SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Elin Vikene Arkiv: U63 &58 Arkivsaksnr.: 16/603 Sign: Dato: Utvalg: Hovedutvalg helse og omsorg 09.03.2016 Formannskapet 14.03.2016 Kommunestyret 02.05.2016 ÅRSMELDING 2015 - NOROSUN SKJENKE- OG SALSKONTROLL - VERTSKOMMUNESAMARBEID Forslag til vedtak: Kommunestyret tar vedlagte årsmelding 2015 for NoRoSun Skjenke- og Salskontroll, vertskommunesamarbeid til orientering.
Årsmelding 2015 for Generelt Ovannemnde kommunar i tillegg til Stord, Fitjar og Bømlo, hadde intensjon om at dette vertskommunesamarbeidet skulle starta opp 01.01. 2015. Hausten 2014 vart det imidlertid naudsynt å gjera nye vurderingar om kven som skulle vera vertskommune. Denne prosessen gjekk over i 2015 og under dette valde Stord, Bømlo og Fitjar kommunar å trekka seg frå samarbeidet. Dei andre åtte kommunane gjekk vidare med arbeidet og avtalen om vertskommunesamarbeidet, med Sauda som vertskommune, vart underskriven i juni månad. Vertskommunen lyste ut stillingane som kontrollørar. Ti personar søkte. Sju av desse blei tilsett med verknad frå 01.07. 2015 som òg var den formelle oppstartsdatoen for samarbeidet. På bakgrunn av den seine oppstartsdatoen, var kommunane samde om at det for året 2015, berre skulle betalast inn 75 % av årssummen for drift av samarbeidet. Det første fellesmøtet med kontrollørane vart halde på Servicesenteret til Haugesund kommune den 01.07. Då blei det levert ut legitimasjon, ipad med tastatur (for skriving av kontrollrapportar), samt anna materiell og informasjon. Politiet deltok òg på dette møtet og signaliserte at dei ønskte kontakt med og informasjon om når kontrollørane var i arbeid, samt informert om «Trygt uteliv». Kontrollane starta den same veka. Det var i utgangspunktet utfordrande å få tilstrekkeleg med kontrollar i «festivaltida», men dei tilsette kontrollørane var svært fleksible med omsyn til ferieavvikling, og dei viktigaste vart dekka. Me hadde som mål for resten av 2015, at alle skjenke og salsløyve skulle kontrollerast minst ein gang og at me skulle koma opp i ei dekning på 50 % i høve til årskravet. Me hadde òg som mål innleiingsvis å få til ein god dialog med næringa. Spesielt med tanke på at det var skepsis frå den sida til denne «nye» ordninga. Økonomi /rekneskap Dei 8 kommunane betalte inn 75 % i høve til heilårssum, til saman kr 684.270. Årsaka til at det vart betalt meir enn 50 %, var behovet for innkjøp av utstyr og materiell, samt programvare og lisensar til ipadar m.m. I tillegg til innbetaling frå kommunane, søkte me Korus Vest om og fekk kr 118.700 i tilskot til kompetanseheving for kontrollørane.
Resultat Resultatet ved årsskiftet vart 61 % dekning av kontrollar i høve til årskravet (talet på løyve X 3 kontrollar). Det blei gjennomført til saman 400 kontrollar; 198 sals, 186 skjenke, 15 einskild og 1 båtløyve, jfr samandrag, vedlegg 1. Det er berre levert ein rapport om brot på lov og forskriftverket. Det var på eit einskildløyve. Kontrollørane har imidlertid gjort merknader om fleire forhold som har vore på grensa til brot, men der forholda er handtert bra av løyvehavarane, noko som har gjort at det ikkje kan reknast som brot. Det har i slike tilfelle alltid vore dialog mellom kontrollørane og løyvehavarane om tilfella. Der det har vore gjennomgåande mangler, har vore på internkontrollsystema. Dette har imidlertid betra seg utover i året. Desse manglane vart ikkje rekna som brot i dei fleste kommunar i 2015. Ved årsskiftet var det brukt tilsaman kr 548.082. Det står då ubrukt kr 136.188 som blir ført over til fråtrekk for det kommunane skal betala inn for 2016. (Det er då eit par timelister for 2015 som blei leverte for seint og som blir rekna med for 2016.) Til utføring av 61 % av årskravet til kontrollar, har me brukt 60 % av den stipulerte årskostnaden. Dei vurderte kostnader pr kontroll ser difor ut til å stemma bra. Av kompetansehevingsstøtta me fekk frå Korus Vest, er det brukt kr. 54.019. Det står att kr 64.681. Dette blir overført til bruk i 2016, jfr økonomisk oversikt henta ut frå rekneskapssystemet Visma, vedlegg 2. Ein av dei tilsette kontrollørane valde å seia opp stillinga i løpet av hausten. Det er då 6 kontrollørar att. Dette er pr nå vurdert som tilstrekkeleg for å kunna gjennomføra det lovpålagde kontrolltalet. Det er rekna 0,4 årsverk til Sauda som vertskommune for å administrera samarbeidet. Dette første halve året er det brukt noko større ressurs, men me reknar med at dette skal «gå seg til» slik at stillingsdelen passar betre i høve til arbeidet.
SAMANDRAG 2015 Vedlegg 1 LØYVER Faste løyve Einsk./ Utførte kontrollar Sal Skjenk Båt Amb. Sal Skj. Båt Einsk/amb. Totalt mål=100% Pr. løyve Kontr. totalt Rest kontroll KARMØY 32 17 1 30 47 32 1 7 87 58,00 1,74 150 63 BOKN 1 1 0 1 3 0 0 0 3 50,00 1,50 6 3 HAUGESUND 30 58 0 14 61 98 0 159 60,23 1,81 264 105 TYSVÆR 9 9 0 8 21 6 0 2 29 53,70 1,61 54 25 SVEIO 5 4 0 0 14 5 0 19 70,37 2,11 27 8 ETNE 8 12 0 6 15 16 1 32 53,33 1,60 60 28 VINDAFJORD 10 11 0 16 32 15 4 51 80,95 2,43 63 12 SAUDA 3 8 0 1 5 14 1 20 60,61 1,82 33 13 SUM 98 120 1 76 198 186 1 15 400 1,83 657 257 219 60,90
Vedlegg 2 Refusjon frå kommunar: Bunke Kommune Beløp 200183 Haugesund -246 750,00 200184 Bokn -10 654,00 200185 Tysvær -61 029,00 200186 Sveio -37 358,00 200187 Vindafjord -65 278,00 200188 Etne -63 457,00 200189 Sauda -37 358,00 200198 Karmøy -162 386,00-684 270,00 Kostnader/utgifter Art Tekst Regnskap 101010 Løn faste stillinger - timeløn 260 491 101030 Lønn vikarer i ledig/vakant stilling 40 698 105025 Tapt arbeidsforteneste 9 038 109000 Arbeidsgivers andel KLP 23 441 109900 Arbeidsgiveravgift 31 846 109908 Arbeidsgiveravgift avsatte feriepenger 3 523 110000 Kontormateriell 499 110050 It materiell 42 508 113010 Telefon 300 113080 Telefon, mobil 1 419 115000 Opplæring,kurs(omfattar utgifter som ikkje er oppg 3 000 116010 Diett-/kostgodtgjersle 614 2 116 116010 Diett-/kostgodtgjersle 614 924 116080 Annen transport km-godtgjørelse, oppgavepliktig 44 448 116080 Annen transport km-godtgjørelse, oppgavepliktig 2 743 116081 Passasjer-/tilhengertillegg 714 2 934 117001 Reiseutgifter (båtbilettar, drosje, bompenger, p-a 197 117050 Reiseutgifter med refusjon 12 332 117050 Reiseutgifter med refusjon 611 119570 Kontingentar 3 459 120010 Programvare/mediautstyr/IT-utstyr 835 120010 Programvare/mediautstyr/IT-utstyr 8 110 124030 Driftsavtalar med datasentralar 300 137500 Kjøp frå IKS der kommunen sjølv deltek 37 358 142900 Moms generell kompensasjonsordning 209 142900 Moms generell kompensasjonsordning 14 667 142900 Moms generell kompensasjonsordning 76 548 082-136 188 177000 Støtte til kompetanseheving - KORUS Vest -118 700 4 opplæringsmøte Hgsd/Tysvær, à 2,5 timar 21 250 Opplæring, ansvarlig vertskap den 30.10. 13 149 Opplæring saman med SRBR, 11. og 12.12. 19 620-64 681
SAKSPROTOKOLL - ÅRSMELDING 2015 - NOROSUN SKJENKE- OG SALSKONTROLL - VERTSKOMMUNESAMARBEID Hovedutvalg helse og omsorg behandlet saken den 09.03.2016, saksnr. 12/16 Behandling: Innstillingen enstemmig vedtatt. Vedtak: Kommunestyret tar vedlagte årsmelding 2015 for NoRoSun Skjenke- og Salskontroll, vertskommunesamarbeid til orientering.