Samfunnsutvikling Handeland Friluftsbarnehage v/ Gro Rusten Saghaug Handelandsvegen 67 5451 VALEN Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Astri Måkestad 48895085 2016/2886-10 12.05.2017 Handeland Friluftsbarnehage - mellombels godkjenning etter barnehagelova 10 Eg syner til søknad om ny godkjenning av Handeland Friluftsbarnehage, datert 3.05.2017. Handeland Friluftsbarnehage bygde på barnehagen i 2011. Dette vart gjort i samråd med dåverande kommunalsjef Asbjørn Skår. Utgangspunkt for påbygg var å stetta krav frå Arbeidstilsynet. Eigar tok ikkje kontakt for å vurdera om påbygg ville tilseia ny godkjenning av barnehagen, jf. Lov om barnehager 10. Kvinnherad kommune som barnehagemynde sette heller ikkje krav ny godkjenning ut frå barnehagelova. Det er i ettertid vurdert at det er tenleg med ny godkjenning. VEDTAK mellombels godkjenning av Handeland Friluftsbarnehage 1. I medhald av Lov om barnehager 10 får Handeland Friluftsbarnehage mellombels godkjenning som ordinær barnehage frå og med 24.05.2017 til og med 7.09.2017. Mellombels godkjenning vert gitt på grunnlag av at barnehagen må retta opp avvik etter tilsyn frå Miljøretta helsevern innan 31.08.2017, jf. vedlegg nr. 1. Handeland Friluftsbarnehage må innan 7.09.2017 gje melding om at avvik er retta opp. Det vil bli gjort nytt vedtak om godkjenning etter barnehagelova 10 etter dette. 2. Handeland Friluftsbarnehage har sendt inn vedtekter som stettar lovkrav til ordinær barnehagedrift, jf. barnehagelova 7. Vedlegg nr. 2. Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Tlf: 534 83 100 Fax: 534 83 130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.kvinnherad.kommune.no
3. Arealnorm: 4 m 2 per barn i alderen 3-6 år og 5,3 m 2 per barn i alderen 0-3 år, jf. vedtekter. Dette er i tråd med rettleiande arealnorm, jf. rundskriv F-08/2006 merknader til barnehagelova 10. 4. Areal: Fastsett netto leike- og opphaldsareal inne: 229 m². Inkludert i leike- og opphaldsareal er opphaldsrom, kvilerom, kjøkken, garderobar/gang for barn og «kontor» (i 2.etasje). Uteareal: om lag 900 m². I tillegg leiger barnehagen 150 m² i direkte tilknyting til leikeplassen, og dei disponerer fleire område/naturleikeplassar som dagleg vert nytta av utegruppene. Med drift som ordinær barnehage kombinert med friluftsbarnehage vert det vurdert at barnehagen oppfyller lovkrav i høve til areal. Barnehagen har ansvar for at det er samsvar mellom leike- og opphaldsareal, vedteken arealnorm per barn og kor mange barn som til ei kvar tid har barnehageplass, jf. punkt 3 og 6. 5. Handeland friluftsbarnehage vert godkjent for barn i alderen 0 6 år. 6. Ut frå fastsett arealnorm og leike- og opphaldsareal (jf. pkt. 3 og 4) vert Handeland Friluftsbarnehage godkjent for 57 plassar inne og 12 plassar i utegruppe, totalt 69 plassar. Barn under 3 år opptek to plassar. Utegruppa er godkjent for barn over 3 år. Føresetnad for godkjente plassar, er at barnehagen held fram med noverande organisering som friluftsbarnehage, kombinert med ordinær barnehage. Om anna organisering skulle verta vurdert seinare, må barnehagen godkjennast på nytt. 7. Barnehagen er godkjent for å kunna ha ope 5 dagar i veka, 12 månader i året. Ferieavvikling skal vera i samsvar med vedtekter. 8. Bemanning, jf. barnehagelova 17 og 18 og Forskrift om pedagogisk bemanning. Barnehagen skal ha bemanning i samsvar med krav i barnehagelova. a) Styrar Handeland Friluftsbarnehage skal ha dagleg leiar som har utdanning som barnehagelærar eller annan høgskuleutdanning som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse. Styrar si tid til administrasjon og leiing er i tillegg til norm for pedagogisk bemanning. b) Barnehagens øvrige personale Pedagogiske leiarar må ha utdanning som barnehagelærar eller likeverdig utdanning. Den totale bemanninga må vera tilstrekkeleg til at dei tilsette kan driva ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd, jf. barnehagelova 18.
Grunnlag for vedtak Lov om barnehager 10 Godkjenning Kommunen avgjør søknad om godkjenning etter en vurdering av barnehagens egnethet i forhold til formål og innhold, jf. 1, 1a og 2. Kommunen kan ved godkjenningen sette vilkår for driften med hensyn til antall barn, barnas alder og oppholdstid. 1. Innsendt dokumentasjon: 1.1. Vedtekter datert 01.05.2017 1.2. Vedtekter datert 13.03.2016 1.3. Bemanningsplan og oversikt over barnegruppe 1.4. Politiattest eigar/dagleg leiar, datert 16.05.2017 1.5. Godkjenning av Handeland Friluftsbarnehage, datert 9.11.2005 1.6. Kvinnherad kommune: ferdigattest barnehagebygg, datert 21.10.2005 1.7. Tilsynsrapport frå Arbeidstilsynet 1.8. Teikningar; planar og snitt, datert 28.10.2010 1.9. Situasjonsplan utviding av Handeland Friluftsbarnehage, datert 24.02.2011 1.10. Igangsetjingsløyve tilbygg barnehage, datert 19.04.2011 1.11. Miljøretta helsevern Søknad om godkjenning Vedtak, datert 29.11.2005 Tilsynsrapport, datert 9.03.2017. Varsel om retting, med frist 31.08.2017 2. Vedtekter Vedtektene stettar lovkrav til ordinær barnehagedrift, jf. barnehagelova 7. 3. Barnehagedrift friluftsbarnehage og ordinær barnehage Handeland Friluftsbarnehage vart godkjent i 2005. Som fylgje av pålegg frå Arbeidstilsynet vart barnehagen utvida med påbygg i november 2011. Barnehagen fekk med dette kontor/arbeidsrom og pauserom i 1.etasje. Det som på teikninga er ført opp som kontor på 9,7 m², vert i dag nytta som leikerom. Det er såleis medrekna i det totale leike- og opphaldsarealet. UDIR Godkjenning av barnehager Noen barnehager med hovedvekt på friluftsliv har ikke lokaler i tradisjonell forstand, men bruker for eksempel skihytte, lavvo eller jordgamme. Andre tilbud er organisert sammen med en vanlig barnehage, slik at grupper av barn bytter på å være utendørs og i barnehagens lokaler. Disse barnehagene må ha tilgang til lokaler slik at det er forsvarlig å huse alle barna samtidig ved behov, for eksempel ved dårlig vær. Det er av hensyn til sikkerhet, sanitære forhold og behovet for et stabilt barnehagetilbud. Hvis tilbudet er organisert sammen med en vanlig barnehage har ordinære lokaler, kan kommunen etter en konkret vurdering gå noe ned på kravene til oppholds- og lekeareal per barn i ordinære barnehager. Godkjenningsmyndigheten må foreta en skjønnsmessig vurdering. Momenter av betydning er o kvaliteten på tilleggslokalene (lavvoen mv.) o antall barn o oppholdstid o alder o bemanning
Ut frå teikningar, synfaring og samtale med styrar 10.mai 2017 er det vurdert at Handeland Friluftsbarnehage er godt eigna til dagens drift og organisering som ordinær barnehage kombinert med friluftsbarnehage. Det er i informasjon frå barnehagen og i vedtekter vektlagt at barnehagen har fokus på friluftsliv, noko som gjev avgrensingar i kva barn som kan gå i barnehagen. Handeland Friluftsbarnehage er tilrettelagt og vert godkjent som ordinær barnehage kombinert med friluftsbarnehage. Dette tilseier at friluftstilbodet er organisert saman med vanleg barnehage, slik at grupper av barn byter på å vera utandørs og i barnehagen sine lokale. Både inne og ute er det gode høve til leik, livsutfalding og aktivitet, og omgjevnader vert vurdert som trygge, samstundes som dei gjev utfordring, jf. barnehagelova 1 og 2. 1.etasje har totalt 125,6 m² leike- og opphaldsareal. Denne avdelinga er organisert som ordinær barnehage for aldersgruppa 0-3 år. Rom, innreiing og utstyr er eigna til føremålet. Garderobe og gang er så romslege at dei vert nytta til barns leik, og dei er såleis rekna som del av leike- og opphaldsarealet. 2. etasje har totalt 103,7 m² leike- og opphaldsareal. Avdelinga er organisert som base for friluftsbarnehagen der målgruppa er barn over 3 år. Det er kjøkken, fleire opphaldsrom, innreiing og utstyr som er godt tilrettelagt for barnehagedrift. Barna har tilgang til romsleg garderobe med gode tørketilhøve. Garderobe og gang er så romslege at dei er rekna med i leike- og opphaldsarealet. Barna er delte inn i grupper etter alder. Det er laga rulleringsplan for kva gruppe som skal vera ute og for bruk av dei ulike romma. Oppmøte og avslutting er i barnehagen, men elles er minst ei av gruppene dagleg ute. Med denne organiseringa vil dei som er att i barnehagen, ha tilgang til leike- og opphaldsareal innan vedteken norm. Det er ein liten leikeplass i tilknyting til bygget. I tillegg har barnehagen rett til å bruka fleire naturområde i nærleiken av barnehagen. Dei disponerer 2 lavvoar og 2 gapahukar på 3 leirplassar. Leikeplassen og leirplassane er godt tilrettelagt for leik og aktivitetar. Områda utanfor barnehagen vert nytta av alle barna i barnehagen, men særleg av utegruppa. Det er fokus på tryggleik, og det er jamleg tilsyn og risikovurdering av uteområda. Det er utarbeidd HMT-rutinar. 4. Helseverngodkjenning Handeland Friluftsbarnehage fekk i 2005 helseverngodkjenning Forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler mv., jf. vedlegg. Miljøretta helsevern hadde tilsyn i barnehagen 8.03.2017, og då fekk barnehagen to avvik som må rettast opp innan 31.08.2017: 4.1. Stell av bleiebarn og vask av hender må føregå i to separate vaskar. Det må såleis monterast ein ekstra vask 4.2. Barnehagen må kunna dokumentera at inneklima har tilfredsstillande verdiar i alle rom der barn oppheld seg Handeland Friluftsbarnehage skal innan fristen for mellombels godkjenning av barnehagen etter barnehagelova 10 gje melding om at avvika er retta opp.
5. Arbeidstilsyn Påbygg av barnehagen ut frå pålegg om tilrettelegging av dei tilsette sitt fysiske arbeidsmiljø, jf. vedlegg nr. 3. 6. Branntilsyn Kvinnherad brannvern gjennomførte tilsyn 29.09.2016. Handeland Friluftsbarnehage fekk avvik i høve til systematisk sikkerheitsarbeid. Kvinnherad brannvern fylgjer opp. 7. Plan og bygging Påbygg av Handeland Friluftsbarnehage var i tråd med lovverk. 8. Tal barn Handeland Friluftsbarnehage vert godkjent for 57 plassar inne. I tillegg kan det vera 12 plassar i utegruppa. Totalt 69 plassar. Barn under 3 år opptek to plassar. Det er i rettleiande arealnorm tilrådd at utearealet skal vera om lag 6 gonger større enn innearealet. Dette er ikkje tilfelle i Handeland Friluftsbarnehage. Ut frå drift som ordinær barnehage kombinert med friluftsbarnehage og at det er tilgang til flotte leikeområde rett attmed leikeplassen, er det vurdert at barnehagen likevel blir godkjent slik det går fram av vedtak. 9. Bemanningsplan Barnehagen skal ha bemanning i samsvar med krav i barnehagelova. Den totale bemanninga må vera tilstrekkeleg slik at dei tilsette kan driva ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd, jf. barnehagelova 18. Barnehagen skal drivast i samsvar med krav til føremål og innhald, jf. barnehagelova 1, 2, 3 og rammeplanen. Bemanningsplan syner at eigar har teke omsyn til dette. 10. Styrar Barnehagelova 17 Styrer slår fast at barnehagen skal ha ein forsvarleg pedagogisk og administrativ leiing. Pedagogisk utdanna tilsette er grunnsteinen i barnehagedrifta, og styrar har ei nøkkelrolle som administrativ-, pedagogisk- og personalleiar «Personalets kvalifikasjoner er av vesentlig betydning for kvaliteten på tilbudet til barna, samarbeidet med foreldrene og andre samarbeidsparter og barnehagens muligheter for å arbeide systematisk og langsiktig med sikring og utvikling av den pedagogisk virksomheten», jf. merknader til barnehagelova 17 tredje ledd. Eigar og styrar Gro Rusten Saghaug har sidan oppstart i 2005 synt at barnehagedrift vert teke på alvor. Dette er m.a. dokumentert gjennom jamlege tilsyn med barnehagen. 11. Politiattest Kommunen skal ved godkjenning innhenta politiattest frå m.a. barnehageeigar, jf. forskrift om politiattest i barnehage. I tråd med barnehagelova 19, jf. politiregisterlova 39 første ledd har styrar og eigar Gro Rusten Saghaug levert politiattest for arbeid i barnehage, datert 16.05.2017. «Ingenting å merka». Det er ingen nye tilsette i Handeland friluftsbarnehage når barnehagen no får ny godkjenning. Det er derfor vurdert at tilsette ikkje treng levera inn ny politiattest.
Klagerett Vedtaket kan påklagast innan tre veker, jf. Barnehagelova 10 tredje ledd. Klagefristen er tre veker frå ein mottek meldinga, jf. Forvaltningslova 29. Klagen skal sendast til Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal. Dersom klagen korkje heilt eller delvis vert teken til følgje, vil klagen med dokument i saka bli oversendt Fylkesmannen i Hordaland. Vert klagen teke delvis til følgje, vil eit nytt vedtak med ny frist for klage, bli sendt til dykk frå kommunen. Fylkesmannen si avgjerd er endeleg og kan ikkje påklagast. I tillegg til å hjelpa til med klaga, skal kommunen også gje nærare opplysningar om følgjande: Kommunen si plikt til å rettleie etter forvaltningslova 11 Høve til å gjera seg kjent med dokument i saka i når forvaltningslova 18 og 19 tillet det Utsett iverksetjing, forvaltningslova 42 Med helsing Astri Måkestad rådgjevar for barnehage Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Anne Sofie Bjelland Kjeka