FORPROSJEKTPLAN Vitensenter Kaupangerskogen, Sogndal 12. desember 2016 Adresse Mobiltelefon Bank Skarpeteigvegen 1 +47 908 39 860 3633.52.01684 6854 Kaupanger E-post: tor-arne.ness@kaupanger.toyota.no Org. nr.: 918 182 101
Innhald 1 Bakgrunn 3 2 Kva er eit Vitensenter? 5 3 Mål for prosjektet 7 4 Oppgåveomfang 8 5 Forprosjektorganisering 9 6 Avgjerdspunkt og oppfølging 11 7 Risikoanalyse og kvalitetssikring 12 8 Forprosjektaktivitetar 13 9 Økonomi 15 10 Kontraktar og avtaler 16 11 Vedlegg 17 12 Figurar og tabellar 21 2
1 Bakgrunn Moglegheitstudien Kaupus På oppdrag frå Kaupanger Næringsforening laga Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane i september i 2016 ein moglegheitstudie (Kaupus 1 ) for næringsutvikling på Kaupangerskogen i Sogndal kommune. Rapporten peiker på behovet for oppgradering av infrastruktur og utviding av næringsarealet. I tillegg vert det konkretisert nokre moglegheiter og idear, med størst effekt og nytte: Etablering av ein felles møteplass for fagleg utvikling og nettverksbygging Etablering av eit Makers Space 2 for testing og nyskaping av produkt og teknologi Marknadsføringsstrategi med gjennomføring av konkrete tiltak Totalkonsept I ettertid er det utvikla eit konsept/idegrunnlag med desse hovudelementa: 1. Eit signalbygg - sentralt i Sogn og på eit aktivt næringsområdet i sambruk med Sogndal vidaregåande skule si nasjonale line for Transport og logistikk. 2. Bygget kan gje rom for: a) «Makers space» for gründere og næringsliv b) Vitensenter for utdanningsinstitusjonar, kompetanseinstitusjonar, ålmenta, nærings- og reiseliv og fylket/regionen c) Demobygg for å få forsking ut til næringsliv og ålmenta d) Innovasjonssenter for formidling e) Samlingspunkt for næringsutvikling, kompetansedeling og møtefasilitetar Vitensenter i front For å konkretisere planane om eit Vitensenter og sambruk med vidaregåande skule har Kaupanger Næringsforening skipa eit eige selskap, som står som initiativtakar bak denne forprosjektplanen. Prosjektet vil primært utvikle Vitensenteret, men endeleg konseptval må i størst mogeleg grad ha eit auge for å passe inn dei andre elementa. Tomta Den ligg lett tilgjengeleg på den indre nord syd aksen i fylket, på Kaupangerskogen på rv. 5 mellom Sogndalsfjøra og Manheller ferjekai. Det er rekna med monaleg auke i trafikken etter kvart som ferjefri E39 nord for Skei, ev. ny bru mellom Fodnes og Manheller og ny rv. 52 Hemsedalsfjellet blir ferdig 3. Sogn og Fjordane fylkeskommune er eigar av tomta. Den har g.nr. 105 br.nr. 253 og 81. Samla areal er på om lag 10,5 mål 4. Tomta er i bruk av Sogndal vidaregåande skule innanfor 1 Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, KAUPUS MULIGHETSSTUDIE, September 2016 2 http://spaces.makerspace.com 3 NTP 2018 29 som vert vedteke våren 2017 vil truleg klargjere aktuelle vegval og utbyggingar 4 7 338,9 m 2 og 3 217,4 m 2 3
studieretning Service og samferdsle og særleg Yrkessjåførfaget. Det er innleia dialog med fylkeskommunen om å utvikle eit konsept for sambruk. 4
2 Kva er eit Vitensenter? Eit vitensenter er eit populærvitskapeleg opplevings- og læringssenter innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi der dei besøkande lærer ved å eksperimentere sjølve. Vitensentra retter seg mot barnehagar og skuler og ålmenta. Vitensentra har kompetanse i interaktiv formidling og kan vere ein ressurs for lærarutdanningane. Vi har i dag 10 vitensentra. Vitensenterideen er forankra i "Tett på realfag" Kunnskapsdepartementets realfagsstrategi for realfag i barnehage og grunnopplæring (2015-2019), Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet og «Strategi for Vitensentrene (2016-2019». Fagleg avdeling på Kaupanger? Kaupanger Næringsforening har etablert eit samarbeid med VilVite-senteret i Bergen. I dag har VilVite eit ansvar også for Sogn og Fjordane. Det er krevjande å dekke frå Bergen. Eit senter her i fylket bør stå organisatorisk og økonomisk på eigne bein, men fagleg vere ein avdeling av VilVite. Eit Vitensenter i Sogn og Fjordane må ha regionale interessentar inne både på eigarsida og som sponsorar. Regional forankring Det er halde ei rad orienteringar og gjennomført sonderingar regionalt og lokalt, med næringsliv, FoU og utdanningsinstitusjonar og offentlege styresmakter, jf. Vedlegg nr. 1 Regionale og lokale sonderingar og orienteringar på side 17. Det er so langt ikkje etablert forpliktande samarbeid gjennom t.d. intensjonsavtalar. Det er meininga at forprosjektet skal etablere ei solid forankring og formalisere samarbeidet. Andre initiativ her i fylket Det har vore fleire initiativ ulike stader i fylket. Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane gjennomførte i 2012 ein forstudie for etablering av eit Vitensenter i Førde. Konklusjonen frå prosjektgruppa var m.a.: «ikkje å arbeide vidare med planar om å etablere eit fullskala regionalt vitensenter i Sogn og Fjordane i tråd med Vitensenterprogrammet då dette synes vanskeleg i nær framtid. Hovudgrunnane til dette er: 1) Vil krevje ei investering i størrelsesorden 60-70 MNOK og oppover, samt at omlandet/ besøkspotensialet synes lite samanlikna med etablerte regionale vitensenter. Det synes vanskeleg å få forankring hos Vitenprogrammet på grunn av Vil Vite i Bergen allereie dekkar Sogn og Fjordane, samt at det er sterke krefter som 5
arbeider for at det ikkje vert etablert nye senter før dei eksisterande er sikra tilfredsstillande finansiering. Manglar god nok forankring i relevante miljø- ikkje sterkt nok fundament. Skilnaden no er at det skjer i tett samarbeidet med VilVite-senteret i Bergen og med ei felles forståing. 6
3 Mål for prosjektet Hovudprosjektet Det overordna målet er å etablere eit Vitensenter som ei avdeling av VilVite-senteret i Bergen på Kaupangerskogen i Sogndal kommune. Konkrete mål for forprosjektet Forprosjektet skal kartlegge, forankre konseptval og formalisere ei juridisk eining som kan stå for utarbeiding og gjennomføring av ein forretnings- og utbyggingsplan (hovudprosjekt) for etablering av senteret. Det er i forprosjektet tenkt gjennomført følgjande aktivitetar (A): A1 - Etablere interessefellesskapet, med referanse- og styringsgruppe A2 - Gjennomføre konseptval med profil, innhald og fokusområde A3 Utarbeide info-materiell A4 Lage utkast til forretningsplan A5 Rekruttere sponsorar A6 Teikne intensjonsavtaler A7 Stifte selskap Fleire av aktivitetane vil gå parallelt og/eller overlappe kvarandre. Det er gjort greie for i Tabell 4 Forenkla Gantt-diagram med for framdrift og ressursar på side 14. Rammer Forprosjektet startar opp i desember 2016 og vil vere ferdig hausten 2017. Det er rekna med at fleire av dei sentrale interessentane legg ned eigne ressursar i forprosjektet, m.a. eigne timar, reiser og møtedeltaking. Det er rekna med at Innovasjon Noreg går inn med kr 300 000 og Sogn Næring med kr 75 000 i tillegg til kr 25 000 som alt er tildelt. Det er venta at dei 70 verksemdene på Kaupangerskogen deltek i forprosjektet med resten av midlane til å dekke opp eigendelen. 7
4 Oppgåveomfang Absolutt krav Det er ei føresetnad at Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, Sogn regionråd og Sogndal kommune som vertskommune stør opp under prosjektet. Det same gjeld VilVite-senteret i Bergen. Ynskelege krav Det er ynskjeleg at flest mogelege kommunar og verksemder i fylket med klåre realfag- eller reiselivsinteresser stør opp. Det gjeld innanfor t.d. havbruk, energi, reiseliv og finans. Det gjeld og dei større verksemdene som Fjordbase, Elkem, Lerum, Hydro, Norsun, mfl. Avgrensingar Senteret skal ikkje konkurrere med VilVite-senteret i Bergen men konsentrere aktiviteten til Sogn og Fjordane. Forprosjektet skal ikkje gjere formelle tiltak utover å førebu skiping av juridisk eining. 8
5 Forprosjektorganisering Organisasjonsplan Forprosjektet er tenkt organisert slik: Prosjekteigar: v/ Tor Arne Ness Referansegruppe Offentlege aktørar FoU-miljøa Lokalt og regionalt næringsliv Styringsgruppe Sentrale aktørar peiker ut sine representantar Prosjektleiar Vidsyn rådgivning as v/jan Øhlckers Figur 1 Organisasjonsplan Forprosjekt Roller Det er førebels fastsett slik rollefordeling. Detaljane her og personval - vil bli avtalt med dei sentrale aktørane. Tabell 1 Roller 5 Rolle Eigarskap Organisasjon/Person Hovudansvarsområde Prosjekteigar A Kaupanger Næringsforening Eigar av Pådrivar Deltek med eigne ressursar B C Sogn og Fjordane fylkeskommune Høgskulen i Sogn og Fjordane/Vestlandsforsking Sogndal kommune IN/Sogn Næring Deltek med leiing, fagfolk og eigne ressursar Delfinansiering av forprosjektet 5 A-eigar: Hovudinteresse i prosjektet med monalege ressursar og som stiller store krav til gjennomføring og resultat B-eigar: Interesse i prosjektet og deltar med ressursar og forventar resultat C-eigar: Tek del i prosjektet med moralsk støtte. Stiller ikkje krav i prosjektet 9
Rolle Eigarskap Organisasjon/Person Hovudansvarsområde Oppdragsgjevar Prosjektdeltakarar Styrings- og referansegruppe Representant frå: FoU-miljøet Næringsliv Offentlege aktørar FoU-miljøet Næringsliv Offentlege aktørar Andre (m.a. sponsorar) Administrasjon Styring Deltek med fag- og ressurspersonar Deltek på leiarnivå 10
6 Avgjerdspunkt og oppfølging Det er lagt opp til møter i referansegruppa i samband med etablering av interessefellesskapen, for å handsame konseptvalet, utkastet til forretningsplan og avslutting av forprosjektet med skiping av juridisk eining. Tabell 2 Oversyn over Avgjerdspunkt AP# Dato Tema Dokumentasjon AP 1 Interessefellesskapet etablert 01.01.2017 Oppretting av styringsgruppe og referansegruppe AP 2 Konseptval 01.08.2017 Godkjenning i referansegruppa AP 3 Utkast til forretningsplan AP 4 Forprosjektrapport og skiping av juridisk eining 01.11.2017 Godkjenning i referansegruppa 01.12.2017 Godkjenning av rapport, val av organisasjonsform og ev. emisjon/skiping Forprosjektplan Tildelingsbrev frå IN og Sogn Næring KVU frå styringsgruppa Utkast frå styringsgruppa Forprosjektrapport Vedtekter Ev. generalforsamling Oppfølging/statusmøte Det er lagt opp til jamt med møter i prosjektgruppa undervegs. Referansegruppa kjem saman rundt dei fastsette avgjerdspunkta. 11
7 Risikoanalyse og kvalitetssikring Kritiske faktorar Tabell 3 Risikovurdering 6 # Kritiske faktorar S K RF 1 2 3 Finansiering av investering eller drift let seg ikkje løyse Større realfag-orienterte verksemder vil ikkje delta Fylkeskommunen eller FoU-miljøa vil ikkje delta 4 VilVite-senteret vil ikkje inngå avtale 1 4 4 Moglege tiltak/ansvarleg 2 5 10 Prosjektet vert lagt vekk 2 3 6 Må få inn fleire SMB 1 5 5 Prosjektet vert lagt vekk Vurdere alternative løysingar 5 Tomta er ikkje tilgjengeleg 1 2 2 Finna anna tomt Risikoevaluering av Kritiske Suksessfaktorar Analysen syner at forprosjektet gjennom forretningsplanen må klargjere finansiering både av investeringar og framtidig drift. Utan å syne at det er mogeleg både å bygge og drifte vil det ikkje vere grunnlag for å gå vidare i eit hovudprosjekt. Det er òg avgjerande at fylkeskommunen og/eller FoU-miljøa deltek. Utan desse aktørane er ikkje prosjektet liv laga. Val av tomt er ikkje kritisk, då det truleg er anna ledig areal i området. 6 S Sannsynleik. Kor sannsynleg vil det vere at dette skjer.m skala 1-5 (5 er mest sannsynleg) K Kritisk. Kor kritisk vil dette vere viss det skjer. Skala 1-5 (5 er mest kritisk) RF Risikofaktor (S * K). 15 eller høgare vil løyse ut ein aksjon innan ein fastsett dato. 12
8 Forprosjektaktivitetar A1 - Etablere interessefellesskapet, med referanse- og styringsgruppe Forprosjektet må starte med å etablere interessefellesskapet. Organiseringa og rollar er omhandla nærare i Tabell 1 Roller på side 9. Det er gjennomført sonderingar med dei mest sentrale aktørane, men det er naudsynt å få dei til å gå aktivt inn i forprosjektet med personell og andre ressursar. Dei må òg peike ut medlemmar, både til referanse- og styringsgruppe. A2 - Gjennomføre konseptval for: Profil, innhald og fokusområde Grunnideen er å stimulere til realfaginteressen i barnehage, skule og hos ålmenta. Det er likevel viktig å etablere eit unikt innhald med regional relevans, der både skuleeigarar, viktige næringar, større institusjonar og verksemder kjenner seg att. Det er vanleg at større sponsorar får høve til å profilere sitt fagområde, men utan at det vert produktplassering eller direkte marknadsføring. Tomt og arealbruk Aktiviteten har som mål å klarlegge om det er Figur 2 Mogeleg tomt, Kaupangerskogen mogeleg å nytte den mest aktuelle tomta på Kaupangerskogen. Sambruk med Sogndal vidaregåande skule Sambruk er ynskjeleg og vil truleg gje visse synergiar når det gjeld arealbruk, jf. Campus på Fosshaugane. Hovudtrekk i romprogram Konseptvalet må avklare hovudtrekka i romprogrammet m.a. sambruk med vidaregåande skule, teknisk lab / Makers space. Det er ikkje meininga å gå i detalj. Endeleg romprogram må gjerast i hovudprosjektet. Eigedomstilhøve (leige/eige/leasing) Det er naturleg at fylkeskommunen held fram som eigar av tomta, men forprosjektet bør klargjere dei ulike alternativ for eigarskapen til bygningane og finansieringsmodellar. A3 Utarbeide info-materiell og formidle Det går fram av vedlegg nr. 1 at det alt er gjort eit omfattande forankrings og formidlingsarbeid. Det vil likevel vere trong for meir materiell, nettsider mm. alt no i forprosjektfasen. A4 Lage utkast til forretningsplan Det er tenkt at forprosjektet mot slutten av perioden skal lage utkast til forretningsplan som kan gå inn som utkast til den juridiske eininga for vidare handsaming, godkjenning og gjennomføring. 13
A5 Rekruttere sponsorar Særleg vil driftsøkonomien vere avhengig av nokre hovudsponsorar. Dei fleste vil nok kome frå privat næringsliv og statlege/fylkeskommunale/kommunale verksemder slik det òg er i dei andre Vitensentra. A6 Teikne intensjonsavtaler Det skal skrivast intensjonsavtalar med: VilVite i Bergen Fylkeskommunen/kommunane HiSF/Vf Regionalt og lokalt næringsliv Ev. andre Dette vil truleg skje på ulike tidspunkt i forprosjektperioden, avhengig av korleis og når prosjektet og dei ulike aktørane ynskjer eller treng slik formalisering for sin interne handsaming. A7 Stifte selskap Forprosjektet vert avslutta med skiping av juridisk eining. Det er ikkje lagt inn midlar til t.d. aksjekapital i forprosjektet. Skiping må ev. skje gjennom emisjon. Framdrift/tidsplan Tabell 4 Forenkla Gantt-diagram med for framdrift og ressursar Aktivitet A1 - Etablere interessefellesskapet, med referanse- og styringsgruppe Tidsplan (månad) Ressursbruk 12 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 kr 50 000 A2 - Gjennomføre konseptval 300 000 A3 Utarbeide info-materiell og formidle A4 Lage utkast til forretningsplan 100 000 60 000 A5 Rekruttere sponsorar 50 000 A6 Teikne intensjonsavtaler 30 000 A7 Stifte selskap 10 000 Sum 600 000 14
9 Økonomi Tabell 5 Kostnader og finansiering Kostnader Finansiering Aktivitet Beløp Finansieringstype og kjelde Beløp A1 - Etablere interessefellesskapet, med referanse- og styringsgruppe 50 000 Innovasjon Norge 300 000 A2 - Gjennomføre konseptval 300 000 Sogn Næring 100 000 A3 Utarbeide info-materiell og formidle A4 Lage utkast til forretningsplan 100 000 60 000 A5 Rekruttere sponsorar 50 000 A6 Teikne intensjonsavtaler 30 000 A7 Stifte selskap 10 000 Eige arbeid: Offentlege aktørar, FoU Eige arbeid: Lokalt og regionalt næringsliv 100 000 100 000 Sum 600 000 600 000 Sogn Næring har alt i 2016 løyvd kr 25 000 til Kaupanger Næringsforening og har opna for at dei midlane kan nyttast i forprosjektet. 15
10 Kontraktar og avtaler Det ligg føre kontrakt med prosjektleiar: Vidsyn rådgivning as v/jan Øhlckers 16
11 Vedlegg Vedlegg nr. 1 Regionale og lokale sonderingar og orienteringar Dato Institusjon/verksemd Deltakarar Stad 9/9 HSF og Vestlandsforsking 3 Campus oppstartsmøte 12/9 Holen Installasjon/Sogn Næring 2 Toyota 12/9 Sogndal Fotball AS/Campus 2 Toyota 13/9 Leiing Sparebanken SF 5 Toyota 22/9 Styremøte KN 5 Toyota / oppdatering 22/9 Årdal Utvikling 2 Toyota 26/9 Sogn Næring / Luster Næring 4 Toyota 27/9 Utval Kultur og Næring 15-20 Heibergske Samlingar 29/9 Schlumberger sentralt 3 Toyota 4/10 Fylkeskommunen v/rosenlund 2 Campus / oppstart 5/10 VilVite Bergen 3 Bergen / HSF og VilVite 7/10 Arkitekt og Jatak 3 Toyota 8/10 Vitensenteret Innlandet 2 Gjøvik 17/10 Rektormøte Sogndal 3 Toyota 18/10 Briefing idè SpVest 2 Bergen 20/10 Besøk og brief Highsoft Vik 2 Vik 21/10 Sogndal Kommune + HSF+VF+FC 7 Campus HSF 25/10 Sogndal VGS inkl rektor/adm 5 Campus VGS 28/10 Næringslivsmøte inkl. politikar 40 Vesterland 7/11 Brief Osland Havbruk 2 Førde 10/11 Innovasjon Norge /Vestforsk + 8 Toyota 11/11 Årsmøte SP Sogndal 20 Fjærland 15/11 Visit Sognefjord 2 Toyota 16/11 Vidsyn Rådgivning AS 2 Toyota 17
Dato Institusjon/verksemd Deltakarar Stad 6/12 Skulefagleg ansvarlege i Sogn Regionråd 10 Flåm 9/12 Sogn Regionråd 10 Høyanger Ei rekkje samtalar, oppdateringsmøter osb. undervegs i tillegg. Vedlegg 2 Om Kaupanger Næringsforening Kaupanger Næringsforening er ein samarbeidsforeining for næringsdrivande og bedrifter på Kaupanger i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane. Juridisk namn: KAUPANGER NÆRINGSFORENING Org nr: 893 758 852 Selskapsform: Foreining/Lag/Innretning Kontaktperson: Tor Arne Ness NACE-bransje: 94.110 Næringslivs- og arbeidsgjevarorganisasjonar Adresse: 6854 Kaupanger Postadresse: c/o Tor Arne Ness Kaupangsvegen 33, 6854 Kaupanger Registrert i MVA: Nei Registrert i NAV aa-registeret: Nei Registrert i frivilligregisteret.: Nei Skipingsdato: 11.11.2008 Registreringsdato: 16.04.2009 Vedlegg 3 Om Organisasjonsnummer: 918 182 101 Navn/foretaksnavn: KAUPUS AS Organisasjonsform: Aksjeselskap 18
Forretningsadresse: c/o Tor Arne Ness Kaupangsvegen 33 6854 KAUPANGER Kommune: SOGNDAL Postadresse: - Registrert i Enhetsregisteret: 14.12.2016 Stiftelsesdato: 29.11.2016 Kontaktperson: Tor Arne Ness Vedtektfestet formål: Å etablere, utvikle og drive felles infrastruktur og kompetansekrevjande tiltak på Kaupangerskogen. Virksomhet/art/bransje: Etablere, utvikle og drive felles infrastruktur og kompetansekrevjande tiltak. Sektorkode: 2100 Private aksjeselskaper mv. Særlige opplysninger: Registrert i Foretaksregisteret Styre: Styrets leder: Tor Arne Ness Styremedlem: Dag Loftesnes Eivind Dahl Anders Bjærke Signatur: Styrets leder alene. Regnskapsfører: 19
Autorisert regnskapsførerselskap Organisasjonsnummer 994 694 448 KAUPANGER REKNESKAPSKONTOR AS Bordvegen 17 6854 KAUPANGER 20
12 Figurar og tabellar Figur 1 Organisasjonsplan Forprosjekt... 9 Figur 2 Mogeleg tomt, Kaupangerskogen... 13 Tabell 1 Roller... 9 Tabell 2 Oversyn over Avgjerdspunkt... 11 Tabell 3 Risikovurdering... 12 Tabell 4 Forenkla Gantt-diagram med for framdrift og ressursar... 14 Tabell 5 Kostnader og finansiering... 15 21