FINNØY KOMMUNE FORMANNSKAPET M ø t e p r o t o k o l l Møtedato: 25.11.2015 Møtestad: Finnøy rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl. 08:50 11:00 Møtet vart styrt av: Henrik Halleland (KRF) Medlemene var innkalla i skriv d. 17.11.2015 Til stades: Henrik Halleland (KRF), Odd Bleie (SP), Ingvild Sevheim Steen (KRF), Lars Rørtveit (SP), Jon Olav Runestad (AP), Gro Skartveit (V), Ole Klingsheim (V), Nils Petter Flesjå (H), Jan Terje Vignes (H), Trygve Hetland (H sak 121/15) Møtande varafolk: Trygve Hetland (H sak 121/15) Frå administrasjonen møtte: rådmann Helene M. Ohm, kommunalsjef Hilde Gunn Bjelde Protokollførar: Randi-Merete Lode Finnøy 25. november 2015 Henrik Halleland ordførar Randi-Merete Lode politisk sekretær
Saksliste: Sak nr. Saktittel 114/15 Godkjenning av innkalling og sakliste 115/15 Godkjenning av møtebok 116/15 SAMARBEIDSAVTALE - ADMINISTRATIVT VERTSKOMMUNESAMARBEID PPT 117/15 VENTELISTE - PLEIE OG OMSORG 118/15 BUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN 2016-2019 119/15 SPELEMIDLAR - KOMMUNEDELPLAN FOR ANLEGG OG KULTURBYGG - OPPDATERING AV HANDLINGSDEL 120/15 PRIORITERING AV SPELEMIDDELSØKNADER 2016 121/15 KOMMUNALSJEF OPPVEKST - TILSETTING Ikkje offentleg, jf. off.lova 25
114/15: GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Innkalling og sakliste vert godkjend slik den ligg føre. FSK-114/15 VEDTAK 25.11.2015: Innkalling og sakliste vart godkjend slik den låg føre. 115/15: GODKJENNING AV MØTEBOK Møteboka vert godkjend slik ho ligg føre. FSK-115/15 VEDTAK 25.11.2015: Møteboka vart godkjend slik den låg føre. 116/15: SAMARBEIDSAVTALE - ADMINISTRATIVT VERTSKOMMUNESAMARBEID PPT Formannskapet rår kommunestyret til følgjande: 1. Kommunestyret godkjenner forslag til avtale slik den ligg føre (jf. vedlegg 1: «Samarbeidsavtale Administrativt vertskommunesamarbeid om ivaretakelse av Pedagogisk- psykologisk tjeneste i Finnøy, Forsand og Hjelmeland kommune») 2. Kommunestyret gir rådmannen fullmakt til å signere samarbeidsavtalen.
FSK-116/15 VEDTAK 25.11.2015: Formannskapet rår kommunestyret til følgjande: 1. Kommunestyret godkjenner forslag til avtale slik den ligg føre (jf. vedlegg 1: «Samarbeidsavtale Administrativt vertskommunesamarbeid om ivaretakelse av Pedagogisk- psykologisk tjeneste i Finnøy, Forsand og Hjelmeland kommune») 2. Kommunestyret gir rådmannen fullmakt til å signere samarbeidsavtalen. 117/15: VENTELISTE - PLEIE OG OMSORG Formannskapet tek saka til etterretning. FSK-117/15 VEDTAK 25.11.2015: Formannskapet tok saka til etterretning. 118/15: BUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN 2016-2019 Formannskapet rår kommunestyret til å gjera slikt vedtak: 1. Kommunalt skattøre for personlege skattytarar skal i 2016 vera på den maksimalsats som Stortinget fastset. 2. Eigedomsskatt, på verk og bruk og anna fast eigedom det er høve til å skattlegge, vert utskriven med 5 promille for 2016. 3. Gebyrregulativ Plan og forvaltning/drift og utbygging 2016 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 1 i 4. Brukarbetaling Oppvekst 2016 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 2 i 5. Brukarbetaling Helse og omsorg 2016 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 3 i 6. Gebyr for 2016, renovasjon, slam mm, vert vedtatt i samsvar med vedtak i representantskapet i Ryfylke Miljøverk IKS. 7. Det vert tatt opp lån til investeringar på inntil kr 55.000.000,-. Lånet vert nedbetalt over 30 år. 8. Det vert tatt opp startlån til vidareutlån i Husbanken på inntil kr 10.000.000,-. Lånet vert nedbetalt over 30 år. 9. Budsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 vert vedtatt i samsvar med forslag frå rådmannen av 4. november 2015 med vedlegg.
FSK-118/15 VEDTAK 25.11.2015: Rådmannen la i møtet fram tilleggsopplysningar med revidert forslag til vedtak: Rådmannen varsla i budsjettforslaget av 4. november 2015 ein forventa auke i tilskott til ikkje-kommunale barnehagar på grunnlag av ny forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentleg tilskott til ikkje-kommunale barnehagar med verknad frå 01.01.2016. På grunnlag av nye opplysningar om forskriftsendring/berekning, har rådmannen berekna tilskottet på nytt. Ny berekning viser ein reduksjon i forventa kostnad i tilskott med kr 987.000 i høve til det som ligg til grunn i budsjettforslaget frå rådmannen for 2016. Ein reduksjon i tilskott til ikkje-kommunal barnehage med 0,987 mill. kroner fører til ein auke i ikkje disponert netto driftsresultat (rekneskapsmessig mindreforbruk) frå 1,759 mill. kroner til 2,746 mill. kroner. Rådmannen legg på den bakgrunn fram revidert tilråding i saka. Punkt 9 i framlegg til vedtak får følgjande tillegg: - Tilskott til ikkje-kommunale barnehage vert redusert med 0,987 mill. kroner. Ikkje disponert netto driftsresultat vert auka med 0,987 mill. kroner, frå 1,759 mill. kroner til 2,746 mill. kroner. ADMINISTRASJONEN FRAMLEGG TIL VEDTAK: Formannskapet rår kommunestyret til å gjera slikt vedtak: 1. Kommunalt skattøre for personlege skattytarar skal i 2016 vera på den maksimalsats som Stortinget fastset. 2. Eigedomsskatt, på verk og bruk og anna fast eigedom det er høve til å skattlegge, vert utskriven med 5 promille for 2016. 3. Gebyrregulativ Plan og forvaltning/drift og utbygging 2016 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 1 i 4. Brukarbetaling Oppvekst 2016 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 2 i 5. Brukarbetaling Helse og omsorg 2016 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 3 i 6. Gebyr for 2016, renovasjon, slam mm, vert vedtatt i samsvar med vedtak i representantskapet i Ryfylke Miljøverk IKS. 7. Det vert tatt opp lån til investeringar på inntil kr 55.000.000,-. Lånet vert nedbetalt over 30 år. 8. Det vert tatt opp startlån til vidareutlån i Husbanken på inntil kr 10.000.000,-. Lånet vert nedbetalt over 30 år. 9. Budsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 vert vedtatt i samsvar med forslag frå rådmannen av 4. november 2015 med vedlegg, og med følgjande tillegg: - Tilskott til ikkje-kommunale barnehage vert redusert med 0,987 mill. kroner. Ikkje disponert netto driftsresultat (rekneskapsmessig mindreforbruk) vert auka med 0,987 mill. kroner, frå 1,759 mill. kroner til 2,746 mill. kroner.
Handsaming Gro Skartveit (V) fremja følgjande forslag frå V og H: «Som forslag frå rådmannen, med følgjande endringar/tillegg: DRIFTSBUDSJETTET endringar/tillegg i forhold til rådmannen sitt budsjett 2016 2017 2018 2019 Utgifter Uteareal rådhuset -170 Lærlingar -109-381 -54 543 Sekretær grendalag 50 50 50 50 Buffer sjukeheimen 400 Heimesjukepleie 0 250 250 250 NAV Gjeldsrådgjeving (20% stilling) 75 110 110 110 Frivillige lag og org. 50 50 50 50 Leiarstilling Plan & Forvaltning (frå juli) -179 Vakansestillingar -400-300 -300-300 Vedlikehald kyrkjer 150 Ekstra deling av klassar 253 253 Sum utgifter -133 32 359 703 Inntekter 3 av 5 tomme trygdebustader til utleige (flyktningar kan vurderast) 200 200 Auka skatteanslag 110 360 710 Sum inntekter 200 310 360 710 Endring +/- (denne børe vera i 0 kvart år, eller helst i -) -333-278 -1-7 INVESTERINGSBUDSJETTET endringar/tillegg i forhold til rådmannen sitt budsjett Vegskilting ikkje landfaste øyar -500 Sal legeboligen -5000 Breiband -4075-3675 Planlegging/utbygging 500 12750 Netto endringar på Investeringsbudsjettet -4075-3675 500 7250
TEKSTFORSLAG Driftsbudsjettet: 1. Rehabilitering av trygdebustadar må skje raskt, slik at ingen står tome slik som no. Nokre kan eventuelt nyttast som bustadar til flyktningar. Formannskapet skal ha ei sak til møtet i februar om ein raskare rehabiliteringsprosess. 2. Det skal takast inn tre nye lærlingar kvart år. 3. Tenesteavtalen med Ryfylke næringshage skal oppdaterast i 2016 og rullerast kvart år. 4. Tenesteavtalen mellom kyrkjeleg fellesråd og Finnøy kommune skal oppdaterast og det skal vere faste møter mellom leiinga i fellesrådet og administrativ leiing i kommunen minst ein gong i året. 5. Alle barnehagar skal fyllast opp løypande gjennom året der dersom det er ledige plasser innafor vedteken budsjettrame. To barnehageopptak i året skal vurderast frå 2017. 6. Brukarundersøkingar og medarbeidarundersøkingar skal gjennomførast i 2016. 7. Det skal vurderast endra/utvida opningstid for biblioteket, gjerne i samråd med frivillige. Laudagen bør biblioteket vere ope. 8. Det skal kome ei eiga sak til politisk handsaming om kultursoga i løpet av våren 2016. 9. Innan september 2016 må det gjerast ei vurdering om kommunen midlertidig må gjere ein av avdelingane som i dag er omsorgsbustadar om til sjukeheimsavdeling. 10. I 2018 skal ein gå gjennom kriteria/retningslinjene for betaling av eigedomsskatt for å sjå om skatten skal omfordelast. 11. Dersom det er økonomisk gevinst skal ein opprette ein naturbarnehageavdeling på Talgje frå hausten 2016 og oppstart ved Hesby vert då forskyve. 12. Grendalaga har moglegheit for å få ein del økonomisk støtte, samstundes har ein starta eit arbeid der dei skal ha ein del felles tiltak. For å koordinera dette i eit sekretariat får dei støtte som skal koordinerast via Ryfylke næringshage. Gebyrregulativ: Gebyr for ulovlege tiltak i 100-metersbeltet: kr 40 000,- Gebyr for ulovlege tiltak andre område: kr 30 000,- Andre gebyr innan plan og forvaltning vert auka 10 % frå 2015-satsar. Investeringsbudsjettet: 1. Breiband/infrastruktur. Dette er ei viktig satsing i kommunen, men me er usikre på kva rådmannen sitt forslag inneber og om ein kan byggje ut på ein måte som ikkje gjev så høge kostnader. Ein set difor av kostnadene i alternativ A, kr 8 650 000 og bed om ei sak på nyåret dei ein kan gå meir inn i ulike alternativ. 2. Skartveit kai. Bruken av Skartveit kai må avklarast raskt. Kva er behovet og kva er kostnadene? Eiga sak om dette på våre og eventuelle kostnader må inn i revidert budsjett. 3. Utbygging av sjukeheimen. Sjølve utbygginga kan vere i fleire trinn, men skal starte i 2019. Ved votering fekk innstillinga frå rådmannen 5 røyster (KRF, SP, AP) og vart vedteke. Ved votering fekk forslaget frå Gro Skartveit (V) fekk 4 røyster (V, H) og falt.
Formannskapet rår kommunestyret til å gjera slikt vedtak: 1. Kommunalt skattøre for personlege skattytarar skal i 2016 vera på den maksimalsats som Stortinget fastset. 2. Eigedomsskatt, på verk og bruk og anna fast eigedom det er høve til å skattlegge, vert utskriven med 5 promille for 2016. 3. Gebyrregulativ Plan og forvaltning/drift og utbygging 2016 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 1 i 4. Brukarbetaling Oppvekst 2016 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 2 i 5. Brukarbetaling Helse og omsorg 2016 vert vedtatt i samsvar med vedlegg 3 i 6. Gebyr for 2016, renovasjon, slam mm, vert vedtatt i samsvar med vedtak i representantskapet i Ryfylke Miljøverk IKS. 7. Det vert tatt opp lån til investeringar på inntil kr 55.000.000,-. Lånet vert nedbetalt over 30 år. 8. Det vert tatt opp startlån til vidareutlån i Husbanken på inntil kr 10.000.000,-. Lånet vert nedbetalt over 30 år. 9. Budsjett 2016 og økonomiplan 2016-2019 vert vedtatt i samsvar med forslag frå rådmannen av 4. november 2015 med vedlegg, og med følgjande tillegg: Tilskott til ikkje-kommunale barnehage vert redusert med 0,987 mill. kroner. Ikkje disponert netto driftsresultat (rekneskapsmessig mindreforbruk) vert auka med 0,987 mill. kroner, frå 1,759 mill. kroner til 2,746 mill. kroner. 119/15: SPELEMIDLAR - KOMMUNEDELPLAN FOR ANLEGG OG KULTURBYGG - OPPDATERING AV HANDLINGSDEL Formannskapet vedtek framlegg til kommunedelplan for anlegg og kulturbygg 2004-2007 - oppdatert handlingsdel 2016. FSK-119/15 VEDTAK 25.11.2015: Formannskapet vedtek framlegg til kommunedelplan for anlegg og kulturbygg 2004-2007 - oppdatert handlingsdel 2016. 120/15: PRIORITERING AV SPELEMIDDELSØKNADER 2016 Finnøy kommune gjer følgjande prioritering av spelemiddelsøknader i 2016: Prioritering ordinære anlegg 1. Kvameheia skyttarhus
2. Kvameheia innandørs skyttarbane 3. Teigen lysløype Prioritering nærmiljøanlegg 1. Halsnøy fleirbruksområde kunstgras 2. Fogn oppvekstsenter fleirbruksområde 3. Bokn fleirbruksområde 4. Fogn oppvekstsenter ballbinge rehabilitering FSK-120/15 VEDTAK 25.11.2015: Finnøy kommune gjer følgjande prioritering av spelemiddelsøknader i 2016: Prioritering ordinære anlegg 4. Kvameheia skyttarhus 5. Kvameheia innandørs skyttarbane 6. Teigen lysløype Prioritering nærmiljøanlegg 5. Halsnøy fleirbruksområde kunstgras 6. Fogn oppvekstsenter fleirbruksområde 7. Bokn fleirbruksområde 8. Fogn oppvekstsenter ballbinge rehabilitering 121/15: KOMMUNALSJEF OPPVEKST - TILSETTING Saka var unntatt offentlegheita av omsyn til opplysningar som er underlagt teieplikt, jf. offentlegheitslova 25 - unntak for tilsetjingssakar.