Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Like dokumenter
Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

REFERAT MØTE I SKULEMILJØUTVALET

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Fyresdal kommune. Sektor for kultur og oppvekst. Samarbeid. Heim/skule/barnehage. Fyresdal kommune

Forfall: Namn Funksjon Representerer Vigdis Røen Leirvik Nestleiar AP

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Grete S. Lundekvam møtte frå administrasjonen. Eldgrim Springgard og Hilde Løkensgard Bjørnsvik

REFERAT: MØTE I FAU-VALESTRAND SKULE

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Foreldre ved Ål ungdomsskule

Tysnes kommune Møteprotokoll

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

10/60-14/N-211//AMS

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Tysnes kommune Møteprotokoll

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Årshjul Skolens arbeid med elevråd, samarbeidsutvalg og skolemiljøutvalg, opplæringsloven

Sund kommune Møteprotokoll

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

MØTEPROTOKOLL NR. 5. Til stades på møtet: Odd Atle Stegegjerde, Olaug Høyheim, Grethe Kristin Lerum, Ingar Norberg, Janne Sætherbø SAKLISTE

Samnanger kommune Møteprotokoll

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 6 - Mai. Denne gongen er det Afrika Zambia som me skal ha fokus på. * * *

Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage. Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU

SYSTEMATISK ARBEID FOR EIT GODT SKULEMILJØ FOR ELEVANE KLØVHEIM SKULE

Læringsmiljøutvalet. Møteprotokoll. Utval: Møtestad: Møterom SR 307 Dato: Tid: 11:00

kontrollutvalet Seljord kommune - kontrollutvalet Dato: Tid: 09:00-12:00 Stad: Seljord kommunehus, møterom 1, 1.etg.

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Referat frå SU-møte i Skattebøl barnehage, måndag , kl

Plan for samarbeidet mellom heim og skule på Horpestad

MØTEPROTOKOLL. Erik Vangsnes leia møtet under sak 50 og 52. Vegard Fosså leia møte etter konstitueringa i sak 52.

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Førsteklasse haust 2018 Velkommen! Foldnes skule 8. mai 2018

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING OG ANDRE KRENKINGAR

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

OVERSIKT OVER OPPGÅVER OG ANSVAR KNYTT TIL EKSTERN VURDERING

Transkript:

Post: Liane, 4164 Fogn Faktura: Finnøy Kommune, Rådhuset, 4160 Finnøy Referat frå møte i SU (Samarbeidsutvalet) ved Møtedato og stad: Torsdag 6. oktober kl. 18.00 på personalrommet. Desse møtte: Kristel Borgemyr (foreldrerepresentant i barnehagen) Alexander Stensnes (foreldrerepresentant i barnehagen) Paul Arne Aano (representant for tilsette i barnehagen) Anne Martha Straumstein (representant frå andre tilsette) Anne Sunde (foreldrerepresentant i skulen) Margunn Madsen Hovda (foreldrerepresentant i skulen) James Alexander Kvamsøe Stensnes (elevrådsrepresentant) Anna Sandanger Iversen (elevrådsrepresentant) Jakob Bø (representant frå lærarane) Jon Olav Runestad (kommunal representant) Håvard Østhus (rektor og kommunal representant) Forfall: Elin Bø (representant for tilsette i barnehagen) SAKLISTE Sak 01 16/17: Godkjenning av innkalling og sakliste Sak 02 16/17: Godkjenning av referat frå førre møte Sak 03 16/17: Gjennomgang av oppgåver og ansvarsområde til FAU, SU, SMU og elevråd Sak 04 16/17: Konstituering av SU 2016-17 Sak 05 16/17: Møteplan for SU/SMU 2016-17 Sak 06 16/17: Orienteringar frå rektor

Sak 07 16/17: Endringar i skuleruta 2016-17 Sak 08 16/17: Sakliste for SMU (Skulemiljøutvalet) Sak 08 16/17: Ymse Sak 01 16/17: Godkjenning av innkalling og sakliste Innstilling frå rektor: SU godkjenner innkalling og sakliste. Sak 02 16/17: Godkjenning av referat frå førre møte Innstilling frå rektor: SU godkjenner referat frå førre møte. Sak 03 16/17: Gjennomgang av oppgåver og ansvarsområde til FAU, SU, SMU og elevråd Rektor informerte kort om kva FAU, SU, SMU og elevråd er, kven dei består av, og kva for oppgåver og ansvarsområde dei har. Informasjonen står på skulen sine nettsider og på FUG.no. Innstilling frå rektor: SU tek rektor sin gjennomgang til orientering. Sak 04 16/17: Konstituering av SU 2016-17 Vi skulle velje både leiar og nestleiar i SU. Innstilling frå rektor: Ingen Vedtak: SU valde Kristel Borgemyr til leiar og Alexander Kvamsøe Stensnes til nestleiar.

Sak 05 16/17: Møteplan for SU/SMU 2016-17 Det står i årshjulet for heim/skulesamarbeid at det skal vera fire møte i SU og SMU kvart skule- og barnehageår. SMU har møta sine direkte etter SU, i og med at alle som er i SMU, alt har stilt opp på møte i SU. I tillegg til møtet i dag, 6. oktober, foreslår rektor desse datoane og tidspunkta: Torsdag 1. desember kl. 18.00 Torsdag 16. februar kl. 18.00 Torsdag 24. mai kl. 18.00 FAU peika på at det er ein feil i rektor sitt forslag, i og med at 24. mai er ein onsdag, ikkje ein torsdag. Denne onsdagen er onsdag før langhelg, så møtet bør ikkje vera då. Innstilling frå rektor: SU seier seg einige i årsplanen for SU/SMU 2016-17. Vedtak: SU/SMU sin møteplan ser slik ut for det vidare skuleåret 2016/17: Torsdag 1. desember kl. 18.00 Torsdag 16. februar kl. 18.00 Torsdag 1. juni kl. 18.00 Sak 06 16/17: Orienteringar frå rektor Her orienterte rektor om: Barnehage- og skuleoppstarten denne hausten. Herunder også personalsituasjonen. o Vi har mellom 6-12 barn i barnehagen, noko som gjer at vi skal ha nokså nøyaktig 230% stillingar i personalet. Vi er innafor dette. Tora har no ei mindre stilling i barnehagen (20%), men denne er utvida til 70%, i og med at det er ei sjukemelding. o I skulen er det tre nye tilsette dette skuleåret Helge Magnar Iversen er 100% fast tilsett som lærar Solfrid Torgersen er 77% midlertidig tilsett som lærar Magnhild Skartveit Olsen er 69% midlertidig tilsett som lærar Budsjettarbeid 2017 o Det vert arbeida med dette i desse dagar, og ting er ikkje heilt avklarte før politikarane har vedteke budsjettet nærmare jul. Slik det ser ut no vil vi halde fram med om lag same drift som på noverande tidspunkt.

Mål og tiltak for skule- og barnehageåret o Barnehagen arbeider vidare med «Være saman» og startar no opp med den nasjonale satsinga «Språkløyper». o Skulen held fram med satsinga på «Vurdering for læring» gjennom eit opplegg på Høgskulen i Lillehammer. Rektor har vore med på eit møte med fylkesmannen ang. for høg «score» på spørsmål om mobbing i elevundersøkinga. Fylkesmannen har nytta eit snitt over dei 10 siste åra, og tala for Fogn har positiv utvikling dei siste åra. Elevrådet har bestemt at pengane frå årets solidaritetsaksjon skal gå til organisasjonen Hei Verden sitt arbeid i Laos. Innstilling frå rektor: SU tek orienteringa til etterretning. Sak 07 15/16: Lokale endringar i skuleruta 2016-17 Vi hadde ei sak om dette før sommaren, og gjorde nokre lokale endringar i skuleruta då. Ei av endringane var at vi avspaserer onsdag 21. desember, grunna julefesten, som då vart sett til tysdag 20. desember. No syner det seg at det av ulike grunnar heller kan vere meir hensiktsmessig å gjennomføre julefesten om kvelden måndag 19. desember. Det vil likevel verta avspasering onsdag 21. desember, noko som betyr at borna som har vore på julefest møter på skulen til vanleg tid, tysdag 20. desember. Rektor ynskjer å høyre om det finnes tungtvegande argumenter mot å flytta julefesten til måndag 19. desember, før denne flyttinga evt. vert gjennomført. Innstilling frå rektor: SU støttar rektor i å flytta julefesten frå 20. desember, til 19. desember. Sak 08 16/17: Sakliste for SMU (Skulemiljøutvalet) Sak 01-16/17: Godkjenning av innkalling og sakliste Sak 02-16/17: Godkjenning av referat frå førre møte i SMU Sak 03 16/17: Konstituering av SMU

Sak 04 16/17: Presentasjon av ordensreglar og plan for godt læringsmiljø Sak 05 16/17: Presentasjon av den nye satsinga på trivselsleiarar Sak 06 16/17: Ymse Innstilling frå rektor: SU tek SMU si sakliste til orientering Sak 09 16/17: Ymse FAU hadde nokre innspel her - Det er eit ynskje om å markera refleksdagen på ein eller annan måte. Rektor har bestilt refleks til alle borna på oppvekstsenteret. - FAU ynskjer ein sak om kva SU, SMU og FAU er, før foreldremøter der representantar vert valde om hausten. Rektor minna om at dette ligg det fast informasjon om på nettsidene, men ser at det gjerne kan koma som ei eiga sak, for påminninga sin del. Han legg det inn i årshjulet, at denne saka skal ut tidleg kvar haust. FAU vil også at det vert informert om kven som etter kvart vert valde inn i SU om hausten, slik at foreldrene har betre grunnlag til å velgja. Rektor seier at vi må prøve å finne ei god løysing på dette. - FAU ynskjer at det skal leggjast ut ei sak om at referat og liknande frå dei ulike møta våre vert lagt ut på nett, i tillegg til møteplan for FAU og kven som er med i dei ulike råda. Rektor legg ut denne saka i løpet av kort tid. Kommunal representant Jon Olav Runestad informerte om: - Heidi Bø Sangedal er ny vara for kommunal representant, i og med at førre vara, Erlend Harestad, har flytta. Ref: Håvard Østhus