HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur - og idrettsavdelinga y Kvinnherad kommune Kommunane i Hordaland 2 JAN.2013 Saksnr.: U.off Saksbeh.:, Kopi: Vår ref.: (nyttast ed korrespondanse) Dy kkar ref.: Bergen, 11. januar 2013 201107144-22/146.612/BJOLARS Tilskot til lokale kulturhus og formidlingsarenaer 2013 Hordaland fylkeskommune vil og i 2013 gje tilskot til lokale kulturhus. Søknadsfristar Søknad om tilskot skal fremjast gjennom den kommunen der kulturhuset skal liggjailigg. Kommunen fastset frist for innsending av søknader til kommunen. Søknadene, vedlagt innstilling frå kommunen, må sendast vidare til Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga, innan 15. mars 2013. Søknadene skal handsamast og prioriterast av Hordaland fylkeskommune. Det er Kulturdepartementet som er klageinstans for vedtak treft av fylkeskommunen. Fylkeskommunal prioritering. Ettersom den desentraliserte ordninga er tilført få midlar, vil Hordaland fylkeskommune i 2012 ikkje utvida ordninga til å omfatta nye tiltaksfelt eller å formulera konkrete satsingsområde. For tildelinga i 2012 vil Hordaland fylkeskommune såleis følgja dei reviderte retningslinene for forvaltning av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg (vedlagt). Sjå og www.hordaland.no/kultur Vilkår for tilskot Hordaland fylkeskommune legg følgjande kriteria til grunn for fordeling av spelemidlar til desentralisert ordning for tilskot til kulturhus: LIKommunal prioritering LIKvaliteten på søknaden LITidspunkt for fyrste gong søkt kulturhusmidlar LISøknadsmassen frå dei einskilde kommunane LIInnbyggjartal i kommunane LIDet er sett ei maksgrense på tildeling på kr 500 000 pr år slik at fleire kommunar kjem med i tildelinga LISamla tilskot er avgrensa til kr 1 000 000 3 Søknader som får tildeling i 2013 på delar av godkjent søknadssum får ikkje automatisk dekka restbeløpet dei komande åra då utviklinga av dei økonomiske rammene for tilskotsordninga er ukjende Lokala skal planleggjast ut frå definerte behov og dei bør vera fieksible. Kulturhusa bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet/regionen. Lokala skal vera opne for all lovleg kulturverksemd. Ingen må stengjast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn. Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5 - Postadresse: Postboks 7900. 5020 Bergen - Telefon 55239185 - Telefaks 55239194 Direkte telefon: E-postadresse: kulturghtk.no Bankgironr. 5201 06 74239 - Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.
I prosjektbudsjettet skal avsetningar til kunst, "usikkerhet" og reserve takast med (sjå vedlegg). Foremål Tilskota skal medverka til eigna lokale og bygningar som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Bygningane skal fungera som kulturelle møtestader for lokalmiljø og/eller region. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturhus, men ikkje til ordinært vedlikehald eller drift. Utearena for kulturell verksemd er og omfatta av foremålet. Utforming Byggjeprosjekt det vert gjeve tilskot til skal gjennomforast i tråd med gjeldande foresegner i plan- og bygningslova. Fylkeskommunen vil, ved ferdigattest, sjekke at bygga er utforma i tråd med foremåla. Departementet sine retningsliner er også endra når det gjeld pkt. 2.1 Utforming. Punkta om universell utforming og arkitektonisk utforming er justerte i samsvar med endringar i plan- og bygningslova. Kvalitetssikring av planane Planane må kvalitetssikrast med omsyn til funksjonalitet og teknisk godkjennast av kommunen. Hordaland fylkeskommune kan gje førehandsuttale. Tilkomst for funksjonshemma Det skal leggjast til rette for tilkomst for funksjonshemma både ved nybygging og ombyging av kulturhus. Krav til utforming er nærare spesifisert i kap. X "Brukbarher i forskrift 22. januar 1997 nr. 33 om krav til byggverk og produkt til byggverk (TEK) med tilhøyrande rettleiar. Tips og råd finn de og i Rettleiaren "Universell utforming av idretts- og nærmiljoanlegg" (KKD 2008). Krav til universell utforming i den nye plan- og bygningslova må bli følgd. Estetisk utforming Kulturhuset skal ha ei god estetisk utforming i samsvar med bygningen sin fimksjon og med respekt for bygde og naturgjevne omgjevnader. Bruk Kulturhus som får tilskot skal verta nytta til kulturforemål i minst 20 år etter at midlane er betalte ut. Dersom bruken av huset vert endra, vil Hordaland fylkeskommune krevja tilskotet attende. Satsar for tilskot Tilskot kan utgjera inntil 1/3 av godkjende prosjektkostnader for kulturhuset, avgrensa til kr 1 million. Ved samlokalisering med andre foremål skal det gjerast ei kostnadsdeling av fellesareal og sambruksareal. Departementet sine retningsliner for tilskot seier at for søkjarar som har krav på refusjon av meirverdiavgift skal den delen av tilskotet på 1/3 bli rekna ut frå kostnadane til prosjektet, med fråtrekk av meirverdiavgifta. For 2012 hadde Hordaland fylkeskommune kr 4 438 000,- til fordeling. Formkrav Søknaden må innehalda opplysningar om: funksjon, aktivitetar, behovsunderlag og sokjar teikningar med tilhøyrande omtale av prosjektet detaljert kostnadsoverslag dokumentasjon på gjennomførings- og fullfinansieringsansvar Liframdriftsplan finansieringsplan eigaransvar Ildriftsfinansiering og plan for forvaltning, drift og vedlikehald 2
Utbetaling Hordaland fylkeskommune vil betala ut til prosjekt i samsvar med framdrift og likviditetsbehov. Sluttutbetaling skjer etter ferdigattest og revidert rekneskap. Inntil revidert rekneskap ligg føre vil Hordaland fylkeskommune halda tilbake minst 10 pst. av tilskotsmidlane. Tilsegn om tilskot kan gjelda i inntil tre år. Søknadsskjema Søknad om tilskot til kulturbygg frå den desentraliserte ordninga skal gjerast elektronisk gjennom kulturdepartementet sitt anleggsregister idrettsanlegg.no. Informasjon om anleggsregisteret vert gjeve av kulturkonsulenten i dei respektive kommunane. Ci ed venleg helsing Anna Elisa Tryti fylkeskultursjef Ronny B. Skaar viklingssjef/seksjonsleiar Vedlegg: Retningsliner for forvaltning av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg 3
RETNINGSLINER FOR FORVALTNING AV DESENTRALISERT ORDNING FOR TILSKOT TIL KULTURBYGG Fastsett av Hordaland fylkeskommune. Gjeldande frå 1. januar 2010. Føremål Tilskot til lokale kulturbygg skal vere med på å etablere eigna lokale, bygningar og utearena som gjev rom for ulik kulturell verksemd i Hordaland. Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift. Vilkår for tilskot Lokala må vere planlagd ut frå definerte behov og bør vere fleksible. Kulturhusa bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet eller regionen. Bygningane skal i størst mogleg grad fungere som kulturelle møtestader for alle grupper. Lokala skal vere opne for all lovleg kulturverksemd. Ingen må stengast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn. Følgjande kriteria vert lagt til grunn for fordeling av spelemidlar til desentralisert ordning for tilskot til kulturhus i Hordaland: kommunal prioritering kvalitet på søknad tidspunkt for fyrste gong det er søkt om kulturhusmidlar søknadsmasse frå dei einskilde kommunane i Hordaland innbyggjartal i kommunane maksimal tildeling per år til omsøkt prosjekt er kr 500.000 samla tilskot er avgrensa til kr 1.000.000 søknader som får tildeling inneverande år på delar av godkjend soknadssum, får ikkje automatisk dekka restbeløpet det påfølgjande året. I tillegg er følgjande vilkår retningsgjevande: 2.1 Utforming Bygg som mottek tilskot skal setjast opp i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande lovreglar i plan- og bygningslova, jf. mellom anna 29. Fylkeskommunen vil sjå til at bygga vert utforma i tråd med foremåla i plan- og bygningslova. 2.1.1 Kvalitetssikring av planane Planane må kvalitetssikrast slik at kulturbygget vert funksjonelt og teknisk godkjennast av gjeldande kommune. Hordaland fylkeskommune vil i kvalitetssikringa av planane hente inn uttale frå relevant fagleg hald (der det er naudsynt). Riksteatret vert kontakta i kvalitetssikringa av planar om scenekunstlokale. 2.1.2 Universell utforming Kulturlokala eller -arenane som mottek tilskot skal vere universelt utforma i samsvar med plan- og bygningslova og forskrifter til denne. Dette gjeld både tilskot til nybygging og til ombygging. Inntil forskrifta til ny plan- og bygningslov er gjeldande, gjeld krav spesifisert i føreskrift om krav til byggverk og produkt til byggverk. Kap. X Brukbarhet (Statens bygningstekniske etat) og rettleiinga til denne forskrifta. 2.1.3 Arkitektonisk utforming Kulturbygget eller utandørsarenaen må ha ei god arkitektonisk utformingl i samsvar med bygningen eller arenaen sin funksjon og etter reglar gitt i plan- og bygningslova: kulturbygget skal oppførast med respekt for bygde og naturgjevne omgjevnader. ' Omgrepet "god arkitektonisk utforming" er eit samleomgrep for integrering av visuelle kvalitetar, funksjonalitet og universell utforming. Omgrepet omhandlar såleis ikkje berre utsjånad, men alle element i plan-
2 2 Tryggleik Kulturbygg som mottek tilskot skal nyttast til kulturføremål i minst 20 år etter at midlane er utbetalte. Bruksendring til anna enn kulturforemål kan ikkje skje utan skriftleg forehandsgodkjenning frå Hordaland fylkeskommune. Om bruken av kulturhuset vert endra, vil Hordaland fylkeskommune krevje tilskotet attende. 2.3 Tilskotssatsar Tilskot er på inntil 1/3av godkjende prosjektkostnader for kulturbygget. For søkjarar som har krav på refusjon av meirverdiavgift, skal tilskotsdelen på 1/3 reknast ut frå prosjektkostnadene fråtrekt meirverdiavgift. Ved samlokalisering med andre foremål, skal det gjerast ei kostnadsdeling av fellesareal og sambruksareal. 2.4 Generelle vilkcirfor tilskot til lokale kulturbygg I tillegg til dei andre punkta i desse retningslinene, skal det i soknad om støtte til lokale kulturbygg skildrast følgjande: Behovsskildring/-vurdering av kulturbygget i lokalmiljøet og opplysning om funksjon til kulturbygget ut frå behov (mellom anna skildring av kva for aktivitetar som bygget skal innehalde) vedtekter til søkjar og eigaransvar etter at tiltaket er ferdigstilt teikningar med tilhøyrande skildring av prosjektet prosjektbudsjett med avsettingar til utsmykking (kunst), uvisse utgifter og reserve dokumentasjon av gjennomførings- og fullfinansieringsansvar framdriftsplan finansieringsplan driftsfinansiering og plan for forvaltning, drift og vedlikehald. Søknaden må innehalde dei opplysningane som er naudsynt for at Hordaland fylkeskommune skal kunne oppfylle rapporteringskrav skildra under punkt 6 i desse retningslinene. Kunngjering og søknadsfristar Hordaland fylkeskommune skal kunngjere at det kan søkjast om tilskot frå den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg innan 1. desember kvart år. Retningslinene for ordninga skal kunngjerast gjennom Hordaland fylkeskommune sine nettsider eller gjennom andre media slik at potensielle sokjarar vert informerte. Søknadene skal fremjast gjennom den kommunen der bygget skal liggje. Frist for kommunane til å sende inn prioriterte søknader til Hordaland fylkeskommune er 15. mars. Kommunane fastset sjolv soknadsfrist i eigen kommune. Klagetilgang Forvaltningslova 28 andre ledd gjev søkjarar rett til å klage på enkeltvedtak. Vedtaket kan påklagast til det forvaltningsorgan som er nærmast overordna det forvaltingsorganet som har gjort vedtaket. Kulturdepartementet er klageinstans for vedtak treft av fylkeskommunane i saker som har med forvaltninga av denne ordninga. I Hordaland fylkeskommune si underretning til sokjarane om vedtak, skal det mellom anna opply sast om klagetilgang og klagefrist, jf. forvaltningslova 27 tredje ledd. Utbetaling Departementet utbetalar midlane til Hordaland fy lkeskommune. Om Hordaland fylkeskommune har sendt rapport til departementet i samsvar med punkt 6 i desse retningslinene, vil avsetninga av spelemidlar til den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg (frå no av kalla -totalbeløpet") bli delt mellom fylkeskommunane og Oslo kommune etter folketal (60 % av totalbeløpet), areal (5 % av totalbeløpet) og ei lik fordeling til alle fylkeskommunane og Oslo kommune tilsvarande 35 % av totalbeløpet. Manglande rapportering frå føregåande år eller rapportar utan relevant grunngjeving for og bygningslova som skal balanserast mot kvarandre for å få ein tilfredsstillande og utforing. heilskap både ved prosjektering
inneståande beløp per 31. desember i rapporteringsåret fylkeskommunar. kan gje grunnlag for omfordeling til andre Hordaland fylkeskommune set midlane inn på renteberande konto, og utbetalar til prosjekt i samsvar med framdrift og likviditetsbehov. Sluttutbetaling skjer etter ferdigattest og revidert rekneskap (frå gjeldande kommune). Inntil revidert rekneskap ligg føre, skal Hordaland fylkeskommune halde attende minst 10% av tilskotet. Tilsegn om tilskot kan gjelde i inntil to år frå underretninga av vedtaket er gitt til søkjaren. Med mindre søkjaren har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og likviditetsbehov innan to år etter underretninga, fell tilsegnet bort. Renter og inndregne midlar skal nyttast til føremålet for tilskotsordninga. 6. Rapportering til departementet innan 1. april Hordaland fylkeskommune skal utarbeide årsrapport over dei einskilde tilsegna og utbetalte beløp fordelt på kvart prosjekt. Rapporten skal også innehalde oversikt over følgjande summar for rapporteringsåret: inneståande midlar per 1. januar tildelte midlar frå Kulturdepartementet renter i perioden 1. januar til 31. desember eventuelle tilbakebetalingar i rapporteringsåret summen av utbetalte tilskot inneståande midlar per 31. desember. Tala skal stadfestast av fylkesrevisjonen. I rapporteringa skal skjema utarbeidd av departementet nyttast. Om inneståande midlar per 31. desember er meir enn to mill, kroner, skal dette grunngjevast. Relevant grunngjeving kan vere at tilskot ikkje er utbetalt av di prosjekt som har fått tilsegn ikkje har tilstrekkeleg framdrift eller likviditetsbehov, eller at midlar haldast attende i påvente av revidert rekneskap og sluttutbetaling. Hordaland fylkeskommune kan setje av midlar til planlagde kulturbygg som ikkje er sett i gang. Det er derimot ikkje relevant grunngjeving at midlar sparast opp til framtidige uspesifiserte kulturbygg. Departementet har behov for statistikk over bruken av spelemidlane. Oversikten over dei einskilde prosjekta som har fått tilskot frå desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg skal innehalde folgjande opplysningar: samla tilsegn utbetalt tilskot i rapporteringsåret om tiltaket gjeld a) nybygg, b) påbygg/tilbygg, c) ombygging/modernisering av eksisterande kulturbygning eller d) ombygging av annan eksisterande bygning til kulturføremål om tiltaket gjeld a) allment kulturhus, b) bibliotek, c) bygg for museum eller andre kulturverntiltak, d) teater, e) konsertsal, f) galleri, g) kino eller h) andre lokale eller arenaer for kulturell verksemd. Om tiltaket er samlokalisert med annan verksemd skal det skildrast om det er samlokalisert med a) skole, b) omsorgssenter, c) hotell eller annan overnattingsverksemd, d) kommunal administrasjon eller e) annan verksemd. I idrettsanleg.no vil folgjande nye typar- vere lagt inn under kategorien kulturbygg: allment kulturhus, museum/kulturvern, teater, konsertsal, galleri, kino. Alle søknader skal registrerast i idrettsanlegg.no. Hordaland fylkeskommune skal årleg sende inn gjeldande retningsliner for forvaltning av den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg. I tillegg skal det sendast inn kortfatta skildring av korleis retningslinene er kunngjort for potensielle søkjarar. Rapporten skal sendast departementet innan 1. april det påfølgjande året (saman med den generelle rapporteringa).