ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2016/2017 Innleiing Årsmøtet for 2015/16 vart avvikla i grendahuset 24.03.16. På dette årsmøtet vart det gjort to endringar i styret. Etter mange år i styret i grendalaget ville Ingfrid gå av som styremedlem og kasserar. Frode Tufte vart innvalt som styremedlem og overtok Ingfrid sitt verv. Når det gjaldt varamedlemmer, vart Vegard Rasdal valt inn som nytt medlem. Styret har då vore samansett slik : Leiar : Terje Rasdal Styremedlemmer : Frode Tufte, Arild Skjelbred, Frøydis Eide og Jan Rasdal Varamedlemmer : Vegard Rasdal, Victor Larsen Av styret står Terje på val (leiar), Jan og Frøydis står på val (styremedlemmer) og Victor står på val (varamedlem). --------------------------- Valnemd : Jan Olav Larsen og Geir Rasdal, Jan Olav står på val. Revisor er Agny Laukeland Bygnes. Møteverksemd Også dette året har det vorte halde tre styremøte i grendalaget. Det første møtet hadde me 27.mai og det andre 14.oktober. I tillegg hadde også styret som vanleg eit møte i forkant av årsmøtet 24.mars. Årsmeldinga vil vidare setja fokus på nokre av dei sakene som me i styret synest har vore viktige for grendalaget - og som kan ha interesse for alle medlemmene. Den godkjende årsmeldinga og informasjon og bilete elles - vert lagd ut på Rasdalssida, www.rasdalen.no. Styret oppfordrar fleire av medlemmene til å senda bilete, ev. med tekst, til Arild. Dermed kan sida oftare oppdaterast, slik at folk kan sjå korleis det ser ut i Rasdalsområdet.
Viktig informasjon vert også kunngjort som oppslag her i Rasdalen. Det kan også nemnast at Arild har oppretta ei Face book-side til Rasdalen for ei tid tilbake, der ein raskt kan dela informasjon.om ein ikkje er på Face book, så er det likevel fullt mogeleg å ha ein profil der utan bilete og innlegg. Då kan ein samtidig vera medlem av grupper og såleis vera i stand til å motta informasjon. Saker det har vore arbeidd med : Dugnaden 28.05.16 Etter målingsarbeidet i 2015 stod berre austveggen igjen å måla på grendahuset. Kåre hjelpte nok ein gong til og fekk opp stillas, og i tillegg hadde me vergudane på vår side denne gongen. Veggen vart målt med to strøk, og lister og vindauge vart også behandla. Så no skulle grendahuset stå seg godt utvendig i mange år, og det er bra å sjå at det ser velstelt ut. Men det vart også arbeidd på fleire felt, det var innvendig vask og opprydning, og det vart også rydda og ordna i vedhuset. I tillegg fjerna Vegard noko seinare mykje av gjerdet rundt grendahuset, og det var også arbeid som viste igjen. På sjølve dugnadsdagen var det 10 personar i sving, og me hadde lunsj utandørs det skjer ikkje kvart år. Sommarfesten 06.08.16 Sommarfesten vart stort sett avvikla etter same mønster som tidlegare, men veret var nok ikkje av det aller beste og kanskje kom sommarfesten litt seint. Det var ikkje meir enn ca 30 personar denne gongen, men stemninga var like god for det. Etter at uteaktivitetane med diverse konkurransar, natursti og kultursti var avvikla i nokolunde ver, heldt me til i salen nede. Der hadde me ein triveleg kveld i saman med eit rikhaldig koldtbord, quiz med varierte spørsmål, allsong og eit åresal som gav grendalaget pengar i kassa. Inntektene på denne festen er viktige for grendalaget, og i fjor fekk me inn 6000 kr på åresalet. Inngangsbillettar har me no sløyfa på sommarfestane. Tradisjonen med sommarfest er også viktig med tanke på samhald og sosialt engasjement i dalen. Til sommaren vert det sommarfest litt tidlegare, nemleg laurdag 29.juli. Då håpar me på god oppslutning.
Påskebasaren 26.03.16 Basaren på påskeaftan har vore ei viktig inntektskjelde for Rasdalen grendalag. Me fekk nok ein gong inn 12.000 kr på basaren eller heilt nøyaktig 12.125 kr, og det er imponerande. Det var som vanleg fire trekningar, og det vart gitt litt informasjon frå leiaren. Styret er svært takksam for at folk er så flinke til å stilla opp, kjøpa årer og gje gevinstar til åresalet. Også denne gongen var det god oppslutning på basaren, om lag 65 personar med stort og smått. Påskerennet, som Geir arrangerte før basaren, gjekk føre seg i Haugamyra. Premieutdelinga tok me som vanleg under påskebasaren. Økonomien til grendalaget Som det har vorte skrive i dei siste årsmeldingane, har me hatt bra kontroll og styring med økonomien over mange år. Med god hjelp frå medlemmene meiner me å ha kontroll, noko som medfører at det er lettare å driva og å halda oppe aktiviteten i grendalaget. Saldo per 31.12.16 var på 38453,36 kr. Etter den tid har det gått ut om lag 17000 kr til faste utgifter, men påskeaftan kjem basaren vår med forhåpentlegvis nytt økonomisk påfyll. Når det gjeld medlemskontingent for 2016, har det kome inn 5900 kr på kontoen vår. Diverse Grendahuset har, som me før har påpeika, fått ein god del «oppgraderingar» i løpet av dei siste åra. Dermed vert det også meir attraktivt å bruka som lokale for møte, samkomer og festar av ulikt slag. Me håpar at folk vil bruka huset til ymse arrangement, og det bør også nemnast at styret har lagt seg på eit heller lågt nivå når det gjeld utleigesatsar. Sist sommar fekk me avslutta målingsarbeidet, det var eit heller stort dugnadsprosjekt. Det er viktig at me tek vare på huset, og at det ser velstelt og skikkeleg ut. På dugnaden i 2017, som er bestemt til pinseaftan 3.juni, vil me fortsetja med arbeid for å halda huset i stand, og truleg også få rydda stiar innover i dalføret. Når me i grendalaget utfører diverse vedlikehaldsarbeid, er det alltid godt å ha med seg folk med kompetanse og det har me her hjå oss. Prosjekt Tostigen er no avslutta, og sjølve Tostigen framstår heilt annleis no enn då arbeidet tok til. Laurdag 23.juli arrangerte me ein tur gjennom Tostigen. Nærmare 20 personar starta frå grendahuset, gjekk gjennom Berget, opp Todalen og Tostigen og tilbake igjen nedom Leite og vidare om Nerjorda. Det vart gitt mykje informasjon undervegs, og det tok Jan og Olav (Olemann) seg av på ein grei måte. Sommaren 2016 var ein av dei skikkelege våte, men akkurat den helga fekk me tildelt godt og tenleg
ver. Så etterpå var me ein gjeng som laga til bord på skuleplassen og der hadde me oss eit måltid og sosialt samvær. I fjor sommar rydda og merka Terje litt meir frå Todalen til Nerjorda, slik at det no skal vera greitt å finna fram for dei som ikkje har gått der før. Me vil gjerne arrangera ein fellestur også i sommar, og det er allereie kome framlegg til tur. I samband med ein slik tur kan det også verta aktuelt med å gjera ein del ryddingsarbeid. Informasjon om dette vil koma etter kvart. Elles har Terje fått mykje stoff frå Ingfrid om Rasdalen, både frå grendalaget si historie og også frå tidlegare tider, heilt frå huset vart bygt. Alt dette stoffet har eg prøvd å få systematisert litt og samla i permar. Permane vert plasserte her i grendahuset, slik at folk som har interesse for det, kan få sjå igjennom alt det som har samla seg opp gjennom åra. Me håpar også å få opp eit stativ ved vegenden med informasjon og kart. Det kan vera greitt med litt informasjon for dei som vil ta turen inn til Vibotn eller som vil gå lengre inn i fjellet. I oppturboka for Hordaland er turen inn til Vibotn teke med, og me ser at denne turen er populær. I sommarhalvåret møter me ganske ofte ukjende folk som tek turen inn dit. Vurdering av arbeidsåret og vegen vidare I året som har gått så har det vorte utført ein god del dugnadsarbeid. Det har også vorte arrangert påskebasar, dugnad, fellestur og sommarfest. Styret prøver så godt det kan å halda oppe aktiviteten i dalen i tillegg til å halda grendahuset i bra stand, og der har me fått gjort ganske mykje i løpet av dei siste åra. Men me har alltid ting på lista vår som må gjerast, så me vert ikkje arbeidsledige. Det er positivt at badet vert så mykje brukt, det fungerer som eit godt tilbod for mange her i dalen. Me har også fått ein førespurnad frå Vassvøri Sogelag om å samla inn lokale stadnamn. Dette er me positive til i styret, og me håpar å koma i gang med arbeidet med å ta vare på gamle stadnamn her i området. Elles har det i løpet av dei siste åra kome nye eigarar i tre av hyttene her i dalen. Dei ser ut til å ha funne seg godt til rette, og dei synest at Rasdalen er ein fin plass med storslått natur. Det er vel slik me alle synest, det er godt å ha ein ein plass som Rasdalen å koma til anten det er for å slappa av og gå på tur, eller det er å gå i gang med eit eller anna arbeid. Uansett, så er nok det å koma opp her rekreasjon for oss alle! For styret i Rasdalen grendalag Terje Rasdal Leiar 16.04.2017