Kommunal- og regionaldepartementet v/ Dag Vestrheim Postboks 8112 Dep. 0032 OSLO Møre og Romsdal fylke FYLKESORDFØRAREN Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: MR 19649/2006/ Ingunn Bekken Sjåholm, 25.10.2006 HØyringssvar frå MØre og Romsdal fylke på Lokaldemokratikommisjonen si andre utgreiing - vedtak i fylkestinget Møre og Romsdal fylke har tidlegare sendt saksframlegget og vedtaka i fylkesutvalet i denne saka. Saka vart behandla i fylkestinget 16. og 17. oktober, og utskrift av møteprotokoll for sak T-57/06 følgjer vedlagt. Med helsing Jon Aasen fylkesordførar Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundvelen 9 Telefon 71 25 80 00 Telefaks: 71 25 87 21 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no
T 57-06 HØyring - Lokaldemokratikommisjonens si andre utgreiing - NOU 2006 :7 Det lokale folkestyret i endring. Om deltaking og engasjement i Iokalpolitikkken. Behandling i Fylkestinget - 17.10.2006 Rolf Bergmann Frp, fremma på vegner av seg sjølv og Reidun Klock Tjervåg, SI/Tvpl, nytt samordna framlegg til nytt pkt 10: "a. Fylkestinget sluttar seg til Statens råd for funksjonshemmede sine merknader til høyringa, NOU 2006/7, ved at lovfesting av kommunale råd for funksjonshemma blir gjennomført i.h.t. Odelstingsproposisjon nr 87, innstilling nr 114 2004/2005. b. Eldrerådet må vere eit lovpålagt utval i kommunar og fylkeskommunar." Trygve Holm, Ap fremma følgjande framlegg til punkt 10c: "c. Det bør bli ei lovpålagt oppgåve for kommunane å drive eldresenter/ aktivitetssenter." Votering: Pkt 1 og 2 med rettinga frå Olav Bratland frå 16.10.2006 vedtekne. vart samrøystes Pkt 3 vart vedteke med 26 mot 21 røyster. Fellesframlegget frå Gjerde til nytt pkt 4 vart vedteke med 38 mot 9 røyster. Pkt 5 (pkt 4 i tilrådinga frå fylkesutvalet) vart samrøystes vedteke. Pkt 6 (pkt 5 i tilrådinga frå fylkesutvalet) vart vedteke med 26 mot 32 røyster. Pkt 7 (pkt 6 i tilrådinga frå fylkesutvalet) vart samrøystes vedteke. Pkt 8 (pkt 7 i tilrådinga frå fylkesutvalet) vart vedteke med 38 røyster mot 7 røyster til Hanekamhaugs framlegg. Pkt 9 (pkt 8 i tilrådinga frå fylkesutvalet) vart samrøystes vedteke. Tjervågs framlegg til tillegg vart vraka med 36 mot 11 røyster. Pkt 10 (pkt 9 i tilrådinga frå fylkesutvalet) vart samrøystes vedteke. Bergmanns framlegg til nytt pkt 10a (no Ila) Bergmanns framlegg til nytt pkt 10b (no llb) vart samrøystes vedteke. vart vedteke med 28 mot 19 røyster. Holms framlegg til nytt pkt 10c (no llc) vart vraka med 38 mot 9 røyster. Greves framlegg til nytt pkt 10 vart vraka med 36 mot 11 røyster. Greves framlegg til oversendingsframlegg vart samrøystes vedteke. Vedtak i Fylkestinget - 17.10.2006
1. Møre og Romsdal fylkesting støttar lokaldemokratikommisjonen sitt forslag om at staten og KS sørger for forsking som gir kunnskap om kva faktorar som påverkar innbyggjarane sin tillit til kommunestyret og fylkestinget. Fylkesutvalet oppmodar om at media si rolle inngår som ein del av analysene. 2. Legitimiteten for det regionale nivået er eit tema som Møre og Romsdal fylkesting lenge har hatt på dagsorden. Fylkestinget viser til tidlegare vedtak i T-sak 9/06, samt mindretallet sitt forslag i samme sak om 2 nivå løysing. Samling og samordning av regionale oppgåver vil få større effekt for legitimiteten til det regionale nivået enn endring av geografiske grenser. Møre og Romsdal fylke vil framheve verdien av lokal identitet som grunnlag for at regionalt demokrati skal fungere og som føresetnad for forpliktande partnarskap med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Geografisk nærleik må vektleggjast med tanke på best mogleg praktisk funksjon i del nye regionane. 3. Møre og Romsdal fylkesting vil elles vise til Europarådets kommunalkongress med anbefalingar om regionalt demokrati i Norge 23. november 2003. Her gir Europarådet klare anbefalingar om grunnlovfesting av lokalt og regionalt sjølvstyre med tilvising både til grunnlova og til kommunelova av 25. september 1992 som heller ikkje inneheld bindande juridisk vern av lokalt og regionalt sjølvstyre i Norge. Møre og Romsdal fylke vil støtte grunnlovsfesting av lokaldemokratiet i Norge. 4. Møre og Romsdal fylke peiker elles på at den sterke effektiviseringa og omorganiseringa i kommunane kan vere ein alvorleg trussel mot lokaldemokratiet. Ressursane til og kring dei folkevalde blir ofte redusert for å spare pengar. I staden må det leggjast til rette for ei styrking av ressursane slik at lokalpolitikarane ikkje taper makt i høve til byråkratiet. 5. Evalueringane frå forsøket med einskapsfylke i Møre og Romsdal viser at det regionale nivået har vorte enklare å forhalde seg til for brukarane, den nye organisasjonen gir grunnlag for meir tverrfaglege og heilskaplege løysingar, og gjennom dette gjer det regionale nivået meir synleg for innbyggjarar, kommunar, næringsliv og organisasjonar. 6. Legitimiteten til einskapsfylkemodellen vil bli enno høgare om ein samstundes overfører oppgåver og mynde frå statleg byråkrati til det regionale demokratiet. 7. Fylkestinget understrekar at reiseavstand må vere ein faktor ein tek omsyn til i forvaltningsreforma. Lang reiseveg reduserer vilkåra for deltaking og påverking i det regionale demokratiet (jamfør undersøking gjennomført av Møreforsking blant kommunane i Møre og Romsdal). 8. Fylkestinget støttar fleirtalet i demokratikommisjonen i at ein skal vidareføre ordninga med separat valdag for stortingsval og kommunestyre- /fylkestingsval. Det er viktig at regionale saker kan få plass på agendaen ved fylkestingsval. 9. Fylkestinget støttar fleirtalet i lokaldemokratikommisjonen i at dersom ei lokal liste som ikkje er knytt til noko registrert parti blir representert i eit kommunestyre - eller fylkestingsval, så fell krava om underskrifter bort ved neste val. Dette er ei fornuftig forenkling. 10. Fylkestinget støttar lokaldemokratikommisjonen i at dei frivillige organisasjonane har ei sentral rolle for utviklinga av lokalsamfunna.
I Fylkesutvalet finn det difor urovekkjande at den nasjonale politikken gradvis har ført til ei fjerning av fylkesleddet av frivillig verksemd. Fylkestinget viser til tidlegare vedtak i fylkesutvalet, sak U-113/05. 11a. Fylkestinget sluttar seg til Statens råd for funksjonshemmede sine merknader til høyringa, NOU 2006/7, ved at lovfesting av kommunale råd for funksjonshemma blir gjennomført i.h.t. Ot.prp. nr 87, innstilling nr 114 2004/2005. 11b. Eldrerådet må vere eit lovpålagt utval i kommunar og fylkeskommunar. Oversendingsframlegget administrasjonen. frå Greve vart samrøystes vedteke oversendt
T 57-06 Høyring - Lokaldemokratikommisjonen si andre utgreiing - NOU 2006 : 7 Det lokale folkestyret i endring. Om deltaking og engasjement i Iokalpolitikkken. Behandling i Fylkestinget - 16.10.2006 Olav Bratland gjorde merksam på at det er ein feil i saksframstillinga; "... samt mindretallet sitt forslag i samme sak om 2 nivå løysing" skal stå rett etter "Fylkestinget viser til tidlegare vedtak i T-sak 9/06." Rolf Bergmann sette på vegner av Frp fram følgjande framlegg om eit nytt tilleggspunkt 10: "Fylkestinget sluttar seg til Statens råd for funksjonshemmede sine merknader til høyringa, NOU 2006 / 7, ved at lovfesting av kommunale råd for funksjonshemma blir gjennomført i.h.t. Odelstingsproposisjon nr 87, innstilling nr 114 2004/ 2005." Gunn Berit Gjerde sette på vegner av Venstre, følgjande framlegg til nytt pkt 4: SI/Tvpl, Krf, Frp, SV, Ap og Sp fram "Møre og Romsdal fylke peikar elles på at den sterke effektiviseringa og omorganiseringa i kommunane kan vere ein alvorleg trussel mot lokaldemokratiet. Ressursane til og kring dei folkevalde vert ofte redusert for å spare pengar. I staden må det leggast til rette for ei styrking av ressursane slik at lokalpolitikarane ikkje taper makt i høve til byråkratiet." Reidun Klock Tjervåg sette på vegner av Srnl/Tvpl fram følgjande framlegg til tillegg til pkt 8 og nytt pkt 10: Tillegg til pkt 8 "Frie, partipolitiske uavhengige lister vert likestilt med dei politiske partia når det gjeld statleg økonomisk støtte slik at ei røyst utløyser same tilskott, uavhengig av om lista er partipolitisk eller ikkje." Nytt pkt 10 "Fylkestinget rår til at eldrerådet og råd for funksjonshemma bør framleis vere lovpålagde utval i kommunar og fylkeskommunar." Wenke Greve sette på vegner av SV fram følgjande framlegg til nytt pkt 10 og eit oversendingsframlegg: Framlegg til nytt pkt 10 "Fylkestinget i Møre og Romsdal stør mindretalet i lokaldemokratikommisjonen og ber om at det blir gjennomført forsøk med røysterett for aldersgruppa 16-18 år. Dersom desse forsøka er vellukka, bør nedre aldersgrense for lokalval bli 16 år.'" Oversendingsframlegg "Fylkestinget ber fylkesdirektøren gjennomføre ei kartlegging av kva haldningar medlemene i Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet har til ei senking av aldersgrensa ved lokalval til 16 år. Fylkestinget ber om å bli informert om resultatet av kartlegginga så snart den ligg føre."
i Inger Hanekamhaug sette på vegner av Frp fram følgjande framlegg til nytt pkt 7: "Møre og Romsdal fylke ønsker å avholde valg til kommunestyre, fylkesting, sameting og storting samlet hvert 4. år. En slik ordning vil gjøre det enklere for partiene å presentere sammenhengen i politikken på lokalt og nasjonalt nivå." Trygve Holm sette på vegner av Ap fram følgjande framlegg i 2 pkt: "1. Fylkestinget støttar eit mindretal i kommisjonen (Røssland og Steen) i at eldreråd og råd for funksjonshemma framleis må vere lovpålagde utval i kommunar og fylkeskommunar, 2. Det bør bli ei lovpålagt oppgåve for kommunane å drive eldresenter/aktivitetssenter." Medlemene i likestillingsutvalet fekk permisjon for å gå i møte kl 1830. Fylkesordføraren ba om at framlegga vart behandla i gruppemøta om kvelden og at fylkestinget godkjente at voteringa i denne saka vart utsett til neste dag. Fylkestinget slutta seg til dette. Samrøystes vedtak i Fylkestinget - 16.10.2006 Votering i saka vart utsett til neste dag.