SAKSFRAMLEGG. Framlegg til vedtak: ::: &&& Sett inn innstillingen under &&& Vedlegg: Oppsummering frå møtet

Like dokumenter
Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: A.

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 056 A20 Arkivsaksnr.: 11/682-3

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Quality Hotel Sogndal Møtedato: Tid: 09:30-13:45

Møteprotokoll. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Høyanger rådhus Møtedato: Tid: 09:45-14:15. A. Desse møtte:

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Scandic Ørnen, Lars Hillesgate 18, Bergen Møtedato: Tid: 13:15-15:00

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal rådhus, kommunestyresalen Møtedato: Tid: 09:45-15:20. A.

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Dagsorden

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Forprosjekt Interkommunalt Friluftsråd

Møteprotokoll. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Klingenberg Hotel, Årdal Møtedato: Tid: 09:30-14:30. A. Desse møtte:

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Scandic Ørnen, Bergen Møtedato: Tid: 12:45 16:00. A.

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Høyanger rådhus Møtedato: Tid: 09:15-14:00. A.

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

Sogn regionråd vedtok i møtet partnarskapsavtale for styrka psykisk helse i barnehagar og skular i Sogn.

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar: Medlemmar med tale- og framleggsrett:

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: B20 &40 Arkivsaksnr.: 14/248-18

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal rådhus Møtedato: Tid: 09:00-15:20

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Interkommunalt samarbeid om skogbrukskompetanse i Sogn - Sogndal kommune

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdal sjukehus Møtedato: Tid: 09:30-15:00

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEINNKALLING

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognefjord Hotel, Leikanger Møtedato: Tid: kl 09:00-14:30. A.

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Møteinnkalling. Dagsorden. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Vik Ørsta as, Vik Møtedato: Tid: 0915

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Skodje kommune Teknisk avdeling

SOGN driftig raus ekte

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Fosshaugane Campus, Sogndal Møtedato: Tid: 11:00-14:30. A.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: 09:30-14:30. A.

INTERNASJONAL STRATEGI

KOMMUNEREFORM- LOKAL PROSESS

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Aurland rådhus, kommunestyresalen Møtedato: Tid: A.

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Dagsorden

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Lærdalsøyri skule Møtedato: Tid: kl A.

Skule og barnehageutvikling i Sogn regionråd

3) Vassområdeutvala kjem med innspel om viktige utfordringar og prioriteringar i vassområdet til dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sogn Jord- og Hagebruksskule Møtedato: Tid: kl A.

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Høyanger rådhus Møtedato: Tid: 09:00 14:30. A.

Møteprotokoll. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Aurland rådhus Møtedato: Tid: 09:30 13:45. A. Desse møtte:

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kiwi-bygget (gamle 1881) 2. etg. Lærdal Møtedato: Tid: kl

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Fretheim Hotel, Flåm Møtedato: Tid: 09:30-15:15. A.

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Bustadnettverket i Sogn. Orientering til regionrådet 15. juni 2018, Vik. Arne Kringlen, Norconsult AS

Ny GIV Overgangsprosjektet

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Biblioteket, Aurland barne- og ungdomsskule Møtedato: Tid: 09:30-13:45

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: Tid: 09:30-13:45. A.

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

Møteprotokoll. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Sakliste

Interkommunalt byggjetilsyn

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Problemstillingar vi vil oppdraget skal belyse

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Vik Ørsta as Møtedato: Tid: A. Desse møtte

FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Fellesnemnd Ullensvang kommune

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U64 Arkivsaksnr.: 12/979

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 29 MØTEINNKALLING Utval: Ungdomsrådet Møtedato: Møtetid: 17:00 - Møtestad: Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta u

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: 09:00-15:00

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Samhandlingsstrukturen i Sogn og Fjordane

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: U01 Arkivsaksnr.: 14/912

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Selje, Åhjemsbuda i Selje sentrum Dato: 13. mars 2017 Tid: Kl.

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Regionalplan for Sogn regionråd Utviklingstrekk og scenario Oppsummering etter møta Prosess og framdrift Innspel til vidare arbeid

ogn regionråd Møteprotokoll Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Møtedato: Tid: Faste medlemmar Medlemmar Andre

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 06/1156. Sogndal kommune overfører følgjande oppgåver/ressursar til NAV Sogndal:

Møteprotokoll. Sogn regionråd

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Fylkeshuset, Leikanger Møtedato: Tid: 09:15-15:20

Referat frå møte

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Status og oppgåver for Sogn regionråd

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Kommunestruktur Prosjektplan - sonderingsfasen

Kommunikasjonsplan ULLENSVANG KOMMUNE. - den nye kommunen i Hardanger. Me er på veg mot

SAMARBEID HEIM OG SKULE

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: Tid: 12:00-16:30. A.

Møteinnkalling. Dagsorden. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Fretheim Hotel, Flåm Møtedato: Tid: 09:30

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Tingvoll kommune. Saksfremlegg. Framdriftsplan for arbeidet med kommunereforma.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Transkript:

SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Norunn Haugen Arkivsaksnr.: 03/01717 Arkiv: 233 C10 NETTVERK FOR UNGDOMSARBEIDARAR Framlegg til vedtak: ::: &&& Sett inn innstillingen under &&& Rådmannsgruppa i Sogn regionråd vedtek punkt (1) Mandat for nettverk og punkt (2) Retningslinjer for samansetting av gruppa slik det står skrive i saksutgreiinga nedanfor. Vedtaket vert lagt fram som orienteringssak på neste møte i Sogn regionråd. Rådmannsgruppa rår til at Sogn regionråd gjev nettverket høve til å disponere kr 100.000 som er øyremerka aktivitetar for ungdom. ::: &&& Sett inn innstillingen over &&&... &&& Sett inn saksutredningen under &&& Vedlegg: Oppsummering frå møtet 29.08.05 Saksutgreiing: Bakgrunn: Sogn regionråd har hatt ungdom som eit av fem satsingsområde for regionale utviklingsprosjekt i 2004 og 2005. Det er løyvd kr 100.000 frå Sogn regionråd og kr 100.000 frå fylkeskommunen i 2005. I tillegg er det overført kr 100.000 av regionale utviklingsmidlar frå 2004 som er øyremerka ungdom. På møtet 24.juni 2005 vedtok Sogn regionråd at kr 100.000 skal disponerast til aktivitetar for ungdom og kr 200.000 skal nyttast til å betre informasjon om utdanning og yrkesmogelegheiter i regionen. Med bakgrunn i dette vedtaket har arbeidsgruppa for regional utvikling invitert ungdomsarbeidarar og kommunalsjef med ansvar for ungdomsarbeidet i kommunane til eit møte for å vurdere tre prosjektidear (kulturverkstad, sognamesse og heimedag for elevar i vidaregåande skule). Oppsummering frå møtet er lagt ved saksutgreiinga (jfr. Vedlegg 1). På dette møtet vart lagt fram eit ynskje om etablering av nettverk for ungdomsarbeidarar i kommunane i Sogn regionråd. Rådmannsgruppa tilrådde i møtet 09.september 2005 at ein presenterer eit framlegg til mandat og samansetning av nettverk for ungdomsarbeidarar på neste møte i rådmannsgruppa. Framlegget kjem under avsnittet vurdering i denne saksutgreiinga. Ved eit anna høve blei representantar frå næringsråd, ungdomsråd og opplæringsavdelinga ved SFFK invitert for å drøfte rekrutteringsspørsmål. Det møtte ingen frå næringslivet eller ungdomsråda på dette møtet.

Utfordringar knytt til utdanning og yrkesinformasjon og rekruttering ligg nær til utfordringar kommunane no har med ny skulereform og utvikling av programval i grunnskulen. Kommunane er i eit brev datert 21.09.05 bedt om å komme med innspel til korleis regionrådet kan bidra på dette området. Nokre stikkord om innspela som er komne: Regionrådet kan lage ein database med oversyn over næringslivet i regionen og med informasjon om kompetanse og utdanningskrav i dei enkelte verksemdene. Skriftleg informasjon om entreprenørskap, programfag og lærlingplassar som går ut til verksemdene. Regionrådet har høve til å setje skule på dagsorden. Regional medverknad til utvikling av skulen vil kunne gje ein skule som i større grad gjev ungdom ein kompetanse som er etterspurd i regionen. Regionrådet bør setje ned ei gruppe som har skule på dagsorden. Utvikling av programfag i grunnskulen krev eit nært samarbeid mellom vidaregåande skular og grunnskulane. Vidaregåande skular rekrutterer frå fleire kommunar og må såleis samarbeide med fleire kommunar. Det er behov for regional koordinering av ei slik reform. Utdanning og yrkes informasjon må vere meir enn ei utdanningsmesse og må vere tilpassa eit heilskapleg opplegg knytt til programval. Det er ikkje gjort noko meir i høve til å følgje opp desse innspela frå kommunane og i høve til temaet utdanning og yrkesinformasjon. Når det gjeld aktivitetar for ungdom kan det følgjast opp av eit eventuelt nettverk av ungdomsarbeidarar. Vurdering: Administrasjonen ser fordelar ved å gje nettverk for ungdomsarbeidarar eit namn. (1) Mandat for nettverk for ungdomsarbeidarar Nettverket skal ha fungere som eit fora for erfaringsutveksling og kompetanseheving for ungdomsarbeidarar i kommunane Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Nettverket skal ha som målsetjing å både styrke motivasjon og auke kunnskap blant dei som arbeider med ungdom i kommunane. Nettverket skal spesielt arbeide for å styrkje kommunane sitt førebyggjande arbeid. I tillegg skal nettverket fungere som prosjektgruppe i utvalde prosjekt. Rådmannsgruppa vil kunne fungere som styringsgruppe for desse prosjekta. I konkrete prosjekt vil nettverket få mandat til å planleggje og gjennomføre prosjektet. Sogn regionråd kan stå som søkjar for midlar til felles prosjekt. (2) Samansetning av nettverket Kvar kommune skal oppnemne eit fast medlem i nettverket og velje ein vara som eventuelt møter for fast medlem. Fordi ungdomsarbeidet er organisert ulikt i kommunane er det naudsynt å presisere at nettverket skal bestå av personar som har jamleg kontakt med ungdom. Dersom nettverket tar initiativ til temasamlingar og seminar kan andre ungdomsarbeidarar i kommunane inviterast. For å sikre at informasjon ein tett dialog med regionrådet kan sekretær i regionrådet med fordel vere fast medlem i ungdomsnettverket.

Rådmannsgruppa vel ein leiar for nettverket for ein periode på minst eit år. Leiar har ansvar for innkalling til møter/samlingar minst 2 gongar i halvåret. Leiar skal rapportere til rådmannsgruppa. Det skal skrivast ein årleg rapport som skal leggast ved årsmeldinga til rådmannsgruppa. Kommunen med leiar ansvar dekker eventuelle kostnader og ressursbruk knytt til denne funksjonen. Kvar kommune pliktar gjennom medlemskap i nettverket å hefte ved kostnader knytt til tilsette si deltaking på møter og samlingar i regi av regionrådet, rådmannsgruppa og nettverket. I tillegg er kommunane ansvarlege for kostnader knytt til eventuelle felles prosjekt i samsvar med enkeltvedtak fatta i rådmannsgruppa og i regionrådet. Regionrådet kan vedta å øyremerke frie midlar til nettverk for ungdom. Kommunane har ikkje delegert vedtaksmynde til dette nettverket. Norunn Haugen, 20.september 2005... &&& Sett inn saksutredningen over &&&

VEDLEGG 1 Jf. adresseliste 31.august 2005 Oppsummering frå møte mellom ungdomsansvarlege og ungdomsarbeidarar i kommunane Desse var til stades: Ole Røthe, Leikanger kommune, Rannveig Turvoll, Vik kommune, Monica Finden, Aurland kommune, Claus Røynesdal, Aurland kommune, Inger Pedersen, Sogndal kommune, Elin Reinås, Sogndal kommune, Hilde Mauritzen, Balestrand kommune, Erik Lidal, Norunn Haugen og Renate Malm frå arbeidsgruppa i Regionrådet. Luster kommune hadde meldt fråfall. Bakgrunn: Bakgrunn for møtet er Sogn regionråd si satsing på ungdom i 2005. Saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune har Sogn regionråd inngått ei samarbeidsavtale om gjennomføring og finansiering av regionale utviklingstiltak retta mot ungdom. Sogn regionråd har på bakgrunn av Regionalplan for Sogn 2005-2008 valt to tiltaksområder under tema ungdom: a) Utdanning- og yrkesinformasjon og b) Aktivitetar for ungdom. Rådmennene har vald fem ressurspersonar innanfor innsatsområda i kvar sin kommune, desse blei inviterte til å komme med prosjektframlegg. Ei arbeidsgruppa nedsett av Regionrådet har vurdert desse framlegga. Dagsorden: 1. Presentasjon av prosjekt ved Renate Malm. Tre prosjekt blir vurdert som mest interessante: Kulturverkstad Sognamesse Heimedag for vidaregåande 2. Innspel frå kommunane Kulturverkstad: Tilbod må koordinerast med kulturskulane og andre eksisterande tilbod, for å vere eit supplement. Det kan vere eit interessant lavterskeltilbod. Sogndal kommune har erfaringar med partnerskapsavtaler med frivillige organisasjoner gjennom Stifinnarprosjektet og kan formidle desse vidare. Ein må spørje ungdommen kva tilbod dei ynskjer. Sognamesse: Ein har prøvd å få til ei yrkesmesse i Sogn før. Hilde Mauritzen, Balestrand kommune, har meir informasjon. Årdal kommune har erfaringar med yrkesmesse. Nordfjord har positive erfaringar med yrkesmesse, og det er mogeleg at t.d. Aetat og Høgskulen er interesserte i eit samarbeid.

Fylkeskommunen og NHO har organisert elevbedriftsmesse på fylkesnivå, og det er mogleg at det er interesse for liknande tiltak på regionalt nivå. Dette kan vere eit nyttig supplement. Rådgjevingstenesta er eit nasjonalt satsingsområde, og eventuelle prosjekt for å betre yrkes- og utdanningsinformasjon bør koplast opp mot dette satsingsområdet. Denne koplinga ville også gjere det mogleg å satse på oppfølgjande tiltak mellom messene. Heimedag for elevar på vidaregåande: Kommunalt prosjekt med stor overføringsverdi. Vik kommune har positive erfaringar med at grunnkurselevane er heime ein dag i veka. Aurland kommune fortel om sitt engasjement for at Lærdal og Aurland skal få til eit grunnkurstilbod. Målet er å gje eit tilbod til ungdommar som vil bu eit år lenger heime. 3. Regionalt nettverk for ungdomsarbeidarane Det er stor interesse blant deltakarane for arbeid i nettverk. Eit regionalt nettverk kan ha fleire ulike roller: I. Planarbeid og politiske prosessar II. Prosjektarbeid III. Erfaringsutveksling og kompetanseheving blant ungdomsarbeidarar. Det kan vere behov for nettverk som arbeider utifrå alle tre rollene, men ein vil unngå overorganisering. Eit nettverk bør bestå av dei som har kontakt med ungdommenungdomsleiar/ungdomsarbeidar, pluss sekretær for Regionrådet. Nettverket kan uavhengig av Regionrådet brukast for å veksle erfaringar og til kompetanseheving. I tillegg kan nettverket fungere som prosjektgruppe i utvalde prosjekt. Rådmannsgruppa vil kunne fungere som styringsgruppe desse prosjekta. I konkrete prosjekt vil nettverket få mandat til å planlegge og gjennomføre prosjektet. Dersom ungdomsarbeidet skal løftast på eit regionalt nivå som særskilt satsingsområde, bør dette forankrast politisk. Ei eigna organisasjonsform vil vere ei prosjektgruppe på lik linje med den eksisterande flyplassgruppa, som kan ta opp tiltak av meir bindande karakter, t.d. koordinering av (element i) kommunedelplanar. Idrettsplanane kan vere eit utgangspunkt. Eit slikt arbeid kan òg knytast til det nye programfaget, der kompetansemåla er gjevne, men utforminga ligg på det lokale nivået. Eit regionalt samarbeid kan vere ein effektiv måte å løyse den nye utfordringa på. Det er eit ynskje at rådmannsgruppa tek initiativ til at dette blir ei sak i regionrådet. Saka vil bli drøfta i rådmannsgruppa 9. september. Med helsing Norunn Haugen spesialkonsulent Adresseliste:

Hilde Mauritzen, Balestrand kommune Monica finden, Aurland kommune Claus Røynesdal, Aurland kommune Rannveig Turvold, Vik kommune Inger Pedersen, Sogndal kommune Elin Reinås, Sogndal kommune Ole Røthe, Leikanger kommune Erik Lidal, Vik kommune Renate Malm, Sogn Etablerarsenter Kopi til: Rådmann i kommunar i Sogn regionråd