Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde Eit oppdrag for heile organisasjonen
Innhald Det er viktig å rekruttere ATV-ar 3 Arbeidsoppgåver på alle nivå 4 5 Konkrete tips i arbeidet 5 6 10 gode grunnar til å bli ATV 7 Alle foto: Tom Egil Jensen
Få med fleire arbeidsplasstillitsvalde! Landsmøtet i 2015 vedtok at organisasjonen skal prioritere arbeidet med å rekruttere tillitsvalde på alle arbeidsplassar. Korleis skal vi no arbeide vidare med dette på alle nivå i organisasjonen? Medlemmene møter Utdanningsforbundet gjennom tillitsvalde på arbeidsplassen. Det er først og fremst dei arbeidsplasstillitsvalde (ATV) som kan sikre at medlemmene opplever forbundet som til stades og relevant for dei. For å kunne fremje medlemmene sine interesser på ein best mogleg måte, må vi ha godt skulerte og motiverte tillitsvalde. Det gir oss påverknad og gjennomslagskraft. Dette heftet har som mål å systematisere arbeidet med rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde på alle nivå i organisasjonen. Del ein viser fordeling av ansvar og oppgåver på dei ulike nivåa. Listene med framlegg til tiltak er ikkje uttømmande, men eit forsøk på å vise kva slags type arbeid som kan gjerast på dei ulike nivåa. Del to inneheld konkrete tips til korleis ein kan støtte arbeidsplasstillitsvalde, korleis ein kan avtale besøk ute på arbeidsplassane, og korleis ein kan gjere Utdanningsforbundet synleg lokalt. Heftet vert avslutta med ei liste over 10 gode grunnar til å vere arbeidsplasstillitsvald. Målgruppa for denne brosjyren er tillitsvalde og tilsette på alle nivå i organisasjonen. Vi håper at dette heftet kan vere eit nyttig verktøy i det vidare arbeidet med rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Lukke til! Hald medlemsregisteret oppdatert! For å lukkast med rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde må vi vite kvar vi har medlemmer, og kvar vi har og ikkje har arbeidsplasstillitsvalde. Det er difor viktig at alle bidreg til eit oppdatert medlemsregister. 3 Utdanningsforbundet
Rekruttering: oppgåver på ulike nivå Kva kan gjerast på arbeidsplassane? På arbeidsplassen kan ein arbeide for å etablere gode rutinar slik at det blir enkelt å rekruttere etterfølgjarar når arbeidsplasstillitsvalde går av. Synleggjere seg sjølv som tillitsvald og Utdanningsforbundet på arbeidsplassen. Hjelpe medlemmene med registreringar og oppdateringar på Min side. Etablere eit klubbstyre. Lage gode rutinar rundt klubbmøte. Samarbeide tett med lokallaget og invitere dei på klubbmøte og andre aktivitetar. Lage gode informasjonsrutinar til medlemmene. Arbeide for at ein etterfølgjar kan rekrutterast når eigen periode går mot slutten. Dyrke fellesskapet og ha det moro saman! Lokallaga sitt ansvar Utvikle eigne handlingsplanar og årshjul for arbeidet med rekruttering av tillitsvalde. Arbeide for å gjere Utdanningsforbundet synleg lokalt. Ha eit kontinuerleg fokus på at registreringar av tillitsvalde innanfor eige lokallag er oppdaterte. Kontinuerleg utarbeide oversyn over arbeidsplassar utan tillitsvalde. Arbeide systematisk og drive oppsøkande arbeid ut mot arbeidsplassar der lokallaget har prioritert å rekruttere tillitsvalde. Samarbeide tett med den einskilde arbeidsplasstillitsvalde og delta på klubbmøte. Bistå og ivareta arbeidsplasstillitsvalde, særleg dei nyvalde. Følgje opp val av nye arbeidsplasstillitsvalde. 4 Utdanningsforbundet
Fylkeslaga sitt ansvar Drive regelbunden og systematisk opplæring av lokallaga i bruk av rapportfunksjonane på Min side. Ha ein årleg gjennomgang av talet på arbeidsplassar med medlemmer utan tillitsvald i alle lokallag. Gjennomgangen skal resultere i ei eiga sak til fylkesstyret med utgreiing av situasjonen og framlegg til eventuelle tiltak. Dette må også vidareformidlast til lokallaga. Arrangere jamlege møte med lokallagsleiarar der temaet rekruttering av tillitsvalde står på agendaen. Arbeide systematisk og drive oppsøkande arbeid ut mot arbeidsplassar utan tillitsvald i samarbeid med aktuelle lokallag. Arbeide for at vervearbeidet og rekruttering av tillitsvalde på alle arbeidsplassar vert samkøyrt og koordinert. Oppnemne eigen ATV-koordinator med særleg ansvar for å koordinere dette arbeidet mellom alle ledda i organisasjonen. Vere ein sentral pådrivar og støttespelar ut mot lokallaga. Oppgåver for Utdanningsforbundet sentralt Vere overordna pådrivar for rekrutteringsarbeidet og koordinere dette arbeidet på tvers av alle nivå i organisasjonen. Utvikle kompetansen i fylkeslaga på Winorg og legge til rette for kompetanseutvikling på lokallags- og arbeidsplassnivået når det gjeld bruk av Min side. Utvikle systematikk på sentralplan når det gjeld registrering av tillitsvalde på ulike avtaleområde / blant ulike medlemsgrupper til faste tider på året. Produsere relevant og nyttig materiell og gjere dette lett tilgjengeleg for ulike målgrupper. Integrere arbeidet med rekruttering av tillitsvalde i tillitsvaldskuleringa. Utvikle og vedlikehalde ein startpakke for nye tillitsvalde. Kontinuerleg arbeide for å forbetre hovudavtalane og vilkåra for tillitsvalde. 5 Utdanningsforbundet
Korleis støtte og ivareta arbeidsplasstillitsvalde? Utvikle nettverksgrupper. Konkrete tips i arbeidet Arrangere ATV-samlingar og møte om aktuelle tema. Invitere arbeidsplasstillitsvalde til styremøte. Tilby kursing for arbeidsplasstillitsvalde, gjerne med HTV. Sørge for at arbeidsplasstillitsvalde har oversikt over eigne medlemmer. Hjelpe til i arbeidet med registreringar og oppdateringar på Min side. Sikre god kommunikasjon og dialog mellom arbeidsplasstillitsvalde, lokallag, fylkeslag og sekretariatet. I arbeidet med å sikre ein etterfølgjar, kan lokallag involvere fleire i klubbstyret på samlingar og kompetanseutvikling. Korleis avtale besøk ute på arbeidsplassane? Fortel kvifor du ringer, og ver konkret på at vi har medlemmer der utan ein arbeidsplasstillitsvald. Presenter forbundet. Kven er vi og kva arbeider vi for? Legg vekt på at vi har ein føremålsparagraf ( 2 i vedtektene) som mellom anna fokuserer på vår rolle innanfor profesjonsfaglege og utdanningspolitiske spørsmål. Utdanningsforbundet er den største organisasjonen for pedagogisk personale i Noreg, og vert opplevd som ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet med å gi barn, unge og vaksne eit godt og likeverdig utdanningstilbod. Be om å få komme på besøk for å møte dei tilsette og fortelje om Utdanningsforbundet. Ver open om at alle som vil høyre om Utdanningsforbundet, er velkomne til å møte deg når du besøker arbeidsplassen. Det gjeld og leiinga. Fortel arbeidsgjevar at å bidra til eit godt fagleg samarbeid mellom tilsette og leiing og er ein viktig del av rolla som tillitsvald på arbeidsplassen. Ta vare på den gode relasjonen med leiar dersom han eller ho ynskjer deg velkommen til arbeidsplassen. 6 Utdanningsforbundet
Korleis gjere Utdanningsforbundet synleg lokalt? Ta gjerne direkte kontakt med arbeidsgjevar på arbeidsplassar der vi har medlemmer, men ingen tillitsvald. Be om å få komme på besøk og møte dei tilsette. Skriv lesarinnlegg i lokalavisa om aktuelle saker som gjeld barnehagebarn og skuleelevar. Utdanningsforbundet legg vekt på å snakke meir om dei vi arbeider for, enn om oss sjølve. Det skaper og meir forståing ute blant folk. Hald kontakt med lokale journalistar og tips dei om viktige saker. Det kan gjere Utdanningsforbundet til ei etterspurd kjelde i mange saker. Inviter gjerne journalistane med når de skal ut på noko som kan skape fine bilete (t.d. Barnehagedagen, skogstur med ein skule, medlem nr. 1000 eller 10 000, eller kakeselskap hos Utdanningsforbundet for å feire politisk gjennomslag i ei lokal sak). Nesten alle er på Facebook. Sørg for å ha ei Facebook-side for lokallaget der de legg ut aktuelle saker frå lokale medium, vidareformidlar saker frå Utdanningsforbundet sentralt, tipsar om lokale møte og arrangement og så vidare. Facebook eignar seg godt til å gjere oss synlege og vise fram engasjementet vårt. Prøv å skrive korte og interessevekkande introduksjonar til sakene de legg ut, og bruk alltid bilete. 9 9 Ha stand og gjer Utdanningsforbundet synleg på offentlege møteplassar, t.d. ved ulike arrangement. 7 Utdanningsforbundet
Engasjer deg! 10 gode grunnar til å vere arbeidsplasstillitsvald 1. Du får større forståing og meir kunnskap om eigen profesjon og fagrørsla si rolle i samfunnet 2. Du får god kjennskap til lov- og avtaleverket 3. Du får god opplæring og skulering i rolla som arbeidsplasstillitsvald 4. Du får høve til å påverke arbeidskvardagen for deg og kollegaene dine 5. Du får høve til å påverke utdannings- og oppvekstpolitikken lokalt og nasjonalt 6. Du får verdifull leiarerfaring 7. Du får høve til å delta i nettverk og samlingar med andre tillitsvalde 8. Du bidreg til god dialog og samarbeid med leiinga på arbeidsplassen din 9. Du bidreg til å bygge fagleg og sosialt fellesskap på arbeidsplassen din 10. Som tillitsvald i Utdanningsforbundet blir du ein del av eit fagleg fellesskap med støtte frå heile organisasjonen 8 Utdanningsforbundet Utdanningsforbundet Postboks 9191 Grønland, 0134 Oslo tel +47 24 14 20 00 fax +47 24 14 21 00 utdanningsforbundet.no