arbeidet med tale i overgangen til mai. 8. klasse har ansvaret for å halde tale til bygda. Folkedikting: Kjekt kapittel med fokus på korleis historier lever på folkemunne. Mindre fokus på eventyr, men litt på segn, ordtak og folkeviser. Munnleg presentasjon Kjenne sjangertrekk frå eventyra og bruke det til å lage eigne eventyr. Grammatikk: Ordklassar
Reglar for rettskriving Juni Frå Saga til cd 10a: Nettvett og digital lesing (Lokal læreplan har lagt dette temaet til 8. trinn) Setningsanalyse Lære nettvett Forklare og bruke grunnleggjande prinsipp for personvern og opphavsrett ved publisering og bruk av tekstar. Drama og rollespel