Vår dato 25.01.2017 2017/347/ANKL/461.3 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Senioringeniør Anne Grete Kleven, 71 25 84 77 Vår ref. REMPRO AS Langemyrveien 6 6212 LIABYGDA REMPRO AS - inspeksjonsrapport 2017 2017.040.I.FMMR Denne rapporten handlar om resultatet frå ein inspeksjon gjennomført 10.januar 2017 ved REMPRO AS. Rapporten blir rekna som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil innan to veker etter at rapporten er mottatt. Desse personane var til stades under inspeksjonen: Frå verksemda: Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Stein Inge Rem Gunnhild Liva Austvoll Ingvild Sandnes Anne Grete Kleven Jörg Barthel Fylkesmannen i Møre og Romsdal avdekka 4 avvik og ga ingen merknadar under inspeksjonen. Avvika gjeld: 1. REMPRO AS forsøplar nærområde med plastavfall og anna avfall 2. REMPRO AS har ikkje risikovurdering som omfattar ytre miljø 3. REMPRO AS handterer ikkje sitt farlege avfall i samsvar med regelverket 4. REMPRO AS si handtering av kjemikal har manglar Avvik og merknader er nærare skildra i punkt 3 og 4 i rapporten. REMPRO AS må innan 1. mars 2017 sende ei skriftleg utgreiing som viser korleis avvika er retta. Med helsing Anne Melbø (e.f.) fagansvarleg Gunnhild Liva Austvoll Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi: Stranda kommune Øyna 13 6200 STRANDA Fylkesmannen i Møre og Romsdal Postboks 2520, 6404 MOLDE - 71 25 84 00 - fmmrpostmottak@fylkesmannen.no Organisasjonsnr: 974 764 067
side 2 av 5 1. Informasjon om den kontrollerte verksemda Namn: REMPRO AS Anleggsnummer.: 1525.0069.01 Bedriftsnr. for undereininga: 886999682 Eigd av (organisasjonsnr.): 992360674 Kommune: STRANDA Anleggsaktivitet: 22.290 Kontrollnummer: 2016.116.I.FMMR Kontrollklasse: 4 2. Bakgrunn for inspeksjonen Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomførte, saman med andre Fylkesmenn og Miljødirektoratet, hausten 2016 ein aksjon retta mot plastvareprodusentar. Nokre av tilsynet vart utsatt til januar 2017 og tilsyn hjå REMPRO AS var blant desse. Formålet med inspeksjonen var å vurdere om det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet fungerer tilfredsstillande, og om verksemda har en tilfredsstillande styring med aktivitetar som er viktige for det ytre miljø. Tema for inspeksjonen var: Handtering av kjemikal Handtering av avfall Rutinar for farleg avfall Støy Internkontroll Risikovurdering Rapporten dreier seg om avvik og merknader som blei avdekka under inspeksjonen og gir inga fullstendig vurdering av tilstanden til miljøarbeidet eller miljøstatusen ved verksemda. 3. Avvik Avvik blir definert som manglande etterleving av krav fastsett i eller i medhald av lov. Fylkesmannen i Møre og Romsdal fant følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1 REMPRO AS forsøplar nærområde med plastavfall og anna avfall Forureiningslova 7
side 3 av 5 Under inspeksjonen vart det observert at det var plastrestar/ glassfiber på baksida av fabrikken, då i nærleiken av viftane/avtrekksvifte. I tillegg var det lagra ein dieseltank på område, ein gammal oljetank og betong frå rivning. Plastforsøpling er eit stort problem som gir utfordringar både lokalt og globalt. Plast brytas veldig sakte ned i naturen, og endar til slutt som «mikroplast» som kan takast opp i næringskjeda av dyr. Det er difor veldig viktig at tilførsel av ny plast til naturen blir stansa. Avvik 2 REMPRO AS har ikkje risikovurdering som omfattar ytre miljø Internkontrollforskrifta 5, 2. ledd, punkt 6 REMPRO AS har byrja arbeidet med å utarbeide ein risikovurdering, men har ikkje utarbeida ein risikovurdering som omhandlar ytre miljø. Verksemda må gå igjennom alle punkt som kan ha ein innverknad på ytre miljø og gjer ein vurdering av desse. Risikovurderinga skal omhandle alle kjelder som kan utgjer risiko på eigedommen. Avvik 3 REMPRO AS handterer ikkje sitt farlege avfall i samsvar med regelverket Avfallsforskrifta 11-5 og 11-12 Internkontrollforskrifta 5, 2. ledd punkt 7 I følgje avfallsforskrifta skal ein ha forsvarleg oppbevaring, transport og handtering av farleg avfall. Farleg avfall skal ikkje saman blandast med anna avfall. Under inspeksjonen vart det kjent at REMPRO AS har noko farleg avfall frå produksjonen. Verksemda opplyste om at dei har levert farleg avfall til kommunal miljøstasjon, men at dei ikkje har deklarert avfallet. Verksemda har ikkje eit eige lager for farleg avfall og manglar rutinar for riktig levering av farleg avfall. Avvik 4 REMPRO AS si handtering av kjemikal har manglar Produktkontrollova 3 Internkontrollforskrifta 5, 2. ledd punkt 6
side 4 av 5 REMPRO AS har ikkje utført ein substitusjonsvurdering av dei kjemikaliane som verksemda nyttar i sin produksjon. Med substitusjon meiner ein en vurdering av kva kjemikalie som er mest miljøvenleg og innehar dei eigenskapane som trengs i produksjonen. Ved å ha sikkerhetsdatablad som er oppdaterte kan ein lettare vurdere om kjemikalie kan erstattast av eit som er meir miljøvennleg. Ein del av verksemda sine sikkerhetsdatablad var ikkje av nyaste versjon og ikkje alle kjemikaliar hadde sikkerhetsdatablad på norsk. 4. Oppfølging etter inspeksjonen REMPRO AS har plikt å rette opp dei avvika som er skildra i denne rapporten så snart som muleg. For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saka, må REMPRO AS innan 1. mars 2017 sende ei skriftleg utgreiing som viser korleis avvika er retta. Vi ber om at de sender svarbrev på e-post til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no eller på papir til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, merka med saksnummer. Saksnummeret er 2017/347. 5. Vedtak om gebyr Fylkesmannen i Møre og Romsdal varsla i e-post datert 3. januar at REMPRO AS vil bli pålagt eit gebyr på kr 14 600 for inspeksjonen, jf. forureiningsforskrifta 39-7. Vi har derimot valt å gje same gebyr for tilsynet som dei andre i denne aksjonen. Det betyr at REMPRO AS vil bli pålagt eit gebyr på kr 12 100. Dette svarar til det som var sats 3 i 2016. Faktura blir sendt frå Miljødirektoratet. Fylkesmannen i Møre og Romsdal viser elles til forureiningsforskrifta kapittel 39 om innkrevjing av gebyr til statskassa. Mulegheit for klage De har rett til å klage på valet av gebyrsats innan tre veker etter at de har mottatt denne rapporten. Klagen skal angi den eller dei endringane som de ønskjer. Klagen bør grunngjevast og skal sendast til Miljødirektoratet. 6. Offentlegheit Denne rapporten vil vere tilgjengeleg for offentlegheita via postjournalen til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, jf. offentleglova. I tillegg er ein kopi av rapporten sendt til Stranda kommune.
side 5 av 5 7. Dokumentunderlag Lovgrunnlaget for inspeksjonen var: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova) med underliggjande forskrifter Lov om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrollova) med underliggjande forskrifter Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) 8. Informasjon til verksemda Brosjyrer/informasjonsark som blei delt ut under inspeksjonen: Miljøkrav for produksjon av plastbaserte produkter (M-629/2016) Håndtering av farlig avfall (M-284/2014) Har virksomheten din farlig avfall? (M-550/2016) Substitusjonsplikten (M-104/2014) Avfallsdeklarering.no (M-421/2015) Sikkerhetsdatablad for farlige kjemikalier (M-285/2014) Elektronisk kjemikaliedeklarering til produktregisteret (M-373/2015)