Sakshandsamar, innvalstelefon Edvard Høgestøl, 55 57 20 45 Vår dato 04.04.2014 Dykkar dato 14.01.2014 Vår referanse 2014/738 331.1 Dykkar referanse 13/2211 Os kommune Postboks 84 5202 Os Os kommune - budsjett 2014 og økonomiplan for 2014-2017 Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan for 2014-2017, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2013. Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til reduksjon i skatteøyret for kommunane frå 11,6 prosent i 2013 til 11,4 prosent i 2014. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr 463,- mill i skatt på eige og inntekt for 2014. I 2013 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 5,7 %. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2013 til 2014 med 3,7 %. Kommunen sitt skattenivå i 2013 var 95,4 % av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2014 tilsvarande 60 % av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2014 tilsvarande 60 % av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 % av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 % av differansen mellom 90 % av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, etter fråtrekk for inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr 878,25 mill. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2014 er no oppdatert med innkomen skatt i 2013 og endelege innbyggjartal pr. 01.01.2014, som dannar grunnlaget for inntektsutjamninga. For innbyggjartilskot og aldersfordelinga i utgiftsutjamninga er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2013. I prognosen er skatt og rammetilskot summert til kr 874,9 mill. Kommunen sitt anslag ligg altså noko høgt i høve til siste inntektsprognose (kr 3,35 mill, eller 3,5 gangar budsjettert netto driftsresultat for 2014). Prognosen byggjer på kommunen sitt gjennomsnittlege skattenivå for dei tre siste åra (2011 2013). Fleirtalskoalisjonen fann det «forsvarleg å auke dei frie inntektene med i alt 5,05 mill» i høve til rådmannens framlegg og med bakgrunn i at Fylkesmannen og andre tilrår å vurdere prognosen opp mot lokale forhold. Kommunen er i stor vekst og prognosen byggjer tross alt på kommunen sitt gjennomsnittlege skattenivå for dei tre siste åra (2011 2013). Men, det ser så langt ut som om inntektssida kanskje er noko overbudsjettert. Eigedomsskatt Kommunen har ikkje eigedomsskatt. Berre tre av 33 kommunar i fylket er utan denne skatten. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2014 er i vedteke statsbudsjett 3,1 %. Pårekna lønsvekst inngår i denne med 3 ½ prosent. Løn tel knapt 2/3 av prisindikatoren medan resten er pårekna prisvekst på varer og tenester. Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 % av lånegjelda (når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med). Det er budsjettert med kr 42,- mill i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Avdraga er auka med kr 4,4 mill i frå året før, noko som skuldast høg opplåning i 2013/2014. Nivået er nok i tråd med kommunelova, men sannsynlegvis litt lågt etter tilrådinga/ hovudregelen over. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl. inndekning av underskot). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær, bli ført i investeringsrekneskapen. 2
Frå og med 2010 har det vore endring i korleis kommunane kan disponera momsrefusjon frå investeringar. Det har vore ein overgangsperiode frå 2010 og til og med 2013 med aukande grad av overføring av momskompensasjon til finansiering av investeringar. Frå budsjett- og rekneskapsåret 2014 skal heile kompensasjonen for meirverdiavgift av investeringar bli inntektsført direkte i investeringsrekneskapen. Det er tilrådd generelt at kommunane bør ha eit netto driftsoverskot i rekneskapen på minimum 3 % av driftsinntektene. Det er viktig for å kunne setje av midlar til å møta ei mellombels ubalanse på drifta og til finansiering av investeringar no eller seinare. Netto driftsoverskot vil i 2014 generelt bli svekka for kommunane som følgje av inntektsføring av momskompensasjon knytt til investeringar i investeringsrekneskapen i staden for i driftsrekneskapen. Kommunen har budsjettert med eit netto driftsresultat på kr 0,935 mill. Det er sjølvsagt alt for lågt. Heller ikkje seinare i økonomiplanen er kommunen i nærleik av tilrådinga. Kommunen balanserer drifta i budsjettsamanheng utan avkastning frå finansplasseringar. Førebelse resultat for 2013 syner netto driftsresultat på 67,7 mill, tilsvarande 5,99 % av brutto driftsinntekter. Dei siste fem åra har kommunen nådd målet fire gonger (unntaket er 2011 da kommunen fekk eit kraftig negativt resultat). Ettersom kommunen har handtert premieavviket årleg, treng ikkje kommunen utjamne framover. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter Det er som i fjor lagt opp til store investeringar. Kommunen er i vekst, samstundes som gamle bygg må bli erstatta/rusta opp. I 2014 er det planlagt investeringar for til saman kr 249 mill i anleggsmiddel. Den største investeringa er kr 50,- mill til ny skule på Nore Neset. Frå før har kr 105 mill vert sett av til dette. Når kommunen har sett av kr 7,- mill til Os ungdomsskule er investeringane her ferdige. Frå før er det investert kr 65,- mill i skulen. Investeringane i Kunhletunet held fram med kr 25,- mill (kr 15 mill frå før). Dette er omsorgsbustader med heildøgns bemanning. Det vert freista å byggje passivhus, og det skal søkjast om tilskott frå Enova. Kr 22,- mill vert investert i Lysekloster skule (kr 5,- mill frå før). Kommunestyret auka investeringsbudsjettet frå rådmannen sitt forslag med kr 11,5 mill, kor kr 10,5 mill går til utviding av Kuvæntre skule. Det vert investert kr 86,- mill i avgiftsfinansierte prosjekt. 3
Kommunestyret har vedtatt låneopptak på kr 189,4 mill. Andre større finansieringspostar er kr 30,3 frå momkompensasjon og kr 25,- mill frå sal av eigedom Det vert tatt opp kr 30 mill i startlån. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2012 pr. innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til kr 62.282,- (kommunekassa - ikkje konsern). I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen var kr 59.602,-. Førebelse KOSTRA-tal for 2013 syner at kommunen auka gjelda frå kr 1,1 mrd til 1,235 mrd i året som gjekk (kr 153,42 mill). Det betyr at gjeld pr innbyggjar no er kr 66.106,- og gjeld over brutto driftsinntekter 109,27 %. Det gjer at kommunen kjem høgt over gjennomsnittet for fylket (berre tre kommunar ligg over). At kommunen har sjølvfinansierande verksemder i kommunekassa, mens mange andre har denne gjelda på utsida, mildnar noko, men gjelda er og blir høg. Framover vil Luretunet omsorgsbustader slå inn med investeringar på til saman kr 100,- mill i økonomiplanperioden (berre kr 1,- mill i 2014). Ny sjukeheim har byggestart i 2017 (kr 30,- mill) og vil totalt koste kr 150,- mill. Investeringar i avgiftsfinansierte prosjekt summerer seg til kr 360 mill i den resterande økonomiplanperioden. Oppsummering Kommunen har budsjettert dei frie inntektene noko høgt. Sjølv om differansen er liten i prosent, utgjer den 3,5 gangar meir enn budsjettert netto driftsresultat. Kommunen må vurdere om anslaget er for høgt. Kommunen har år om anna dei lågaste frie inntektene i fylket målt pr innbyggjar, og har ikkje eigedomsskatt o.a., men har likevel vist gode resultat i fire av dei siste fem åra. Mykje skuldast at ein har vore flinke til å redusere utgiftene. Det at kommunen har kvitta seg med premieavvik etter kvart, er svært positivt. Det same er målsettinga om å ha eit driftsnivå som ikkje er avhengig av avkastning frå finansielle plasseringar. Framover er det budsjettert med netto driftsresultat som er positive, men langt frå tilfredstillande. Utgiftene til å betene gjelda aukar med heile kr 35,27 mill i økonomiplanperioden. For i det heile å klare dei til dels svake budsjetterte resultata, må kommunen kontinuerleg betre den ordinære driftsbalansen. I økonomiplanens endelege tabell for «økonomisk oversikt drift» er dette i praksis gjort med auke i «andre salgs- og leieinntekter», mens det i tilsvarande tabell «1A» går gjennom reduksjon i «sum fordelt til drift» (effekt av det over). Naturleg nok vil ein vekstkommune måtte få auke i inntekter frå både skatt og ramme (som i tabellane ligg flatt) og utgifter (dersom det ikkje vert spart inn slik det her i realiteten er lagt opp til), men som ein «steady state» tilnærming kan denne framstillinga til naud verte godtatt. 4
På mange plan er budsjettdokumentasjonen svært god. Kommunen ser langt fram, og har investeringsbudsjett ut over den pålagte fireårsperioden. Det gjer at ein får ein realistisk økonomiplanperiode. Os har dei siste fem åra vert den nest raskast voksande kommunen i fylket, og veksten held fram. Berre i perioden 2013-2017 er det berekna å bli nær to tusen nye osingar. Fram mot år 2035 syner midtalternativet at kommunen vil ha 27.270 innbyggjarar mot 18.678 pr 1/1 2014, ei auke på 46 %. Det krev sjølvsagt investeringar. Men, det er like sjølvsagt at investeringar finansiert gjennom gjeldsauke er ei kjelde til uro da auken kjem på toppen av eit allereie høgt gjeldsnivå. Auken i folketal fører med seg pengar, men også driftsutgifter. Rente og avdragskostnader kjem gjerne i tillegg. Utgifter til auka gjeld kan da berre bli tatt ut gjennom reduserte driftsutgifter og auka inntekter. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: KPMG Postboks 4, Nygårdstangen 5838 BERGEN 5