Delrapport 2 Modell 2

Like dokumenter
Delrapport 7 Modell 7

Delrapport 5 Modell 5

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Modellar for organisering av vidaregåande opplæring

EIN HEILSKAPLEG SKULESTRUKTUR FOR VIDAREGÅANDE SKULE I SUNNFJORD

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Saksprotokoll. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

Skulebesøket vart avslutta med utviklingssamtale mellom fylkesdirektør og rektor.

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Dialogmøte med kommunane i Hafs

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Dialogmøte med kommunane i Nordfjord

SKULEBRUKSPLAN FOR VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I SOGN OG FJORDANE HØYRING FRÅ SAMARBEIDSFORUM I SUNNFJORD

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Dialogmøte med kommunane i Sogn

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Dialogmøte. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Oppfølging av skulebruksplanen Sak 78/15 Opplærings- og helseutvalet

Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Vedlegg 3. Notat - modellar for framtidig organisering av vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Dialogmøte Sogn. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Modell for Partnarskap for Karriererettleiing i Sogn og Fjordane. Prosjekt: KARRIERE SOGN OG FJORDANE

Vgs-tilbodet i Nordfjord

Dialogmøte Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Sunnfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte Nordfjord. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Ny søknad om oppretting av landslinetilbod for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Ny GIV Overgangsprosjektet

MØTE BOK. Sak 5/17 vart handsama først i møtet, deretter vart sakene handsama i kronologisk rekkefølgje.

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

Inntak i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune - overordna prinsipp for inntak DP 1.5

2. Kort omtale av utgreiinga (ev. sentrale utfordringar og dilemma i konsekvensvurderingane)

Læringsarena 14. juni 2013

Jnr EH/rr. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Dialogmøte i regionane

Skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Skulebruksplan for Sogn og Fjordane

Regionreform status. Trond Nerdal fylkesrådmann. Fellesmøte 28. september

Barnehage og grunnopplæring. sentrale mål og føringar

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Tittel: Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av utdanningsstøtte

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Samlokalisering av Kvam vidaregåande skule

Utviklingsplan for Pedagogisk-psykologisk teneste for vidaregåande opplæring

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Utviklingsplan

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Velkomen til dykk alle!

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Fylkeshuset, Leikanger (møterom Sygna 1. etg.) Møtedato Kl. 10:00 13:45

Elevtalsframskriving

Saksframlegg. Sjukefråvær 2. kvartal 2015 SAKSFRAMSTILLING. Saksbehandlar: Arvid Stenehjem, Fylkesrådmannen Sak nr.: 15/8921-1

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Flora vidaregåande skule. Møtedato Kl. kl. 10:00 15:00

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Hovudutval for opplæring

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

SKULESTRUKTUREN PÅ VOSS REFORDELING AV ELEVPLASSTAL OG UTDANNINGSPROGRAM

OPPLÆRINGSAVDELINGA Fellestenester - OPPL AVD

Innsøking og organisering. -Ein tydeleg medspelar

MØTEBOK. Hovudutvalet for opplæring valde møteleiar og Trude Brosvik til å godkjenne møteboka på vegner av organet.

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Ølen vidaregåande skule

SUNN KOMMUNEØKONOMI - OPPVEKST

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

grunnskulen våren 2015

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Skuletilbodet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

Fråsegn frå Sogn regionråd 26. april 2013

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Løypemelding: Prosjektet "Auka gjennomføring - fleire ut i lære"

2014/

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Rådmannsutvalet Førde

HØYRINGSNOTAT. Konsekvensutgreiing av mogeleg nedlegging av Litlabø skule frå skuleåret

MØTEBOK. Uttale til skulebruksplan for Hordaland fylkeskommune

Transkript:

Vedlegg 2 Delrapport 2 Modell 2 Høyringsutkast 19. feb. 2013 www.sfj.no

S i d e i Innhald 1. Omtale av modell 2... 2 2. I kva grad når modell 2 målet om høg kvalitet på opplæringa?... 4 3. I kva grad når modell 2 måla om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programfag i eige fylke, og om at elevane i størst mogeleg grad får oppfylt ønska sine om opplæringstilbod?... 5 4. I kva grad når modell 2 målet om samsvar med samfunnet sitt behov for kompetanse?... 6 5. I kva grad når modell 2 måla om at:... 7 det er lagt langsiktige planar for opplæringstilbodet for å fremje stabilitet og ein føreseieleg situasjon for tilsette, elevar og lokalsamfunnet... 7 vidaregåande opplæring er organisert på ein måte som fremjar robuste einingar og fagmiljø, slik at ein kan møte endringar i rammer og føresetnader utan å måtte endre strukturar i opplæringstilbodet... 7 6. I kva grad når modell 2 måla for økonomisk innsparing?... 8

S i d e 1 Innleiing Målet med delrapport 2 er todelt. Rapporten omtalar modell 2 meir detaljert enn i hovudrapporten. Rapporten gir òg ei oversikt over dei viktigaste konsekvensane av modellen. Samstundes kan ikkje delrapportane lesast uavhengig av hovudrapporten. Rammer og premissar omtala i kapittel 1 av hovudrapporten, og føresetnadar for konsekvensutgreiingane omtala i kapittel 3, gjeld òg for delrapportane. Konsekvensar som er generelle eller uavhengige av val av modell for organisering, omtala i kapittel 5 i hovudrapporten, er ikkje omtala i delrapportane. I kapittel 1 er modellen omtala i meir detalj enn i hovudrapporten. I kapittel 2-6 er det gjort greie for i kva grad modellen når dei overordna måla for skulebruksplanen. Måla er omtala i kapittel 1.2 og kapittel 4 i hovudrapporten. Ein konsekvens av å organisere delrapportane på denne måten er at mykje av vurderingane frå hovudrapporten er gjentekne i delrapporten. Samstundes vonar fylkesrådmannen at delrapporten kan vere til hjelp med omsyn til å få ei oversikt og ei heilskapleg forståing av konsekvensane av kvar enkelt modell.

S i d e 2 1. Omtale av modell 2 I Norconsult AS sin rapport heiter det om modell 2 (vedlegg 38): «Modell 2 har som hovudmål å auke storleiken på fagmiljøa samstundes som ein vidareførar prinsippet om ein desentralisert skulestruktur. Talet skular i kvar region vert redusert som følgje av redusert elevgrunnlag, men kvar region vil framleis ha fleire skular. I modell 2 er talet skular redusert frå 13 til 8. Gjennomsnittleg skulestorleik i denne modellen er 492 elevar i 2016/17 og 471 elevar i 2024/25. Økonomisk er innsparingspotensialet i denne modellen er truleg større enn i modell 1. Hovudgrep i alternativet: Luster vgs vert lagt ned. Høyanger vgs vert lagt ned. Dale vgs vert lagt ned. Stryn vgs vert lagt ned. Mo og Jølster vgs avdeling Jølster vert lagt ned. Mo og Øyrane vert slått saman, slik at Mo er ei avdeling under Øyrane vgs. I denne modellen består dei aller fleste fagmiljøa på utdanningsprogramma av to eller fleire parallellar. Studiespesialiserande utdanningsprogram er samla til færre skular, slik at ein i større grad kan unngå gruppedeling på VG2 og VG3. I tillegg til dei tre skulane som vert tilrådd lagt ned i modell 1, vert det i denne modellen også gjort framlegg om at Dale vgs og Stryn vgs vert lagt ned. Årsaken til dette er behovet for å samle fagmiljøa på utdanningsprogramma på skulane, slik at ein kan få ein meir robust struktur. Økonomisk vil det vere formålstenleg å redusere talet på skular. Ulempene med dette alternativet er m.a. at fleire elevar må flytte heimefrå for å ta vidaregåande opplæring, samt at fleire lokalsamfunn mister ein kompetansearbeidsplass» (Norconsult sin rapport side21 og 22).

S i d e 3 Tabellen syner utdanningsprogram og programområde med tal skular som har tilbodet i modellen, per region og for fylket samla. Fylkesdekkande tilbod er merka med gult.

S i d e 4 2. I kva grad når modell 2 målet om høg kvalitet på opplæringa? Kvalitet på opplæringa er omtala i kapittel 4.1 i hovudrapporten. I norsk samanheng er det lite forsking på samanhengen mellom skulestorleik og kvalitet. Det som finst av forsking er i all hovudsak knytt opp mot små bygdeskular på grunnskulenivå. Det er m.a.o. ikkje forskingsgrunnlag for å seie at skulestorleik har avgjerande innverknad på kvaliteten på opplæringa. Ein gjennomgang av kvalitetsområda som kan talfestast, gjennomføring og eksamensresultat, viser at det ikkje er systematiske samanhengar mellom skulestorleik og resultat i Sogn og Fjordane. 2.1 Fagmiljø Kompetansen til læraren er avgjerande for kvaliteten på opplæringa, jf. vedlegg 30. Det er fylkesrådmannen si vurdering at det vil vere vanskeleg å halde på fagkompetanse og å byggje solide fagmiljø utan at ein i større grad samlar utdanningsprogramma på færre skular. Modell 2 vil i stor grad bidra til større fagmiljø enn i dag. Det er ikkje forskingsgrunnlag for å seie at skulestorleik har avgjerande innverknad på kvaliteten på opplæringa. Det er ikkje systematiske samanhengar mellom skulestorleik og resultat i Sogn og Fjordane. Det vil vere vanskeleg å halde på fagkompetanse og å bygge solide fagmiljø utan å samle utdanningsprogramma på færre skular. Modell 2 vil i stor grad bidra til større fagmiljø enn i dag.

S i d e 5 3. I kva grad når modell 2 måla om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programfag i eige fylke, og om at elevane i størst mogeleg grad får oppfylt ønska sine om opplæringstilbod? Desse måla er drøfta i kapittel 4.2 i hovudrapporten. Framskriving av tal elevar som må bu på hybel Med bakgrunn i føresetnadene skisserte i kapittel 3.1 i hovudrapporten har fylkesrådmannen framskrive tal hybelbuarar for modell 2 og tidspunkta 2016 og 2020. Framskrivinga er omtala i kapittel 5.1.2 i hovudrapporten. Tabell: Framskriving av tal elevar som må bu på hybel Bortebuarar 2012/13 mod 2 Tal elevar 16/17 1111 1400-1470 Tal elevar 20/21 1340-1410 % elevar 16/17 26 % 35-37 % % elevar 20/21 36-37 % * Det er grunn til å streke under at med dei føresetnadene som ligg til grunn er truleg talet elevar på hybel for høgt i modell 2. Det er ikkje mogeleg å vite sikkert om det er skilnad mellom modellane med omsyn til om elevane i størst mogeleg grad får oppfylt ønska sine om opplæringstilbod. I modell 2 vil det truleg bli 150-350 fleire elevar som må bu på hybel enn i dag. Modell 2 når målet om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programfag i eige fylke.

S i d e 6 4. I kva grad når modell 2 målet om samsvar med samfunnet sitt behov for kompetanse? Målet er drøfta i kapittel 4.3 i hovudrapporten. Truleg vil ingen av dei føreslegne modellane få store konsekvensar for rekrutteringa til fag- og yrkesopplæringa. Det er òg eit godt samsvar med venta behov for kompetanse på fagarbeidarnivå. I modellane 1-7 er det lagt opp til ein auke i andelen elevar på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Modell 2 vil truleg bidra til nå målet om samsvar med samfunnet sitt behov for kompetanse. Større fagmiljø, som i modell 2, med breiast mogeleg fagkompetanse vil både vere mest fleksible og mest robuste med tanke på å gje handlingsrom for nye og endra tilbod, ut frå mellom anna behova i næringslivet.

S i d e 7 5. I kva grad når modell 2 måla om at: det er lagt langsiktige planar for opplæringstilbodet for å fremje stabilitet og ein føreseieleg situasjon for tilsette, elevar og lokalsamfunnet vidaregåande opplæring er organisert på ein måte som fremjar robuste einingar og fagmiljø, slik at ein kan møte endringar i rammer og føresetnader utan å måtte endre strukturar i opplæringstilbodet Desse måla er omtala i kapittel 4.4 i hovudrapporten. I modell 2 vil fylkeskommunen truleg nå målet om at vidaregåande opplæring er organisert på ein måte som fremjar robuste einingar og fagmiljø, slik at ein kan møte endringar i rammer og føresetnader utan å måtte endre strukturar i opplæringstilbodet. I modell 2 vil fylkeskommunen truleg nå målet om ein føreseieleg situasjon for tilsette, elevar og lokalsamfunnet.

S i d e 8 6. I kva grad når modell 2 måla for økonomisk innsparing? 6.1 Drift av vidaregåande skular Fylkesrådmannen har, med utgangspunkt i føresetnadene i kap 3.4 i hovudrapporten, stipulert følgjande innsparing i modell 2: Modell 2 Tabellen viser samla innsparing i modell 2. Innsparinga i modell 2 i høve referansemodellen (2012-2013) er basert på reduksjonen i elevplass- og gruppetalet, nedlegging av fem skular og knytt til: leiing, undervisning, pedagogiske støttefunksjonar administrative- og tekniske støttefunksjonar, div. driftsmidlar drift, reinhald, vedlikehald og leige av lokale og energi Avvik i høve referansemodell (i mill kr) (- innsparing, + kostnadsauke) Tenesteområde 16/17 20/21 Pedagogisk leiing og drift av utdannningsprogramma -65,9-77,8 Utgifter til lokale (inkl. drift og vedlikehald av skulebygg) -13,2-15,9 Forvaltning og fellesutgifter -7,9-8,4 Sum -86,9-102,1 bortfall av arbeidslivskontakt og miljøkoordinator som følgje av nedlegging av skular Redusert tilleggsressurs til undervisning ved at tal skular med få parallellar i studiespesialisering vert redusert; reduksjon frå 8 til 1 skule med tilleggsressurs samanlikna med 2012-2013. 1 6.2 Skuleskyss Samla omfang av skuleskyss vil auke i alle modellane. Skuleskyssen vert redusert nokre stader, men aukar meir andre stader pga nedlegging av skular. I tillegg er det årlege kostnader knytt til nyinvestering i bussmateriell. Denne kostnaden er sett til 0,3 mill. kr per buss. I modell 2 er kostnadene til båten Atløy Askvoll trekt ut. Denne båtruta har ein årleg kostnad på kr 0,2 mill. kr. Med utgangspunkt i utrekna kostnader, vil det i modell 2 verte ei auke i årlege skysskostander på 6,1 mill. kr. 6.3 Bygg og eigedomar Modellen inneber potensiale for sal av eigedommar i Luster, Høyanger, Jølster, Dale og Stryn, og i tillegg noko mindre areal i Årdal. Samla verditakst er om lag 135 mill. kr. Modellen vil medføre behov for nybygg på Øyrane, Eid og Måløy vidaregåande skular med ein samla kostnad i storleiksorden 220 mill. kr. Det er behov for ombygging på Årdal, Sogndal, Flora, Firda, og Måløy vidaregåande skular, til ein samla verdi i storleiksorden 15 mill. kr. I modellen er totalkostnader til rehabilitering ikkje medrekna der ein legg ned skular og planlegg sal av eigedommane (omtala i kapittel 3.5 i hovudrapporten). 6.4 Kapitalkostnader Føresetnadene for utrekning av kapitalkostnader er omtala i kapittel 3.4 i hovudrapporten. 1 Nærare omtale i delrapport 8, kapittel 13.

S i d e 9 Årlege kapitalkostnader for modell 2 for åra 2014-2024, med og utan sal eller utleige av eigedomar, er vist i tabellen under: Tabell: Kapitalkostnader Kapitalkostnader (i mill. kr) Modell 2 16/17 20/21 Kapitalkostnader (utan sal av eigedomar) 17,0 23,9 Kapitalkostnader (med sal av eigedomar) 12,1 12,7 Kapitalkostnadene til fylkeskommunen vil auke med 24 mill. kr i modell 2 i 2020, dersom fylkeskommunen ikkje får seld eller leigd ut noko ledig areal. Kapitalkostnadene til fylkeskommunen vil auke med 12 mill. kr i modell 2 i 2020, dersom fylkeskommunen får seld ledige bygg til verditakst. 6.5 Samla vurdering av i kva grad modell 2 når måla for økonomisk innsparing I kapittel 1.5 i hovudrapporten er det lagt til grunn at skulebruksplanen skal synleggjere ei økonomisk innsparing i storleiksorden 47-62 mill. kr. i perioden fram til 2016 og 72-97 mill. kr. i perioden fram til 2024. Samla økonomiske konsekvensar (i mill. kr.) modell 2 Skuleår: 16/17 20/21 Drift av vidaregåande skular -48,3-102,1 Hordalandsavtalen -7,1-7,1 Skuleskyss 0,0 6,1 Kapitalkostnader (utan sal av eigedomar) 17,0 23,9 Kapitalkostnader (med sal av eigedomar) 12,1 12,7 Innsparingsbehov 47-62 72-97 SUM økonomisk endring (utan sal av eigedomar) -38,4-79,2 SUM økonomisk endring (med sal av eigedomar) -43,4-90,4 Tala for innsparing på drifta på dei vidaregåande skulane er for 2016/17 korrigert med bakgrunn i uvissa knytt til kor raskt det vil vere mogleg å realisere stipulert innsparing. Dette er nærare omtala i kapittel 4.5.1 i hovudrapporten. Utan sal av ledige eigedomar er innsparinga i modell 2 i 2016/17 stipulert til om lag 38 mill. kr og i 2020/21 om lag 79 mill. kr. Med sal av ledige eigedomar er innsparinga stipulert til om lag 43 mill. kr i 2016/17 og om lag 90 mill. kr i 2020/21. Modell 2 når målet for varig økonomisk innsparing både med og utan føresetnaden om sal av ledige eigedomar.

S i d e 10