Sakshandsamar, innvalstelefon Håvard Rød, 5557 2143 Vår dato 27.01.2015 Dykkar dato 28.11.2014 Vår referanse 2014/14543 331.1 Dykkar referanse 14/752 Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord STORD KOMMUNE - BUDSJETT OG ØKONOMIPLAN Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 20.november 2014. Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60. Fylkesmannen vil ikkje oppheva budsjettvedtaket. Etter 15 i forskrifter om årsbudsjettet skal årsbudsjettet, slik det er vedteke av kommunestyret, liggja føre som eige dokument innan 15. januar. Økonomiske oversyn må vera utarbeidd innan 1. mars i budsjettåret. Etter kommunelova 45 tredje punkt skal innstillinga til årsbudsjett ha vore lagt ut til offentleg gjennomsyn i minst 14 dagar før handsaming i kommunestyret. Det er lagt opp til reduksjon i skatteøyret for kommunane frå 11,4 prosent i 2014 til 11,35 prosent i 2015. Frie inntekter Kommunen har budsjettert med kr. 489.325.000,- i skatt på eige og inntekt for 2015. I 2014 var det ein samla skatteauke for kommunane i landet på 1,9 prosent. Det er no rekna med ein skatteauke for kommunane frå 2014 til 2015 med 5,6 prosent. Kommunen sitt skattenivå i 2014 var 96,8 prosent av landsgjennomsnittet. I rammeoverføring til kommunane er det symmetrisk inntektsutjamning. Kommunar med skattenivå over landsgjennomsnittet får eit trekk i 2015 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom eige skattenivå og landsgjennomsnittet. Kommunar med skattenivå under landsgjennomsnittet får kompensasjon i 2015 tilsvarande 60 prosent av differansen mellom landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunar med skattenivå under 90 prosent av landsgjennomsnittet får også tilleggskompensasjon tilsvarande 35 prosent av differansen mellom 90 prosent av landsgjennomsnittet og eige skattenivå. Kommunen sine frie inntekter består av ordinær skatt og statleg rammeoverføring, medrekna inntektsutjamning. Sum frie inntekter er budsjettert til kr. 893,7 mill. Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 28 51 Kommunal- og samfunnsplanavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
Inntektsprognosen for 2015 er no oppdatert med førebelse innbyggjartal pr. 01.01.2015 og innkomen skatt i 2014. Grunnlaget for inntektsutjamninga vil vere innbyggjartal pr. 01.01. 2015. For innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga med aldersfordeling er grunnlaget innbyggjartal pr. 01.07.2014. Kommunen sine budsjetterte frie inntekter for 2015 er om lag kr. 2,7 mill. høgare enn i den siste inntektsprognosen, kr. 891,0 mill., som no ligg føre. Kommunestyret bør snarleg vedta revisjon av budsjettet og redusera dei budsjetterte frie inntektene slik at dei blir realistiske. For høgt budsjetterte frie inntekter har bl.a. samanheng med at kommunen i 2014 hadde ei lågare skattevekst enn gjennomsnittet for kommunane i landet. I den siste inntektsprognosen er den faktiske skatteinngangen i 2014 innarbeidd som skattegrunnlag. Eigedomsskatt Det er budsjettert med om lag kr. 38,4 mill. i eigedomsskatt for 2015. Budsjettert eigedomsskatt er kr. 1,6 mill. lågare enn i innstillinga til budsjett som følgje av auka botnfrådrag på bustader. Budsjettert eigedomsskatt kan bli fordelt mellom bustad og fritidseigedomar (kr. 22,8 mill.), verk og bruk (kr. 8,4 mill.) og anna næringseigedom (kr. 7,2 mill.). Innkomen eigedomsskatt i 2014 var om lag kr. 40,6 mill. Skattesatsen er to promille av omsetnadsverdien for bustader og fritidsbustader. Skattesatsen er fire promille av omsetnadsverdien for verk og bruk, annan næringseigedom og ikkje utbygd grunneigendom. Kommunestyret har gjort vedtak om at dei årlege inntektene frå eigedomsskatt skal nyttast til inndekning av akkumulert underskot og investeringar innafor skule og helse-omsorg, slik at låneopptaka blir tilsvarande lågare. Løns- og prisauke Prisindikatoren for kommunesektoren for 2015 er i vedteke statsbudsjett 3,0 prosent. Prisindikatoren består av pårekna lønsvekst 3,3 prosent og pårekna prisvekst på varer og tenester med 2,5 prosent. Avdrag I økonomireglane er det gitt minimumskrav for storleiken på årlege avdrag. Etter kommunelova 50 sjuande ledd kan attståande løpetid for kommunen si samla gjeldsbyrde ikkje overstiga den vegde levetida for kommunen sine anleggsmidlar ved det siste årsskiftet. Kommunelova set eit minstekrav til totale låneavdrag for kommunen. Ein hovudregel vil vere at årlege låneavdrag som eit minimum må utgjere om lag 3 ½ - 4 prosent av lånegjelda ( når formidlingslån og avdrag på slike lån ikkje er rekna med ). Fylkesmannen tilrår kommunane at dei ordinære avdraga minst er på dette nivået. Det er budsjettert med kr. 36,9 mill. i ordinære avdrag (utanom avdrag på formidlingslån). Dei ordinære avdraga i budsjettet utgjer 3,0 prosent av kommunen si netto lånegjeld ved utgangen av 2014, det vil seie av den totale lånegjelda (kr. 1362,7 mill.) etter fråtrekk for for- 2
midlingslån/ startlån (kr. 123,4 mill.). Dei ordinære avdraga i budsjettet er noko for låge i høve til det vi tilrår kommunane. Driftsresultat Kommunelova 46 punkt 6 legg til grunn at det blir budsjettert med eit driftsresultat som minst er tilstrekkeleg til å dekka renter, ordinære avdrag og nødvendige avsetjingar (inkl. inndekning av underskot). Paragraf 3 i forskriftene om årsrekneskapen presiserer nærare det driftsrekneskapen og investeringsrekneskapen skal omfatta. Som hovudregel må til dømes ei inntekt og innbetaling som ikkje er ordinær bli ført i investeringsrekneskapen. Ved utgangen av 2013 var det eit attståande akkumulert underskot i kommunen sine føretak med totalt kr. 13,3 mill. Akkumulert underskot for kommunekassa blei dekt inn i rekneskapen for 2013. Prognosen for årsresultat 2014 er tilstrekkeleg positiv til at kommunen kan dekka inn attståande underskot i føretaka med god margin. Overskot for 2014, utover det som blir nytta til inndekning av det attståande underskotet frå tidlegare år (kr. 13,3 mill.), er planlagt nytta til investeringar. Netto driftsoverskot i budsjettet for 2015 er kr. 37,2 mill. Dette er planlagt nytta til finansiering av investeringar åleine, når attståande underskot frå tidlegare år blir dekt inn med 2014 - overskotet. Kommunane er i tidlegare år tilrådd å ha eit netto driftsoverskot i prosent av driftsinntektene på minst tre prosent, basert på prinsippet om formuebevaring. Momskompensasjon frå investeringar har til og med 2013 vore inntektsført i driftsrekneskapen. Frå og med 2014 blir momskompensasjonen frå investeringar i staden inntektsført direkte i investeringsrekneskapen. På denne bakgrunn har Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi i sin rapport frå november 2014 redusert det tilrådde nivået for netto driftsoverskot, i prosent av driftsinntektene, frå tre prosent til 1 ¾ prosent for kommunane generelt ( for fylkeskommunane er det tilrådd eit høgare nivå som følgje av ansvar for tidlegare riksvegar). Tilrådinga er no knytt til kommunekonsern og ikkje som tidlegare til kommunekasse. Nivået på 1 ¾ prosent for netto driftsoverskot er eit tilrådd minstenivå frå utvalet. Fylkesmannen si vurdering er at ei målsetjing om eit noko høgare netto driftsoverskot enn 1 ¾ prosent vil vere positivt med sikte på å kunne handtere svingingar i inntektene og for å ha stabilitet i tenestene. Vi ser det som føremålstenleg at kommunane har eit høgare netto driftsoverskot enn 1 ¾ prosent av driftsinntektene for å ha buffer til å møta økonomiske utfordringar. Kommunestyret har som nemnd gjort vedtak om at dei årlege inntektene frå eigedomsskatt skal nyttast til inndekning av det akkumulerte underskotet og til investeringar innafor skule og helse-omsorg, slik at låneopptaka blir tilsvarande lågare. Når attståande underskot no blir dekt 3
inn med 2014-overskotet, vil dei årlege eigedomsskatteinntektene frå og med 2015 bli nytta til investeringar åleine. Fylkesmannen si vurdering er at kommunen har lagt opp til å handtere eigedomsskatteinntektene på ein føremålstenleg og god måte. Det vil bidra til at kommunen får mindre gjeld enn han elles ville ha fått i dei komande åra. Det vil medføra eit høgare netto driftsoverskot enn den nemnde tilrådinga, noko vi stiller oss positiv til. Investering, lånegjeld og kapitalutgifter I 2015 er det planlagt brutto investeringar for til saman i underkant av kr. 243,0 mill. Ein stor del av investeringane er innan helse - sosial og innan vatn og avlaup. I tillegg kjem låneopptak til vidareutlån med kr. 25,0 mill. Investeringane er planlagt finansierte med låneopptak, driftsfinansiering (eigedomsskatt) og momskompensasjon m.m. Vi har rekna ordinær langsiktig gjeld pr. 31.12.2013 pr. innbyggjar for kommunane i fylket utanom Bergen til kr. 66.068,- (kommunekassa - ikkje konsern). I dette talet er ikkje pensjonsforplikting medrekna. Det tilsvarande talet for kommunen er kr. 67.743,-. Det generelle gjeldsnivået for kommunane i landet har auka vesentleg, og nivået må bli vurdert som høgt. Kommunane samla i fylket utanom Bergen har eit gjeldsnivå som ligg noko høgare enn landsgjennomsnittet. Landsgjennomsnittet (kommunekasse - ikkje konsern) si lånegjeld ved utgangen av 2013 var kr. 60.995,-. Kommunen si brutto lånegjeld ved utgangen av 2014 er rekna til om lag kr. 1362,7 mill., eller omlag kr. 73.300,- pr. innbyggjar. Kommunestyret har vedteke låneopptak som eige punkt i budsjettvedtaket. Fylkesmannen godkjenner følgjande låneopptak: Startlån til vidare utlån, inntil kr. 25,0 mill. Lån til investeringar i vatn og avlaup, kr. 78.440.000,- Lån til andre investeringar, kr. 48.788.000,- Sum låneopptak kr. 152.228.000,- I økonomiplanen er det lagt opp til relativt stor auke i den totale lånegjelda, men ein del av gjeldsauken vil vere knytt til investeringar innan VA - området som er avgiftsfinansierte. Kommunen må unngå at den delen av gjelda som ikkje er avgiftsfinansiert aukar i stor grad over tid. Kommunen må ikkje kome i ein situasjon med for høgt gjeldsnivå i høve til driftsinntektene. 4
Oppsummering Kommunestyret bør snarleg vedta revisjon av budsjettet og redusera dei budsjetterte frie inntektene slik at dei blir realistiske. Dei ordinære avdraga i budsjettet er noko for låge i høve til det vi tilrår kommunane. Når attståande underskot no blir dekt inn med 2014-overskotet, vil dei årlege eigedomsskatteinntektene frå og med 2015 bli nytta til investeringar åleine. Fylkesmannen si vurdering er at kommunen har lagt opp til å handtere eigedomsskatteinntektene på ein føremålstenleg og god måte. Over tid vil dette bidra positivt med omsyn til kommunen sin økonomiske handlefridom. Det er viktig at den ikkje - avgiftsfinansierte delen av gjelda ikkje aukar for mykje over tid. Med helsing Lars Sponheim Rune Fjeld ass. fylkesmann Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift Gjenpart : Deloitte, Sundgaten 119, 5527 Haugesund Hordaland fylkeskommune, Sekretariat for kontrollutval, Postboks 7900, 5020 Bergen 5