PLAN FOR SELSKAPSKONTROLL I SURNADAL KOMMUNE 2016 2019 Kontrollutvalgssekretariat Nordmøre Postboks 178 6501 KRISTIANSUND N Aure, Averøy, Halsa, Kristiansund, Rindal, Smøla, Surnadal, Tingvoll
1 Forord I ulik grad engasjerer kommunane seg i selskap som ivaretek viktige samfunnsfunksjonar til det beste for fellesskapet, eksempelvis innan energiforsyning og samferdsel. I noko grad gjeld det og meir ideelle formål, eksempelvis innan idrett og kulturliv. I enkelttilfelle har kommunane gått inn med kapital i næringsverksemd. I aukande grad organiserer kommunane no si eiga verksemd i fristilne selskap, i enkelte tilfelle og delar av tenesteproduksjonen innan viktige velferdsområdar. Særlig gjeld dette innan områder som egner seg for interkommunalt samarbeid. Engasjement i selskap kan ha ulike grunngjevingar og betydning for kommunen, frå å være ein symbolsk støtte til tiltaket gjennom eit lite aksjeinnskot, via ein bevisst satsing på å delta i eller legge til rette for etablering av næringsverksemd, til eit aktivt eigarskap for å utvikle eit kommunalt tenestetilbod saman med andre interessentar. Grunngjevinga for kommunen sitt engasjement er utan omsyn eit vesentlig moment for innhaldet i og omfanget av selskapskontrollen. Felles for alle selskapsengasjement er at kommunestyret slik det er for ordinær kommunal verksemd, ikkje har direkte innsyn i korleis kommunen sine interesser vert ivaretatt, dvs. at kommunale midlar som vert stilt til disposisjon eller vert skote inn i selskapet, er unnateke folkevalt tilsyn og kontroll. Særlig blir dette behovet openbart når kommunen let viktige tenestetilbod bli overlete til selskapsdanningar, eks. interkommunale selskap eller aksjeselskap. Kommunestyret gjennom hjelpeorganet kontrollutvalet har etter lovendringa frå juli 2004 fått heimel til å gjennomføre selskapskontroll i den grad kommunestyret gjennom denne plana ønskjer å legge opp til innsyn i og kontroll med selskapa si verksemd. 2 Formål Med selskapskontrollen ønskjer ein å ivareta følgjande formål: sikre at dei regler som gjeld innanfor vedkommande organisasjonsform og verksemdsområde vert etterlevd i dei verksemder som fell inn under selskapskontrollen i henhold til lov- og forskrift. Forutan etterleving av selskapslovgivinga vert det sett på som særlig påkravd å sikre at arbeidsmiljø- og miljøvernlovgivinga sine bestemmingar vert overheldt i verksemder som er kommunalt eigd. Vidare er etterleving av lov om offentlige anskaffelser eit viktig kontrollaspekt, spesielt i heileigde selskap. kontrollere om den som utøve kommunen sine eigarinteresser utøvar desse i henhold til dei aktuelle lover som regulerer selskapet si verksemd, herunder innafor dei rammer som vedtektene fastsett, og ivaretek kommunen sine interesser i samsvar med kommunestyrets vedtak og føresetnader vedrørande forvaltning av eigarinteressene. tilstrebe ei bevisstgjering om kva kommunen ønskjer å oppnå ved å etablere verksemder, eller ved å skaffe seg eller eige aksjar/andelar i verksemder, åleine eller saman med andre deltakarar/kommunar. vurdere økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknader ut i frå kommunestyrets vedtak og føresetnader i dei selskap kor dette vert bestemt særskilt (forvaltningsrevisjon) Side 2 av 11
3 Avgrensing I plana vil ein ikkje kome inn på forhold rundt selskapslovgivinga sine krav til organisering av det enkelte selskap. Selskapskontrollen vert avgrensa mot regelmessig kontroll med forretningsmessige disposisjonar, noko som hører inn under styrets ansvarsområde. Det vert vidare avgrensa mot andre kommunale engasjement, herunder kommunale garantiar og lån. 4 Selskapsformer Kommunen kan velje å organisere si verksemd på fleire ulike måtar som til dømes: Kommunal etat eller verksemd på tradisjonell måte innanfor forvaltninga Kommunalt føretak (KF) etter koml kapittel 11 Interkommunalt samarbeid etter koml 27 utan at det er eige rettssubjekt Interkommunalt samarbeid (vertskommunesamarbeid) etter koml 28 a-k Interkommunalt samarbeid koml 27 der det er et eige rettssubjekt Interkommunal selskap (IKS) 1 Aksjeselskap (AS) 2 Eit hovudskilje går mellom verksemd som er ein del av kommunen som juridisk person (4 første kulepunkt) og organisasjonsmodellar som er eigne juridiske personar (3 siste kulepunkt) Styrings- og kontrollmoglegheitene er både rettslig og i realiteten større der verksemda er ein del av kommunen som rettssubjekt, enn der verksemda er ein eigen juridisk person. Plan for selskapskontroll vil i hovudsak konsentrere seg om kontroll med selskapsformene som følgjer av kulepunkt 6 og 7. 5 Historikk Inntil ny aksjelov av 1997 trådte i kraft frå 01.01.99 kunne aksjeselskap kor ein eller fleire kommunar hadde meir enn 50 % av stemmene, velje kommune- eller fylkesrevisjonen til oppdragsansvarlig revisor 3. Denne bestemminga vart ikkje vidareført i den nye aksjelova. På same måte avskar ny revisorlov av 1999 moglegheita for kommunalt eller fylkeskommunalt eide aksjeselskap til å velje kommunal- eller fylkeskommunal revisjon. Dette har medført at for perioden 1999 2004 har kontrollutval/kommunal revisjon ikkje hatt moglegheit for innsyn i kommunale aksjeselskap. Dette vart endra ved lovendringa i kommuneloven av 2003 kor det kom eigne bestemmingar om selskapskontroll. 6 Heimel Det følgjer av lov 25.september 1992 nr 107 om kommuner og fylkeskommuner (koml) 77 nr 5 annet punktum: Kontrollutvalget skal påse at det føres kontroll med forvaltningen av kommunens eller fylkeskommunens interesser i selskaper m.m. Bestemminga er nærmare presisert i Forskrift 15.juni 2004 nr 905 om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner (kontrollutvalsforskrifta) kapittel 6. 1 Jfr lov 29.januar 1999 nr 6 om interkommunale selskaper (intkomsel) 2 Jfr lov 13.juni 1997 nr 44 om aksjeselskaper (asl) 3 jfr lov 4.juni 1976 nr 59 om aksjeselskaper (asl) 10-2 annet ledd Side 3 av 11
Bestemminga må ses i samanheng med 80 som gir kontrollutvalet og kommunens revisor tilgang til å krevje informasjon og foreta undersøkingar i selskap med nærmare bestemte krav til eigarstruktur. 7 Typar av kontroll Selskapskontroll kan i hovudsak delast inn i to: for det første den obligatoriske eigarskapskontroll. For det andre ein valfri selskapskontroll åleine eller med ein forvaltningsrevisjon. Selskapskontroll Obligatorisk eigarskapskontroll Kontroll med forvaltninga av kommunen sine samla eigarinteresser i selskap, jfr koml 77 nr 5. Selskapskontroll Kontroll med interkommunale selskap eller aksjeselskap der kommunen åleine eller saman med andre kommunar/fylkeskommunar eig 100 % av selskapet, jfr koml 80. Evt med Valfri forvaltningsrevisjon Systematiske vurderingar av selskapa sin økonomi, produktivitet og måloppnåing ut frå kommunen sine vedtak og føresetnader, jfr koml 77 nr 4 annet punktum. Selskapskontrollen kan illustrerast som følgjande: Kommunestyret Eierskapskontroll (obl.) Utøver av kommunens eierskapsinteresser Kontrollutvalget Generalforsamling / representantskapsmøte Revisor Selskapskontroll m /valgfri Forvaltningsrevisjon (friv.) Styre Fristilt virksomhet organisert som AS eller IKS (hel- eller deleid sammen med andre kommuner/fylkeskommuner) Side 4 av 11
7.1 Eigarskapskontroll Det følgjer av kontrollutvalsforskrifta 14 første ledd: Kontrollutvalget skal påse at det gjennomføres kontroll med forvaltningen av eierinteressene i de selskaper som er omfattet av slik kontroll, herunder å kontrollere om den som utøver kommunens eller fylkeskommunens eierinteresser i selskaper gjør dette i samsvar med kommunestyrets/fylkestingets vedtak og forutsetninger (eierskapskontroll). Den obligatoriske eigarskapskontrollen retter seg mot alle selskapsdanningar som kommunen direkte eller indirekte har eigarinteresser i uavhengig av eigarstruktur. Kontrollutvalets rolle i denne samanheng er i hovudsak å påse at kommunen/fylkeskommunen fører tilsyn med sine eigarinteresser. 7.2 Selskapskontroll Det følgjer av koml 80 første ledd: I interkommunale selskaper etter lov 29.januar 1999 nr 6 og i aksjeselskaper der en kommune eller fylkeskommune alene eller sammen med andre kommuner eller fylkeskommuner eier alle aksjer, og i heleide datterselskaper til slike selskaper, har kommunens eller fylkeskommunens kontrollutvalg og revisor rett til å kreve de opplysninger som finnes påkrevd for deres kontroll, så vel fra selskapets daglige leder som fra styret og den valgte revisor for selskapet. I den utstrekning det finnes nødvendig, kan kontrollutvalget og kommunens revisor selv foreta undersøkelser i selskapet. Denne utvida innsynsretten gir moglegheit til å rette kontrollhandlingar direkte mot selskapet. Selskapskontroll er med andre ord noko meir enn eigarskapskontroll og føreset ein meir aktiv utøving av tilsynet i forhold til det enkelte selskap. Det følgjer vidare av koml 80 tredje ledd: Kontrollutvalget og kommunens eller fylkeskommunens revisor skal varsles og har rett til å være tilstede på selskapets generalforsamling, samt møter i representantskap og tilsvarende organ. 7.3 Forvaltningsrevisjon Det følgjer av Forskrift 15.juni 2004 nr 905 om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner (kontrollutvalsforskrifta) 14 annet ledd: Selskapskontrollen kan også omfatte forvaltningsrevisjon, jf forskrift om revisjon i kommuner og fylkeskommuner kap 3. Forvaltningsrevisjon følgjer av koml 77 nr 4 og er definert i forskrift 15.juni 2004 nr 904 om revisjon i kommunar og fylkeskommunar (revisjonsforskrifta) kapittel 3. Forvaltningsrevisjon i samband med selskapskontroll er lik den som vert brukt overfor forvaltningsrevisjon mot kommuneforvaltninga si verksemd for øvrig og omfattar undersøkingar omkring økonomi, produktivitet og måloppnåing/verknader i selskapet. Som nemnt er denne revisjonsforma avgrensa til bare å omfatte heil- og deleigde selskap etter koml 80. Side 5 av 11
Forvaltningsrevisjon som del av selskapskontrollen er ein frivillig sak, men i den grad denne revisjonsforma er aktuell i kommunen, bør den koordinerast med den øvrige forvaltningsrevisjon som den valde revisor skal utføre. Som for forvaltningsrevisjon for øvrig skal likevel evt val av prosjekt basere seg på ei overordna analyse av selskapet ut frå risiko- og vesentlegheitsvurderingar, vurdert i forhold til dei interesser kommunen har i selskapet. Ein reknar med at forvaltningsrevisjon i første rekke vil være aktuelt mot selskap som ivaretek vesentlige velferds- eller samfunnsinteresser på vegne av kommunen. 8 Selskapskontrollens innhald 8.1 Innleiing For å føre kontroll med at kommunens interesser som eigar av et selskap vert forvalta økonomisk forsvarleg, kan det være aktuelt å vurdere Selskapet sin status økonomi og driftsmessige situasjon som organisering leiing omstillingsevne oppnådde resultat sett i forhold til tilsvarande verksemder Denne kontrollen omfattar ikkje ein regelfast kontroll. For selskap innan offentlig tenesteproduksjon vil det og være viktig å vurdere andre faktorar ut over dei reint økonomiske. Nedanfor er det skissert aktuelle analyser og problemstillingar som kan inngå i selskapskontrollen. Oppregninga er ikkje uttømmande, men er delt i hhv. den som kan verte utøva mot alle selskap, jfr koml 77 nr 5, og det som vert spesielt for heil- og deleigde selskap, jfr koml 80: Alle selskap: analyse av kommunestyrets vedtak/intensjonar og forventningar med selskapet har kommunen etablert ein eigarstrategi for selskapet, for eksempel regelmessig rapportering og oppfølging? korleis er arbeidsdelinga for oppfølging av kommunens eigarskap i selskap? korleis fungerer kommunens rapportering frå valde representantar i selskapet til kommunens eigne politiske organ? Heil- og deleigde selskap: gjennomgang av selskapets strategidokument, økonomiplan, årsrapport m.v. analyse av 3 siste årsrekneskap samanlikning med tilsvarande selskap utøver styret og generalforsamlinga sin myndigheit i tråd med lover og regler/vedtekter? vert avgjerder vedtatt i rett organ i selskapet og i kommunane? Side 6 av 11
driv selskapet i tråd med kommunestyrets vedtak/intensjonar, til dømes ein rimelig effektiv drift? er organisasjonsforma føremålstenleg i forhold til drift og alternative organisasjonsformer? vert endringar i selskapets aktivitetar vurdert før igangsetting? vert vesentlige investeringar vurdert før godkjenning? m.m. Forvaltningsrevisjon i heil- og deleigde selskap vil som nemnt evt komme i tillegg til selskapskontrollen i den grad denne revisjonsforma ønskes utført. I samband med selskapskontroll kan det være føremålstenleg å skilje mellom følgjande: 8.2 Kontroll ved selskapsetablering Eit sentralt element i kontrollen i samband med etableringa bør være kontroll av opningsbalansen i den fristilne verksemda. Her bør det vurderast om dei verdiar kommunen avgir til verksemda er i samsvar med kommunestyrets vedtak og føresetnader, og om de står i eit rimelig forhold til motytinga i form av aksjar, innskotskapital eller liknande. Vidare bør det kontrollerast om konstitueringa av selskapsorgan m.m. har skjedd i henhold til det aktuelle lovverket, f eks aksjeloven og lov om interkommunale selskap. På same måte bør selskapets vedtekter vurderast opp mot kommunestyrets føresetnader for etableringa. 8.3 Kontroll etter etablering Kontrollen etter at selskapet er etablert, kan delast inn i tre etappar. For det første bør det foretas risiko- og vesentlegheitsvurdering for kommunen si eigarinteresse i selskapet. Resultatet av denne vurderinga bør få betydning når ressursinnsatsen vert bestemt. Med utgangspunkt i dei tilgjengelige ressursane bør det for det andre utarbeidast planer kor det går fram kva slags kontrollhandlingar som skal utførast. Ved utført kontroll, vert det konkludert i forhold til målsettinga for kontrollen; stadfesting på at den som utøver kommunens eigarinteresse utøver myndigheita på den måten som er fastsett i den aktuelle verksemdslova, og ivaretek kommunens eigarinteresser i samsvar med kommunestyrets vedtak og føresetnader vedrørande forvaltninga av eigarinteressene. For det tredje vert det rapportert om den utførte kontrollen. 9 Gjennomføring Detaljbestemmingane om eigarskapskontroll er nedfelt i kontrollutvalsforskrifta kapittel 6, og vert dermed ikkje rekna som revisjon i tradisjonell betydning, dvs. som regnskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon som er den valde revisors domene. Kontrollutvalet står dermed fritt i velje kven som skal gjennomføre eigarskapskontrollen, jfr forskriftas 13 tredje ledd. Det følgjer av kontrollutvalsforskrifta 13 tredje ledd: Kontrollutvalget avgjør selv hvem som på dets vegne skal gjennomføre selskapskontroll. Side 7 av 11
Særlig når det gjelder selskapskontrollen etter koml 80 er det viktig at den som står for utføringa, har nødvendig kompetanse i forhold til dei vurderingar som skal gjørast, spesielt rekneskaps- og revisjonsfaglig bakgrunn. Gjennomføring av selskapskontroll vil i hovudsak følgje av NKRFs Veileder for gjennomføring av selskapskontroll. Forvaltningsrevisjon retta mot heil- og deleigde selskap etter 80 skal derimot utførast av revisjonen. Sjølv om kontrollutvalet i prinsippet står fritt i å velje revisor for forvaltningsrevisjon, synes det fordelaktig at kommunens oppdragsansvarlige revisor vert vald, evt slik at utvida eigarskapskontroll og forvaltningsrevisjon vert utført av same revisor. Dette skulle tilseie at Distriktsrevisjon Nordmøre IKS fortrinnsvis vert vald til dei kontroll- og revisjonsformer som vert regulert av koml 80. Gjennomføring av forvaltningsrevisjon vil i hovudsak følgje av revisjonsforskrifta kapittel 3 og RSK 001 Standard for forvaltningsrevisjon organisert som prosjekt. Kontrollutvalet bør ha fullmakt til å fastsetje nærmare kven som skal stå for gjennomføringa. I deleigde selskap der fleire kommunar er med, bør kontrollutvala i eigarkommunane kunne koordinere eventuell kontroll og revisjon seg imellom. Det følgjer av kontrollutvalsforskriftas 15 første ledd annet og tredje punktum: Et selskap som er omfattet av selskapskontrollen, og den som utøver kommunens eierfunksjon, skal alltid gis anledning til å gi uttrykk for sitt syn på de forhold som omtales i rapporten. Eventuelle kommentarer skal fremgå av rapporten. Bestemminga tilsvarer i stor grad koml 77 nr 6 annet ledd vedrørande administrasjonssjefens eksklusive uttalerett til saker kor kontrollutvalet rapporterer og innstiller til kommunestyret. 10 Rapportering Det følgjer av kontrollutvalsforskrifta 15 første ledd første punktum: Kontrollutvalget fastsetter selv hvordan utført selskapskontroll skal rapporteres til utvalget, herunder hvilket innhold slik rapport skal ha. Det følgjer vidare av 15 annet ledd: Med utgangspunkt i planen for gjennomføring av selskapskontroll skal kontrollutvalget avgi rapport til kommunestyret eller fylkestinget om hvilke kontroller som er gjennomført samt om resultatene av disse. Det vil være naturlig at rapporter vert vidareformidla fortløpande til kontrollutvalet. Når det gjelder rapportering til kommunestyret legg ein opp til ei oversending av rapporter fortløpande. Sjølv om det ikkje er bestemte krav til innhaldet i slike rapporter, ser ein det som formålstenleg at rapporten bl.a. inneheld Faktaomtale om selskapet m /opplysningar som ein meiner kan ha interesse for kommunestyret Side 8 av 11
Alle prinsipielle forhold og merknader, samt Opplysningar om selskapets oppfølging av disse. 11 Tidsperspektiv Det følgjer av kontrollutvalsforskrifta 13 annet ledd: Kontrollutvalget skal minst én gang i valgperioden og senest innen utgangen av året etter at kommunestyret eller fylkestinget er konstituert, utarbeide en plan for gjennomføring av selskapskontroll. Planen vedtas av kommunestyret eller fylkestinget selv som kan delegere til kontrollutvalget å foreta endringer i planperioden. Planperioden er meint å være samanfallende med valperioden, men med moglegheit for rullering med tanke på at val av prosjekt skal ha så stor aktualitet som mulig. 12 Ressursar Kontrollutvalgssekretariat Nordmøre har ei bemanning på 1,5 årsverk og kan i begrensa grad foreta eigarskapskontroll og/eller selskapskontroll. Distriktsrevisjon Nordmøre IKS har sett av ressursar tilsvarande 2,2 årsverk til gjennomføring av forvaltningsrevisjon i distriktets 8 kommunar. 13 Omfang Nedanfor følgjer oversikt over selskap som vert omfatta av selskapskontroll med innsynsrett etter koml 80. KOMMUNALT HEILEIGDE AKSJESELSKAP Selskap / Org nr Aksjar Bokført verdi Svorka Energi AS 919 763 159 Trollheim Vekst AS 991 323 848 Tilsvarer Andre eigarar i % 533 533.000 41,0 Halsa (17,0 %) Rindal (17,0 %) MR Fylke (25,0 %) 125 47,17 MR Fylke (37,74%) Sunndal (5,66%) Halsa (3,77%) Rindal (3,77 %) Tingvoll (1,89 %) Surnadal Alpinsenter AS 100 985 000 100,0 Surnadal Alpineiendom 200 200 000 100,0 AS INTERKOMMUNALE SELSKAP Selskap / Org nr Andel i % Andre eigarar Distriktsrevisjon Nordmøre IKS 974 780 240 11,1 Aure (11,1 %) Averøy (11,1 %) Halsa (11,1 %) Kristiansund (22,2 %) Smøla (11,1 %) Rindal (11,1 %) og Halsa Interkommunale Psykiatriske senter 983 789 129 Tingvoll (11,1 %) 50,0 Halsa (50,0 %) Side 9 av 11
Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal IKS 982 330 459 Kristiansund og Nordmøre Havn IKS 986 712 720 HAMOS Forvaltning IKS 2,047 Øvrige kommunar i Møre og Romsdal samt Møre og Romsdal fylke 8,0 Kristiansund 38,0% Sunndal 9,0% Averøy 7,0% Smøla 7,0% Gjemnes 6,0% Hemne 5,0% Tingvoll 4,0% Halsa 4,0% Aure 7,0% Hitra 6,0% 12,3 Hemne kommune 8,8% Agdenes kommune 3,6% Meldal kommune 8,1% Orkdal kommune 23,5% Snillfjord kommune 2,0% Skaun kommune 14,0% Rindal kommune 4,3% Hitra kommune 9,0% Frøya kommune 9,0% Rennebu kommune 5,4% Det følgjer av departementets merknader til kontrollutvalsforskriftas 13 annet ledd: Etter annet ledd skal det utarbeides en plan for selskapskontroll. Kontrollutvalget vedtar hvilke selskapskontroller som skal gjennomføres med utgangspunkt i denne planen. Det følgjer av koml 80 annet ledd: Kommunestyret eller fylkestinget kan fastsette regler om kontrollutvalget og revisors kontroll med forvaltningen av kommunens eller fylkeskommunens interesser i selskapet og herunder fastsette hvilke dokumenter mv. som skal sendes kommunens eller fylkeskommunens kontrollutvalg og revisor. Det følgjer av forarbeida til bestemminga 4 : Bestemmelsen i annet ledd gir kommunestyret og fylkestinget hjemmel til å fastsette nærmere regler om kontrollen med selskaper. Denne hjemmelen kan imidlertid ikke brukes til å innskrenke den innsynsrett kontrollutvalg og revisor har etter første ledd. Det vert lagt opp til å presisere omfanget av selskapskontroll i eigne retningsliner vedlagt denne plana. 4 Ot.prp. nr. 70 (2002-2003) omlov om endringer i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner m.m. (kommunal revisjon) under punkt 11 s.109 Side 10 av 11
14 Prioritering I samband med obligatorisk eigarskapskontroll er det hovudsakelig kommunen si oppfølging av eigarinteresser ein vil ha tilsyn med. Når det gjeld den valfrie selskapskontrollen ser ein det som formålstenleg å prioritere mellom selskap etter fastsette kriterium. Aktuelle kriterium er (i prioritert rekkefølgje): 1. selskap som gir et direkte tenestetilbod til kommunens innbyggarar 2. selskap som har et samfunnsmessig ansvar 3. selskap som er heileigd av kommunen 4. selskap der kommunen har betydeleg eigarinteresse i antall aksjar/andelar eller stor økonomisk del av aksjekapitalen. 15 Avslutning Med det nye regelverket om selskapskontroll vert dei folkevalde sikra betre tilsyn og kontroll med den delen av den kommunale verksemda som er organisert som interkommunale selskap eller aksjeselskap. Men kontroll og tilsyn er ikkje bare spørsmål om behov og moglegheit, men og om kontrollvilje. Avgjørande for om kommunen har tilfredsstillende kontroll og tilsyn med sine fristilne verksemder vil i hovudsak være betinga av om det er politisk vilje til kontroll med verksemdene. I dette ligg at det vert stilt ressursar til disposisjon for kontrollutvalet for gjennomføring av selskapskontroll. For kommunestyret som øvste politiske organ i kommunen vil det og være viktig heile tida å vurdere om dei organisasjonsformer som kommunen har vald for si verksemd, er eigna til å fremme dei mål og verdiar for kommunens verksemd som kommunestyret meiner er viktige. Kommunestyret som forvaltar kommunen sitt eigarskap bør minst ein gong i kvar valperiode få ei eigarskapsmelding med oversikt over alle selskap som kommunen har eigerinteresser i. Denne plana for selskapskontroll skal etter forskriftas 13 annet ledd bli vedtatt av kommunestyret. Etter same paragraf kan kommunestyret delegere til kontrollutvalet å foreta endringar i planperioden. Det vert anbefalt at kommunestyret vedtar ein slik delegering. 16 Anbefaling Med bakgrunn i det ovanfor vil ein foreslå følgjande tilråding : 1. Kommunestyret godkjenner plan for selskapskontroll 2016 2019. 2. Kommunestyret godkjenner retningsliner for selskapskontroll 3. Kommunestyret gir kontrollutvalet fullmakt til å foreta endringar i planperioden. Kristiansund, 13.01.2016 Harald S. Svendsen Sekretariatsleder/spesialkonsulent Vedlegg: 1. Retningsliner for selskapskontroll 2. Oversikt over kommunens eigarskap i selskap Side 11 av 11