FØREGANGSFYLKE FOR ØKOLOGISK FRUKT OG BÆR 2014-2017 Fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjordane Prosjektskildring Fylka Hordaland og Sogn og Fjordane har i 2010-13 år vore Føregangsfylke for økologisk frukt og bær, med eit mangfald av aktivitetar for å stimulere til auka produksjon og forbruk av økologisk frukt og bær. Prosjektet har fokusert på å arbeide gjennom dei allereie etablerte organisasjonar, prosjekt og kanalar. Det har i denne perioden vore ei jamn auke i økologisk frukt-og bærareal i Noreg, og ikkje berre i dei to Vestlandsfylka (figur 1). Figur 1. Samla areal av all økologisk frukt- og bær produksjon i Noreg (målt i daa) i perioden 2009-2012 (Kjelde : Debio). SLF rapporterte i september 2013 om ei auke i omsetjinga for blant anna kjernefrukt, på over 50% frå 2011 til 2012. Totalt sett var det nesten 15% auke i frukt-og grøntsektoren første halvdel av 2013. Det tyder på auka etterspurnad og at det framleis er eit marknadspotensiale for både å auke produksjon og forbruk av norsk økologisk frukt-og bær. Føregangsfylka kan og bør spele ei viktig rolle i ei framtidig og nasjonal satsing innan norsk økologisk frukt-og bær. Hovudmål i prosjektperioden: I 2017 skal 10% av den norske økologisk frukt-og bærproduksjonen vera økologisk godkjend og minst 15% av forbruket av økologisk frukt og bær skal koma frå norsk produksjon i norsk sesong. (bær: juni-august, frukt: august-november). 1
Delmål 1: 100% av all norsk frukt og bær som vert økologisk produsert til konsum, skal verte omsett på marknaden til minst 20% meirpris for produsenten. Marknad Ferske tal frå dei største fruktlagra viser at det er ei jamn auke i produksjon av frukt (kl.1). Til dømes har produksjonen av økologiske eple auka frå 59 tonn i 2010 til 112 tonn i 2013 (figur 2). Figur 2. Produksjon av norske økologiske eple (målt i tonn klasse 1 standard) i utvalde fylke i perioden 2010-2013 (Kjelde: GPS). I 2010 sette Bama ein terskelverdi på 100 tonn økologiske eple for at dette produktet skulle vera interessant å distribuere i den norske marknaden. No er målet nådd, men ein ser ei innsnevring i kva for del av produksjonen som er interessant for daglegvarehandelen. Enkelte grossistar ynskjer til dømes berre økologiske eple i størrelsen 70-80 i 6-pakningar, og gjev økologisk meir-pris berre for dette produktet. Resten vert ofte omsett som konvensjonell vare. Det gjer at ein mindre del av produksjonen vert omsett som økologisk, og produsenten får i snitt mindre meirpris. Gjennom to ulike satsingar mot storhushalding i 2013 (sjukehus i Førde og skulefrukt i Hordaland) vart det opna for å omsetje også andre størrelsar av eple som økologisk. Det tyder på at ein i framtida må satse parallelt med sal av økologiske produkt både til daglegvarehandelen og storkjøkken eller offentleg innkjøp, for å få omsatt heile produksjonen som økologisk. Fruktlageret som distribuerar flest økologiske plommer har hatt ei jamn auke i produksjonen frå 2010-2013 (tabell 1). Ved dei andre fruktlagra er det levert inn svært små mengder økologiske plommer og dei har vorte selde som konvensjonelle plomme. Tabell 1. Utvikling i produksjonen (målt i tonn)av den økologiske plommeproduksjonen ved Hardanger fjordfrukt i perioden 2010-2013 (kjelde: GPS). 2010 2011 2012 2013 Hardanger Fjorfrukt 13 tonn 14 tonn 11 tonn 30 tonn 2
I 2013 vart 33% av den økologiske plommeavlinga i Hardanger seld som økologisk resten vart omsett som konvensjonell. Det er med andre ord ei stor utfordring at store delar av den økologiske produksjonen ikkje finn vegen til forbrukaren som økologisk vare. Difor er det framover viktig å drive god produksjonsplanlegging i saman med salskanalane og grossistane, og syte for at den eksisterande økologiske produksjonen vert omsett som økologisk til rett type avtakarar i marknaden. Økologisk bærproduksjon er ei ferskvare kor det viktig å satse på rask omsetting av produksjonen. Lokal distribusjon av dei norske økologiske bæra har vore ein avgjerande strategi for å sikre god kvalitet til kundane. Dette har dei hausta gode erfaringar med i Agder-fylka, og det er eit godt eksempel på korleis ein parallelt må arbeide med å bygge produksjon og marknad for økologiske produkt. Prosjektet Økologiske bær på Agder og forbrukeres prissensitivitet (2013-15)) er eit tilknytningsprosjekt under Føregangsfylke økologisk frukt og bær, og vil bidra med verdifull erfaring for ei framtidig nasjonal bærsatsing. Innsal av økologisk frukt og grønt til daglegvarehandelen og innpass i storkjøkken gjennom anbodsprosessar i det offentlege, krev ei målretta og profesjonell satsing. Det er det ikkje kunnskap og ressursar til, slik Føregangsfylke økologisk frukt og bær og Føregangsfylke grønt er organisert i dag. Føregangsfylke økologisk frukt og bær og Føregangsfylke økologisk grønt starta difor i 2013 eit samarbeid for å koordinera marknadsarbeidet økologisk frukt og grønt. Det er ein naturleg strategi då daglegvarehandelen og storhushaldninga ikkje skil på frukt-bær og grønt i sine bestillings- og distribusjonssystem. I tillegg har frukt- og grøntsektoren mest dei same utfordringane i å nå marknaden med dei økologiske varene sine. Det er produsentane som har uttrykt eit behov for å kunne sikre omsetting av varene sine som økologiske og oppretthalde meirprisen. Målet er å etablera ein marknadskoordinator for økologisk frukt-bær og grønt. Å samarbeide om ein marknadskooordinator vil kunne styrke kommunikasjonen og profesjonalisera dei økologiske frukt-bær og grøntprodusentane sitt arbeid opp mot marknadsaktørane. Vi ynskjer difor å samle det økologiske produsentmiljøet i 2014 og forankre rolla og stillinga til ein marknadskoordinator gjennom eit produsentinitiativ. Sjå delmål 1 i tiltaksplanen med forslag til tiltak som bør leggjast til ein marknadskoordinator for økologisk frukt og bær (50% av stillinga). På sikt bør det også formidlast forbrukarretta informasjon om økologisk frukt-og bærproduksjon, i samarbeid med aktørar som har etablerte formidlingkanalar for denne målgruppa. Delmål 2: Økologisk areal per 2020 skal vere 6600 daa, som er 15% av samla frukt - og bærareal i Noreg i 2012. Auka produksjon Daglegvarehandelen og grossistane er spesielt opptekne av evna til å kunne levere riktige mengder, høg kvalitet og ha jamn levering av kvart produkt, for å halde lønsemda. Det betyr at norske frukt - og bærprodusentar må vera leveringsdyktige og konkurransedyktige på kvalitet og mengde i norsk sesong. Ein må drive god produksjonsplanlegging og produsera god sal-og produksjonsstatistikk for å 3
kunne møte behova i marknaden. Føregangsfylkeprosjektet vil framleis har ei viktig oppgåve med å auke produksjon og kvalitet av økologisk frukt og bær: Sjå delmål 2 i tiltaksplanen for målsetting og tiltak. Føregangsfylke økologisk frukt og bær har saman med fag-og produsentmiljø i dei to fylka klart å auke areala i perioden. Det har vore ei jamn auke frå 448 til 923 daa i dei to fylka frå 2009-2012 (figur 3). Figur 3. Samla areal med økologisk frukt- og bærproduksjon (målt i daa) i Hordaland og Sogn og Fjordane i perioden 2009-2012 (kjelde: Debio). Ser ein på dei samla statistikken for økologisk frukt og bær areal i Noreg ser ein ei liknande trend : Frå 2010-2012 har produksjonsareala med norsk økologisk frukt og bær auka frå 4,1 % til 5,6 % av den totale produksjonen av frukt og bær i Noreg. I areal vil det seie frå 1790 daa i 2010 til 2447daa i 2012 (kjelde: Debio). Men ser ein på karenstal for den same perioden, er det ein negativ utvikling i denne arealstatstikken (figur 4). Figur 4. Fulldyrka areal med økologisk frukt- og bærproduksjon, inkludert areal i karens (målt i daa) i perioden 2009-2012 (kjelde: Debio). Det tyder på at auke i areal av økologisk frukt og bær vil flate ut, og for å motverke dette må ein framleis arbeide for å auke produksjonen, gjennom landsdekkande aktivitet og god koordinering av eksisterande prosjekt. Eit landstekkande fokus er viktig for å kunne nå målet om 15% økologisk produksjon innan 2020, då eksisterande areal med økologisk frukt- og bærproduksjon må 3-doblast innan 2020. Men det er ikkje nødvendigvis eit mål å få mange fleire dyrkarar for å nå målet om auka produksjon. Ein kan like gjerne arbeide for at dei som driv vellukka økologisk produksjon i dag, kan auke produksjonen per dekar og/eller drive meir areal. 4
FoU Økologisk frukt-, bær- og grøntsatsing har vorte fronta som ein spydspiss for å fremje miljøvenlege strategiar, som også det konvensjonelle miljøet innan planteproduksjon kan dra nytte av. Det ser ein spesielt tydeleg effekt av innan plantevernstrategiane som økologisk landbruksproduksjon nyttar. Til dømes er olje sprøyting som tiltak mot overvintrande egg av bladlus og midd (haustsprøyting) ein vanleg praksis i dag. Denne tilrådinga vart gjennomført etter dokumentert effekt av denne behandlinga, i eit forskingsprosjekt på økologiske bringebær (Bioforsk, 2011). Mekanisk ugrashandtering kan verte aktuelt for konvensjonelle produsentar i framtida, då ein ser ein tendens til at effektive ugrasmiddel ikkje lenger vert godkjent av Mattilsynet eller ikkje har importør. Forhandlarane av plantevernmiddel finn den norske marknaden for liten (konvensjonell og økologisk), og det vil ikkje løne seg å søkje godkjenning for produktet i Noreg. NILF sine undersøkingar frå 2010 (NILF; Notat 2012-15) viser at avling per daa for eple varierer frå 53 til 2000 kg per daa. Liknande tal for bringebær, er frå 40 til 1400 kg per daa. Mange av dei dyrkingstekniske løysingane fleire delprosjekt i Føregangsfylkeprosjektet og Bioforsk/NN/NLR har arbeida fram, har vore viktige for å forstå korleis ein kan få til ein effektiv og vellukka økologisk produksjon av økologisk frukt og bær. Ein har arbeidd systematisk med å løyse flaskehalsar knytt til produksjonen, for å auke norsk økologisk frukt- og bærproduksjon. Slike eksempel er viktige og ein må difor halde fram arbeidet med å stimulere til nye forskingsprosjekt (FoU-arbeid) med nasjonal overføringsverdi, og arbeide fram miljøvenlege dyrkingsstrategiar for heile den norske frukt-bær og grøntnæringa. Informasjon Fagleg kunnskap opparbeida i prosjektet, informasjon om rettleiing, dyrking, innsatsfaktorar må systematiserast og formidlast til dyrkarane. Målet er å nytte eksisterande nettsider som dyrkarane allereie kjenner til (lr.no eller agropub.no). Det vil krevje ekstra arbeidsinnsats frå Føregangsfylke økologisk frukt og bær og aktørane som driv med rådgjeving og FoU-arbeid. To av dei viktigaste informasjonskanalane som ein må få på plass, er ei nettside for økologisk- frukt og bærdyrkarar, samt eit landsdekkande nyheitsbrev. Føregangsfylke økologisk frukt og bær har gjennomført prøveprosjekt av dette dei siste åra, og har erfart at det er eit tidkrevjande arbeid som vil vera viktig å prioritera for både prosjektleiar (auka stilling med 10%) og den nye prosjektmedarbeidaren. Ein ny prosjektmedarbeidar i 100% stilling skal tilsettast for å drive informasjons - og motiveringsarbeid overfor produsentane. Arbeid med å drive fram nye utviklings - og forskingsprosjekt (FoU-arbeid) knytt til utfordingar i produksjonen (kvalitet og volum) er også ei viktig oppgåve lagt til denne stillinga. Sjå Delmål 2 med tiltaksplan. 5
Delmål 3: Vere synlege overfor forvaltningsapparatet. Formidle erfaring og resultat på nasjonalt nivå. I ei vidare satsing blir det også viktig å dele informasjon frå Føregangsfylkearbeidet med andre aktørar innan forvaltninga, rådgjeving og fagtenesta. Difor har me formulert eit eige delmål 3 for denne satsinga. Føregangsfylke økologisk frukt og bær må arbeide for å etablere informasjonsstrukturar som sikrar god informasjonsflyt om økologisk frukt-og bærproduksjon på nasjonalt nivå. Det er naturleg å samarbeide med dei andre føregangsfylka i Noreg i dette arbeidet. Delmål 4: Norsk økologisk frukt- og bærproduksjon skal vere statistisk dokumenterbar. Norsk produksjon skal ha like produksjonsvilkår som andre nordiske land. Statistikk og flaskehalsar Det er fleire flaskehalsar både i produksjon og forvaltning som ikkje kan løysast med regionale delprosjekt, men må løysast på nasjonalt nivå. Utan god nasjonal og regional statistikk er det til dømes vanskeleg å måle effekten av satsinga i både Føreangsfylke økologisk frukt og bær, og Føregangsfylke grønt. Det er behov for å utvikle betre verkty for overvaking av norsk økologisk frukt - og grøntproduksjon, samt volumstatistikk for sal av norske økologiske varer i grossist og daglegvaresystem. Det finst god statistikk for kor store areal det vert produsert økologiske varer på gjennom Debio. Men det er få data for kor mykje som vert produsert på areala og kor mykje som vert omsett som økologisk i norsk daglegvarehandel og storkjøkken. Det gjer det vanskeleg, dyrt og tidkrevjande å sette realistiske og gode målsettingar, og finne målbare tiltak som kan gje effekt i produksjonen og marknaden. Dette er eit felles interesseområde for både Føregangsfylke økologisk frukt og bær og Føregangsfylke grønt, som må løysast på nasjonalt nivå. Regelverk og innsatsfaktorar Påverknad på regelverksutforming og tolkingar har vorte gjort gjennom god dialog med Mattilsynet, NLR, Regelverksutvalet og Debio. Dei same partane har Føregangsfylke økologisk frukt og bær vore i kontakt med i samband med vurdering av nye plantevernmiddel som er godkjent for økologisk drift i Norden. Fleire potensielle plantevernmiddel til norsk økologisk planteproduksjon har ikkje godkjenning gjennom Mattilsynet, og har dermed heller ikkje distributør i Noreg. Dette arbeidet må oppretthaldast i framtida gjennom Føregangsfylke økologisk frukt og bær i samarbeid med aktørane. Den nye regelverkstolkinga av parallellproduksjon, gjeldande frå 2014, vil truleg føre til nedgang i norsk økologisk produksjon av frukt, bær og grønt i framtida. Dette har Føregangsfylka og NLR teke opp med forvaltinga mange gonger. Vidare kommunikasjon mellom Føregangsfylka, NLR og forvaltinga er naudsynt, for å finne løysingar innan forvaltning og regelverk som ikkje har negativ verknad på økologisk produksjon i Noreg. 6
Delmål 5: Syte for at økologiske råvarer av frukt og bær, som ikkje kan omsetjast i daglegvarehandelen, vert omsett og foredla som økologisk vare. NILF si undersøking Økologisk frukt og bær i Noreg hvor mye produseres det og hvordan omsettes det? (Notat 2012-15) viser at om lag 35 % av den økologisk frukt- og bæravlinga vert omsett privat eller ved direktesal. Ein ser også trendar kor private forbrukarar går inn i samanslutningar om å kjøpe økologiske produkt rett frå bonden, som til dømes i andelslandbruk, abonnementsordningar, spesialbutikkar for økologiske varer eller Bondens marknad. Lokalmataktørane i fylka vil difor vere viktige samarbeidspartnarar for gje økologiske varer innpass i lokalmatdistribusjon -og profilering. Arenaer for sal av lokalmat er ofte fyrste omsettingskanal for nye produkt, som skal ut og testast på marknaden. Dyrkarane har i ein oppbyggingsfase av økologisk frukt-og bærproduksjon ofte små volum og ukurante sortar for daglegvarehandelen. Desse råvarene bør også kunne omsettast som økologiske eller vidareforedlast, for å kunne gje økonomi for produsentane i ein oppbyggingsfase av den økologiske produksjonen. Det er difor behov for å utvikle nye økologiske produkt av økologisk frukt og bær, og å kvalitetssikra produkta fram til forbrukar gjennom mindre grossitar og omsetjingskanalar. Arbeidet med omsettingskanalar utanom daglegvarehandel og med vidareforedling av økologiske frukt og bær vil starte opp i 2015. 7