Miljødirektoratet Postboks 5672 Sluppen 7485 Trondheim Sendes til: post@miljodir.no Dykkar ref.: Dykkar dato: Vår ref.: Vår dato: 10.3NF/17swb 24.04.2017 Melding om vedtak om fellingskvote og tilrettelegging for høgt jaktuttak for Nordfjella og søknad om dispensasjonar frå hjorteviltforskrifta Førekomsten av CWD / Skrantesjuke i nordleg del av Nordfjella villreinområde har gjeve oss ein heilt spesiell situasjon, der alle målsettingar innan bestandsforvaltinga av villreinområdet vert endra. Målet med jaktuttaket i 2017 vil vere å maksimere uttaket i den delen av området der ein har kjent smitte. I den delen som pr. dato ikkje har påvist smitte vil målet vere todelt. Her er det viktig å få ut maksimalt med hjerneprøver for testing mot CWD samstundes som ein lyt unngå å totalt utarme delstammen. Denne delstammen kan, dersom han vert funnen smittefri, verte ein svært viktig ressurs for framtidig oppbygging av villreinstamma med friske dyr. Villreinnemnda har gjort vedtaket jfr. ei felles forståing med villreinutvalet om at ein skal arbeide for ein adaptiv plan med rom for tilpassingar ettersom ny kunnskap kjem inn, i form av prøvesvar og framsteg i oppfølgande, pågåande forsking. Planen skal ha reetablering av ei frisk villreinstamme som mål, der avvikling av stamma vil skje med ei vidare tidsramme enn føreslege frå VKM. Me har skissert eit totalforløp på 3-4 år, noko me ser som det kortaste tidsforløpet som er realistisk, der ein undervegs har ei skjerming av stamma og ein kontinuerleg innsats på innsamling av prøver frå kringliggande hjortedyrbestandar, av tamt og vilt. Mattilsynet syner til villreinnemnda sitt kvotevedtak i deira brev til Landbruks- og matdepartementet datert 20.04.2017 (ref. 14/474). Me vil understreke at me ikkje er samde i framdriftsplanen som Mattilsynet set fram i brevet, der dei ynskjer å avvikle heile delstamma innan 01.05.2017. Orientering om vedtak om fellingskvote: Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd har i møte 19.04.2019, sak V-17-10, med heimel i forskrift om forvaltning av hjortevilt av 8. januar 2016, 28, fastsett fellingskvote for Nordfjella villreinområde. Det er for jaktåret 2017 tildelt 3800 fellingsløyver i villreinområdet. Kvoten er svært høg med bakgrunn i ekstraordinær situasjon i villreinområdet. Villreinområdet vert delt i to forvaltningsmessige soner med ulike målsettingar for delstammene, slik det går fram av saksutgreiinga. I sone 1, dvs arealet nord for Fv 50, er det tildelt 3500 fellingsløyver fordelt på 1750 frie løyver og 1750 kalveløyver. Det er gjort vedtak om forlenga jakttid i 14 dagar etter ordinær jakttidsramme og vidare søkt om dispensasjon for forlenga jakttid i ytterlegare 17 dagar samt i 10 dagar i forkant av ordinær jakttidsramme. I sone 2, dvs. arealet sør for Fv 50 er det tildelt 300 fellingsløyver. Uttaket av dyr i sone 2 skal skje etter retta avskyting med fylgjande fordeling på alder og kjønn: 40% frie dyr, 30% simle/ungdyr, 30% kalv. Grunnlaget for tildelinga kjem fram i vedlagte utdrag frå møteboka. Vedtaket er gjort med atterhald om at naudsynte dispensasjonar vert innvilga.
Søknad om dispensasjon: Villreinnemnda søker med dette Miljødirektoratet om dispensasjon frå bestemmingar i hjorteviltforskrifta for å kunne. bestandsplan etter 27. Dispensasjon frå 29, 3. og 4. avsnitt er naudsynt. Orientering om vedtak om forlenga jakttid: Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd har i møte 19.04.2019, sak V-17-9, gjort vedtak om forlenging av jakttida i Nordfjella villreinområde, sone 1 med 14 dagar, dvs. fom. 1. oktober tom. 14. oktober 2017. Vedtaket er gjort med heimel i Forskrift om jakt og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongane frå og med 1. april 2017 til og med 31. mars 2022, 3, pkt. 4, med mål om å auke jaktuttaket i samsvar med kvotevedtaket (sak V-17-10). Kvotevedtaket er gjort med utgangspunkt i ytterlegare forlenging av jakttida. I høve dette syner me til innsend søknad om utvida jakttider i brev med ref. 10.1NF/17swb, datert 15.03.2017. Utdrag frå møtebok for Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd, «Vårmøte med årsmøtesaker og kvotehandsaming», 19.04.2017: Mrk. Det vart skifta om på rekkefylgja i sakene slik at sak V-17-10 vart handsama før sak V-17-9. Sak V-17-9 Vedtak om forlenga jakttid i Nordfjella, sone 1 Saksutgreiing som fylgde møteinnkallinga: «Jfr. vedtak som vart gjort på felles møte på Bjøberg 28.02.2017, om å starte jakta 10.aug. og halde fram til ut oktober månad, har villreinnemnda søkt miljødirektoratet om å utvide jakttida med 10 dagar i forkant og 17 dagar i etterkant av det villreinnemnda har heimel til å fastsette. Villreinnemnda lyt sjølv gjere vedtak om forlenga jakttid med 14 dagar, dvs. 1. 14. okt., i medhald av Forskrf. om jakt- og fangstider 3, pkt. 4.» Vedtak: I medhald av Forskrift om jakt og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene fra og med 1. april 2017 til og med 31. mars 2022, 3, pkt. 4, vedtar villreinnemnda utvida jakttid frå og med 1. oktober til og med 14. oktober 2017 i Nordfjella villreinområde, sone 1. Vedtaket er gjort med mål om å auke jaktuttaket i samsvar med kvotevedtaket Sak V-17-10 Fellingskvote for Nordfjella Det er motteke eit kvoteforslag frå Villreinutvalet i Nordfjella som vart handsama på deira årsmøtet, 29. mars: Villreinutvalet skriv det slik i si møtebok: «Følgjande vedtak om fellingskvote og jakttid vart deretter gjort samrøystes: Sone 1: Fellingskvote: 1750 dyr. Berre frie dyr, med høve til felling av kalv i tillegg til vakse dyr på alle kort. Jakttid: 10. august 31. oktober.
Sone 2: Fellingskvote 300 dyr, fordelt med 40 % frie, 30 % simle/ungdyr, 30 % kalv. Jakttid: 20. august 20. september. Felles for begge soner: Nattefreding kl. 19.00 07.00. Det skal ikkje nyttast kort utskrivne i sone 1 i sone 2. Når jakta er over i sone 2, kan ubrukte kort nyttast i sone 1. Det skal ikkje skytast storbukk etter 15. september.» Det er ulike målsettingar for delstammene, og for jaktuttaket i dei to sonene for jakta 2017. I sone 1 er det eit hovudmål å maksimere avskytinga i høve til kva som er mogleg gjennom jakt. Dette har to delmål: Å redusere stamma for å minske smittepresset og forenkle vidare reduksjon og ei truleg naudsynt framtidig utskyting av all rein i området. Å maksimere antallet CWD-prøver frå delområdet I sone 2 er utgangspunktet eit ynskje om å bevare stamma. Her er det langsiktige målet å bygge opp dyretalet. Det kortsiktige målet, sett pga sjukdomen, er å få ut så mange prøver som mogleg. Det siste gjer at ein vil sette kvota så høgt at stamma truleg vert minska noko, men ikkje så mykje at den får ein stor knekk. Avskytinga lyt vere normal i høve fordeling etter kjønn og alder for å halde på ei god stammestruktur med tanke på framtidig oppbygging. Delstamma i sone 1 er nyleg tald i overkant av 1800 dyr. Med årets kalv vert det 2200-2300 dyr i området før jakt, jfr. stammens struktur og produksjonspotensial. Det er eit mål å redusere vinterstamma mest mogleg, målet er sett til ein nedgang på kring 600 dyr etter end jakt, til anslagsvis 1200. Talet på løyver er sett ut ifrå ei berekning av ynskt kvote, der ein tildeler frie dyr for å syte føre at jeger kan felle dyr i alle gode jaktsituasjonar, uavhengig av samansetnaden av flokken. Det er lagt til eit kalveløyve pr. ynskte frie løyve for å minske talet på attgåande kalvar. Dette vil og kunne bidra noko til høgare uttak, sjølv om ein reknar fellingsprosenten på kalvekorta til å verte lågare enn på fridyrskorta. Hjorteviltforskrifta 28 opnar for inndeling i ulike geografiske soner med ulik kvote og ulikt minsteareal ved særskilte høver. Tidlegare bestemming om at ulikheta berre kan variere innanfor +/- 50 % er teke ut av gjeldande forskrift. Nordfjella villreinområde sin situasjon med sjukdom er eit særskilt høve. Den minste eininga for tildeling av kvote er valdet. I Nordfjella er det to vald, hhv. Hol og Aurland, som har areal på begge sider av det ynskte soneskiljet. Villreinnemnda gjorde i 2016 ein gjennomgang av heimelsgrunnlaget for å krevje ny søknad om valdgodkjenning frå valda, der me og søkte hjelp frå Miljødirektoratet. Det vart då klart at me ikkje har heimel for å dele eksisterande vald, eller krevje ei deling av vald, så sant det ikkje kom ein søknad med initiativ frå grunneigarane sjølve. Framlegget til vedtak føreset at me får ein dispensasjon frå hjorteviltforskrifta, for å kunne fastsetje ulikt minsteareal og ulik fordeling på kjønn og alder innanfor valda Hol og Aurland. Framlegg til vedtak: Fellingskvoten for Nordfjella villreinområde vert fastsett med heimel i Forskrift om forvaltning av hjoretvilt, 28, til 3800 løyver fordelt slik: For areal sør for Fv 50 (sone 2): Med utgangspunkt i antatt stamme 400 dyr jfr. tellingar og observasjonar: Kvote: 300 løyver, fordelt slik: 40% vaksen bukk, 30% simle/ungdyr, 30% kalv.
Kvotefastsettinga er gjort ut frå eit forventa uttak på 150 dyr (mål om 50 % felling), nattefreding frå 19.00 07.00 og ei normal jakttid for Nordfjella (20.08-20.09). For areal nord for Fv 50 (sone 1): Kvote: 3500 løyver, fordelt slik: 1750 frie løyver, 1750 kalv. Kvart kalveløyver fylgjer eit fridyrsløyve. Kvotefastsettinga er gjort ut frå eit mål om å ta ut 1000 dyr, der ein har forventa minst 50 % felling av dei frie løyva og opp til 30% felling av kalveløyvene, dvs, potensielt 1400 dyr. Nattefreding frå 19.00 07.00 og forlenga jakttid (10.08 31.10). Villreinnemnda støttar villreinutvalet i lokale bestemmingar om nattefreding, moglegheit for å nytte ubrukte kort frå sone 2 i sone 1 etter at jakta i sone 2 er avslutta og forbod mot felling av storbukk etter 15. september. Vedtaket er gjort med atterhald om dispensasjon frå bestemminga om jakttider for villrein fastsett av Miljødirektoratet i 2 i Forskrift om jakt og fangsttider, og om dispensasjonar frå hjorteviltforskrifta for å kunne: bestandsplan etter 27. Dispensasjon frå 29, 3. og 4. avsnitt er naudsynt.. Dersom dispensasjon ikkje vert gjeve vert fellingskvoten fastsett med heimel i Forskrift om forvaltning av hjoretvilt, 28, til 2050 løyver fordelt slik: 40% vaksen bukk, 30% simle/ungdyr, 30% kalv. Vedtak: Fellingskvoten for Nordfjella villreinområde vert fastsett med heimel i Forskrift om forvaltning av hjoretvilt, 28, til 3800 løyver fordelt slik: For areal sør for Fv 50 (sone 2): Med utgangspunkt i antatt stamme 400 dyr jfr. tellingar og observasjonar: Kvote: 300 løyver, fordelt slik: 40% vaksen bukk, 30% simle/ungdyr, 30% kalv. Kvotefastsettinga er gjort ut frå eit forventa uttak på 150 dyr (mål om 50 % felling), nattefreding frå 19.00 07.00 og ei normal jakttid for Nordfjella (20.08-20.09). For areal nord for Fv 50 (sone 1): Kvote: 3500 løyver, fordelt slik: 1750 frie løyver, 1750 kalv. Kvart kalveløyver fylgjer eit fridyrsløyve. Kvotefastsettinga er gjort ut frå eit mål om å ta ut 1000 dyr, der ein har forventa minst 50 % felling av dei frie løyva og opp til 30% felling av kalveløyvene, dvs, potensielt 1400 dyr. Nattefreding frå 19.00 07.00 og forlenga jakttid (10.08 31.10). Villreinnemnda støttar villreinutvalet i lokale bestemmingar om nattefreding, moglegheit for å nytte ubrukte kort frå sone 2 i sone 1 etter at jakta i sone 2 er avslutta og forbod mot felling av storbukk etter 15. september.
Vedtaket er gjort med atterhald om dispensasjon frå bestemminga om jakttider for villrein fastsett av Miljødirektoratet i 2 i Forskrift om jakt og fangsttider, og om dispensasjonar frå hjorteviltforskrifta for å kunne: bestandsplan etter 27. Dispensasjon frå 29, 3. og 4. avsnitt er naudsynt. Med helsing Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd Lars Nesse leiar Siri Wølneberg Bøthun sekretariat Kopi til: Klima- og miljødepartementet, postmottak@kld.dep.no Mattilsynet, postmottak@mattilsynet.no Landbruks- og matdepartementet; postmottak@lmd.dep.no Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, fmsfpost@fylkesmennan.no Nordfjella villreinutval, aurland@fjellstyrene.no