Nord-Aurdal kommune. Deres ref.: Vår ref.: Vår dato: stujan - 11/

Like dokumenter
SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

Austevoll kommune. Arkivkode FA-000

Høringsuttale frå Time kommune - Kulturskuleløftet

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Uttalelse fra Vikna kommune vedrørende kulturskoleutvalgets rapport.

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Mål og strategiar for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Høyring - Forskriftsendringar. Krav til relevant kompetanse i undervisningsfaget m.m.

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

A. Forskrift til opplæringsloven Høring på endringar (frå Utdanningsdirektoratet)

Utval Saksnummer Møtedato Plan- og økonomikomiteen 082/ Time kommunestyre 040/

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

PPT no og i framtida.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

MØTEINNKALLING. Formannskapet

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid: 14.30

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

I dette rundskrivet finn du informasjon om innføring av valfag på ungdomstrinnet.

2. Tydeleggjering av at undervegsvurdering er ein del av den samla vurderinga når standpunktkarakteren vert fastsett.

FAUSKE KOMMUNE Kultur

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Mellombels komité - Utgreiing av kulturskuletilbodet i Luster

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

NOU 2010:7 MANGFALD OG MEISTRING - FLEIRSPRÅKLEGE BARN, UNGE OG VAKSNE I OPPLÆRINGSSYSTEMET

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Kommunalsjef samfunn. Forslag til busetjingsordning for flyktningar med mål om raskare busetjing høyringsuttale

Referat frå møte

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

NOU 2014 : 14 FAGSKOLEN - ET ATTRAKTIVT UTDANNINGSVALG

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringsloven gjøres følgende endringer:

STATLEG GODKJENNING AV KOMMUNALE LÅNEOPPTAK OG LEIGEAVTALAR FØR IVERKSETJING AV KOMMUNEREFORMA - FRÅSEGN

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Skuleåret 2017/2018.

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: Møtetid: 15:00-19:30 Møtestad: Kommunehuset

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Til Kunnskapsdepartementet

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Deres ref: Vår ref Saksbehandler Dato 2010/ Eldbjørg Hogstad

Kulturskoleløftet kulturskole for alle høring. (Høringsfrist 14. februar)

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: Tid: 14:00

Transkript:

Nord-Aurdal kommune Det kongelege kunnskapsdepartement postboks 8119 Dep 0032 OSLO Deres ref.: Vår ref.: Vår dato: 201005688 stujan - 11/1205 14.02.2011 Høyringsuttalelse Kulturskoleløftet - kulturskole for alle Det er gjort følgende vedtak i saken: Forslag til vedtak frå arbeidsutval for oppvekst og kultur: Nord-Aurdal kommune vedtek å sende vedlagte uttale til høyringsmottakar. 03.02.2011 Arbeidsutval oppvekst og kultur Leiar Aud Søyland gjorde greie for framlegget til høyringsuttale. Aud Søyland hadde utarbeid eit framlegg til høyring på bakgrunn av kulturskuleutvalet sin rapport og ut frå innspel mellom anna frå kulturskulen i Nord-Aurdal kommune. Arbeidsutvalet drøfta framlegget til høyringsdokumentet. Viste til at arbeidet både i kulturskulen og grunnskulen ber frukter. Eit eksempel er førestillinga til Nord-Aurdal ungdomsskole Tapas, som samla fullt hus. Votering: Høyringsuttala vart samrøystes vedteke med nokre endringar. AU1-001/11 Vedtak, samrøystes: Nord-Aurdal kommune vedtek å sende vedlagte uttale til høyringsmottakar.. Med hilsen Jan Stundal virksomhetsleder Besøksadresse: Postadresse: Telefon: Telefaks: Organisasjonsnummer: 961381908 Rådhuset Postboks 143 «Sse_Tlf» «Sse_Fax» E-post: nak@nord-aurdal.kommune.no Jernbanevegen 22 2901 Fagernes www.nord-aurdal.kommune.no

Side 2 of

Til Kulturskuleutvalet Høyringsmerknader om rapport frå kulturskuleutvalet Nord-Aurdal kommune har motteke rapporten frå kulturskuleutvalet, datert 7.9.2010, til høyring. Nedanfor følgjer merknadene frå arbeidsutval for oppvekst og kultur. Meir kulturfag i skulen Utvalet peikar på at kulturfaga har fått mindre plass i skulen, og rår til at det blir endra. Nord- Aurdal kommune støttar det framlegget, fordi vi ser at kultur har stor eigenverdi for kvart enkelt menneske. Dessutan meiner vi at skulen har vorte for teoretisert, og at kulturfaga kan vera eit pusterom for elevar som ikkje er teoretisk sterke. Som utvalet seier, kan kulturfaga òg ha ein instrumentell verdi ved at dei fører til betre læring og betre integrering. Utvida oppgåver for kulturskulen krev meir ressursar Om kulturskulen si rolle seier utvalet at det er formålstenleg å ha ein omfattande kulturskule som tek seg av dei tradisjonelle kjerneområda (opplæring i kunst- og kulturfag), men som òg kan vera med og løyse samfunnsoppgåver innanfor skule og helse. Nord-Aurdal kommune seier seg samd i det, men meiner at kulturskulen må tilførast meir ressursar frå sentralt hald viss dei skal ta på seg oppgåver utover kjerneoppgåvene. Forholdet kulturskule grunnskule I punkt 1.5.3 seier rapporten: Utvalget ser det som framtidsrettet og nødvendig at modellene der kulturskoleelever, enkeltvis eller i smågrupper, tas ut av ordinær grunnskoleundervisning, utvikles videre, og at det klargjøres fra sentralt hold hvordan dette kan løses smidigere i forhold til lover og forskrifter. Nord-Aurdal kommune er skeptisk til at elevar skal takast ut av ordinære grunnskuletimar. No når timetalet i grunnskulen er utvida, er det merkeleg at ein samtidig går inn for å svekkje det ved at elevar blir tekne ut. Det svekkjer òg grunnlaget for ein meiningsfylt heildagsskule, eller utvida skuledag, der kulturskulefaga kunne få sin plass i tidsrom då det ikkje er regulær undervisning. Nord-Aurdal kommune har gjort forsøk med å ta elevar ut frå ordinære grunnskuletimar. Her er nokre erfaringar: Det er uheldig for fordjuping og konsentrasjon om ein elev som er i gang med ei oppgåve, blir teken ut for å lære noko anna. Eleven er ikkje alltid motivert for å bli teken ut or klassen. Eleven går glipp av verdifull undervisning. Eleven, foreldra og læraren er ikkje samde om kva slags grunnskuleaktivitet eleven skal takast ut av. Verdifull tid går tapt når skulen skal ha skidag, skodespel osv., og kulturskuletimar fell ut. Det er vanskelegare å organisere samspel. Grunnskulelærarane får ekstra arbeid med å vurdere korleis dei skal leggje opp undervisninga, med elevar som kjem og går.

Fordelar ved ettermiddags- og kveldsaktivitet: Foreldra kan vera med og sjå og høyre, og støtte opp om læringa. Elevane kan få litt pause før dei går til ny læring. Det er mogleg å få til samspelgrupper. Mandatet til Kulturskoleutvalet gjekk i stor grad på samarbeidet mellom SFO og kulturskulen, og me støttar utvalet i at det har utvida rapporten til å gjelde heile det 13-årige skuleløpet. Økonomi Nord-Aurdal kommune merkar seg at det er tilført 40 millionar i ekstra stimuleringsmidlar til kulturskulen i 2010 og 2011, for å oppnå ei utvikling i kulturskulane slik det er omtala i Kulturløftet II. Vi meiner det er svært positivt, men vil peike på at det ikkje er tilstrekkeleg for å oppnå målsetjingane i Kulturløftet II. Derfor vonar vi det er mogleg å auke summen i åra som kjem, slik utvalet skriv i punkt 8.3. Rapporten er elles uklar om ordningar for statsstøtte. Det ser ut til at det skal bli utviklingsmidlar som før, men også stimuleringsmidlane må givast slik at det blir ei generell styrking. Alle kommunar bør få; ikkje berre dei som har vore flinke. Rapporten føreslår at det blir sett eit tak på 2000 kr i elevavgift. I så fall er det særleg viktig at statsstøtta blir auka. Elles vil låg elevavgift fort føre til at kulturskulane kan ta inn færre elevar, og til lange ventelister. (Sjå pkt. 8.3, 1.5.6, 1.5.7 og 7.4.) Lærarkompetanse Over 50 prosent av grunnskulelærarane har inga utdanning i kunstfag, og kompetansen deira må hevast. Dei som har utdanning, føretrekkjer ofte å arbeide i kulturskulen. Nokre høgskular gir no utdanning som gir kompetanse i å undervise i begge skuleslag. Det er viktig å utvikle slike utdanningstilbod. Skal kommunane greie å få lærarar til skulefaget musikk, må dei kunne gi lærarane tilbod om å undervise i begge skuleslag. Også kompetansen til kulturskulelærarane er sjølvsagt avgjerande for å skapa god kvalitet. Nord-Aurdal kommune meiner at det må sikrast gjennom utdanningssystemet, og ved at kommunane legg til rette for gode stillingar lokalt, m.a. kombinerte stillingar (jf. kap. 1.5.5). Kunstfag i faget utdanningsval? I pkt 4.1 føreslår utvalet at ein kan bruke faget utdanningsval i ungdomsskulen til å få auka omfanget av estetiske fag i ungdomsskulen. Dette ungdomsskulefaget skal femne om kompetansemål frå utdanningsprogram på vidaregåande, og aktuelt fagområde innanfor faget utdanningsval er estimert til 66 timar fordelte på tre år på ungdomsskulen. Desse 66 timane skal gå til utprøving av fleire av dei tolv utdanningsprogramma på vidaregåande, og tidsramma strekk ikkje til for å gi det rommet for estetiske fag som utvalet ønskjer. I pkt 3.2 viser utvalet tilbakegangen estetiske fag har hatt i skulen, frå 19,7 % av timetalet i Mønsterplanen av 1974 til 13,3 % i Kunnskapsløftet frå 2006. Dette er alvorleg på bakgrunn av dei nemnde punkta i dette avsnittet og får også konsekvensar for grunnlaget elevane har når dei møter til opplæring i kulturskulane. Sett i lys av at kunstfaga har fått mindre timetal i grunnopplæringa, av behovet for kontinuitet i opplæringa og behovet for og gleda over kunstfag som mange unge opplever, så støttar me utvalet si vurdering av at ein også på ungdomsskulen må få mulegheit til å velje kunstfag. Men me meiner at ein må finne andre løysingar enn faget utdanningsval.

Vedlegg A Forskrift Nord-Aurdal kommune meiner det er bra at det blir laga forskrift for kulturverksemda, også lokalt. Til punkt 3: Som nemnt ovanfor er vi positive til at skulepengane til kulturskuletimar blir haldne på eit lågt nivå, gjerne maks. 2000 kr. Men då må det følgje med øyremerkt statsstøtte; elles kan det bli til at færre får tilbod, og det blir lengre ventelister. Til punkt 4.2: Her står det: Kulturskolen skal, så langt det er mulig, kunne tilby elevene undervisning innfor rammen av en helhetlig skoledag. Vi meiner det er for leiande, sjølv om det står så langt det er mulig, jf. det vi har sagt ovanfor om å ta elevar ut av undervisninga. Framleis må nok mange koma att seinare på dagen for å få kulturskuleundervisning. Konklusjon Nord-Aurdal kommune: meiner at kulturskulen må tilførast meir ressursar frå sentralt hald viss han skal ta på seg oppgåver utover kjerneoppgåvene. er skeptisk til at elevar skal takast ut av ordinære grunnskuletimar ynskjer at kulturskulen må få midlar til å ivareta kulturinteressa til elevar også på ungdomsskule og vidaregåande nivå. ynskjer framhald og auke av stimuleringsmidlar til kulturskulen, men prosjektmidlar må følgjast opp med meir driftsmidlar. Også mindre kommunar må få økonomiske rammer til å utvikle seg som ressurssenter for eigen kommune. meiner at estetiske fag må vera sentrale komponentar i lærarutdanninga for å kunne gi undervisning av kvalitet i grunnskulen, og for å kunne byggje samarbeidsgrunn mellom kulturskule og grunnskule med tanke på sambruk av lærarar, prosjektutvikling og meir organisatorisk fundert samarbeid om lærarressursar. meiner tilbakegangen for estetiske fag i grunnopplæringa er alarmerande, og at faget utdanningsval på ungdomsskulen ikkje kan løyse denne utfordringa i særleg grad. ynskjer ei forskrift for kulturskulen knytt til 13-6 i opplæringslova.