Tokke kommune Møteinnkalling Til medlemene i Valstyret Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Valstyret Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Dato: 20.06.2017 Tid: 12:00 Dersom du ikkje kan møte, ber ein om at du melder frå til sentralbordet snarast råd. Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling. Jarand Felland Leiar Marit Seltveit Konsulent -1-
-2-
Saksliste Utvalssaksnr PS 17/1 PS 17/2 Innhald Handsaming til handsaming VALSTYRESAK: Suppleringsval til røystestyra ved Stortingsvalet 2017 VALSTYRESAK: Gjennomføring av førehandsrøysting og godkjenning av røystemottakarar Lukka -3-
Handsamingtilhandsaming -4-
Handsamingtilhandsaming -5-
l Tokke kommune Arkiv: 011 Saksnr.: 2016/946-11 Sakshands.: Olav Bjørn Bakken Direkte tlf.: 35075219 Dato: 09.05.2017 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Valstyret 17/1 20.06.2017 VALSTYRESAK: Val av røystestyre ved Stortingsvalet 2017 Saksdokument: Vallova - valforskrifta Saksutgreiing: Etter vallova 4-2 skal kvar røystekrins ha eit røystestyre på minst 3 medlemer. I Tokke har me hatt praksis for 4 medlemer og 2 varamedlemer då 3 er litt snautt. Reglane om kjønnsrepresentasjon gjeld dvs minst 40 % av kvart kjønn. Talet på røystekrinsar er no redusera til 5: - Dalen - Høydalsmo - Lårdal - Byrte - Åmdals verk Nedanfor er opplyst kven som sat i røystestyra ved førre val i 2015, og praksis i Tokke har vore å ta utgangspunkt i denne lista og erstatte dei som: - har nådd aldersgrensa på 70 år (som fyller 71 år i løpet av valåret), - har flytt frå kommunen eller - av andre grunnar ikkje lenger er aktuelle som medlemar. Dei som må erstattast er merka med ein strek slik: Kjetil Fulsås. I tillegg har Liv Jorunn Utistog (Byrte) bede om fritak. 1. Lårdal røystekrins. Leiar: Alfred Selstø Nestleiar: Ellen Heimdal Medlemer: Heidi Bleiklia Kjetil Olsnes Varamedlemer: Liv Astrid Kristiansen (flytta) Helge Asle Lundeberg 2. Høydalsmo røystekrins Leiar: Svein Bakkan Nestleiar: Margit Nordstoga Medlemer: Solveig Holte Tor Olav Brattekås Varamedlemer: Jarle Solbu Anne Berit Kilen -6-
3. Byrte røystekrins Leiar: Anne Marit Roholdt Nestleiar: Liv Jorunn Utistog søkjer fritak Medlemer: John Utigard Varamedlemer: Arne Nordbø Svein R. Vinjerui Laila Heimdal 4. Dalen røystekrins Leiar: Nestleiar: Modgunn Haugan Sigvart Asle Lie Medlemer: Randi Askje Per Tore Skaalen Varamedlemer: Kjetil Fulsås Ingrid Apeland 5. Åmdals Verk røystekrins Leiar: Nestleiar: Åse Wrålid Torhild Byggstøyl Medlemer: Dag Arne Døli Astrid Bakken Døli Varamedlemer: Inger Synnøve Fles Lie John Odden Rådmannen si tilråding: Røystestyra i Tokke vert slik samansett, men med dei endringar valstyret vedtek: 1. Lårdal røystekrins. Leiar: Alfred Selstø Nestleiar: Ellen Heimdal Medlemer: Heidi Bleiklia Kjetil Olsnes Varamedlemer: Liv Astrid Kristiansen (flytta) Helge Asle Lundeberg 2. Høydalsmo røystekrins Leiar: Svein Bakkan Nestleiar: Margit Nordstoga Medlemer: Solveig Holte Tor Olav Brattekås Varamedlemer: Jarle Solbu Anne Berit Kilen 3. Byrte røystekrins Leiar: Anne Marit Roholdt Nestleiar: Liv Jorunn Utistog søkjer fritak Medlemer: John Utigard Varamedlemer: Arne Nordbø Svein R. Vinjerui Laila Heimdal -7-
4. Dalen røystekrins Leiar: Nestleiar: Modgunn Haugan Sigvart Asle Lie Medlemer: Randi Askje Per Tore Skaalen Varamedlemer: Kjetil Fulsås Ingrid Apeland 5. Åmdals Verk røystekrins Leiar: Nestleiar: Åse Wrålid Torhild Byggstøyl Medlemer: Dag Arne Døli Astrid Bakken Døli Varamedlemer: Inger Synnøve Fles Lie John Odden -8-
l Tokke kommune Arkiv: 011 Saksnr.: 2016/946-10 Sakshands.: Olav Bjørn Bakken Direkte tlf.: 35075219 Dato: 08.05.2017 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Valstyret 17/2 20.06.2017 VALSTYRESAK: Gjennomføring av førehandsrøysting og godkjenning av røystemottakarar Saksdokument: Vallova - valforskrifta Saksutgreiing: Valstyret skal organisere og leggje til rette for ordinær førehandsrøysting i perioden 10.aug til 8.sept. I tillegg skal veljarar som ynskjer det ha høve til å tidlegrøyste i tida 3.juli til 9.august, men må gjere avtale med kommunen i kvart høve. Valstyret fastset opningstidene som i prinsippet kan vere døgnet rundt. Kommunestyret vedtok i sak 17/5 todagarsval i Tokke. Eg legg til grunn at dette vedtaket kan gjennomførast som planlagt då KMD no har fremja eit forslag om endring i vallova slik at kommunale vedtak om dette gjort etter budsjettvedtaket også vert gyldige. På sosiale institusjonar skal det organiserast førehandsrøysting på kvar stad. Veljarar som har vanskar med å koma ut av heimen kan søkje om å få røyste heime såkalla ambulerande førehandsrøysting. Slik søknad må vera sett fram innan ein frist som valstyret fastset. Personar som skal taka i mot tidleg- og førehandsrøyster skal godkjennast av valstyret, og dei vil få opplæring for denne oppgåva. Valstyret gjer også vedtak om ein frist for partia til å krevje eit eksemplar av manntalet. Alle parti som stiller liste ved valet har rett til eit eksemplar av manntalet. Partia kan også be om røystesetlar, men skal i prinsippet betala for desse. Rådmannen si tilråding: -9-
I samband med Stortings- og sametingsvalet 2017 vert det vedteke fylgjande i høve førehandsrøysting: 1. Ålmenn førehandsrøysting finn stad i kommunehuset på Dalen på kvardagar frå kl 09.00 til kl 15.00. Tidlegrøysting (3.juli 9.aug) vert gjort etter avtale i kvart høve. 2. Det vert halde førehandsrøysting på fylgjande institusjonar: Høydalsmo alderspensjonat torsdag den 7.sept. kl. 12.00 13.00 Tokke helsesenter fredag den 8.sept. kl. 13.00 15.00 3. Fristen for å søkje om ambulerande røystegjeving vert fastsett til onsdag 6. sept. kl. 15.00. 4. Fylgjande vert oppnemnde til å kunne taka imot tidleg- og førehandsrøyster: - Olav Bjørn Bakken - Grunde Seltveit - Siv Ella Bekk - Annlaug Engerdal - Anne Marit Roholdt - Liv Ellen Beck - Ragnhild Rinden - Britt Vågslid - Mari Fiskum. 5. Fristen for partia til å krevje eitt eksemplar av manntalet og be om røystesetlar vert fastsett til 1.juli. -10-