IL HARDING SESONGEN 2017
Styret Organisasjonskart Styreleiar Tor Eivind Osmo Mobil: 917 63 419 Sportsleg leiar Terje Meling Mobil: 957 01 191 Kasserar Asbjørn Lutro Mobil: 900 14 720 Styremedlem / Kiosk ansvarleg Kari Sekse Mobil: 916 92 086 Styremedlem Jon Arne Sekse 917 15 390 Sentrale personar Ansvarleg for barnefotballen Cecilie Øvrevoll Disselhorst Mobil: 908 77 113 Materialforvaltar Magni Meling Mobil: 926 60 806
Trenaren sine oppgåver Klubben ser det som sjølvsagt at trenaren følgjer dei retningslinjer som NFF har for barnefotballen, ungdomsfotball og vaksne. (Sjå vedlegg om trenarvett), og elles følgjer dei retningslinjene som gjeld for IL Harding fotball. Skaffa nødvendig utstyr hjå materialforvaltar Møta til rett tid. Om noko skulle forhindra trenaren i å møta, må han/ho skaffa nokon som kan ta treninga. Prøv i det lengste å ikkje avlysa trening. Om ikkje dette lukkast, gje spelarane/foreldre beskjed om at treninga vert avlyst. Gje oppmannen beskjed visst det byrjar nye spelarar på laget. Ansvarleg for uttak av lag til kampar. Ansvarleg for å skaffa ein vaksen person til å vera til stades på kamp om han/ho sjølv er forhindra frå å møta. Nytta elektronisk kamprapport ved både heime- og borte -kamp. (Gjeld klassen G/J 13 og oppover). Ta kontakt med Terje Meling med spørsmål og opplæring kring dette. Hugs at elektronisk kamprapport skal nyttast. Notera seg resultat, utvikling, logg frå kampar, kven spelar osv... Som vert til nytte når det skal skrivast årsrapport for laget. Ferdig årsrapport må leverast til styret i fotballgruppa i god tid før årsmøtet. (ca. midt i nov.) Det skal nyttast standard skjema utarbeida av styret. Klubben set stor pris på jobben de gjer! Lukke til!
Oppmannen sine oppgåver samt litt praktisk informasjon Kontaktperson mellom, trenar/foreldre/spelar/materialforvaltar/styret. Ajourføre (digital) spelarliste for laget du er oppmann for på ilharding.no. Forsikra seg om at dommaren hugsar heimakampen. (dommeroversikt, jmf. dommarkalender) Fotballgruppa Harding set opp dommarar for alle lag som spelar 7 el. 5-ar fotball uansett alder. Lag som speler 9er og 11er fotball må skaffa dommar til heimekampem sjølv. Liste over aktuelle dommarar på ilharding.no Syta for at dommar får betalt ved heimakamp. IL Harding har i tråd med Norges Fotballforbund sin reglar kampvert på alle heimekampane. Det er oppmannen sitt ansvar å vera kampvert eller syte for at andre vaksne/foreldre tek oppgåva. Informer vedk godt kva rolla inneber. Kampverten skal ha på seg kampvertvest. Sjå meir informasjon på eige side om kampvert og dommar Satsar for dømming av barnefotball / ungdomsfotball. Andre satsar om dommaren kjem til reisande frå andre klubbar Laga 7-10 år: 100 kr. pr. kamp Laga 11-12 år:200 kr. pr. kamp Laga 13-16 år: 350 kr. pr. kamp Alle rom som har vore brukt i klubbhuset skal vaskast etter heimekamp. Oppmann har ansvar for at garderoben vert vaska etter bruk ved å setja opp ansvarlege foreldre. Dette må oppmann ordne reint praktisk ved å laga lister. Ansvar for at det vert sal i kiosken ved heimekampar. Få med alle foreldra til spelarane. Foreldreansvarsliste kan vera lurt. Sal av kaffi, saft, vatn, vaflar, kake el. bollar? Opp til dykk. Fotballgruppa har konto på Bunnpris om det er noko som manglar. Alle kan kjøpe det som manglar. I utgangspunktet skal det vera det som trengs i kiosken. Kari Sekse har har ansvar for innkjøp til kiosken. Overskotet set de inn på kontoen til fotballgr.: 3450.35.14593 - merk: laget ditt og dato. Ordna privat skyss om laget ikkje er sett opp med Hardingbilen til bortekamp. Skaffa sjåfør til Hardingbilen om den skal nyttast. Viss laget er sett opp med Hardingbilen, men ikkje kan nytta den, så gje beskjed til anna lag som kan nytta den på bortekamp.(sjå kalender, Hardingbilen på heimesida) Viss ingen andre lag står oppført den dagen, gje beskjed til Terje Meling Nøklane til Hardingbilen får ein på Lofthus Auto Texaco i opningstida. Dei skal leverast inn der etter bruk. Hardingbilen skal vera RYDDA og FYLT med diesel etter
bruk. Fotballgruppa har dieselkort som ligg på Lofthus Auto Texaco. De kan også tanka ved Essostasjonen i Kinsarvik. Dette førast på fotballgruppa Harding. Signer på kvittering. Det skal liggja ferjekort i Hardingbilen. Gje beskjed til kasserar når det treng påfyll. Må sjåfør/foreldre legge ut for diesel/påfyll av ferjekort/bompengavgift, så få kvittering og du/de får utgiftene refundert av kasserar. Har de spelar på laget som er busett på asylmottaket eller er flyktning busett i heradet, kan de låna minibussen på asylmottaket. De må sjølvsagt ta kontakt med mottaket og avtala med dei. Får de låna minibussen, er reglane som for bruk av Hardingbilen. Ved flytting av kampar skal dette avtalast med motstandar. Sjå til at det er ledig tid på banen. Eige skjema som skal fyllast ut til kretsen. Gjeld frå J/G 10 og oppover. Henta ut drakter til seriestart hjå materialforvaltar. Ansvar for å få inn alle draktene på laget, og levera dei samla til materialforvaltar når serien er ferdig om hausten. Må fylgja dei retningslinjene som gjeld for fotballgruppa Harding. Oppmannen er ansvarleg for påmelding til cup. Odda TrykkeriCup, ZinkenCup, RøldalCup, EidfjordCup, Tyssocup. Ynskjer laget å reisa på andre cupar, så ta kontakt med Sportsleg leiar, og få klarert at det er i orden. Gje kasseraren beskjed om at de har meldt på lag, slik at cupavgifta vert betalt i tide. Har laget behov for meir medisinutstyr: tape, isposar, plaster Ta kontakt med materialforvaltar. NB! Alle endringar som påverkar andre lag i klubben, eller informasjon som er av interesse for publikum skal meldast til web- ansvarleg for heimesida. (Terje/Hans Jakob)
Kven kontaktar du når? Web-ansvarleg: Hans Jakob Sekse tlf. 900 27 030 Terje Meling tlf. 957 01 191 Hardingbilansvarleg, teknisk: Lofthus Auto tlf. 536 71 270 Hardingbilansvarleg, booking; Irene Instanes tlf. 993 16 617 Materialforvaltar: Magni Meling tlf. 926 60 806 Kasserar: Asbjørn Lutro tlf. 900 14 720 Klubben set svært stor pris på jobben de utfører til glede for små og store. Dess betre du er til å ansvarleggjera alle foreldre, dess betre vil det gå. Lukke til!
KAMPVERT og DOMMAR IL Harding har i tråd med Norges Fotballforbund innført kampvert på heimekampane. Det er oppmannen sitt ansvar å vera kampvert eller syte for at andre vaksne/foreldre tek oppgåva. Kampverten skal ha på seg kampvertvest. Denne vesten ligg i eit skap på ballrommet. Skapet er merka med dommar/kampvert. Nøkkelen til skapet heng saman med nøkkelen til klubbhuset. Oppgåva til kampverten: Før kampen : Sjå til at garderobar er låst opp og i orden. Ønskja bortelaget og dommar velkomen. Visa kor garderobane er. Sjå til at tilskodarar står på motsatt side av trenarar og spelarar. Hjelpa dommaren med utstyr og spørsmål kring kampavvikling (særskilt hjå dei yngre dommarane) Hjelpa til med utfylling av elektronisk kamprapport (ungdomsfotballen) før og etter kamp. Hjelpa til med organisering av Fair play-helsing før kampstart. Oppmoda til FAIR PLAY Ha kunnskap om kor klubbens hjertestarter er og ha telefon for å ringe 113. Under kampen: Etter kampen Utsyr til dommarar: Støtta dommarar og sjå til at det ikkje er uønska reaksjonar mot dommar. oppmoda til gode og positive tilrop frå foreldre, og ta kontakt, viss det går over streken. oppmoda til positivitet frå trenarar/lagleiarar både mot spelarar og dommar. Hjelpa til med organisering Fair play-helsing. Takka bortelaget og dommar for kampen. Samle inn utstyr som dommarane har brukt og leggje det tilbake i skapet. Utfylling av elektronsik kamprapport. (samarbeid med trenar) Sjå til at heimelaget ryddar rundt banen etter kampslutt. Kampvert må syta for at dommarane får det utstyret dei trenger. I skap på ballrommet ligg: Klubbdommarvestar / trøyer som dommarane skal nytta. Fløyter (Dommar skal ha eigen fløyte. Ligg reserve fløyter i skap på ballrommet) Stoppeklokka (skal ligge i skap på ballrommet) Blyant og blokk til å notera undervegs i kampen Dommarane bør elles kle seg i treningsklede (med klubbdommarvest). Skal IKKJE bruka mobil under kamp.
1. Støtt opp om klubbens arbeid gjennom foreldremøter forankres fotballens og klubbens verdisyn. 2. Møt fram til kamper og treninger du er viktig både for spillerne og miljøet. 3. Gi oppmuntring til alle spillerne i med- og motgang dette gir trygghet, trivsel og motivasjon for å bli i fotballfamilien lenge. 4. Vi har alle ansvar for kampmiljøet gi ros til begge lag for gode prestasjoner og Fair Play. 5. Respekter trenerens kampledelse konstruktiv dialog om gjennomføring tas med trener og klubb i etterkant. Ikkje instruer spelarane undervegs i kampen 6. Respekter dommerens avgjørelser selv om du av og til er uenig! 7. Det er ditt barn som spiller fotball. Opptre positivt og støttende da er du en god medspiller. Foreldre og foresatte skal stå på motsatt side av banen for trener/lagleder!